På sist møte i Fylkesutvalet vart eg ganske fasinert, eller kanskje irritert er eit rettare ord, over kor godt alle visste at det å bu på hybel ikkje er eit problem. Felles for alle dei som sa det, var at dei alle bur slik til at dei har skular i nærleiken av heimen. Det er derfor grunn til å tru at dei ikkje har opplevd hybellivet, korkje som 15-16 åring eller som foreldre til ein. Ein annan ting som var felles var at dei tilhøyrde dei raudgrøne partia.
Grunnen til at hybelliv vart tema var skulebruksplanen og KrF sitt framlegg om at dersom fagvalet til ein elev gjorde at han måtte bu meir enn to timar unna heimen, og tilsvarande fag fanst nærare, men på skule i eit anna fylke, så skulle eleven ha rett til å gå der.
Eg trur ikkje dette ville gjelde så mange, men nettopp derfor hadde det vore greit å fått det greia ut. For dersom kostnaden med det er overkomeleg, så er det i alle fall ingen grunn til at ein ikkje skulle gå for eit slikt forslag. ALLE var jo einige om at skulen var til for eleven og ikkje omvendt.
Kan hende misforsto dei forslaget, og trudde at med ny Kvivsveg, så ville heile Nordfjord gå i Volda. Men kva linje er det som ikkje finst i Nordfjord som dei har i Volda? Og sett at den linja berre var i Dale eller Årdal. Ville ein då vore like avvisande.
Eg håpar foreldra merkar seg dette. Det er nokon heilt anna å ha ungdomen på hybel 2 timar unna mot 4 timar unna. Med opp til 2 timar er det mogeleg for ungdomen å kome heim midt i veka dersom han framleis vil vere med på fotballaget eller i korpset. Og med 2 timar reiseveg er det også overkomeleg for foreldra å reise på besøk, enten det er sjukdom eller anna som kjem på. Å få vere med på foreldremøter eller elev-framsyningar td.
KrF vil ta opp att dette forslaget. Minuset er at det då ikkje vil vere utgreidd. Men for dei det gjeld er det eit viktig forslag, og vi skal tale deira sak.
Og for ordens skuld; forslaget vårt fekk støtte av H, FrP og V :)
11. november 2012
9. oktober 2012
Regjeringa sviktar folkekyrkja
Statsbudsjettet er ein real nedtur for kyrkja. Etter stortingsbehandling av forholdet mellom stat-kyrkje, der regjeringa var svært oppteken av å sikre ei "folkekyrkje", så ser vi at det blir med orda.
Alle veit at RLE-faget på skulen ikkje skal innehalde opplæring i tru. Det skal gje kunnskap om ulike religionar, og særleg kristendom. Men det skal ikkje formidle tru, bøn og aktivitetar som bygger opp under trua sitt mysterium. Denne opplæringa har kyrkja fått ansvar for. Men nokon må stå for det arbeidet. Det er starta opp ein trusopplæringsreform, og det er vedteken ein opptrappingsplan. Men den er altså stoppa opp av dei raudgrøne. I 2012 var det "pause", i år er det lagt inn 31,2 mill i vekst. Målet for 2013 var 250 mill, eller 300 mill som det ville utgjort dersom ein tok omsyn til løns- og prisvekst. Vi er langt unna det. Alle sokneråd har laga lokale planar for koleid ein skal få det til. No stoppar arbeidet opp, og ein forventar kanskje at frivillige skal ta heile ansvaret.
Mitt inntrykk er at foreldre flest er bekymra for at borna lærer så lite om kristendom. Den er faktisk ganske viktig for kulturen vår, og dei fleste foreldre som døyper borna sine har ei meining med å gjere det.
IKT-løyvingane til kyrkja er også borte. Når det skal sendast ut invitasjonar f.eks til 4-åringane som får ei bok i kyrkja, så brukar vi eit medlemsregister som ikkje er til å stole på. Vi opplever at langt frå alle døypte står der, og at dei derfor ikkje får invitasjon. Det er ikkje kjekt! Kyrkja treng meir IKT-løyvingar for å få orden på dette.
Til sist, men slett ikkje mindre viktig: Det er bruk for fleire stillingar som prestar, diakonar mm. Arbeidsbelastninga på prestane er stor. Det er ikkje rom for å tilsette fleire og stillingar blir ståande vakante slik vi ser i Vik. I nokre kommunar er arbeidsbyrda stor fordi det er store avstandar i tillegg, andre stader er det mange folk på mindre areal. Utfordringane er ulike, men også innanfor kyrkja er det nokre terskelverdiar som gjer at ikkje alt kan løyvast etter folketalet.
Når det er vakante stillingar, sjukmeldingar eller feriar / avvikling av fri, skal prestane avløyse for kvarandre. Det vil i praksis seie fleire tenester kvar søndag f. eks. Arbeidsbelatninga vert stor, og sjukefråværsspiralen kan lett auke.
Dersom folkekyrkja skal vere lokal og landsdekkande, slik kyrkjeforliket seier, så må det løyvast nok stillingar til at folk kan ta på seg denne typen jobbar.
Kyrkja er viktig for folk. Som plass for tru, som fellesskap, som hjelp, somstad for rituale. Og endå har eg ikkje nemnd kyrkjebygga. Der har regjeringa fjerna dei rentefrie låna som har vore viktig for å kunne ta naudsynte utbetringar på dei mange gamle bygningane som kyrkjene er.

8. oktober 2012
Du skal ikkje lyge
Det er ikkje så rart at folk nedsettande snakkar om valflesk, eller om at politikarane ikkje går an å tru på.
Ikkje når ein blir så finurleg at ein skal snakke bort det som tidlegare er presentert som ei sanning.
Regjeringa (og Ap) si satsing på eldre før valet er eit godt døme på det. Stoltenberg sjølv lova 12000 nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar.
I dag har han lagt fram siste statsbudsjettet i perioden. Og både han og helseminister Støre kappast i å bortforklare det som var sagt. Nei, det trong ikkje vere nye plassar. Oppussing var nok. Og det var ikkje nye plassar, men tilsagn om nye plassar. Dette er for dumt! Og folk (med unntak av dei som er lojale veljarar og tillitsvalde, og som slit på sosiale media med å agere som infominister Komiske Ali) oppfattar det som uærleg spel.
Les bloggen til statsminister Stoltenberg http://www.jensstoltenberg.no/-/bulletin/show/416637_full-sykehjemsdekning , og døm sjølv om kva det var han sa før valet. Ikkje lett å misforstå. Så eg trur KrF har grunn til å kjenne seg ført bak lyset. Ap kopierte nemleg "Verdihetsgarantien" som sak frå KrF. Det vart inngått eit forlik om han i Stortinget, og KrF sørga seinare for at Ap fulgte opp med pengar. Det er tydeleg at Ap har måtta bli dratt med steg for steg heile vegen. Og no prøver dei igjen. Men det må dei ikkje klare. Det trengs fleire sjukeheimsplassar og folk til å arbeid i omsorgsyrker. Ikkje minst dersom samhandlingsreforma skal bli ein suksess.

6. oktober 2012
Sognebåten
Fylkespolitikarane ser på drifta av Sognebåten. Han kostar ein del og i desse kutt-tider, så leitar ein etter innsparingar på drifta.
Rett nok har ruta nett vore på anbud, og skulle såleis vore "sikra" for ti år. Men slik er det ikkje.
Nokre dreg fram miljø-argumentet for å forsvare å ta han vekk, men for dei fleste er det vel pengane som er avgjerande.
KrF har, i lag med resten av fylkesutvalet, sagt ja til å vere med på ei utgreiing, men meiner det er svært viktig å behalde Sognebåten. Så får ein heller sjå på ruta, stoppestader ol.
Båten er i alle fall beste måten å reise på for brukarar som treng tilrettelegging, enten det er fysiske grunnar, trong for rullestol ell. likn, eller det er ein småbarnsfamilie med trong for plass, rørsle og barnevogn. Dette er for KrF viktige omsyn å ta.
For oss som bur på kysten er båten god å ha som kommunikasjon mellom heimen og studiestaden Sogndal.
For kommunane Vik og Balestrand vil eg tru båten er endå meir viktig. Ja, eigentleg for heile Sogn og den turistsatsinga ein ønskjer å få til. Og denne satsinga må også kome utanom sommarmånadane dersom det skal gje levelege vilkår for dei som skal leve av turisme.
Kva meiner du om Sognebåten?

23. september 2012
Gulatinget 2014
I 2014 er det Grunnlovsjubileum. 200 år sidan Eidsvoll 1814 og at Grunnlova vår vart laga.
Professor Ernst Nortvedt ved UiB sa rett ut på ein konferanse at "utan Gulatinget hadde vi ikkje hatt ei Grunnlov å feire i 2014". Han utdjupa det med at lovtekstane frå Gulatingslova, og seinare reviderte i Magnus Lagabøte si lov, låg til grunn. Men kanskje mest det at folk var kjende med å organisere seg i ting for å lage lover. Og at denne kunnskapen gjekk attende til Gulatinget og var ikkje blitt "øydelagt" under dansketida.
Gulatinget blir ein del av Grunnlovsjubileet. Fylkeskommunen har sett av midlar til det, og eg trur også den sentrale komiteen for jubileet ser på det som naturleg. I alle fall nytta Stortingspresidenten høve då han var i Sogn og Fjordane tidlegare i år, til å snakke om Gulatinget og det viktige som hende der og kor viktig arv demokratiet er å ta vare på og foredle.
Derfor syns eg det er frustrerande viss ikkje fylket sett av midlar til formidlingsbygget på Gulatingstaden i investeringsplanen sin. Rådmannen foreslår ca 3 mill til å arbeide vidare med prosjektet på 2013-budsjettet. Men ingen ting til bygging. Gulen kommune har løyvd 10 mill i sin økonomiplan. Viss fylket gjer det samme, vil arbeidet for å få på plass ei statleg løyving kunne starte. Alle veit at det er lettare å få gehør for midlar viss det kan knytast til ei storhending slik Grunnlovsjubileet er.
Derfor må det vere tidenes dårlegaste strategi av fylkestinget viss ein lar den sjansen gå frå seg. Dersom ein ønskjer vidare utvikling av Gulatinget, då. Men det har alle parti slutta seg til via Utviklingsplanen.
Det er, kan dei som har prøvdt det, nyttelaust å kome til staten for å spørje etter pengar til eit prosjekt som ikkje er inne på lokale økonomiplanar.
Utfordringa til fylkestinget er derfor å sette av ei løyving til investering, slik at ein kan kome vidare både mot statlege og private finansieringskjelder. Og seier staten nei, så er no ikkje pengane brukte. Så det er ikkje store sjansen å ta!

13. september 2012
Følgeteneste for kven?
Leiar i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane, Gunn Sande, skriv i lesarinnlegg at det er svært urovekkande at Helse Vest har sett krav om 1,5 t reiseavstand frå sjukehuset (målt til kommunesenteret) OG minst 50 fødslar i kommunen i året. Eg er einig!
Eg spurde etter dette brevet i siste styremøte i Helse Førde (for heller ikkje eg fann det på nettet), og reknar med at eg får svar på neste møte. I Nordfjord og Indre Sogn vil Helse Førde tilby følgeteneste utover dette som ein del av "God start"-prosjektet.For randkommunane i Ytre Sogn / Sunnfjord er det ikkje tilfelle.
Men Helse Vest er truleg innanfor dei rammene Regjeringa har sett for å bestemme. Og den Regjeringa er Senterpartiet ein del av! Så Senterkvinnene er per definisjon "medskuldige" i dette. KrF og dei andre opposisjonspartia ville sette grensa til 1 t, men Ap, Sp og SV gjekk for 1,5 t. Kor talet 50 fødslar pr år kjem frå skulle vore kjekt å vite.
KrF v/ Laila Dåvøy vil ta spørsmålet om 50 fødslar i året opp med ministeren. At det blir stilt krav til reisetid når det gjeld følgjeteneste er forståeleg. Men at det skal knytast krav til kommunestorleik, gjennom tal fødslar i året, synest å vere svært distiktsfiendtleg.

9. september 2012
Kva er då eit menneske?
«Kva er då eit
menneske, at du hugsar på det» heiter det i Salme 8 i Bibelen. Det står etter
ei lang oppramsing av det vakre og gode og store i skaparverket. Og det
fortsett med å fortelje korleis Skaparen sette dette mennesket til å styre over
alt det skapte –«heilt ned til mauren i mold» som vi syng i ein annan song.
Mennesket har fått
vit for å bruke det. Det er derfor vanskeleg å trekke dei etiske linjene for
kva tid vitet vert brukt innanfor eller utanfor oppdraget vårt. Kva tid går
mennesket frå å vere ein god forvaltar til å sette seg i Skaparen sin stad? Skal mennesket med sin kunnskap, vere herre
over liv og død, eller er det framleis ei makt (som mange av oss kallar Gud) utanfor
oss sjølve som skal styre?
Dette er vesentlege
spørsmål om menneskeverdet, og vesentlege spørsmål i vår tid.
Vi har etter kvart
stor kunnskap og kan fikse og trikse mykje med biologien for både natur, dyr og
menneske. Ofte vert kunnskapen brukt til å endre sjukdomar og redde liv. Men vi
kan også bruke kunnskapen til det motsette. Og vi kan sette oss på den høge
hest og prøve å definere kva som er «verdig» liv.
Dei politiske og
etiske spørsmåla er mange; tidleg undersøking av barn i mors liv for å avdekke
avvik, kven skal bestemme over livet til barnet i mors liv, vi assisterer
personar som ikkje sjølve kan få born, vi bestemmer at born som blir til ikkje
skal ha sjanse til å vite kven som er far, og no kanskje også mor. Vi kjøper
«livmor-plass». Og vi vil gjerne bestemme kva tid vi er så sjuke at vi bør få
døy.
Kva svar vi endar ned
på er truleg avhengig av ståstaden og perspektivet til den som spør. Min
ståstad er at mennesket er meir enn materie. Og at livet er meir enn tida på
jorda. Eg trur på ein Gud, og at vi alle er ein del i ein plan. Derfor er det
kanskje «lett» for meg å meine at vi gjer feil når vi sett eit menneske til å
bestemme over eit anna menneske sitt liv og død. Men det vil vere situasjonar
der eg meiner det må vere rom det. Abort etter voldtekt kan vere ein slik
situasjon.
Desse store spørsmåla
er ikkje uavhengige av verda vi lever i. Dvs. at dei edle intensjonar som ligg
bak å hjelpe fort kan bli til utnytting av andre. For der det er behov er det
også ein marknad, og der det er pengar må idealet svært ofte vike prioritet. Vi
prøver å ramme inn med lover, men kjem sørgjeleg til kort. Og på eit tidspunkt
vil kravet til «rettferd» vere større og meir politisk rett enn dei tunge
etiske omsyna. Eit døme på det er korleis vi i ruspolitikken er i ferd med å gå
frå forbod og førebygging til reperasjon og legalisering. Og
likestillingsargumentet blir brukt om egg-donasjon.
I desse spørsmåla,
der vi vil leike Gud, så må vi ta mål av oss til å vere like framsynte som ei
skaparmakt. Kva gjer det med eit menneske å ikkje vite sitt biologiske opphav?
Kva gjer det med eit samfunn at livet blir ei handelsvare? (Eg har fått
twitter-kjeft for å kalle det det, men det er blåøygd å ikkje sjå den
stor-industrien, utnyttinga og svarte økonomien som følgjer med vedtaka vi
gjer)
Det var dette eg
hadde lyst til å pirke borti i dag. Eg håpar på ettertanke hos deg som les, og
ein diskusjon rundt bordet. Brukar vi styrings-oppdraget vi har fått på ein
rett måte? For «kva er då eit menneske?»
Abonner på:
Innlegg (Atom)