Politikkens sommarferie vart avbroten av NRK sin runde om borgarleg samarbeid og ny regjering om 3 (!) år. Høgre-Erna slår fast at ny borgarleg regjering må innehalde FrP, for dei er så store. Høybråten seier det er for tidleg å bestemme noko, men meiner analysen om at manglande truverdig alternativ på ikkje-sosialistisk side, var grunnen til at det ikkje vart regjeringsskifte etter siste val.
Eigentleg har svært lite endra seg. Bortsett frå at H pga gode meiningsmålinar har fått eit lite overtak på FrP, og struttar av sjølvtillit. (Og at regjeringsslitasjen til dei raudgrøne blir tydlegare for kvar dag)
Ei deling av det politiske landskapet i Norge mellom sosialistisk og borgarleg (eller ikkjesosialistisk) er, etter mi meining, forelda og forenkla. Både dei politiske løysingane til Ap og til H legg seg tett inn til sentrum sine løysingar. Så tett, at det til tider kan vere vanskeleg å markere eigen politikk. Td. såg ein det i handteringa av finanskrisa. Det var stor semje om løysingane. Usemja gjekk i starten berre på at ein burde sett inn tiltak tidlegare. Ein ser det også når det gjeld forsvarleg bruk av oljefondet. Der går skiljet mellom FrP og resten, kan det virke som.
For eit parti som KrF, som klart står for sentrum-løysingar i økonomisk politikk, så går dei mest interessanne skiljelinene langs verdispørsmål og ideologi. Det er derfor det blir så utfordrande for oss å få til eit samarbeid med FrP, som så tydeleg flaggar andre verdiar innan menneskesyn (td aktiv dødshjelp), utviklingshjelp, framande kulturar, trusfridom, miljø- og klimasaker. På same måte som det ville vore utfordrande å samarbeide med eit SV som ønskjer ein gjennom-sekularisert stat og sterk statleg styring.
KrF er for velferdssamfunnet, der både fellesskapet sitt sikkerhetsnett skal vere sterkt og der valet til enkeltmennesket skal vege tungt. Eg trur dette er i samsvar med det mange menneske ønskjer deg. Og eg trur derfor slett ikkje at KrF er gått ut på dato. Heller ikkje sentrum i norsk politikk.
Eg meiner KrF heller må våge å vere eit konstruktivt opposisjonsparti, enn å gå inn i ei regjering der tyngdekrafta vil gjere at løysingane ligg mykje lenger til høgre enn det vi kan stå for. KrF må vere tru mot eige idegrunnlag og prinsippielle i viktige verdisaker. Det er politikken som er viktig, og som må avgjere val av samrbeidspart.
16. juli 2010
13. juli 2010
Demensomsorg i Gulen
Som ei oppfølging av Stortingsmelding nr.25 (2005-06) har vi fått Demensplan 2015. Det er særleg tre område som vert framheva som viktige å ta tak i; Dagaktivitetstilbod, betre tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse.
Det er i dag omlag 70 000 demente i Norge, og det er venta ein sterk auke. Truleg ei fordobling i løpet av 35 år, der største veksten er venta om 10-15 år. Dette gjev utfordringar til kommunane som tenesteleverandør. Så det er all grunn til å snu seg rundt og planlegge for morgondagen.
Gulen kommune er godt i gang med det. Vi har oppretta eit demensteam. To dyktige og engasjerte fagfolk, som innanfor ei lita stilling på 10%, er i gang med både demensplan, kartlegging og å vurdere individuelle behov. Utan at dei hadde hatt så god lokalkunnskap og lang fartstid i omsorgstenesta i kommunen, så hadde dette vore ei umogeleg oppgåve. Og eg ser at tida ikkje strekk til. Kanskje må 10% aukast i budsjettarbeidet til hausten?
Vi har ei demens-avdeling på sjukeheimen. Det er 8 plassar der. Og i tilknytning til avdelinga er det i gang eit godt arbeid med å få til eit skjerma uteområde. Ein hage der det både er slipestein, båt og potetåker.. Mykje av dette arbeidet vert bore fram på dugnad. Det er imponerande!
Eine plassen på avdelinga er sett av til avlastningsplass. For dei pårørande er det ofte avgjerande for å klare kvardagen, at dei kan vite at det er 14 dagar fri lenger framme. Dette fungerer, etter kva eg får opplyst, etter hensikten. Ved å ha tilgjengelege avlastningsplassar vil den demente kunne bu lenger i heimemiljøet, fordi dei pårørande ikkje vert heilt utslitne.
På samme måte er det med dagtilbod. For dei fleste demente er det viktig og godt å ha eit dagtilbod. Noko som gir oppleving av å bli rekna med, av å fungere. Og for dei pårørande er det ekstremt viktig, enten det er for å kunne skjøtte eige arbeid, eller det er for å hente seg innatt til å klare resten av døgnet. Yngre pårørande kan kanskje kombinere jobb og omsorgsløn i eit tilpassa opplegg. Men svært mange pårørande er også eldre menneske. Dei treng tid til eiga helse og eigne utfordringar.
Det vi ikkje har i Gulen (endå) er pårørande-skule eller pårørande-grupper. Eg trur mange ville opplevd det godt å få kome saman med andre i tilsvarande situasjon og få oppleve forståing. Kanskje er Gulen for lite og gjennomsiktig til at det vil fungere? Men eg trur eigentleg ikkje det. For det handlar om å behandle demens som ein annan sjukdom. Å ta vekk trongen for å skjule eller vere flau over sjukdommen. Det er ein viktig skanse. Eg har lese boka til Laila Lanes om Henry T. Olsen i sommar. Deira møte med omverda, om sjukdomen, har vore viktig. Og eg håpar det gjev andre, i tilsvarande situasjon, mot til å vere open om sjukdomen.
For Gulen sin del er det mykje som fungerer godt. Men det er trong for meir kompetanse, fleire avlastningsplassar og kanskje også faste plassar. Som ordførar ser eg fram til at framlegg til demensplan vert lagt fram til politisk behandling. Og trur nok den vil innehalde både konkrete og gjennomførbare forslag på forbetringar. Og eg trur (og håpar) på politisk vilje til å lage ei tilpassa teneste både for den demente og for dei pårørande.

10. juli 2010
Barnehagen til for borna?
Det er det vi likar å seie, i alle fall. Eit pedagogisk tilbod. Læring og leik i skjønn forening. Og slik er det for dei fleste. Men barnehagen er også til for foreldra, sjølvsagt. For at dei skal kunne jobbe fulle dagar, heile veka, utan å bekymre seg for tilfeldige, meir eller mindre gode, ordningar.
Men så kom kravet om at alle born burde ha rett på ferie. Eg har faktisk vanskeleg for å tru at foreldre ikkje let borna få ferie! I vår kommune betaler foreldre berre for 11 mnd barnehage, og den tolvte månaden må borna ut av barnehagen. Det har ikkje kome reaksjonar på det. Eg er samd med Håbrekke (KrF) i at viss det er pga omsorgssvikt i heimen at det må vere barnehage heile året, så er det ei sak som må løysast for seg. Omsorgssvikten vil då vere der etter at barnet kjem heim på ettermiddagen også.
Og så er spørsmålet kor lange dagar vi vil at borna skal ha i barnehagen. Byrådet i Bergen (KrF) vil innføre makstid på 9 timar. Vi vaksne arbeider 7,5. Og SV som ivrar for 6 timars dag for vaksne kvir seg ikkje for å ville ha lange dagar for barnehageborn. Ikkje logisk, syns eg. Men så lenge barnehage er politisk korrekt, så skal ein ikkje kritisere...
Då eg var i Beijing hadde eg ein guide. Ei ung jente, mor til eit barn. Ho budde utenfor byen, og arbeidde lange dagar. Barnet såg ho sjelden. Som regel berre i helgene. Og barnet var altså på barnehage/heim heile veka fordi mor sin jobb krevde det.
I Norge så kan dei fleste av oss velje å sette ned tempoet, utsette karrieren, bu litt rimlegare, skifte møblar sjeldnare. Og på den måten skaffe oss eit handlingsrom som gjer oss i stande til å fungere som ein familie, også på borna sine premissar. Barndommen er kort! Men viktig. Nokon vel også mindre jobb, ja endåtil kontantstøtte... Men då skal du vere tøff. For samfunnet ser litt skeivt til deg. Det er ikkje politisk korrekt å ville bruke all tid saman med borna dei to første viktige åra.

6. juli 2010
Næraste skule, uansett fylkegrense
For ein del elevar i vidaregåande skule er næraste skule i nabofylket. Men det kostar pengar for heimfylket å kjøpe skuleplass.
På TV2-nyhetene i går (05.07.10) fekk eleven eit ansikt. Ei jente frå Nordland med 7 mil til Harstad i Troms i staden for 40 mil til næraste skule i eige fylke med tilsvarande linje. Og kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV, vart spurd om kva ho meinte. Ho gjekk veldig langt i å be Nordland om å tenkje seg om på nytt. Slik er det når media tek tak i ei sak, og vi ser enkeltmennesket.
I Sogn og Fjordane har vi noko som heiter Hordalandsavtalen. Den gjev elevar frå Gulen, Solund og Aurland høve til å gå på skule i hhv Austrheim og Voss. For Gulen og Solund er det i tillegg eit krav at elevane skal bu heime og pendle. Dei raudgrøne på fylkestinget har endåtil brukt Kontrollutvalet til å finne ut at så skjer. (Trur nok dei hadde forventa eit anna resultat..)
SV og Ap har vore motstandarar av Hordalandsavtalen heilt frå starten. Ikkje ut frå tanken på enkeltmennesket, men frykta for at mindre skular i eige fylke misser elevar. Og den kampen hardnar nok til framover, ettersom pengane blir færre og elevtalet minkar. Fylkesrådmannen varslar i Firda (06.07) at ein skal sjå på strukturane, herunder Hordalandsavtalen.
Kva om SV og Ap lytta til ministeren sin? Eller var det berre i eit anfall av populisme at ho sa at her måtte ein sjå på eleven sitt behov?
Ei mor tok kontakt med meg om sonen. Hadde han kunne gått i Knarvik, så kunne han budd heime. Viss han skulle halde fast på linjevalet sitt, og ikkje få gå i Knarvik, så var det Årdal som var alternativet hans. Det er langt frå Gulen til Årdal!
Eg syns vi må klare å finne fleksible løysingar på tvers av fylkesgrensene for ungdomane våre.

27. juni 2010
Statkraft er ingen regional utviklar
Gulen kommune er ein (liten) eigar av BKK. BKK er eit sterkt regionalt kraftselskap eigd av kommunar og Statkraft (49,9%)
I min naivitet trudde eg, då Statkraft kom inn som eigar, at det var bra. For Statkraft var eigd av staten, og staten ville utvikling i distrikta. Men eg har fått eit anna syn på denne statsbedrifta. Noko meir kapitalistisk skal ein leite langt etter. Dei har kjempa i mot alt som er av lokal og regional utvikling i BKK-regi. Tidvis vert dei hjelpt av den største eigarkommunen; Bergen. Td. ved å svekke eigenkapitalen i selskapet for at byrådet skal kunne kutte eigedomsskatten for bergensarane. Det er ei skam!
Men Statkraft er ingen strategisk eigar med tanke på regional utvikling. Dessutan balanserer dei på ein knivsegg i fht Konkurransetilsynet. Slik at skal dei kjøpe seg opp ein stad, må dei selje seg ut ein annan. Dette spreier seg vidare inn i kva BKK kan gjere av kjøp.
Statkraft ønskjer seg ut av BKK. Og det bør dei få lov til. Det er kanskje vanskeleg å finne kjøparar, for dei andre eigarane vil ikkje gje frå seg styringa med selskapet. Og då spørs det om Statkraft syns dei får nok betalt.
Professor med NTNU, Leif Lia, har i DN fredag 25.06.10 eit forslag som Trond Giske bør merke seg. Han foreslår at staten opprettar eit fond og kjøper ut Statkraft, og slik let Statkraft utvikle seg utanlands. Samstundes vil dei regionale kraftverka kunne få att oppgåva si med også å vere ein regional utviklar. Forutsetningen er sjølvsagt at det nye statlege fondet har lov å ta distriktspolitiske omsyn. Elles er vi nesten like langt.
Utbygginga av vasskrafta skal kome innbyggarane til gode. Og då særleg i dei områda der fossane er lagde i røyr.

24. juni 2010
Sutring
Eit forferdeleg negativt lada ord. Ingen ønskjer å vere sutrete, eller å bli forbunden med det.
Men landets statsminister og mat- og landbruksminister kvir seg visst ikkje for å bruke denne typen maktspråk mot ei heil yrkesgruppe; nemleg bøndene. Då dei nemnde herrar besøkte årsmøtet til Bondelaget, var dei (i følgje media) direkte på at veksten i matproduksjon ville kome av effektivisering. Og bønder burde finne seg tilleggsnæringar innan reiseliv, nisjeproduksjon eller å bygge ut fossane sine eller la vindmøllene fylle utmarka. Dei som trudde fellesskapet skulle sikre næringa meir enn no, måtte tru om att. Og kven vil la seg rekruttere inn i ei næring som berre syt og klagar?
Stoltenberg hadde aldri våga å bruke slike ord om sine venner i LO som nett har gjennomført veker med streik for betre løn. Og det for tillegg i ei løn som er i alle fall dobbelt så stor som ein vanleg bonde si løn.
Fy for ei skam! Og for ei overlegen haldning frå regjeringa mot ei yrkesgruppe som til dei grader er med å halde opp bygdene, miljøet, rein matproduksjon og "heile landet i bruk".

20. juni 2010
Vanskeleg helse-prioritering
Etter at helsedirektør Bjørn Erik Larsen gjekk ut og sa at ein måtte prioritere helsekronene, og målrette dei inn mot behandling som ga best resultat i fht overleving, så har det vore stor debatt. Nokre avfeiar debatten med å "skyte" på bodbringaren og kalle det "moralsk og etisk uforsvarleg" (Siv Jensen, FrP) Helseministeren vil helst ikkje snakke om det for ikkje å skape usikkerhet. Og KrF si elles dyktige Laila Dåvøy verkar heller ikkje til å ville ta debatten. Det er ganske symtomatisk at av politkarane som uttalar seg, så er det Inge Lønning som tek opp hansken og seier prioritering må til. Det er fristande å seie at han tør fordi han ikkje skal attveljast. Men det er vel ikkje rett, for eg meiner å hugse han har uttalt dette også i "posisjon".
I dagens BT (20.06) tar sjukehussjef Stener Kvinnsland opp handsken. Sjølv som kreftlege, så ser han at rus og psykiatri blir frågått i løyvingar. Og han vil endre på det. Flott! For noko anna er også prioritering, berre at vi ikkje så lett oppdagar det. Men barnet med psykisk sjukdom har like stor trong for, og rett på, behandling som barnet med kreft. Vi er så redd for døden. Men vi veit ikkje, eller gløymer, at for folk som lir av ein depresjon er sjansen til å døy innan ein 5års periode rundt 50% større enn for ein annan person. (I flg ein nors-britisk studie 2009)
I staden for å gå inn for aktiv dødshjelp, slik FrP gjer, så bør vi heller konsentrere oss om å gje verdig liv til uhelbredeleg sjuke og døyande i form av omsorg, pleie og smertelindring.
Til slutt ein peikefinger til media: Akkurat no så er de samde med Helsedirektør Larsen og meiner politikarane er feige. Men de er raske til å finne enkeltskjebnar og deretter henge ut politkarar for ikkje å gjere noko. Det TV gjorde i Mehmet-saka er eit grellt døme på det. Der fekk de vesle Mehmet til å peike på eit bilete av dåverande helseminister Dagfinn Høybråten, medan han spurde; "er det han som vil at eg skal døy?" (Dømet er henta frå Svein Egil Omdal sin gode blogg) Med slik mediabruk (misbruk) så skal det jammen noko til at vi får dei prinsippielle og dyktige politikarane som vi vil trenge i td denne vanskelege debatten.
Det er klart vi må prioritere. Det skjer kvar dag!

Abonner på:
Innlegg (Atom)