Nei til pels og nei til post.
Det er for så vidt bra at Ap-landsmøtet sa nei til postdirektivet. Det er faktisk veldig viktig at det skal bere likeverdig posttilbod i heile landet. Her eg bur, kjem avisa også med landpostbodet. Ikkje kjekt å vere utan avis på laurdagen. Men det er litt spesielt at dei vel å teste ut EØS-avtalen på denne saka og ikkje på ei prinsippsak som datalagringsdirektivet. Postdirektivet rører jo ved grunnlaget til EU, frie tenester.
Men truleg kom dette vedtaket som følgje av ein oppsamla irritasjon over at DLD vart pressa gjennom i Stortinget ei veke før landsmøtet. Det kunne neppe skjedd etterpå, når vi ser avstemminga om postdirektivet. Viss ikkje det er slik at det egt er LO som bestemmer i Ap? Men prinsipp skal ein leite lenge etter for å forstå dette. DLD, matsminke, patent..det hadde vore mange gode prinsipp å prøvd på før.
Så til det prinisippielle i pels-vedtaket. Er det stygge fjernsynsbilde som har fått Ap til å vedta nedlegging av ei næring? Er det slik frå no av at viss nokon i ei næring bryt lova, så kuttar vi heile næringa? Eller er det eit prinsipp om at alt dyrehald skal vere "fritt" frå no av? Kva skjer med burhøns? Dei hakkar også stygt på kvarandre. Eller andre dyr som får skader? Kva med kjæledyr? Dei er i allfall ikkje nødvendige å halde inne eller å frårøve fridomen. Polly må nok ut av buret, etter dette.
Pelsdyrnæringa har strenge krav, og har gjort mykje for å etterkome desse. Ap-vedtaket gjer ei heil næring til syndebukk, og skaper uro for framtida innan resten av husdyr-næringa.
10. april 2011
6. april 2011
KrF fekk gjennomslag i saka om skuleskyss for Vik
KrF fekk gjennomslag for viktige prinsipp når fylkestinget behandla saka om skuleskyss til Vik. Vi hadde laga eit eige framlegg. Dei viktigaste delene av det vart tatt inn i eit fellesframlegg frå Sp, Ap, H, KrF, SV og FrP.
Det vi fekk inn var; 1. utgreie alternative ruteopplegg, ikkje berre båt til Hermansverk og buss derifrå. 2. At båtruta ikkje krev ei tilnærma 50% finansiering frå Vik kommune, men berre ei medfinansiering. 3. At fylkestinget skal arbeide politisk for at bortebuarstipend alternativt kan brukast til å finansiere skuleskyss.
Det siste er eit viktig prinsipp, syns vi i KrF. Staten sine pengar er no så sektoroppbundne at det hindrar fornuftig bruk av offentlege midlar, til beste for dei bygdene og distrikta det gjeld.
Proessor Jørgen Amdam har ein teori om dette, som blir kalla "Distriktenes likkiste". Det betyr at sektoriseringa i det offentlege tek livet av distrikta med å legge hinder for gode og fornuftige løysingar.
Fylkesårsmøtet til KrF vedtok å arbeide for skuleskyss for Vik der bortebuarstipendet var ein mulig innsats til medfinansiering. No har vi levert, eit stykke på veg!!!

29. mars 2011
KrF-ja til utleigebustadar. H/Sp sa nei.
No har det vore næringskonferanse på Byrknesøy og næringsdag i Brekke. Begge stader vart det hevda at attraktive byggefelt og utleigebustadar var noko av det viktigaste å få på plass for at fleire skulle busetje seg i Gulen.
I budsjettet for 2011 er det lagt inn 1.250.000,- kr til utleigebustadar allereie i 2011. Det var eit forslag som vart fremja av KrF, og som fekk støtte frå Ap og V. H og Sp stemte imot. Dei seier dei er for utleigebustadar, men vil altså ikkje at kommunen skal bruke pengar på det. (Dei har sett av kr. 250 000,- til det) At Høgre har klokketru på at marknaden skal ordne opp er ikkje ukjent, men at Sp heller ikkje ville bruke pengar på utleigebustadar var eg meir overraska over.
Når det gjeld bustadfelt så ville Høgre heller ikkje sette av pengar til det. Etter framlegg frå V vart nytt byggefelt i Eiindvik framskunda i eit år, slik at både Dalsøyra og Eivindvik står med startløyving i 2011. I tillegg har eit samrøystes formannskap (rett nok med protokolltilførsle frå Høgre at dei eigentleg er i mot) støtta kommunal utbygging av byggefelt på Eidsbotn. Dette skal opp i kommunestyret i april.
KrF meiner attraktive byggefelt og utleigebustadar er viktig. Og etter å ha høyrt innbyggarar og næringsliv sine synspunkt er vi endå meir sikker på at det er rett å bruke kommunale midlar på det.
Det er likevel eit poeng at kommunen ikkje skal øydelegge det som måtte vere ein privat marknad, og vi har difor foreslått (og fått vedteke) at administrasjonen skal utgreie retningslinjer for bustadpolitikken kva gjeld prisar, subsidiering mm.
Sp og Høgre får sjølve forklare kvifor dei ikkje vil bruke pengar på utleigebustadar.

25. mars 2011
Arealavgift for oppdrett
Ein del kystkommunar er saman i ei interesseforening med tanke på sjøareal. Gulen kommune er ikkje medlem, men bør etter mitt syn bli det.
Denne foreininga har fått utarbeidd ein analyse frå Kontali analyse AS, med nokre framlegg til korleis ein kan møte oppdrettsnæringa framover. Det er nemleg ikkje til å stikke under ein stol at kampen om areala er hardare enn før. Og når oppdrettsselskapa ikkje lenger har lokal tilknyting, og knapt lokale tilsette, så er det lite interessant for ein kommune å regulere inn areal til næringa. I alle fall når ein ser at skepsisen hos innbyggarane og anna næringsliv, som td reiselivsnæringa, aukar på. Kvifor skal ein kommune ta kampen mot eigne innbyggarar for at ein næringsaktør skal få gode areal, viss det ikkje ligg att noko for det til grunneigar eller til fellesskapet?
I Gulen er vi godt vant med ein stor lokal aktør innan oppdrett. Ola Braanaas kan ikkje skuldast for å vere ein som ikkje legg att noko lokalt! Gulen har stor glede av å vere vertskap for den bedrifta. Men kva med andre som har hovudkontoret, slakteriet og langt på veg dei tilsette andre stader?
Eg vil tru det er derfor både Marine Harvest og Sjøtroll i møter med kommunen gir uttrykk for at ein langt på veg ønskjer velkomen ei arealavgift.
Høgre v/ Arve Mjømen, tar dei høge tonar mot meg i eit lesarinnlegg pga dette standpunktet. I tillegg til at han blandar inn eigedomsskatt både på hus og næring og selskapsskatt. Betyr det at Høgre meiner at næringslivet skal få fritt fram med areal der dei ønskjer det? Korleis vil dei vege mellom ulike interesser som td reiseliv og oppdrett? Areal til oppdrett kan bety noko økonomisk for begge deler. Trur dei at eit nei til arealavgift vil styrke ei oppdrettsnæring som ikkje er lokal?
Areal i sjø er fellesskapet sitt. Då er det også rimeleg at bruk av dette arealet kjem fellesskapet til gode. Og kanskje litt meir til det næraste fellesskapet, som også må ta eventuelle ulemper av oppdrettsnæringa.

22. mars 2011
Livmor til leige
Surrogati er nok eit vanskeleg og følelsesmessig utfordrande etisk spørsmål. For det første; det er ikkje ein menneskerett å få barn. Det er vel heller ikkje ein sjukdom å vere barnlaus. Men dt er lett å skjønne ønsket om å få vere foreldre til eit barn.
Men surrogati reiser mange spørsmål. Er det rike folk si utnytting av fattige? Ein reproduksjonsindustri der agentane sitt att med like mykje som kvinna? Kva med å stille testspørsmålet; Ville du at dottra di skulle vere surrogatmor? For eit barn er eit barn fødd inn i ein familie. Som surrogatmor er du på ein måte "redusert" til ein rugekasse. Det vert understreka av at dei som får kjøper er nøye på å understreke at dei kjøper ei teneste, ikkje eit barn.
I heimleg abortdebatt var det brukt som argument at kvinna skulle bestemme, for det var hennes kropp. Og fosteret er ikkje eit sjølvstendig vesen med rett til liv før etter 12. veke (og knapt nok då). I surrogat-debatten er det befrukta egget eit liv som blir kjøpt eller adoptert, om du vil. Mora (som ber barnet) har nok ingen rett til abort, for det er avtalebrot.
Det er kjempeviktig at vi løyser desse vanskelege spørsmåla prinsippielt og etisk.
Volden med sine statslause tvillingar i India må få ei løysing på si sak. Her er borna fødde og for deira skuld må ein kanskje fråvike prinsipp. Men eg syns det er viktig at surrogati blir behandla prinsippielt. Og eg meiner Norge si haldning er rett. Kva meiner du?

19. mars 2011
Overskot på kunnskap – underskot på handling
No skal eg skrive om noko som utfordrar både meg sjølv og andre. Eg skal skrive om alkohol. Kva er det som gjer at eit stoff som påfører så mykje smerte og samfunnskostnader, er så vanskeleg å ta opp. Eg veit med meg sjølv at litt av grunnen er at eg ikkje har lyst å bli sett på som snerpete, moralistisk eller det som ”verre” er. Folk flest vernar om vinglaset sitt. Alkohol er kultur.
Det er mykje kunnskap om alkoholbruk og verknadane av det. Vi veit at foster blir skada viss mor drikk. Vi veit at mange born opplever vald og utrygg oppvekst pga vaksne sin alkoholbruk. Vi veit at det blir meir familevald av alkohol. Vi veit at det er meir vald på byen når alkohol er lett tilgjengeleg, og stengetidene lange. Vi veit at alkohol er skuld i mange trafikkulukker.
Politiet er kjempetydelege i tilbakemeldingane sine på at lett tilgjengeleg alkohol, gjev dei meir å gjere.
I juni 2006 la EU-kommisjonen fram den mest omfattande rapporten som er laga om alkoholforbruk og alkoholskadar i Europa. Det som verkar er, i følgje rapporten, ein ansvarleg alkoholpolitikk som regulerer pris og tilgjenge. Rapporten slår fast at dersom alkoholprisane vart ti prosent dyrare, kunne 9000 liv vore spart. Likevel er det, stadig i følgje forskarane, altfor sjelden at forskingsbasert kunnskap ligg til grunn for å avgrense alkoholrelaterte problem. I mange tilfelle vert det sett i verk strategiar og tiltak som forskinga har vist ikkje har effekt eller som ikkje er evaluert.
Men det er altså mogeleg å gjere noko med skadene og samfunnsutfordringane som alkoholen skaper. Regjeringa foreslo å redusere opningstida frå 03.00 til 02.00 for alkoholservering. Men dei feiga ut. Dei var meir redde negative veljar-reaksjonar enn å villle sjå dei 100 000 borna som lir av omsorgspersonar sitt alkoholinntak.
Høgresida har alltid stått for ein liberal alkoholpolitikk. FrP har endåtil hatt lågare pris og auka tilgjenge, altså det forskarane seier gir auka forbruk, som valkampsak i alle år.
Sp vil utfordre EØS-retten til å halde fram med vinmonopol for å sikre gardsutsal av alkohol.
Mykje av alkoholpolitikken blir avgjort av kommunestyret. Men eg har til gode å oppleve at næringslivet sine interesser vert underordna dei sosiale. Det meste skal liksom kunne løysast av ”handlingsskapande arbeid”.
Til hausten har du sjansen til å sette dette viktige (men akk så upopulære) temaet på dagsorden. Du kan utfordre dei lokale partia og kandidatane deira til å seie kva dei vil gjere lokalt. Og du må utfordre stortingspolitikarane på avgiftsnivå og det som elles blir fastlagt av Stortinget.
Skal vi redusere skadeverknadane av alkohol i samfunnet må vi våge å ta initiativ for å forandre. Vi må finne balansen som ivaretar dei vaksne sin fridom og dei sårbare gruppene sin trong for tryggleik. Vi må basere oss på fakta og lytte til både forskarar og dei erfaringane politiet legg fram.
Eg høyrer at helsedirektoratat tar til orde for at det skal bli ulovleg å røyke i nærleiken av born. Og det er bra. Men kva med å seie at det er ulovleg å drikke seg full i nærleiken av born? Kvifor blir alkohol så lett akseptert på stadig fleire arenaer, når ein veit så mykje om skadeverknadane?
Kvifor er det berre når det gjeld alkohol at det ikkje er så viktig å legge kunnskap til grunn for politikk?

15. mars 2011
Stolt av KrF Sogn og Fjordane
Vi hadde årsmøte sist laurdag. Mange aktive og dyktige lokalpolitikarar for KrF var samla på Skei. Folk som brukar fritida si for at det skal bli triveleg å bu og leve i kommunane våre. Folk som tør å ta nokre standpunkt for eller mot. Som tåler å vere usamde, men som evnar å skilje sak og person.
Det var gode politiske diskusjonar. Både om dei lange linjer, om verda utanfor eigne grenser og om det nære, kvardagen vår.
KrF skal vere Verdiorientert, Åpen og Relevant. (VÅR) Vi har Menneskeverd i sentrum som slagord. Hovedorverskrifter fram mot lokalvalet i haust og stortingsvalet i 2013 er Barn og Eldre, frivillighet, kristen kulturarv og trusfridom. KrF har noko viktig å tilføre samfunnet på desse områda.
Eg syns mykje av dagens politikk handlar om kjappe løysingar, profitt, populisme og at det manglar etisk forankring og prinsippiell tenkjing. Her har vi alle eit ansvar, enten vi er i posisjon eller opposisjon.
KrF vedtok mange gode uttalar. Dei finn du her: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/forside?org=15046

Abonner på:
Innlegg (Atom)