30. juni 2013

Kven definerer likestilling

Eg har alltid vore oppteken av likestilling. Såg på meg sjølv som feminist, var stolt av mormor som utdanna seg som lærar i Bodø og reiste til Voss fordi ho likte songstrofa: «På Vossevangen der vil eg bu, der er det godt å vera..». Og stolt av mor då ho i sinne sa opp avisabbonementet på «Dagen» i protest mot Arthur Berg sitt syn på kvinnelege prestar.
Men så kom kampen om abortlova. Ho var viktig i forminga av min politiske ståstad. Eg vart i alle fall ikkje rekna som feminist lenger, når eg var mot «fri abort». Min inngang til spørsmålet var også fundert ut frå kvinna. Eg syns det var urimeleg at i ein så krevande situasjon som eit ikkjeplanlagt, og kanskje uønska, svangerskap, så skulle samfunnet gje kvinna åleine ansvaret for å bestemme over liv og død. Det er enkelt for samfunnet å Pilatus-vaske hendene sine ved å overlate dei vanskelegaste vala til individet åleine.
Kampen om sjølvvald abort vart som han vart. Og det er ikkje vilje til omkamp. Men det er mange delkampar i kjølvatnet. Det kan vere å sikre gode ordningar for dei som vel å bere fram barnet. Å ha eit hjelpeapparat både i svangerskapet og etterpå for dei som ventar barn med funksjonshemming. Det kan faktisk vere noko så enkelt, og vanskeleg, som å skape haldningar til at alle born er velkomne. Eg er glad for at det er blitt meir vanleg og mindre «sladder» når jenter vel å bli «åleinemødre». Moral og moralisme er ikkje enkelt. Og på dette området har det vore mykje dobbeltmoral.
Ei ordning som burde vore veldig enkel å gjere noko med, og som Skeie-utvalet oppmodar om, er ei kraftig opptrapping av eingongsstønaden. Men regjeringa si stortingmelding om likestilling følgjer ikkje opp.
Familiar der mor har tent opp rett til foreldrepengar kan få opp mot ein halv million kroner i samband med fødsel. Kvinner som ikkje har opptent rettar får kr. 35.263,-! Det er urettferdig i eit livsløpsperspektiv at ei kvinne som føder på eit punkt i livsløpet mottek så mykje mindre enn ei kvinne som føder på eit anna tidspunkt.
Så både ut frå eit likestillingsspørsmål  og eit ønskje om å redusere aborttala, og ut frå helsefaglege råd om ikkje å vente for lenge med å få born, så bør eingongsstønaden aukast vesentleg.
Dette er enkelt å gripe fatt i og gjere noko med. Sittande regjering forsømde seg i likestillings-meldinga. Men du som veljar kan gjere noko med det.
Eg har forresten aldri slutta med å kalle meg sjølv feminist. Eg har vanskeleg for å godta at andre har monopol på å definere kva ordet betyr. Eg lever godt med det.




 

11. juni 2013

Dette tok eg opp i fylkestinget; Barnevern, familie og skilsmisse


Eg vil, fylkesordførar, ta opp ei sak som vi i KrF er særleg oppteken av. Det gjeld betre barnevern, auken i familievald og sterk auke i skilsmisser.

Dei siste 15 åra har talet på barn med tiltak i barnevernet auka med 77%. Dette må vi ta høgde for også i dei planane vi som fylke rår over. Som td. førebygging, folkehelse, vidaregåande skule og velferdstenester knytt til det.

Det er eit paradoks at vi har klart å sikre alle born ein barnehageplass, men ikkje klarer å gi alle born ein heim.

I Firda 23.mai kunne vi lese om sterk auke i familievaldssaker i Sogn og Fjordane. Og politiet trur det berre er toppen av isfjellet. Dei sender mange bekymringsmeldingar til barnevernet.

KrF har tidlegare teke opp spørsmålet om ikkje vi burde få eit eige barnehus i fylket vårt, slik at vi sikra born trygge og gode avhøyr og behandling i samband med denne typen saker. Vi meiner auken i familievaldssaker tilseier fortgang i den saka. Fylkeskommunen bør, gjennom KS, ta saka vidare. Det er viktig at politiet og samfunnet rundt barnet blir ein hjelpar og tilretteleggar, og at ikkje avhøyr og behandling vert opplevd som eit nytt overgrep.

KrF meiner også at støtte til familiar og førebygging av skilsmisser er viktig for å forebygge uønska utvikling, psykiske vanskar og personlege tragediar. Frode Thuen er ein anerkjent forskar på temaet, og er ikkje i tvil om at her er sterke samanhengar.

 Han mener samlivsbrudd er et undervurdert og underprioritert samfunnsproblem, fordi vi vet at barn som opplever samlivsbrudd er betydelig overrepresentert på statistikken over alle slags mulige problemer: psykiske problemer, rusproblemer, problemer på skolen og så videre.

Thuen mener familiepolitikken har gått for lut og kaldt vann i flere år.

 

Fylkesordførar; vi kan som fylkeskomune velje å seie at «dette ikkje er vårt bord». Men vi har eit plan-ansvar og eit samfunnsansvar. Det er sjelden berre ein bit i puslespelet som gjer at det skjer skade. Samspel mellom mange små bitar er det som skal til for å skape best mogelege vilkår for barn og unge. For KrF er det ei av dei viktigaste politiske sakene vi kan bruke krefter på.

 

2. juni 2013

Ufrivillig (?) deltid

Deltid har vore eit varmt tema. Særleg sidan LO-leiar Gerd Kristiansen gjekk ut og meinte at kvinner gøymer seg bak morsrollen for å sleppe heiltidsarbeid. http://www.vl.no/samfunn/lo-lederen-kvinner-gjemmer-seg-bak-morsrollen/
Nær 40% av kvinner i Norge arbeider deltid. Og ca 30% av deltidsarbeidande i kommunesektoren (altså omsorgssektoren) seier at dei gjer det fordi dei ikkje har fått tilbod om full jobb. Dvs at ca 70% er deltidsarbeidande etter eigen vilje. Då snakkar vi ikkje lenger om berre småbarnsmødre, altså! Så LO bommar når det gjeld morsrolle-forklaringa si.

Men korfor vil mange, særleg kvinner, jobbe deltid? Er det kanskje fordi at jobben deira er for "tung" til at dei klarer full stilling? Eg har høyrt fleire seie det. I så fall er det ei stor oppgåve for arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonar å gå gjennom og legge tilrette så fulltid opplevest leveleg.
Kan det også ha noko med trygdesystemet vårt å gjere? Først ved 50% inntektstap kan du få uføretrygd. Eg skjønar ikkje korfor det er slik. Kva om det gjekk an å ha td 30% uføretrygd? Då ville kanskje mange av dei som enten jobbar "frivillig" deltid eller dei som jobbar fullt, men har stort sjukefråvær, fått eit betre liv. Faktisk endåtil eit liv som ga samfunnet tilbake meir i arbeidskraft.

Eg skulle ønskje at LO slutta å moralisere overfor mødre som syns 1-åringen er for liten for barnehagen. Eg vil ha stor respekt forvalet til familiar som kjenner barnet, seg sjølve og sin eigen situasjon. Eg meiner det er andre område der både regjeringa og LO kan ta tak for å hjelpe folk inn i arbeidslivet. Det skulle vere nok å minne på alle dei som ønskjer jobb, men som blir slusa inn i NAV-kø istaden for arbeidsliv som treng rest-arbeidsevna deira.

28. mai 2013

Besøkstal på musea

Dette brevet er sendt til Kulturutvalet på fylket. Det var oppe som meldingssak i dag, og utvalet vil ha ei sak på det:

Årsmelding for musea syner stor nedgang i besøkstala. Noko av dette kan skuldast endring på rapportering. Men det er også klart at det er reell nedgang.

Under handsaminga av sak om publikumsstrategien i Fylkestinget, vart det påpeika at manglande skyssmidlar til skuleklassar er ein viktig grunn til mindre bruk av musea frå skulane. Styreleiaren for musea, Harry Mowatt, viser til det same i fleire kommentarar i media.

 For KrF er det svært viktig at vi som fylke kan vere med å finne løysingar slik at born og unge i fylket får kjennskap til musea våre, både kulturarven og utviklingsarbeidet. Tidlegare kunne deler av Den kulturelle skulesekken sitt tilskot nyttast til skyss. At denne sjansen er vekke, må vere eit problem for mange distriktskommunar. Og i realiteten gjere tilbodet til ekskursjonar / kunst- og kulturopplevingar lite tilgjengeleg for mange. Det strir mot staten sine mål om lik rett til utdanning uavhengig av kvar ein bur, og det utfordrar gratisprinsippet i norsk grunnskule.

KrF meiner vi skal prøve å få til eit pilotprosjekt om skyssordning /tilskot til skuleklassar. Vi meiner dette bør vere eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, fylkeskommune og stat.

Vi ber om at saka vert tatt opp som sak i kulturutvalet.

 

KrF-gruppa på Fylkestinget i Sogn og Fjordane

v/ Trude Brosvik

15. mai 2013

Løftebrot mot småkraft

Alle som bygde småkraftverk etter 1. januar 2004 skulle kome med i ordninga med grøne sertifikat. Det var ein del av saka når Bondevik 2-regjeringa utarbeidde sak om grøne sertifikat. Dei rakk ikkje å innføre systemet før dei måtte gå av hausten 2005. Men det behøvde ikkje å bety så mykje, for dei raud-grøne hadde lova det samme. Men tida gjekk, og då dei endeleg fekk på plass sertifikat-ordninga i 2009, så sprang dei frå lovnaden. Då skulle det plutseleg gjelde berre småkraftverk bygd etter 7.september 2009.
Det gjer at mange småkraftverk bygde frå 2004 til 2009, i tiltru til det dei var blitt lova, no slit med store økonomiske problem.
Eg lurar på kvifor den raudgrøne regjeringa gjekk vekk frå lovnaden. Eg lurer også på om det let seg endre, og bli tatt innatt i avtalen med Sverige om grøne sertifikat.
KrF, saman med H,V og FrP, tar saka opp i Stortinget gjennom eit representantspørsmål 21.mai. Eg er spent på svaret. Temmeleg sikker på at fleritalsregjeringa ikkje vil gjere noko med det. Men det er skammeleg, og synd for dei som trudde på dei.




10. mai 2013

Rikare enn aldri før


Regjeringa melder gledeleg om store pengesummar til kommunane, og at Kommune-Norge aldri har fått meir i overføringar. Slik såg det ut på twittermeldinga til Senterpartiet:
Senterpartiet‏@Senterpartiet7 May
Reelle inntekter for kommunane har auka 67,5 mrd. under den raudgrøne regjeringa. Gir betre tenester til innbyggjarar i !
 
Eg sprude, også det på twitter, kommunalminister Liv Signe Navarsete, om %-veksten til kommunane hadde vore større dei siste 8 åra enn før. Sett i lys av at pengebingen har auka frå 1000 milliardar til 4000 milliardar på dei samme åra, er det interessant p vite. Eg har ikkje fått svar.
 
Så kor del av felleskaka fekk kommunane i 2003 kontra 2013? Det er vel relativt lett å sjekke ut?
 
Det er i alle fall ikkje alle kommunar som kjenner seg godt sett i stand til alle dei nye oppgåvene dei har fått, eller alle forventningane som er blitt skapte.
Min heimkommune har i alle fall fått mindre enn løns- og prisvekst dei siste åra. Det betyr i klartekst at ein må effektivisere eller ta vekk tilbod. Og det er nok det mange kommunar gjer når talet på skular minkar meir enn nokon gong. http://www.nrk.no/hordaland/historisk-mange-skular-lagt-ned-1.11021307 
 
Vi skal nok få sjå mange skrytetal frå regjeringa framover. Og dei har rett i at det var smalhans då Erna Solberg var kommunalminister. Økonomien var ei heilt anna på den tid, med eit næringsliv som streva med høg kronekurs og rente. Men også no er det mange kommunar som slit. Men kanskje er dei raudgrøne ordførarane meir parti-lojale enn det eg og andre var tidleg på 2000-talet? Eg slost den gongen for lokalsamfunnet. Det kjem eg til å gjere igjen, viss eg får bli stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå hausten :)
            
 

9. mai 2013

Å snakke ned

Betyr "å snakke ned" det å omtale noko slik at det blir mindre verd?
Eg trur det var det statsministeren meinte då han i talen til Ap-landsmøtet hersa med Høgre og skulda dei for å snakke ned alt det gode som vi har i Norge. Samtidig gjorde han sitt beste for å snakke ned politikken til Høgre. Ein politikk som ca ein tredel av folket i meiningsmålinagar ønskjer.

Ja det er valkamp!
Og i valkampen så kan vi velje to strategiar. Vi kan snakke om eigen politikk. "Snakke opp" dei gode løysingane vårt eige parti har. Eller "snakke ned" andre parti sine løysingar. Vi vil nok sjå mykje til begge deler. Og det er av og til naudsynt å peike på andre for å få fram eigne løysingar og forskjellane mellom partia.
Likevel; det må vere lov å håpe på at halvsanne og skitne teknikkar blir lagt bort. Det er faktisk ganske uverdig.
Alle veit at vi har det kjempegodt i landet vårt. Alle veit at for enkelt-personar og for nokre grupper så burde det vore betre.
Dei største skilnadane i politikken går ikkje på om ein skal ha 28% eller 27% selskapsskatt. Dei går på spørsmål som grunnlovsfesta rett til liv. Dei går på kva menneskeverd er. Dei går på korleis vi tar del i verda og samhandlar med fattige. Det går på korleis vi forvalta jorda og miljøet. Dei går på retten til å utøve tru i samfunnet. Det går på om vi meiner staten skal ta seg av alt, eller om vi skal ha ansvar som enkeltpersonar.
Ja til valkamp der dei store sakene får merksemd!