Tidlegare heitte bu- og omsorgssentra i Gulen "eldresenter". Og det var stort sett med tanke på eldre brukarar dei vart bygde. Omsorgssentra våre er ei samling av enkelt-leiligheter. Samstundes er der felles-stove og kjøkken. Namna vart endra fordi det kom fleire brukarar, også yngre, med behov for omsorgsleilighet. Gulen kommune har relativt høg dekning med denne typen leiligheter, og valde derfor å bruke av dei vi hadde framfor å bygge nye.
På Dalsøyra har det vekt harme i bygda at vi vil bruke nokre av leilighetene til brukarar med særskilde behov. Det er også planar om å bygge to nye leiligheter knytt til senteret.
Kommunestyret har gjort vedtak om saka og bruken av leilighetane. Det kom inn fleire brev frå bygda (ma. bygdekvinnelaget og saniteten). Det førte til at formannskapet før sommaren diskuterte saka på nytt, fekk ein ny gjennomgang frå administrasjonen om behovet for leiligheter for brukarar med særskilde behov, og bestemte at ein ikkje skulle ta opp att saka.
Dette var Høgre også med på. Derfor er eg ganske overraska over at dette partiet, ved leiaren i Hovedutval for omsorg, no går ut i media og vil ha saka tatt opp att. Dei hevdar det er komne nye opplysningar i saka. Det er det ikkje. I alle fall ikkje det eg som ordførar kjenner til.
Det NYE i saka er at etter at formannskapet valde å halde fast på tidlegare vedtak (samrøystes inkl. Høgre), så har to brukarar flytta inn. Det er uansvarleg å endre vedtaket no. Vi kan ikkje gjere desse brukarane til kasteballar i eit populistisk oppspel til valkampen, slik det ser ut til at Høgre vil.
Gulen kommune må ha husvære å tilby denne brukargruppa. Vi har vedteke at det tilbodet skal vi gje på Dalsøyra. Ein brukar har fått medhald i at vedkomande skal få bu i eigen bustad og få heildøgns-tenestene sine der. Det må sjølvsagt gjelde det samme for andre. Men for dei som ønskjer å leige leilighet i eit bufellesskap, så må vi ha eit tilbod. Å knyte dette til eit bu- og omsorgssenter vil gje ei fleksibel løysing. For vi kan ikkje forvente at foreldre til små born allereie no kan vite kva tilbod dei ønskjer for borna sine når dei blir større. Også desse brukarane er frie til å flytte mellom kommunar og å gjere eigne val.
Og kva er eigentleg så ille med at Dalsøyra bu- og omsorgssenter vert brukt til fleire enn eldre?
Ein stor gevinst for bebuarane vert i alle fall at det vert nattevakt på bygget. Det vert også frigjort 3 leiligheter i eit hus i nærleiken av bu- og omsorgssenteret. Desse kan også nyttast av mennesker med trong for omsorgsleilighet.
Det er viktig å hugse at bu- og omsorgssentra i utgangspunktet er ei samling av enkle leiligheter. Ikkje ein sjukeheim. Dei som bur her skal, tilliks med dei som bur i heimehuset sitt, ha krav på kommunale tenester i samsvar med enkeltvedtak.
26. september 2010
20. september 2010
Minister på Fedje
Kva i alle dagar skulle kyst- og fiskeriministeren på Fedje i dag, når ho ikkje kunne vere meir konkret på hevinga av U-båten???
Er dette ein ledd i Ap sin strategi for å bygge seg opp på Vestlandet?
Eg hadde venta at Lisbeth Iversen og den raudgrøne regjeringa hadde gode nyhende då dei bestemte seg for å besøke Fedje. Men nei. Berre for å seie at "vi jobber med saken" og at dette er vanskeleg.
Som ordførar i nabokommunen er eg skuffa. Vi vil ha handling og vi vil ha Ubåten heva og kvikksølvet trygt vekk frå "matfatet" vårt.

17. september 2010
Legevakt-forviklingar
Gulen kommune har for to år sidan spurd Nordhordland om å få vere med i felles legevakt. Dette er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane, der Lindås er vertskommune.
Rådmannen i Lindås har tilrådd at Gulen kommune ikkje får vere med i samarbeidet. Fordi det er for store avstandar, og for stor arbeidsbelastning i legevakta allereie.
Gulen kommune har også søkt om å få bli ein del av Helse Bergen, og å ta del i arbeidet rundt samhandlingsreformen sørover. (11-10 rett nok, men eit fleirtal er eit fleirtal!)
Regionrådet i Nordhordland hadde saka opp i dag. Der vart det bestemt å avvente svaret frå Helse Vest først. Men der var også ei politisk vilje til å finne løysing. Men, det er altså Lindås kommune som har nøkkelen, og nøkkelen kan utløyse dyrare legevakt for alle kommunane..
Eg formidla at det har gått lang tid sidan vi søkte, og at det ikkje har kome avklaringar, trass tilbakevendande spørsmål. Det er vesentleg for Gulen å få på plass ei legevaktordning i nær framtid!
Eg hadde håpa at Regionrådet hadde skore i gjennom i dag.

9. september 2010
Kor mange takstar skal huset ha?
I desse dagar får alle husstandar brev om å måle opp bustadane sine, slik at likningstaksten skal reknast ut på nytt. Etter kva eg skjønar er dette ein "sjablong-takst", og det er marknadsverdi som skal leggast til grunn.
Alle kommunar med eigedomsskatt har også målt opp og fått sett ein takst på husa.
Mitt enkle spørsmål er: Burde ikkje stat og kommune samordna seg slik at det vart ein takst å forholde seg til? Det trong ikkje gå ut over kommunane sin fridom til å setje fast eigedomsskatten, slik eg ser det.
Det ville spart byråkrati og offentlege utgifter. Og det ville truleg også vore enklare for den enkelte innbyggar å forholde seg til ein takst.
Kva meiner finanskomiteen eller finansministeren om det? Eller Kommunenes Sentralforbund?

11. august 2010
Oppskrift for "drop outs"?
Kunne du tenkt deg å flytte kvart år? Bryte opp vennskap, vanar og miljø?
Nokre ungdomar i den vidaregåande skulen må det.
Ungdom i alderen 16 til 19 år er i ei brytingstid. Det er ei viktig og utfordrande tid for dei fleste. Vennskap for livet blir til, viktige erfaringar blir gjort. Likevel er søkesystemet for vidaregåande skule slik at du må søke på skulen kvart år. Og du må konkurrere på karakterar for å kome inn. Enkelte opplever derfor at elevar frå andre skular kjem før dei i køen , og at dei med dårlegast karakterar dermed må flytte skule mot sin vilje.
Det treng ikkje vere svake elevar det er snakk om, men det er nærliggande å tru at det ikkje er dei mest ressursterke, eller såkalla skuleflinke, som må flytte.
I tillegg til oppbrotne vennskap og miljø, så kjem det også at du må skifte fagfolka rundt deg. Dei som kjenner deg, vert erstatta av nye som skal lære deg og din situasjon å kjenne. Og som elev skal du få tillit til nye vaksen- og fagpersonar.
KrF tek opp denne saka, både med eigen fylkeskommune og med Dagrunn Eriksen som er KrF sitt medlem i undervisningskomiteen på Stortinget. Vi vil ha tilbake ordninga som var slik at du søkte på grunnkurset, så på vg1 og vg2 samla. Dei private skulane har ei anna ordning; Der er ein sikra plass vidare viss ein står på eksamen.
KrF er oppteken av å rydde vekk grunnar for at folk droppar ut av vidaregåande. Dette kan vere eit hinder. Kanskje gjeld det ikkje mange i kvart kull, men desto enklare må det vere å få gjort noko med det.

8. august 2010
Dialog
Regjeringa ønskjer dialog om mastene i Hardanger. Men dei skal ikkje snu i saka, seier statsråden uten departement.
For det første; Kvifor tok ikkje regjeringa seg tid til dialog før dei gjorde vedtak? Er dei eigentleg einige med professor Neumann at det berre er små sutre-samfunn på Vestlandet som ikkje visste sitt eige beste. Og at dei ville stilne når vedtaket var gjort? Då har Stanghelle rett i at Ap-leiinga ikkje skjønar Vestlandet.
For det andre: Sp som i alle samanhenger held fram lokaldemokratiet, og at alt vit ikkje er samla på ein stad. I denne saka har dei medvite gått på tvers av ein av sine eigne viktige verdiar. Dei har ikkje lytta til eigne lokalpolitikarar. Eller dei har trudd at Hardanger og Sogn og Fjordane var like. Men i Sogn og Fjordane står grunneigarar utan nett til gardskraftverk. Derfor er motstanden mindre.
For det tredje: Før siste val lova regjeringa å heva ubåten ved Fedje. Det har dei ikkje gjort, og vestlendingen kjenner seg narra.
Og kvar er SV? Ja til sivil ulydnad, men taburettane er mykje viktigare enn monstermastene??
Så no, etter at vedtak er gjort, og meiningsmålingane rasar, så er det tid for dialog. Willoch seier at det Ap går etter no er kamuflasje av retretten. Spørsmålet er om skaden for partiet allereie er skjedd.
Men i Hardanger er enno ikkje anleggsarbeidet byrja. (Bortsett frå på brua, då...)

3. august 2010
Ap har "ideologiske handjern"
I eit friskt debattinnlegg tek AUF-leiaren i Sogn og Fjordane opp at ein bør vurdere å gje heroin som medisin til hardt belasta brukarar. Dette er ein aktuell diskusjon, og Stoltenberg-utvalet opnar for det. Men det er også sterke faglege grunnar til å ikkje gå inn for det. AUF ber folk ikkje gå imot dette som ein reaksjon av ein "KrF-mentalitet der moralske handjern hindrar deg i å hjelpe". Det er sterke og usaklege ord, og eg utfordrar Vereide til å kome med konkrete døme der KrF nektar å hjelpe. Kan hende hjelpa har ei anna form enn det Ap går inn for. Det skal eg vere med på. Kan hende vil ikkje KrF i dette tilfellet "gje opp" at folk kan bli betre hjelpt og rusfrie på anna måte. Kan hende skal metadon-hjelp (LAR) utvidast. Den hjelpa kan fleire få. Heroinassistert hjelp krev oppmøte på legekontor fleire gongar pr dag. Ei sterk innvending mot denne hjelpa er at ho berre vil gjelde for eit fåtal, fordi den rusavhengige rett og slett ikkje klarer å følgje opp. Det viser erfaringar frå andre land. Vi har gåande ein prioriteringsdebatt innan helsevesenet. Bør ein ikkje også i behandlinga av rus velje behandlingsformer som hjelper flest mogeleg, og som ein har erfaring frå at virkar?
Men eg er heilt einig med AUF-leiaren i (sitat): "At det skal være slike torturomstendigheiter for enkelte i
verdas beste land er ganske ubegripeleg", og då siktar han til manglande rusomsorg og oppfølging. Ja, det er ganske ubegripeleg. For vi har ei fleirtalsregjering som lova å rydde opp i dette, som det første dei gjorde. Det er fem år sidan! I staden brukar dei eit anbudsstysem innanfor rusomsorg som øydelegg gode fagmiljø, rotar til gode behandlingstilbod og gjer at det står ledige plassar som ikkje kjem i bruk sjølv om køen på dei som treng (og ønskjer) hjelp, aukar. Forstå det den som kan. Men kanskje er det fordi Ap har "ideologiske handjern" som nektar dei å hjelpe??

Abonner på:
Innlegg (Atom)