31. juli 2012

Kontant-overføringar


Barnetrygda er under debatt. Mange har tatt til orde for å gjere om barnetrygda frå ei ordning der alle får likt, til å bli behovsprøvd. Barnetrygda vart vedtatt i 1944. Fram til 1970 var det berre einslege forsytarar som fekk for barn nr 1, medan alle fekk frå og med barn nr 2. Slik sett kan ein seie at ordninga var behovsprøvd frå starten.

I 2000 heva sentrumsregjeringa aldersgrensa frå 16 til 18 år. Argumentet var at tenåringar var like «kostbart» som småborn. Og foreldre har ansvar for barnet fram til det er 18 år og mynig.

Sp var i regjering då dette vart gjort. No vil dei kutte barnetrygd for eldre barn og auke ho for småborn. Argumentet er at gratis-prinsippet er innført i vidaregåande etter dette. Er det ikkje tenåringsforeldre i Sp-leiinga lenger? Ingen som kjenner denne utfordrande tida på kroppen? Og heller ingen «distrikts-foreldre» som må la borna bu på hybel medan dei går på vidaregåande. Det er dei færraste som klarer å dekke desse utgiftene berre med stipend.

Eller gjer Sp dette framlegget for å «ordne» opp att at dei har vore med å redusere kontantstøtta? Det høyrer slik ut; Meir barnetrygd til små born vil gje auka sjanse for foreldre å velje mellom barnehage og å sjølv vere heime med barnet. Eg tenkjer Sp hadde stått seg på å vere tydlegare på kva dei eigentleg vil. Dei kan ikkje argumentere mot kontantstøtta og så snu på flisa og seie det motsette for å argumentere for auka barnetrygd for småborn.

Men eg meiner det er meir grunn til å sjå på om ho skulle vore meir målretta. Argumenta mot er at det vil bli sett på som ei sosial ordning og vere stigmatiserande. Det trur eg ingenting på. Auken i trygdeytingar tyder slett ikkje på at det norske folk kjenner det stigmatiserande at pengane kjem frå fellesskapet via NAV. Eit anna argument er at pengane går direkte til mor, og dermed jamnar ut den skeivheita som er på løn mellom kvinner og menn. Javel. Men det er ein spesiell måte å jamne ut lønsskilnader på. Og det treff i så fall berre dei kvinner som har born.

Men eg også kvir meg for å gå for full behovsprøving. (kostnader til byråkrati må vurderast). Barnetrygda har stått i ro lenge, og har slik sett mykje mindre verdi no enn for år tilbake. Enkelte foreldre sett trygda uavkorta inn på konto til borna, andre må bruke ho slik ho er tenkt; som viktig bidrag til å få pengane til å halde frå lønningsdag til lønningsdag. Slik er støtta med og held vedlike skilnader meir enn å utjamne.

Går det an å ha ein fast del, som no, som er universell, og så auke opp til dei som har større trong for ordninga? Då kan vi gjere ordninga meir treffsikker, og la ho vere eit viktig element inn i arbeidet med å kjempe ned fattigdom, og særleg barnefattigdom. Eg ønskjer det. Heller enn å kutte for eldre born, og framfor å blande kontantstøtte-problematikken inn i barnetrygdordninga.








21. juli 2012

Tid for sterke kjensler

Sommaren er, sjølv utan sommarvarme, tid for sterke kjensler. No i midten av juli er det særleg to saker som i media kallar på merksemda vår. Det eine er at det er eit år sidan det forferdelege som hende i Oslo og på Utøya. Det er ein vanskeleg balansegang å markere dette på rett og verdig måte. Samtidig som det ikkje må vere ekskluderande for andre som har opplevd krise og tap, men i mindre skala. Eg hugsar ein gutt eg snakka med i fjor. Han mista far sin 22. juli. Kreft. Men han kjende det nesten vanskeleg å sørge. Det var ikkje "vondt" nok. Eg trur vi må sjå at kvar enkelt si sorg er stor, sorga er både individuell og eit fellesskap.
Den andre store saka i sommar er Rom-folket. Eg prøver å forstå dei som får mange campande romfolk tett inn på seg. Eg prøver å ikkje vere dømmande for reaksjonar, og spør meg sjølv korleis eg ville reagert sjølv. Men; eg kan ikkje forstå, godta eller teie stille om ein del av dei reaksjonane som ligg ute på bloggar, chattesider eller som kommentarar. Det er ille! Og blir diverre delvis legitimert av enkelte politikarar. Eg syns også at media har piska opp stemninga meir enn godt er.

Korleis kan eit folk som samlar seg i rosetog og fellesskap eine dagen trakke på ei heil folkegruppe neste dag?

8. juli 2012

Rett mann på rett plass


Er vi i ferd med å male oss inn i eit hjørne? Rike Norge, med sine relativt høge løner, med flust av ungdom som vel media, musikk, dans og drama som fordjuping på vidaregåande. Rike Norge, der vi blir stadig fleire eldre i høve til yngre, og 1 av 4 må velje utdanning og jobb innan «trøste- og bære»-yrka dersom vi skal klare å ta oss av dei eldre på ein verdig måte.

Fleire tar til orde for meir teknologi inn i omsorgsyrka. Det har eg også tru på. Men ikkje som erstatning for dyktige pleiarar. Vi må hugse at samstundes som vi blir fleire eldre, så blir også pleietyngda større. Men det var fasinerande å sjå korleis td Lyse energi har vore med å utvikle enkle  program for nettbrett eller TV der den eldre og familie/omsorgstenesta kunne ha kontakt oftare. Eller noko så enkelt som å sjå kven som ringte på døra og sleppe inn dei ein ville. Dette er viktig utviklingsarbeid som vil gjere kvardagen enklare og tryggare for mange. Men for ei raskt veksande gruppe, dei demente, så er ikkje dette aktuelle hjelpemiddel. For å frigjere ressursar for dei mest sjuke og for dei demente, så vil teknologien vere flott.

I min kommune går dei motesett veg. Her skal ein gjeninnføre nattevakter og kokkar på alle bu- og omsorgssentra. På desse sentra leiger eldre folk leilighet, og det bur ikkje meir enn ca 10 stk på kvart senter. Og det er personar utan tung pleietyngde. Det tyder på ein kommune som trass i at rekruttering er største utfordringa,  korkje har teke inn over seg  ressursmangelen eller det store behovet kommunen har for å bygge opp dementomsorga. Men bevares, det gir eit svært godt tilbod til dei som får det, og det opplevest trygt for familiane til dei eldre.

Samhandlingsreformen har som mål at fleire skal få helsehjelpa si utanfor eit sjukehus. Det vi merkar mest til no, er raskare utskriving frå sjukehus. Noko som sett større krav til tal tilsette og til kompetanse i kommunane. Mange søkjer samarbeid med nabokommunar for å klare det. Samhandlingsreforma vil bli ei ny omdreiing på skruen med å føre ressursar til dei sjukaste i kommunen.

Derfor trur eg vi må føre ein politikk som er familievenleg og gir gode løysingar for dei som har omsorgsoppgåver overfor eldre slektningar / venner. Det vil frigjere omsorgspersonell. Gode avlastnings-ordningar er eit stikkord skal ein familie våge å ta på seg denne typen arbeid.

Dernest vil teknologi hjelpe. Kva er insentivet innanfor det offentlege for ut utvikle teknologi? At ressursane når lenger, er opplagt ein. Men er det nok? I andre næringar er det økonomisk gevinst for utviklaren som er «premien». Er det eit minus for utviklinga av omsorgsyrket at det er få private aktørar? Dette veit eg for lite om, men spørsmålet må stillast. Eg lurer også på om det er ein samanheng mellom at mange kvinner er i omsorgsyrkene, og at det er få kvinnelege grunderar.

Løn og arbeidstid for omsorgsarbeidarar kjem vi vel heller ikkje utanom. Kvifor er det så stor lønsskilnad på ein ingeniør og ein sjukepleiar? Utdanninga er den same i tid. Ansvaret skulle ein tru var minst like stort hos sjukepleiaren. Er det her igjen at det er vanskelegare å rekruttere ingeniørar? Fordi dei er flust av private arbeidsgjevarar som tilbyr løner langt utanom offentlege budsjett sine sjansar? (Noko å tenkje på for likestillingsministeren?)

Eller skal vi som ein skikkeleg sleip riking, støvsuge fattigare land for deira kompetanse og tilsette eit nytt tenarskap for oss?


13. juni 2012

Ein spade er ikkje lenger ein spade


Sjølv med Sp i regjering, så er ikkje lenger ein spade ein spade. Det synest å ha blitt ei opphøga form for politisk kommunikasjon å seie noko anna enn ein gjer. Vi lo alle av Irak sin informasjonsminister som sa mykje rart under krigen, gjerne motsett av det som skjedde. Han fekk tilnamnet  «Komiske Ali». Men det ser ut som at kommunikasjonsstrategien hans har slått an hos regjeringa.

La meg ta tre døme frå nær historie. Regjeringa la med brask og bram fram Landbruksmeldinga. Ho bar bod om ei opptrapping av norsk matproduksjon, og dermed betre tider for bonden. Rett nok sto det lite om verkemidla inni mellom dei fagre orda om framtida. Men det skulle kome i jordbruksoppgjera, sa landbruksministeren. Og så veit vi korleis det gjekk. Så gale at endåtil fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, der dei raudgrøne har solid fleirtal, forfatta krav om at regjeringa måtte strekke seg lenger. Dette var å halde folk for narr. I god «komiske Ali»-stil står landbruksministeren i alle kanalar og forsikrar at dette er det beste tilbodet «ever», og at han ikkje skjønar at bondeorganisasjonane seier nei til å forhandle. Det regjeringa ikkje skjønar er at bøndene ikkje er dumme. Dei er gode yrkesutøvarar på kvar si bedrift, noko som krev kompetanse både på rekning og lesing. Og no har dei lese meldinga og sett tala, og forstått at dette ikkje går i hop.

Neste døme er Klimameldinga. Også her, etter ei utsetjing på 1,5 år, og intens intern dragkamp, vert ho selt inn som noko svært bra. Og klima er jo såååå viktig for tida vår, og for regjeringa.. Når så dei ikkje-sosialistiske partia kjem med 34 framlegg til konkretiseringar og forbetringar, så bryt forhandlingane saman. Når dei blir tatt opp att, er det etter krav frå Ap om at FrP ikkje skal vere med. Dette skal sikkert illustrere at dei var sinkane, og utan dei så kom forliket. Men FrP var jo med på dei 34 forslaga som gjekk lenger enn det regjeringa ville. Dei hadde allereie gitt i interne forhandlingar. Altså blir det slik her også at regjeringa prøver å snakke seg til ein flott klimapolitikk (i meldinga. Så må dei motvillig ta inn viktige forbetringar i forhandlingane, men dei ønskjer å miljøvaske seg med å halde FrP utanfor. Eg trur folk skjønar betre!

Så kom endeleg  meldinga «Barn på flukt». Inga Marthe Torkildsen (minister for barn, likestilling og integrering)har tidlegare vore  ute og sgta at denne meldinga var ein etterlengta siger for SV, for no skulle det bli lettare for born som hadde budd lenge i Norge å få bli. Nokre av desse borna er jo endåtil fødde i Norge, og kjenner ikkje noko anna land. UNE sin direktør skaut det raskt ned, med å seie at så lenge ikkje regjeringa endra lova, så vart det inga endring. UNE styrer ikkje etter politiske signal, sa han. Og justisminister Faremo sa det same då ho la fram meldinga. Inga endring i praksis, berre klargjering. For dei borna og familiane det gjeld, og for humanismen,  så var det ein trist dag. Fordi dei hadde, etter tidlegare utsegn, hatt god grunn til å glede seg. Ja, det at Nathan frå Bergen ikkje vart sendt ut dagen før 17. mai, hadde også fått trua på endring til å stige. Men nei. Det vart vel gjort for å sikre 17. mai talane for regjerings-kritikk, og at alle17-mai toga ikkje igjen skulle få eit reellt politisk innhald.

Ein spade er sanneleg ikkje lenger ein spade. Det er eit mønster i måten å omgåast sanninga på som ikkje tener regjeringa til ære. Verst går dette ut over Sp og SV. Særleg SV, som er eit verdiparti i større grad enn pragmatiske Sp. Men råkar det Ap? Det burde det gjere, for det er dei og statsminister Stoltenberg som har største ansvaret for dette. Det er Stoltenberg som er den eigentlege «komiske Ali».


9. juni 2012

Belønningsordning for alkohol

Ap svikta når det galdt å skrenke inn sals- og skjenketid for alkohol til kl 02.00. Trass i at det er godt og vitskapleg dokumentert at auka tilgang gjev auka (mis) bruk. Både utelivsnæringa og politiske parti har argumentert med lokal-demokrati. Men alle vi som har site i kommunestyre og skal bestemme skjenketider veit at det er næringsinteresser og kva nabo-kommunane gjer som veg tyngst. Omsynet til dei som slit med alkohol-problem, til bråk på byen og haldningsskapande arbeid veg berre i "fest"-talane.

I dei såkalla objektive kriteria som kommuneøkonomien vert vekta etter, så får storbyane ekstra overføringar fordi dei (truleg) har meir rusproblem enn andre kommunar. Dette er ikkje fagleg underbygd, men vedteken "synsing".
Eg synest det er heilt urimeleg at kommunar (i denne saka; byane) skal kunne få ekstra overføringar av felleskassa, samtidig som dei held alle kranar opne både i tal og tid.

I samband med KrF sitt programarbeid vil Sogn og Fjordane KrF ta til orde for ei "Belønningsordning for aktiv rus-politikk". Dei kommunane som gjer tiltak for å få ned alkohol-bruken og dei negative følgjene av misbruk/bruk, skal få større overføringar enn dei som ikkje gjer tiltak.
Slik det no er har kommunane større insitament for å opne kranane enn for å vere restriktive. Viss statsstøtta blir sett i samanheng med lokale val for skjenkepolitikken, så kan ein sjå større samanheng mellom lokal alkoholpolitikk og andre lokale val for td haldningsskapande arbeid og behandling.

Det kan ikkje vere rett at fellesskapet skal koste oppryddinga, medan byane berre "køyre på" med alkohol.

27. mai 2012

Mengele Zoo

Har du lese denne flotte og grusomme boka til Gert Nygårdshaug? Eg kom til å tenkje på den, då eg las om at oljefondet vårt er med og finansierer oljeleiting gjennom eigarandelar (2,27%) hos Soco olje- og gasselskap i Kongo. Leitinga skjer i eit verdsarvområde, og Kongo sine lover forbyr oljeutvinning i verna område. Virunga nasjonalpark er Afrikas eldste nasjonalpark og har vore på Unesco si liste over trua verdsarvområde sidan 1994. Mellom anna er dette leveområdet til ein utryddingstruga fjellgorilla.
Det må vere eit krav at Norge nyttar eigarskapen sin til å stoppe Soco. Viss ikje det let seg gjere, så må det vere eit krav at Norge trekker oljefondet ut av selskapet. Vi kan ikkje lukke augo for korleis pengane i pensjonsfondet vårt vert brukt. Einar Steensnæs (tidlegare olje- og energiminister for KrF) og tidl Unesco-styremedlem, er tindrande klar på uttrekking. (VL 23/5)
Idealistane i Mengele Zoo opptrådde som terroristar. Likevel var det vanskeleg å lese boka utan å få forståing for dei.

14. april 2012

Benjamin Bjørklund

Benjamin Bjørklund var ikkje politikar. Heller ikkje ein kjend bygdeprofil. Han var ein vanleg arbeidar som arbeidde med å sette opp pålar og henge opp straumleidningar. I tillegg budde han i ei veglaus lita bygd. Men han lærde meg ei svært god lekse og var med å forme meg politisk.

Som heilt fersk kommunepolitikar, så vart eg sett på prøve i ei sak der spørsmålet var om kommunen skulle selje kraftverket vårt. Med langt linjenett i ein stor og spreiddbygd kommune (tiande mest spreiddbygd i landet), vart det alvorleg då staten ikkje lenger ville ha ein eigen post på statsbudsjettet med tilskot til utbetring av straumlinjer. Eg meinte då, som no, at det var rett å finne ein stor og sterk samarbeidspart.

På «fusjonsfesten» møtte eg Benjamin. Ein høgreist og sindig eldre mann. Ikkje eit vondt ord sa han om at tidlegare arbeidsplass vart selt, eller til det valet kommunestyret hadde gjort. Men i talen sin sa han noko som har følgd meg, og som eg stadig tenkjer på, snart 30 år etter.

Han fortalde om då straumen kom til Gulen og at dei bygde ut linjenettet. Han fortalde om at han var med å bygge linjer på Dalsøyra om dagen. Om kvelden for han heimatt til veglause Vikane på andre sida av fjorden. Han såg lysa på Dalsøyra, og tenkte at elektrisitet nok aldri ville bli bygt ut til hans vesle bygd. Men jau, allereie året etter hadde dei straum også i Vikane. Det var stort. Og han stilte det retoriske spørsmålet; Ville det skjedd i dag? I eit langt rikare land. Er viljen til å gje alle like tilbod på det ein må kunne kalle basistenester, like stor? Eller er vi meir opptekne av eiga lommebok, mindre skatt og at pengane skal brukast der «dei fleste» bur?

Benjamin Bjørklund hadde rett. I dag vert det sett på som galskap å ordne vegen til Otterdalen i Horningdal på ein måte som gjer han rassikker. Vegen rasa ut då Dagmar-uveret vitja oss i jula. Sameleis vil rasikring til den mest rasutsette bygda (etter objektive kriteriar) prioriterast ned til fordel for meir folkerike.

FrP sin fylkesleiar var tidleg ute og ville tilby folk pengar for å kunne flytte frå heimane sine. Slik ville dei løyse problemet. Dei som ikkje ville flytte hadde sjølv valt å bu ein plass der samfunnet ikkje skulle stille opp. Ikkje så ulikt tidlegare FrP-forslag om at kjeltringar skal sendast til Svalbard og at asylmottaka skal etablerast i Afrika.

Fylkesrådmannen vår, som elles er ein svært dyktig mann, uttaler at dersom vi brukar rassikringsmidlar på ei så lita bygd, så øydelegg vi omdømet vårt og risikerer å få mindre pengar til rassikring. «– Det vil vere lita eller inga forståing i storsamfunnet for å bruke store summar på rassikring i område med lite busetjing»

Det kan hende fylkesrådmannen si vurdering er riktig. Kan hende treff FrP tidsånda betre enn meg. Men det betyr ikkje at dei har rett. Eg lærte noko av Benjamin Bjørklund. Eg meiner Norge har råd til å føre fram straum, breidband og (trygg) veg til alle. Og eg kjenner på eit ansvar for å finne dei gode løysingane for at folk skal få halde fram å bu i bygda si. Og at ein skattebetalar i Vikane skal ha same rett til lys som han på andre sida av fjorden.