Overskrifta tyder på ei "salig" røre. Og det er det.
Bente Thorsen, FrP, seier til Vårt Land at ho meiner det går på trusfridomen laust dersom kyrkja ikkje skal få drive trusopplæring i skulefritidsordninga (SFO). Det er lett å vere einig. Det er berre det at FrP stemte i si tid MOT heile trusopplæringsreforma, og fremma følgjande framlegg: "Dåpsopplæring skal ikke gjennomføres i skolens eller skolefritidsordningens åpningstid".
I tilleg fremma FrP foramlegg om å ta vekk adgangen til å ha konfirmasjonsundervisning i skulen sine lokaler, slik ein kan etter kyrkjelova §36.
I motsetning til FrP så ønskjer KrF trusopplæring av frivillige organisasjonar / kyrkja velkommen i SFO, på samme måte som vi ønskjer at andre frivillige lag og organisasjonar kan tilby aktivitetar i SFO. Dette er heller ikkje eit brot med gjeldande stortingsvedtak, sjølv om enkelte vil framstille det slik.
Men som vanleg; FrP seier noko, men har beviseleg stemt for noko anna. Kva meiner dei eigentleg?
27. oktober 2010
22. oktober 2010
Verdig eldreomsorg
KrF og V forhandla fram eit forlik med regjeringspartia Ap, SV og Sp om ein "Verdighetsgaranti for eldreomsorga". Det var ein klar premiss i avtalen at kommunane skulle tilførast meir pengar til denne viktige oppgåva.
No har regjeringa svara: Verdighetsgarantien er innført, men det er ikkje med meir ekstrapengar enn den veksten som allereie er lagt inn i budsjettet. For Gulen kommune sitt vedkommande er dette ein vekst på 1,8%, noko som er langt mindre enn løns- og prisvekst, og som derfor betyr kutt.
Dette er LOVNADSBROT frå regjeringa. Noko som også vert sagt frå tidlegare helseminister Bjarne Håkon Hansen som var med og forhandla fram avtalen.
Det er ulike meiningar om kva som er ei verdig eldreomsorg. Her i Gulen er det mange som meiner det er uverdig å flytte folk frå heimane sine, eller bu- og omsorgssentra, når det treng så mykje tilsyn at det også krev nattevakt.
Det er ei sterk oppfatning av at bu- og omsorgssentra er eit heildøgns omsorgstilbod, som ein gammaldags aldersheim, eller ei lettare form for sjukeheim. Slik er det ikkje. Ei leilighet på bu- og omsorgssenter er å sjå på som eigen bustad. Og dei hjelpetenestene ein får der skal det vere vedtak på, nett som om ein bur i "heimehuset". Kva er då vitsen med å flytte på omsorgssenteret, spør nokre. Det kan vere at ein får naboar, og at ein lettare kan delta på sosiale tilstelningar. Men kanskje aller mest at ein får ei tilrettlagt leilighet, med alt på eit golv. For kommunen er det også ein gevinst i at folk som treng relativt mykje besøk frå heimesjukepleia bur litt samla og sentralt. Slik sett er bu- og omsorgssentra til glede både for tenesteytar og mottakar.
Men det betyr ikkje at den som vel å bu i heimen sin skal få mindre tenester av kommunen. Dei har sine rettar etter lova, nett som andre. Eg er derfor litt undrande over organisasjonar og enkeltmenneske sitt sterke engasjement for nattevakt på omsorgssentra og likesæla deira til andre brukarar sine behov. Det er nemleg ikkje alltid slik at dei som til ei kvar tid bur på omsorgssentra er mest omsorgstrengande.
Eg meiner derfor at kommunen må prøve å finne ei form for "nattpatrulje" som kan reise innom til dei som etter fagleg vurdering treng tilsyn på natt, og som ikkje får plass på sjukeheimen. Det vil vere ei ordning som gjev likebehandling, og som vil skape tryggleik for fleire. Og eg trur også det må imøtekome kravet til verdig eldreomsorg også frå dei som hevdar kommunen ikkje har det pr i dag. Det er i alle fall ikkje "verdig" å tilby ulike tenester til innbyggarane, alt etter om dei har fått leige omsorgsbustad eller ikkje.
Også nattpatrulje, eller ambulerande nattevakt, vil koste pengar. KrF har bede om (og fått kommunestyret med på) å få det utgreidd til budsjetthandsaminga. Eg håpar vi finn plass til det i budsjettet. Men eg er på ingen måte sikker. Det hadde i alle fall vore enklare viss Sp, SV og Ap-regjeringa holdt heile avtalen og kom med pengane som skulle til.

19. oktober 2010
Økomat krev kunnskap
I Aurland ligg det ein eineståande jordbruksskule. Der lærer dei om økologisk landbruk. Dei har bra med elevar, frå heile landet. Og linja er ei såkalla "landslinje". Dvs. at fylket får tilskot frå staten til linja, men mindre enn det ho kostar, og berre for eit år i slengen.
No mådet, slik det må på ein gard, investerast i nye bygningar. Dei gamle er svært nedslitne. Men i ein situasjon der Sogn og Fjordane må kutte 10 mill innan vidaregåande skule, og det er fleste elevar frå andre fylker som nyttar skulen, så kan ikkje fylket prioritere dette med dei usikre og lite langsiktige rammene som er.
På fylkestinget i dag var det skarp kritikk, også frå det raudgrøne fleirtalet, mot den raudgrøne regjeringa for at dei ikkje gjer noko i denne saka. KrF støttar denne kritikken. Regjeringa har som uttalt mål at økologisk landbruk skal stå for 15% av landbruksproduksjonen. Då må dei klare å sikre økonomien til den einaste skulen med utdanning innan økologisk landbruk.
Spent på om dei meiner noko med fine ord og øko-satsing. SV har ministeren. Tor Bremer frå Sogn sitt i "rette" komiteen...

12. oktober 2010
SV utan etikk om abort?
Inga Marte Torkilsen (SV) meiner KrF er hyklerisk som er mot at abortpillen skal bli lettare tilgjengeleg.
For meg var synet på eit menneskeliv, som skapt av Gud og ukrenkeleg frå naturleg unnfanging og ti naturleg død, veldig viktig for val av politisk parti. Dette er ei av dei få sakene der eg meiner det ikkje går an å "forhandle" om. Men fleirtalet på Stortinget har sagt at vi skal ha abort, og at det er kvinna åleine som skal ha ansvaret for ja eller nei til livet. Det KrF kan gjere då, i tillegg til å ta opp att saka ein gong i perioden, er å finne fram til ordningar som gjer det enklare for kvinna til å velje livet for barnet. (For det står sjølvsagt fast for KrF at abort ikkje er rett.) Og det prøver vi på, både med økonomiske og andre ordningar. Td. er det viktig å gjere eingongsstønaden ved fødsel større. KrF foreslår tredobling. Men kva med SV? De er i regjering, og kan vere med å få til denne typen ordningar. Syns de det er greiare å tilby abortpille, og spare dei pengane? Og de meiner andre er hykleriske??
Abortpille vil framleis vere å avbryte eit svangerskap. Eg meiner det er viktig å sikre den gravide rådgjeving. Vi reagerer alle ulikt. Nokon får ikkje trøbbel med avgjerda i det heile, medan andre sitt att med store psykiske vanskar. Samfunnet har eit ansvar for desse oggså. Og ein veit ikkje på førehand kven det gjeld.
Så det er nok meir omsorg for kvinna enn ønskjet om å gjere aborten så vanskeleg som mogeleg, som er beveggrunnen til KrF. Og det er ufint av ein politisk motstandar å kalle det hykling.

11. oktober 2010
Sentrumspartiet KrF
Strategiutvalet seier at for eit sentrumsparti så er det like naturleg å samarbeide med Ap som med Høgre. Det er kvar vi får mest att av vår politikk og våre saker som må avgjere. Det er vel logisk?
Avisene tolkar dette som "opnar for Ap". Og forsåvidt kan eg forstå den overskrifta, fordi vi ikkje har hatt eit formalisert samarbeid i regjering med Ap nokon gong. Medan vi har hatt det med Høgre.
Reaksjonane frå nokre er svært positive, frå andre svært negative. Men det er viktig å merke seg den viktige presiseringa; "der vi får mest att av eigen politikk."
Eg kan skjønne at enkelte reagerer på eit samarbeid med Ap utfrå at dei er svært sentralstyrte, og at dei gjennom regjeringsposisjon har leda an mot verdikonservative skaer og for ei sekularisering av samfunnet. Eg trur at Ap, tilliks med KrF, spriker mykje i desse sakene. Og saman med SV, så kjem venstresida i Ap sterkare til sin rett. Eg vil også vere tydeleg på at dette er saker der KrF må ha gjennomslag, dersom ein skal ha eit tettare samarbeid med Ap.
Men vi må også hugse at sjølv om Høgre er verdikonservativt på mange måtar, så har dei ikje vore einige med oss i viktige saker som td. abortlova og ekteskapslova.

3. oktober 2010
KrF fekk gjennomslag for trafikktrygging
Trygge skulevegar er viktig. KrF er særleg oppteken av det, og har det som ei viktig målsetjing for Barnas Transportplan.
På siste møte i samferdselsutvalet fremma KrF framlegg om ein auke på 1,4 mill (til 5 mill) på posten Trafikktryggingsmidlar. Det er det som før heitte Aksjon skuleveg, og som er ein ein sum kommunane kan søke spleisemidlar på til å utbetre skulevegar. Slik sett er dette viktige pengar, som saman med kommunale midlar, gjev gode resultat. Alle parti, med unntak av FrP, støtta KrF sitt framlegg.
I Finansutvalet fekk vi også støtte. Så eg reknar med at dette er på plass i endeleg fylkesbudsjett i desember.
Hurra! Dette betyr tryggare skulevegar. Småpengar? Tja. Betyr i alle fall mykje for born og foreldre rundt om. Så det er livsviktig og relevant politikk. KrF-politikk.

Abonner på:
Innlegg (Atom)