16. oktober 2011

Regjeringa vil framleis ha moms på frivillig arbeid

I valkampen  2009 var moms på frivillig arbeid ei stor sak. For KrF var og er det eit viktig prinsipp at staten ikkje skal tene på at folk engasjerer seg i frivillig arbeid. Frivillig arbeid er svært viktig for eit samfunn, og noko samfunnet bør oppfordre til. Derfor var og er KrF for momsfritak for frivillige organisasjonar, og vi har innført og ønskjer å vidareføre/auke ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar.
Regjeringa, Ap, SV og Sp, sa dei var for momsfritak for organisasjonar, men innførte det gjennom ei byråkratisk kompensasjonaordning som skulle byggast opp gjennom 5 år. Det skulle gje ca 1 mrd tilbake til frivillig arbeid frå 2014.
Men, og her kjem løftebrotet; i budsjettforslaget for 2012 så er det berre sett av 18,5 millionar til kompensasjonsordninga. Då blir det lenge til ein når målet om ein milliard!
Mitt råd er: Kutt kompensasjonsordninga. La frivillige organisasjonar få føreseielege rammer, og gjev dei reelt momsfritak. Dei er viktige for at samfunnet skal fungere. Dei bør ikkje skattleggast for å bruke fritid og pengar på fellesskapet vårt.
Vi har alle forståing for stramme budsjett i krisetider, men nettopp då er det viktig å ruste opp det frivillige arbeidet!

2. oktober 2011

Når familien trør til

Alle samfunn burde juble over familiar som vil trø til og ta større del av omsorgsoppgåvene. Desse viktige og nødvendige oppgåvene som MÅ gjerast, som ikkje kan utsetjast og som treng varme hjerter, kloke hovud og flinke hender.

 Likevel er det ingen saker som til dei grader får opp adrenalinet i diverse debattar som desse. Og særleg når ein snakkar om kontantstøtta. Ein ideologisk snublestein av dimensjonar. I utgangspunktet fremja for å ujamne skilnader. Kvifor skal samfunnet betale masse pengar når barnet blir passa i ein barnehage, medan det ikkje er verd noko viss far, mor eller andre gjer jobben?

Kontantstøtta vart foreslått av KrF. Er det mistrua til KrF sine mål om meir familiekontakt og mindre tidsklemme som var problemet? Mange brukte biletet av kvinna tilbake til kjøkkenbenken som forklaring på kor gale dette var. Nokre gjer det enno. Og slik vart det forsøksvis gjort til ei anti-kvinnesak å vere for kontantstøtta. Når ordninga likevel vart gjennomført, til dels med suksess, så har angrepsvinkelen endra seg. Ordninga held kvinner utanfor arbeidslivet. Ordninga overfører pengar til private, utan at dei «jobbar» for dei. Og til sist, kronargumentet: Ordninga bidrar til dårleg integrering av innvandrarkvinner og dårleg språkutvikling for innvandrarborn. Og det blir vist til utgreiingar som, slik eg ser det, bygger meir på kjensler enn fakta.

Det viktigaste tiltaket for å redusere kontantstøtte-bruken har vore tilbod om barnehageplass til alle. Og det er eit tiltak sjølv den mest ihuga kontantstøtte-tilhengaren helsar velkomen. For heile vitsen med ordninga er å sikre valfridom. Og den er der ikkje om du ikkje får barnehageplass når det er det du ønskjer. Nokre kommunar undergrev medvite kontantstøtte-ordninga med berre å tilby foreldre full barnehageplass. Om du då ønskjer å bruke tida di på halv jobb og halv eigenomsorg, så har du dermed ikkje rett på kontantstøtte. Desse kommunane bør snarast ordne opp, til beste for dei familiane som vil velje kontantstøtte.

Eg merka meg også at Barneombodet, av alle, var på Twitter og jubla over at kontantstøtta for 2-åringane vart tatt bort. Eg syns det er umusikalsk. Eg trudde Barneombodet heller burde jubla over foreldre som ville bruke meir tid saman med eigne born.

Men no er det ei anna ordning som alle parti i valkampen ville nytte meir pengar på. Nemleg omsorgsløn. Samfunnet treng at vi tek oss meir av gamle mor og far. Men kva er eigentleg den ideologiske skilnaden på ordningane? Kvifor er det rettare å ta nokon ut av arbeidslivet for at dei skal gje omsorg til ein eldre person? Er det samfunnet si innrømming av at vi ikkje klarer å bygge nok sjukeheimsplassar? Eller er det samfunnet sitt ekte engasjement for eldre? I så fall; er det viktigare å la familie ta seg av eldre enn av småborn? Då kjenner eg mistanken mot gammal sosialisme kjem snikande. Borna må tidleg sosialiserast inn i samfunnet, og det kan ikkje overlatast til far og mor. Her må det profesjonelle, og helst verdinøytrale, fagpersonar til.



Eg er for både kontantstøtte og omsorgsløn. Og ber dei som ser ideologiske skilnader på ordningane seie i frå. Begge deler kan heite kontantstøtte eller omsorgsløn. Begge deler handlar om familie-omsorg og tid. Begge deler er (litt) økonomisk godtgjort frivillig arbeid.

17. september 2011

Eg forventar ærlighet og demokratisk sinnelag

Den nye varaordføraren i Gulen, Arve Mjømen, seier i dag i avisa Nordhordland at eg og nokre få andre har trenert saka med badeland/fleirbrukshall i Steinsvågen. Eg utfordrar han til å forklare kva han meiner med det.
Eg har arbeidd i samsvar med kommunestyret sine fleirtalsvedtak i denne saka. Både når det gjeld prosjektet i Steinsvågen, og når kommunestyret sa nei til å rekne ut kva som skulle til for å ruste oppatt bassenget i Eivindvik.
Skulle eg arbeidd på tvers av vedtaka til kommunestyret? Eg meiner det hadde vore urett og udemokratisk, og langt unna dei etiske prinsippa eg ønskjer å arbeide etter som politikar.

I tillegg ser eg at kostnadane til det Mjømen og Sp (?) skal få til skal dekkast av Gulatinget. Etter mange år i kommunestyret har altså ikkje Mjømen fått med seg at kommunen er inne med ca 200 000,-  kr i årlege driftsutgifter til Gulatinget. Ikkje mykje som kan finansierast med det....

11. september 2011

Kven bestemmer?

I morgon er det kammune- og fylkestingsval. Eg er veldig spent. Både på eigne og andre sine vegne. Som sittande ordførar så er det litt av ein eksamensfølelse å gå opp til prøve med ca 2000  sensorar.

KrF sin politikk er god, og spissa mot born, eldre og frivillig arbeid.
For Gulen viser det att i årlege budsjett at vi har hatt desse prioriteringane. I alle fall dei to første! Og så vil eg låne diktaren sine ord: "Eg synest alltid det høver best, å hjelpe den som det trenger mest".

Uansett; bruk røysteretten din på mandag!
Og eg håpar sjølvsagt at du brukar KrF-røystesetelen både i kommunen og på fylket.

Godt val!!

2. september 2011

Livssynsnøytralt samfunn?

Eg sett spørjeteikn bak ordet, fordi eg tvilar på om det er mogeleg. Og endå meir tvilar eg på om det er ønskjeleg. Likevel kan det synest som at det er eit mål for enkelte, både privatpersonar, organisasjonar og politiske parti.

Eg trur «folk flest» vil ha eit minimum av opplæring i den kristne kulturarven vi har i landet, og at kristendommen si særstilling framleis skal vise att i samfunnet. Vi hugsar vel alle det folkelege aksjonen «Nok er nok» som vart starta av Linda Austvik som ein spontan protest på at det ikkje skulle vere lov å synge kristent bordvers på skulen lenger. Reaksjonen var så sterk at SV-Djupedal  og regjeringa måtte gå tilbake på det. I vårt heimlege fylkesting hadde vi tilsvarande oppvisning frå SV som gjorde framlegg om at Fylkestinget ikkje lenger skulle sygde fedrelandssalmen ved opning og slutt av tingseta. Ap-ar Tor Bremer, som då var varaordførar og no sitt i stortingets utdanningskomite, var ikkje stort betre;  for han nytta høvet til å boikotte tradisjonen ein gong han leia møtet. Småting, seier du kanskje. Ja. Men det er sterke symbol-verkemiddel.

I etterkant av dei tragiske terrorhandlingane i sommar, har både kristne og humanistiske verdiar vore svært viktige i arbeidet med å bearbeide sjokket og sorga. Verdiane har ført oss saman som folk. Dei var i ryggmargen, og gav oss eit register å spele på i møte med kvarandre. Tenk så viktig det er for landet vårt å ha det slik. Nokon skulda kyrkja for å ville ta styringa på markeringane etterpå. Men det viser seg at dei var svært forsiktige med å gjere det.  Og på første valdebatten i fjernsynet i haust, så var det SV-representanten som aller mest tok fram det fantastiske der både presten og imamen hadde vore saman i kyrkja i ei gravferd.

Likevel, brevet undervisningsminister Kristin Halvorsen har sendt til alle kommunar om korleis skulane skulle markere 22/8 ved oppstart av skuleåret, viser at dette ikkje har nådd inn. Brevet opnar med å sitere frå skulen sin formålsparagraf som seier ein bygger på kristne og humanistiske verdiar. Deretter at ein må legge til rette på ein måte som er naturleg lokalt, også avhengig av om nokon var nært berørt av tragedien.  Men så kjem det med tydeleg pålegg: Minnestunden må uansett være for alle og dermed livssynsnøytral. For det første avslører dette utruleg lite tiltru til den enkelte rektor, men dinest at ein ikkje har skjønt kva som rørte seg hos det norske folk. Det er neppe tilfeldig at rosehavet vart lagt utanfor Domkyrkja, og ikkje på Yungstorget.

Etter å ha lese Vårt Land sitt intervju med den nye leiaren i Oslo AUF, Vegard Grøslie Wennesland, vart dette endå meir alvorleg for meg. Han fortel korleis han låg i skjul under ei seng på Utøya og prøvde å hugse Fader Vår. Og kor glad han var då han klarte heile bøna. Har vi som samfunn lov å ta vekk dette frå borna våre? Og om vi har lov, er det klokt? Eg meiner sjølvsagt nei. Livssynsnøytralitet er ein bløff. Kunnskap er av det gode, og at eit samfunn bygd på kristne verdiar også formidlar desse, bør vere sjølvsagt!


16. august 2011

Bompengar

KrF meiner det må kunne nyttast bompengar og andre former for spleiselag, for å få bygging av nye vegsamband fram i tid.
Vi registrerer at særleg eit parti har god råd til å få bygd det meste uten. Men vi ser også at næringslivet er meir realistiske i tilnærminga si, og seier at viss det er bompengar som må til for å få fortgang i vegbygginga, så vil dei heller det enn å vente i mange år.
E39 er utan sidestykke den viktigaste vegen å få ordna gjennom fylket. Det er mange mil med ein standard som gjer at to store bilar ikkje kan køyre forbi kvarandre på ein god måte. Både trafikktryggleiken og omsynet til næringslivet sin trong for å kome fram, tilseier rask utbetring.
Korleis løysinga rundt Førde skal vere, den såkalla Førdepakken, må avklarast så snart som råd. Og arbeidet må framskundast. Først og fremst med pengar på statsbudsjettet, men også med bompengar for å kome raskt i gang.
For KrF er det også viktig at Førdepakka tek høgde for gode løysingar for mjuke trafikantar, born, syklande og gåande.

14. august 2011

Menneskeverd i sentrum




 Sjeldan har vel eit politisk slagord passa betre inn i ein valkamp enn KrF sitt ”Menneskeverd i sentrum” gjer i år. Eit ufatteleg åtak på oss som folk, på styresettet vårt og på eit politisk parti særleg, er bakteppet for den valkampen vi no går inn i. Mange har sagt mykje klokt, og særleg dei involverte ungdomane sjølve. Ma. at dette vonde berre må møtast med meir demokrati, ved open debatt om politiske saker og ved å nytte røysteretten.

KrF støttar dette. Vi vil, med eit klart utgangspunkt i at vi meiner kristne verdiar er det beste grunnlaget vi kan bygge eit samfunn på, arbeide for både trusfridom, ytringsfridom og toleranse. Vi ser ingen motsetning i dette.

KrF vil bruke menneskeverdet som ein lakmus-test på dei politiske standpunkta vi skal vere med på og ta. Og då ligg det eit særleg ansvar overfor dei gruppene som treng meir hjelp enn andre. Det kan vere elevar på vidaregåande som slit med skulen eller livet, det kan vere dei store utfordringane som ligg i samhandlingsreformen og folkehelsearbeidet, det gjeld innan for kultur og innanfor samferdsel. KrF vil vere med å utvikle Sogn og Fjordane vidare til eit viktig og triveleg fylke både for næringslivet og for oss som bur her eller gjestar oss.

Viss du vil at KrF skal vere med og påverke i fylket, og meiner at KrF sine verdiar er viktige, så ber vi om støtte i fylkestingsvalet. Målet vårt er å auke frå tre til fire representantar, og dermed få plass i fylkesutvalet.