Rotevatn er sitert på at dagens stortingspolitikarar er feige, og at dei utsett alle dei vanskelege spørsmåla. http://www.nrk.no/norge/feige-politikere-preger-debatten-1.11651736
Ei av sakene som blir nemnd er aktiv dødshjelp. Han meiner tydelegvis at i eit liberalt samfunn så har alle rett til å bestemme over seg sjølv, heilt ut. Og då må ein ha lov til å bestemme kva tid ein skal døy. Det har vi vel for så vidt allereie. Det vert kalla sjølvmord. Og dei fleste av oss prøver å gjere kva vi kan for at folk ikkje skal kome i ein så fortvila situasjon at dei ikkje ser annan utveg enn å ta livet av seg.
Aktiv dødshjelp er derimot å be om at nokon skal ta livet av deg. Legane har til no vore sterkt i mot det, fordi deira oppgåve er å redde liv.
Men spørsmålet er kva vi i framtida vil rekne som liv. Vi har gradert livet i begynnelsen. Og det sinnet som har kome tilsyne rundt saka om reservasjonsretten, syner at legar som flaggar samvit og uvilje til å tilvise til abort, ikkje er mykje verd i samfunnet. Slik kan det fort bli, dersom vi graderer menneskeverdet for sjuke, funksjonshemma og gamle også.
Det er vanskeleg å sjå den gode liberale politikken i dette.
Å kjempe for menneskeverdet, uansett, er det liberale valet!
6. april 2014
31. mars 2014
Akademiske pingler? Frå 2010, men aktuell?
Akademikarane ropar på kommunesamanslåing, og det er dei slett ikkje åleine om. Dei får full støtte frå ma. nestleiaren i Høgre, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen er langt frå ny. Den er at det er vanskeleg å få nok fagfolk i små komuneadministrasjonar. Sanner utvidar det til også å gjelde skular, barnehagar og sjukeheimar. Og det er då galskapen i argumentasjonen bør gå opp for alle. For desse typen jobbar kan ikkje sentraliserast vekk ved kommunesamanslåing. Desse daglege velferdstenestene må nødvendigvis vere i nærleiken til der folk bur. Det er grenser for kor lang skuleveg ein 6-åring kan ha!
Er det noko i utdanningssystemet vårt som bygger opp under det at fagfolk må jobbe mange i lag? Er det lagt for lite opp til sjølvtillit og tru på eigne kunnskapar i utdanningssystemet, og for mykje på at løysingar må diskuterast seg fram til? Eg skjønar at det er viktig med fagleg utvikling og diskusjon. Men viss det interne på jobben blir det viktigaste og ikkje det ein skal løyse for brukaren, så blir resultatet fort både dyrt og dårleg. Eg utfordrar difor dei som måtte vere i posisjon til det å dette etter i saumane. Særleg i det offentlege, fordi dei har eit særleg krav om å drive effektivt til beste for oss alle. Pengar er ein knapp ressurs, men tal arbeidstakarar er på sikt endå knappare.
Eg trur også det blir heilt feil når Akademikarane tar utgangspunkt i berre innbyggartal når dei tenkjer kommunestorleik. Det er nemleg noko som heiter geografi. Og det må takast omsyn til, med mindre ein meiner at folk bør flytte til sentra for å ha rett på tenester.
Og til sist, eg er heilt samd med kommunalministeren når ho minner om at det faktisk er svært mykje god kompetanse i kommunane. Det kan til tider vere vanskeleg å få gode nok søkarar til spesielle jobbar, men det er nok ikkje eit særsyn for små kommunar.
Kommunenorge er mangfaldig. Det er ikkje EI løysing som er rett overalt. Samanslåing kan passe ein plass, samarbeid ein annan. Men skal vi kunne velje å bu der vi vil, så må offentlege tenester og dei som utfører dei, også kunne vere desentrale. Det er fullt mogleg å få til gode faglege nettverk utan å ha kontor i same bygg.

25. mars 2014
Diskvalifiserande tru?
Norge er eit sekularisert samfunn. Vi likar å kalle Norge for eit kristent land, eller å seie at vi har ein kristen kulturarv. Det siste er i alle fall rett. I store deler av landet blir framleis nesten alle born døypt og konfirmert, sjølv om talet totalt sett går ned. Det er ikkje så rart, sett i høve til at vi får mange nye landsmenn som høyrer til andre religionar.
I dag skriv Vårt Land om Speidar-rørsla som skal diskutere om dei skal kutte Gud ut av speidarlov og -lovnad. På radioen spurde journalisten om ein ikkje burde gjere det, fordi det ikkje var inkluderande mot "ikkje-truande" å halde fast på trusaspektet. Speiding og naturliv er moro. Men det er altså eit tiltak for å gje vidare kristne verdiar og tru. Alle er velkomne til å bli med, og det er ikkje krav om tru eller dåp eller noko anna spesielt for å bli med. Men du blir invitert inn i eit tilbod som har ei tydeleg forankring, og som ikkje skjuler at tru er ein viktig del av livet.
I sist kulturutval i fylket skulle vi dele ut tilskot til organisasjonar som driv kulturarbeid. Særleg skulle born og unge tilgodesjåast. Ein av søkarane var KFUK-KFUM. Midt i målgruppa, og søkte tilskot til leiaropplæring og internasjonalisering.
Sp tok då opp spørsmålet om ein burde gje offentlege kulturmidlar til kristne / religiøse organisasjonar. Rett nok presiserte representanten, då ho vart utfordra, at ho tala på eigne vegne, og ikkje partiet. Noko som er litt rart å gjere når ein representerer eit parti, men la gå.
Eg hadde ikkje venta eit slikt spørsmål frå eit parti som har dette i programmet sitt: Senterpartiet mener at kirke, religion og livssyn fortsatt bør være et offentlig anliggende. Vi ønsker å ha en grunnlovsforankret folkekirke. Både staten og kommunene spiller en viktig rolle for å understøtte folks mulighet til å utøve tro og livssyn. Gjennom stat og kommune skal vi sikre at Den norske kirke opprettholdes som landsdekkende kirke med tilstedeværelse der folk bor. Vi vil videreføre en offentlig finansiering av Den norske kirke og andre tros- og livssynssamfunn.
Vel, liv og lære.. Skal kyrkja halde fram å vere landsdekkande, så må ein i alle fall vere med å bruke midlar på frivillig arbeid, leiaropplæring og aktivitetar som handlar om tru. Med mindre ein ønskjer ei kyrkje utan tru. Men kva er vel det??
Men det er mange som tenkjer slik. At alt bør vere verdinøytralt. At alt som har med tru å gjere er privat og personleg. Eg meiner det er feil. Både vi som folk og som samfunn har goder av at vi tar på alvor at folk er samansette av både "ånd og materie", og at materielle goder ikkje kan vere alt.

17. mars 2014
Mobbeombod
Takk til rektor på Hyen skule som tek opp att saka om mobbeombod. På NrK SFj etterlyser ho ein instanså hente råd og hjelp hos, og som kan kome på skulen å snakke med born og foreldre.
KrF har ved fleire høve teke opp dette, fordi vi meiner det er viktig. Og at mobbeombod kan vere ei hjelp til å forhindre mobbing og hjelpe dei som er i denne typen situasjonar.
Seinast i samband med budsjetthandsaminga i Fylkestinget i desember 2012 hadde vi eit framlegg. Vi ba om å få utgreidd å etablere eit mobbeombod i Sogn og Fjordane. Og at det skulle vurderast som eit samarbeid mellom komunane (KS) og fylkeskommunen, slik at samme ombodet skulle dekke både grunnskule og vidaregåande skule.
Framlegget til KrF fekk ei stemme for lite til å bli vedteke! Eg trur det var Ap, SV og FrP som støtta det. KrF har ikkje medlem i opplæringsutvalet, men Ap har lova å følgje det opp der.
KrF meiner mobbing er eit så alvorleg samfunnsproblem, at vi er villige til å prøve mange tiltak for å gjere situasjonen betre. Mobbeombod kan vere eit av dei gode tiltaka.

9. februar 2014
KrF og verdival
Leiaren i ei lokalavis.......
Overskrifta er god; KrF viser sine verdival. Og ein av våre
verdiar er å legge til rette for at folk kan følgje samvitet sitt, og at
samfunnet skal legge til rette for det.
Men eg kan trygt seie at eg vart skuffa over resten av
leiaren i Firda måndag 3.februar. Redaktøren viser at han ikkje har klart å
skjøne poenget i saka om reservasjonsrett. Han berre mel om att på propaganda
frå politiske motstandarar motstandarar framført i sosiale media og frå dei som
meiner reservasjonsretten er eit åtak på abortlova.
Å vektlegge samvit, og å innrømme folk reservasjonsmulighet
i viktige spørsmål som handlar om liv og død, burde vere eit viktig
prinsippielt spørsmål i eit demokrati. Det er eit kjenneteikn på eit liberalt
demokrati at ein opnar for å legge til rette for at den enkelte kan følgje
samvitet sitt. Å krevje at tilsette skal utføre jobb som går på tvers av eigne
etiske grenser høyrer mest heime i totalitære samfunn.
Eg trur det er ein «støytestein» at nokon meiner abort er å
ta eit liv. Men i vårt opplyste samfunn er vel alle samde om det. Det vi kan
vere usamde om er kven som bestemmer liv og død for eit foster. Etter norsk lov
er det mor. Og slik vil det nok fortsette å vere. Men det går nesten ikkje ei
veke utan at det kjem nye etiske utfordringar innan spørsmålet om liv og død.
Denne veka er det selektering av foster når det er fleirlingar. Eg ønskjer meg
politikarar med varme hjerter og kloke hovud som maktar å vere prinsippielle,
maktar å ta vare på menneskeverdet for alle involverte. Er det for mykje å be
om?
31. januar 2014
Ferje-galskap
Ferjesambandet over Fensfjorden mellom Leirvåg-Sløvåg er så ustabilt at det er vanskeleg å stole på at ein kjem over når ein skal. Eg har sjølv val det vekk til fordel for ein litt lenger tur over Romarheim når det er viktige møter eller anna som eg må nå. Det er ille når ein ikkje kan stole på at viktige kollektiv-ordningar og samband ikkje går som dei skal.
Det er Hordaland fylkeskommune som er ansvarleg for ferjestrekninga. Dei har ordna samferdsla si gjennom ein konstruksjon kalla "Skyss". Ferjestrekninga var ute på anbod, og Norled vann anbodet. Allereie då engasjerte politikarar i Gulen seg, fordi anbodet ikkje sette krav til nyare ferjemateriell, ma heller ikkje krav til universell utforming, slik kravet vart sett same året (men utan tilbakeverkande kraft til anbod som nett var lagt ut..) Vi kjende jo godt til ferja Melderskin og andre gamle ferjer Norled har bruka i sambandet.
I haust tok eg opp saka i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, for det hadde vore mange dagar med stogg i ferjedrifta. Svaret var at tal stopp var innanfor det som ein måtte tåle innanfor anbodet. (Svaret var frå Hordaland fylkeskommune)
I går skreiv avisa Nordhordland om sambande på nytt. Det viser seg at ferja i snitt er innstilt kortare og lengre tid KVAR TREDJE DAG. http://www.nordhordland.no/nyhende/article7132752.ece
Alle må skjøne kor øydeleggande dette er for næringsliv og andre som er avhengig av ferja!
No må det bli slutt på ansvarsfråskrivinga i Hordaland fylkeskommune, Skyss og Norled. Ja. Eg tek med Norled også, for dei vann anbodet med gammalt utstyr, medan dei snakka om å sette inn nyare. Om dei ikkje har eit formelt ansvar, så har dei i alle fall eit moralsk. Men først og fremst; det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar, og som sitt med nøkkelen for å ordne opp i saka!

25. januar 2014
Klappjakt på anleis-tenkjande
Det er aldri pent å sjå på når majoriteten taktfast og med harde ord og uttrykk dømer dei få "nord og ned". Samfunnet vårt som liksom har toleranse som ein dyd, meiner ingen ting med det ordet. Toleranse gjeld deg berre når du er einig med fleirtalet.
Dette er aktualisert av "reservasjons-legane". Desse som ut frå overbevisning, og for enkelte tru, ikkje vil tilvise til abort. "Det er greit at dei meiner det, men dei får slutte å jobbe som fastlege", er kravet. Og regjeringa sender på høyring eit regelverk som skal gjere spørsmålet om jobb eller ikkje til ei lokalpolitisk valkampsak. Korleis er retten gjennom diverse arbeidmiljølover for desse arbeidstakarane? Spente 4. kvart år på om den faste tilsettinga gjeld??
Er det gammalt og oppsamla hat mot tidlegare tiders moral og dei som sto i spissen for den, som gjev så sterk styrke? Mange ser på saka om reservasjon som ein omkamp om abort-lova. Ikkje ein gong dei ivrigaste abort-motstandarane meiner det.
Men det er klart at det er ugreit at nokon meiner abort er å ta liv. Og vi vil ikkje ha den typen sprøsmål. At nokon skal ha samvit som ikkje er stemt etter stortingsfleirtalet sine lover, er plagsomt.
Vi som meiner samfunnet må strekke seg langt for å gje menneske høve til å opptre i samsvar med samvitet, er sjølvsagt redde for at det veldige engasjementet i denne saka også skal bli gjeldande på andre område. Kva med reservasjonsretten sjukepleiarar og legar har når det gjeld sjølve abortinngrepet? Prinsippielle skilnader er det knapt. Eller kva viss samfunnet ein gong vedtek dødshjelp?
Eg er redd samfunnet er taparen dersom vi ikkje finn løysingar som tek alle grupper ivare, også dei som av ulike grunnar reserverer seg.

22. januar 2014
Alt er dyrt for den som er utan pengar
Følgjande er saksa frå NRK sogn og Fjordane si nettesida, frå besøket til Landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) sitt besøk i Sogn og Fjordane:
"Ferske tal viser at den norske maten ikkje er kostbar i høve inntektsnivået i Norge. I berre to europeiske land er maten billegare i høve gjennomsnittsinntekta.
Listhaug meiner likevel at dei norske matvareprisane må ned.
– For dei som ikkje har så god råd er maten dyr. Det er difor viktig å ha fokus på kostnadsnivået på matvarene.
– Men statistikk viser at den norske maten ikkje er dyr?
– Lønningane i Norge er forskjellige og dei som har låge inntekter opplever at maten er dyr, held ministeren fast."
At maten er dyr for dei som ikkje har pengar er sjølvsagt sant. Alt er dyrt for den som har lite pengar. Men betyr det at regjeringa skal planstyre kostnaden på alle varer og tenester?
Og blir maten, som det her er snakk om, billegare til forbrukar om statlege subsidiar fell bort, om landbrukssamvirket forsvinn og om mindre bruk vert lagde ned?
Det siste kan kanskje tale for det, forutsett at vi ikkje skal ha aktivt landbruk i heile landet. At maten ikkje først og fremst skal vere produsert på lokale råvarer, men med importert for. Men korleis skal matberedskap og matvaretryggleik haldast oppe i eit slikt perspektiv?
Det er greitt at FrP (og Høgre) har si ideologiske tilnærming på landbruket. Men eg forventar at dei legg like mykje vekt på kunnskap om næringa og om samanhengar. Matproduksjon er biologi, ikkje ei kva som helst slags produksjon eller næring.
I tillegg så må dei hugse at åleine så har dei ikkje fleirtal i Stortinget!

15. januar 2014
Fylkesordførar-flause
Sveinung Rotevatn har rett. Det er ikkje greit at fylkesordførar Åshild Kjelsnes, når ho presenterer fylket sitt syn på kvar E39 skal gå, spekulerer på at det kunne blitt eit anna resultat om ein hadde venta til etter nokre parti-årsmøte.
Eg forventar, uansett kva eins eige parti meiner, at når saka er klubba så skal fylkesordføraren lojalt fremje og arbeide for fleirtalet sitt syn. Det er faktisk jobben, og slik det fungerer i eit demokrati.
Eg tar forbehold om at eg ikkje fekk med meg heile føredraget, og bygger dette innlegget på det eg har lese / høyrt i media.

8. januar 2014
Kor dum har ein lov å vere i demokratiets namn? (E16-trasse)
Denne jakta på Liv Signe Navarsete er ute av proporsjonar. Kor tid vart det gale av ein politikar å kjempe for ei politisk løysing? Og er det meir gale å gjere det når saka gjeld heimfylket eller kommunen ein kjem frå? Nei, sjølvsagt ikkje.
Ein annan ting er når ein er ugild etter forvaltningslova. Men det er ho jo ikkje. Alternativet der E16-trasseen skulle gå over eigedomen til mannen var jo ute. Det sto mellom kort og lang tunnell, og ingen av desse var på Navarsete / ektemannen sin eigedom.
Media hausar opp saka, endå dei bør vite betre om dei kan å lese "innanboks". Stortingspolitikarar følgjer opp. Trist å sjå populismen bløme så ukritisk.
Og på sosiale medier er kommentarane og "likes"a føreseielege, alt etter politisk farge og sympati.
Nokre, endåtil politikarar, uttalar seg som om det er gale å meine noko anna enn det fagfolka har meint. Då må ein verkeleg lure: Kva er då behovet for å ha politikarar??
Det einaste ukloke Liv Signe Navarsete gjer i denne saka, er å la ryggmargsrefleksen reagere med å spørje kven som har referert frå interne regjerings-samtalar..

5. januar 2014
inkonsekvens
Buddistiske munkar skjer ut små figurer av elfenbein. Råvara elfenbein kjem frå tjuvjakt på elefantar. Ei jakt som trugar dyrearta. Buddistane skal ha respekt for alt liv.
Melk er "dyrt". Og sjølv om mat er viktig , og norsk mat er sunn, så blir det "dyrt" å produsere i høgkost-land. Men dersom bonden lagar mikrobryggeri eller vil sekje sider, så er det "svære" greier! Sjølv om denne drykken ikkje har like god helse-effekt.
I Norge utvinn vi olje. Masse olje. Og vi leitar etter fleire felt med olje, for å ta opp og forbrenne. Endå vi veit at dette medfører klimatiske forhold som drep. Som legg øygrupper under vatn, skaper svolt og flyktningar. Vi seier vi ikkje har råd til å la oljen bli liggande.
Dette er noko av det eg tenkjer på inn i det nye året.

14. oktober 2013
Pinleg frå avtroppande regjering
Det er mykje snakk om "snubletrådar" og "feller" når ein snakkar om budsjett som avtroppande regjering lagar. I den raudgrøne regjeringa sitt budsjett så er det noko som er så tydeleg at det grensar til å vere pinleg.
Det eine er 11 månaders studiestøtte. Eigentleg ei godt tiltak. Men når regjeringa ikkje ha funne plass til det dei 8 åra dei har hatt fleirtal og lett kunne innført det, men kjem med det i avgangsbudsjettet, så må alle lukte lunta. Og endå meir sidan det vert innført med knapp halvårsverknad i 2014, og ful verknad først i 2015. Og merk; dette var ikkje ein lekkasje i valkampen! Saka hadde gjort seg då, men det våga dei nok ikkje, i tilfelle dei likevel skulle kome i posisjon sjølve. (Det var i alle fall ikkje redsla for budsjett-lekkasjar som holdt dei tilbake)
Eit anna område er når dei finansierer ein del gode tiltak / skattereduksjonar med å auke skatten for familiar med låg inntekt. ( Ved å ta bort skatteklasse 2) Dei seier det er for å gje insitament for at begge vaksne i familien skal vere i løna arbeid. Men det vil i realiteten seie at dei familiane som frå før har valt å klare seg med mindre inntekt, no skal få endå mindre. Viss ikkje dei lyder staten!
Ikkje rart media samanliknar det med ein sur leiar, som overlesser kontorpulten til etterfølgjaren. http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/Mener-gavepakke-til-studentene-er-en-snubletrad-for-de-borgerlige-7339391.html

6. oktober 2013
Mørkemann
For første gong (i alle fall som eg sjølv veit om) er eg blitt kalla "mørkemann". Og det fordi eg i eit lesarinnlegg trekte det fram som positivt at KrF,H, FrP (usikker på om V var med) i avtalen hadde sikra at dei fastlegane som av samvitsgrunnar var mot å tilvise til abort, skulle få sleppe det.
Så lenge ordninga har fungert, og før regjeringa skjerpa inn praksisen, var dette eit lite problem. Faktisk så lite at då regjeringa skulle finne døme på at det ikkje hadde fungert, sleit med å finne dei. Denne saka kan sjåast på som ei lita fillesak, som berre angår nokre få personar. Eller ein kan sjå på ho som ei prinsippsak, der staten har rett til å overprøve arbeidstakar sitt samvit. Gjer som staten seier, eller skift jobb.
Eg tenkjer at samvitet til folk er viktig. Særleg når det dreiar seg om liv eller død. Og eg er pragmatisk nok til at når saka med tilvising til abort let seg ordne på anna måte, så må det vere greit.
Men ligg det meir bak det store engasjementet til dei som fordømmer innføring av reservasjonsrett, og som kallar oss som er for det, for mørkemenn? Ja, sjølvsagt. Eg går ut frå at det er sjølve abort-kampen som kjem fram. Det å sjå på fosteret som eit eige liv eller berre ein del av mor sin kropp.
Uten å ta den debatten no, så trur eg vi som samfunn står oss på å vere rausare mot kvarandre sine oppfatningar, grenser og ja; samvit. Vi kjem lenger med å finne fleksible løysingar som alle kan leve med.

5. september 2013
Heimane trumfar!
Ein god barndom varer heile livet! Derfor er
familiepolitikken avgjerande viktig for kva samfunn vi vil ha. Å skape ei trygg
ramme rundt oppveksten til borna er ønsket til dei alle foreldre. Born og
foreldre er ulike, derfor må samfunnet legge til rette for ulike val. Om det er
barnehage frå barnet er 1 år eller at mor / far kan vere heime lenger, er det
familien som skal bestemme. KrF vil gjere valet økonomisk mogeleg , også for
dei som ikkje tener svært mykje. Derfor vil vi gjeninnføre kontantstøtta for
2-åringar. KrF vil også utvide foreldrepermisjonen med 9 veker som kan takast
fleksibelt ut, fram til barnet er 10 år. Det vil hjelpe deg med alle
planleggingsdagar og td gje familiar litt meir felles ferie.
Skilsmisser er som regel ei vanskeleg tid, særleg for borna.
KrF vil satse på meir samlivskurs og hjelp for dei (slik vi alle til tider
gjer) som strevar med samlivet. Frode Thuen, professor, let det ikkje vere tvil
om samanhengar mellom den utviklinga som har vore i familiepolitikken og den
utviklinga vi har med auke av psykiske vanskar hos unge. Same funna kan lesast
ut av forskinga til Hans-Johan Breidablikk, der
risikoadferd/dårleg helse aukar når ungdomane har skilte foreldre.
Om dette er berre delvis rett, så er det uansett eit
kjempeviktig område å sette inn samfunnet sine førebyggande krefter!
Også for eit velfungerande arbeidsliv er familiepolitikken
viktig. «Alle» arbeidsgjevarar veit at heimesituasjonen påverkar
arbeidsinnsatsen. Vi er jo menneske, og ikkje maskiner!
KrF lovar å stå opp for familiane. Viss du meiner det er
viktig, så ber vi om stemma di ved valet! I saka om familiane er valet verkeleg
eit retningsval!
1. september 2013
KrF og politiet
KrF vil følgje opp målet om to polititenestemenn per 1000 innbyggarar innan 2020. Politiet treng også eit løft på utstyrssida. Ikkje minst gjeld det IKT-systema, men også når det gjeld bilar og anna politiutstyr, finst det i dag for mykje utdatert og gamalt materiell.
Politidistrikt og struktur er mykje omdiskutert. Eg vil sjølvsagt, dersom eg vert stortingsrepresentant, kjempe for den ordninga som gjev fylket vårt beste tenesta. Eg meiner det er å vere eige politidistrikt, fordi nærverande leiing er viktig i dei vidare prosessane som vil kome. Heimkommunen min, Gulen, tilhøyrer Bergen politidistrikt. Lærdomen av det er at Bergen argumenterer med sine store behov, og at politimeisteren flyttar ressursar frå distrikt til by.
Det viktigaste er å ha tilgjengeleg politi, både for beredskapsomsyn, utrykking og for førebygging. Synleg politi har ein klar førebyggande effekt. KrF har programfesta at politi- og lensmannsetaten skal vere desentralisert og framleis vere eit nær-politi.

18. august 2013
Sp vil ha fleire byar og færre gardar
Det er i alle fall overskrifta frå valkampopninga til Sp, slik Firda-journalisten har forstått det.
Først vart eg veldig overraska. For dette vil råke vestlandsjordbruket og bygdene våre hardt. For det er mange stader der små teigar og lange avstandar gjer det svært vanskeleg å få til store og effektive einingar.
Men det poassar bra saman med den politikken regjeringa har ført. Der auka produksjon av mat er det viktigaste. Det vil i praksis seie at større bruk er bra. Då vil vi sjå ei samling av produksjonen på Jæren, i Trøndelag og på Austlandet. Det er sterke krefter i Bondelaget også som er nøgd med det.
Men er veljarane i Sogn og Fjordane nøgde med det?
KrF meiner det er viktig å halde på dei mindre bruka også. Fordi dei er viktige for matproduksjon og beredskap, busetnad og at Norge ikkje gror igjen.
Eg er spent på framhaldet. Særleg må Sp forklare kva som no er skilnaden på deira landbrukspolitikk og Høgre sin. For dei kan vel ikkje halde fast på jordvern og konsesjonvilkår som bu- og driveplikt, når dei seier at ein gard på 100 mål og 15 kyr er for liten til å drifte?

14. august 2013
Hybel og stipend
For nokre dagar sidan sa Lånekassen at det vart juksa så mykje med bortebuarstipendet at ein burde vurdere å ta det vekk. Folk budde heime, ga opp at dei budde på hybel, og jukset kosta fellesskapen 70 mill.
For det første: Å jukse er ulovleg. Men vi kan ikkje straffe alle som må bu på hybel fordi nokon juksar. Eg vil tru det er dei som bur nærast ein skule som kan jukse med bortebuarstipendet. Stipendet har du rett på dersom skulen er meir enn 40 km borte og du må bu på hybel. Sjølv om vi vedtok å halde fram med ein svært desentralisert skulestruktur i fylket, så er det nokre som ikkje kan bu heime og gå på vidaregåande skule. Nokon fordi det ikkje går buss- eller båtruter som gjer det mogeleg å pendle.
Vik er ein kommune der alle 16-åringar må flytte på hybel. Ei båtrute kunne gjort det mogeleg å pendle. I Aurland brukar kommunen pengar på ei båtrute som gjer at fleire kan bu heime medan dei går på vgs. KrF fekk fylkestinget med på å sjekke ut om det gjekk an å "veksle inn" bortebuarstipendet til skyss-pengar. Samfunnsøkonomisk ville det vore glimrande! Men Lånekassen sa sjølvsagt nei til det. Dei har sine retningslinjer. Så dette må bli ei politisk sak, skal det skje noko. KrF i Sogn og Fjordane fekk saka inn i KrF sitt program, og kjem vi i regjeringsposisjon, så lovar eg at vi skal gå vidare med å vurdere ei slik ordning.
Eg var i Vik denne veka, og snakka mellom andre med leiaren av NAV-kontoret. Ho ønskjer ei slik ordning svært velkomen. For bortebuing for alle elevar gjev relativt stor utslag av fråfall, var hennar klare tilbakemelding.
KrF vil stå på for desentralisert skule, bortebuarstipend, prøveordning med skyss for stipend, fleire studentbustadar og at studiestøtta skal aukast til 11 mnd i året. Det siste har "alle" lova, men sjølv etter 8 år med fleirtalsregjering så har det ikkje skjedd noko.

6. august 2013
Ikkje tull med "Posten"
Posten seier dei må gjere endringar i takt med nye kundebehov. Bruken av Posten har gått mykje ned, og dei leitar etter endringar som vil gje innsparingar. Eit av forslaga til Posten er å kutte postombering på laurdagane.
KrF er sterkt i mot det. Svært mange stader er det posten som har ombering av aviser. Særleg dei mindre avisene, lokalavisene og nr. 2 aviser (som Vårt Land eller Nationen). Viss Posten sluttar å levere på laurdagar er det svært mange som blir taparar. Endåtil demokratiet vårt. Og dei som treng Posten for å få avisa, har som regel så lang reise for å kjøpe aviser på næraste butikk at det ikkje blir gjort. Eg bur sjølv slik til, så dette har eg førstehands kunnskap om.
Avisa Nationen har funne ut at det er flest Sp- og KrF-veljarar som er i mot å kutte lørdags-post. Det er kanskje fordi mange av våre veljarar bur i distriktet? Men i denne saka kan ikkje kjøttvekta bestemme. Her må storsamfunnet ta vare på like rettar for alle.
KrF har slik programformulering om dette: "KrF vil at postombering skal vere ei teneste i heile landet på alle arbeidsdagar, og at tenestetilbod ikkje skal bli tatt vekk før jamgode alternativ er etablert. Posten skal levere tenester til lik pris i heile landet."

31. juli 2013
Postkort om demens
I sommar har eg, som listetopp KrF, fått mange brev frå ulike organisasjonar. Dei brenn for sine saker og vil ha svar på kva eg som evt stortingsrepresentant vil gjere for dei. Ofte følgjer kravet om svar med ein setning om at svaret vil bli offentleggjort i media.
I dag fekk eg eit postkort underteikna Førde Helselag. Det er ei forsiktig oppmoding om å hjelpe dei i arbeidet for personar med demens, og for pårørande. Med å lovfeste rett til dagaktivitetstilbod.
Eg vart glad for kortet. Dette er ei gruppe eg verkeleg ønskjer å hjelpe fram. Både ved tidleg hjelp med diagnostisering, forskning, tilrettelagde sjukeheimsplassar, avlastningsordningar, dagtilbod og kulturtilbod.
Då eg var ordførar, var det viktig for meg å prioritere denne gruppa opp. Det politiske fleirtalet har i ettertid valt å bruke pengane litt anleis, men framleis står ny demensavdeling (vi har ei frå før) i langtidsbudsjettet til kommunen.
Å vere pårørande til demente er utruleg krevjande. Ofte er den næraste pårørande også eit eldre menneske, og har nok med å klare seg sjølv. Saman kan pårørande og det offentlege sy eit opplegg rundt den demente som gjer at alle "held" lengre, og at livskvaliteten aukar. I det arbeidet er retten til dagtilbod svært viktig.
Så takk; Nasjonalforeningen for folkehelse for postkortet og for engasjementet. Ja, KrF og eg vil vere med på arbeidet i lag med dykk.

15. juli 2013
Traumer, dei og oss
Delrapport nummer to i ei tre-trinnsundersøking
av den psykiske helsa til Utøya-overlevande og foreldra deira, viser at
mange slit og treng vidare behandling og oppfølging. Det er ikkje overraskande.
Og samfunnet må stille sine beste folk til rådvelde for dei som opplevde den
grufulle terroren på nært hald og for dei pårørande som fekk kjenne på den
verste frykta vi kan tenkje oss.
Det som undrar meg er at eit samfunn som ser dette, og sett
alle krefter inn for å hjelpe offera, ikkje opptrer rausare mot born og
familiar frå andre land som søker nødhamn hos oss. Mange av desse har tilsvarande
opplevingar i bagasjen. Terror, krig og vald samt redsel for at det same skjer
viss dei må reise tilbake til landet dei flykta frå.
Eg skjønar at Norge ikkje kan ha heilt andre reglar enn
andre land, og at vi då vil verte eit mottakar-land for fleire enn dei som treng
beskyttelse. Men eg skjønar ikkje kvifor det skal så mykje til å tru på opplevingar,
trongen for hjelp, opphald og trygg framtid.
Det verste er når born som har budd hos oss i mange år vert
sendt «heim». Born som trur Norge er heime, og som ikkje kjenner anna enn norsk
kvardag.
Desse tankane fekk eg når eg høyrde om traumebehandlinga. Om
kor viktig det er. Då tenkte eg på born, unge og vaksne som er på flukt og som
søker asyl. Ser vi dei som søsken, med same behov? Eller er det dei og oss?
Abonner på:
Innlegg (Atom)