Det er i alle fall overskrifta frå valkampopninga til Sp, slik Firda-journalisten har forstått det.
Først vart eg veldig overraska. For dette vil råke vestlandsjordbruket og bygdene våre hardt. For det er mange stader der små teigar og lange avstandar gjer det svært vanskeleg å få til store og effektive einingar.
Men det poassar bra saman med den politikken regjeringa har ført. Der auka produksjon av mat er det viktigaste. Det vil i praksis seie at større bruk er bra. Då vil vi sjå ei samling av produksjonen på Jæren, i Trøndelag og på Austlandet. Det er sterke krefter i Bondelaget også som er nøgd med det.
Men er veljarane i Sogn og Fjordane nøgde med det?
KrF meiner det er viktig å halde på dei mindre bruka også. Fordi dei er viktige for matproduksjon og beredskap, busetnad og at Norge ikkje gror igjen.
Eg er spent på framhaldet. Særleg må Sp forklare kva som no er skilnaden på deira landbrukspolitikk og Høgre sin. For dei kan vel ikkje halde fast på jordvern og konsesjonvilkår som bu- og driveplikt, når dei seier at ein gard på 100 mål og 15 kyr er for liten til å drifte?
18. august 2013
14. august 2013
Hybel og stipend
For nokre dagar sidan sa Lånekassen at det vart juksa så mykje med bortebuarstipendet at ein burde vurdere å ta det vekk. Folk budde heime, ga opp at dei budde på hybel, og jukset kosta fellesskapen 70 mill.
For det første: Å jukse er ulovleg. Men vi kan ikkje straffe alle som må bu på hybel fordi nokon juksar. Eg vil tru det er dei som bur nærast ein skule som kan jukse med bortebuarstipendet. Stipendet har du rett på dersom skulen er meir enn 40 km borte og du må bu på hybel. Sjølv om vi vedtok å halde fram med ein svært desentralisert skulestruktur i fylket, så er det nokre som ikkje kan bu heime og gå på vidaregåande skule. Nokon fordi det ikkje går buss- eller båtruter som gjer det mogeleg å pendle.
Vik er ein kommune der alle 16-åringar må flytte på hybel. Ei båtrute kunne gjort det mogeleg å pendle. I Aurland brukar kommunen pengar på ei båtrute som gjer at fleire kan bu heime medan dei går på vgs. KrF fekk fylkestinget med på å sjekke ut om det gjekk an å "veksle inn" bortebuarstipendet til skyss-pengar. Samfunnsøkonomisk ville det vore glimrande! Men Lånekassen sa sjølvsagt nei til det. Dei har sine retningslinjer. Så dette må bli ei politisk sak, skal det skje noko. KrF i Sogn og Fjordane fekk saka inn i KrF sitt program, og kjem vi i regjeringsposisjon, så lovar eg at vi skal gå vidare med å vurdere ei slik ordning.
Eg var i Vik denne veka, og snakka mellom andre med leiaren av NAV-kontoret. Ho ønskjer ei slik ordning svært velkomen. For bortebuing for alle elevar gjev relativt stor utslag av fråfall, var hennar klare tilbakemelding.
KrF vil stå på for desentralisert skule, bortebuarstipend, prøveordning med skyss for stipend, fleire studentbustadar og at studiestøtta skal aukast til 11 mnd i året. Det siste har "alle" lova, men sjølv etter 8 år med fleirtalsregjering så har det ikkje skjedd noko.

6. august 2013
Ikkje tull med "Posten"
Posten seier dei må gjere endringar i takt med nye kundebehov. Bruken av Posten har gått mykje ned, og dei leitar etter endringar som vil gje innsparingar. Eit av forslaga til Posten er å kutte postombering på laurdagane.
KrF er sterkt i mot det. Svært mange stader er det posten som har ombering av aviser. Særleg dei mindre avisene, lokalavisene og nr. 2 aviser (som Vårt Land eller Nationen). Viss Posten sluttar å levere på laurdagar er det svært mange som blir taparar. Endåtil demokratiet vårt. Og dei som treng Posten for å få avisa, har som regel så lang reise for å kjøpe aviser på næraste butikk at det ikkje blir gjort. Eg bur sjølv slik til, så dette har eg førstehands kunnskap om.
Avisa Nationen har funne ut at det er flest Sp- og KrF-veljarar som er i mot å kutte lørdags-post. Det er kanskje fordi mange av våre veljarar bur i distriktet? Men i denne saka kan ikkje kjøttvekta bestemme. Her må storsamfunnet ta vare på like rettar for alle.
KrF har slik programformulering om dette: "KrF vil at postombering skal vere ei teneste i heile landet på alle arbeidsdagar, og at tenestetilbod ikkje skal bli tatt vekk før jamgode alternativ er etablert. Posten skal levere tenester til lik pris i heile landet."

31. juli 2013
Postkort om demens
I sommar har eg, som listetopp KrF, fått mange brev frå ulike organisasjonar. Dei brenn for sine saker og vil ha svar på kva eg som evt stortingsrepresentant vil gjere for dei. Ofte følgjer kravet om svar med ein setning om at svaret vil bli offentleggjort i media.
I dag fekk eg eit postkort underteikna Førde Helselag. Det er ei forsiktig oppmoding om å hjelpe dei i arbeidet for personar med demens, og for pårørande. Med å lovfeste rett til dagaktivitetstilbod.
Eg vart glad for kortet. Dette er ei gruppe eg verkeleg ønskjer å hjelpe fram. Både ved tidleg hjelp med diagnostisering, forskning, tilrettelagde sjukeheimsplassar, avlastningsordningar, dagtilbod og kulturtilbod.
Då eg var ordførar, var det viktig for meg å prioritere denne gruppa opp. Det politiske fleirtalet har i ettertid valt å bruke pengane litt anleis, men framleis står ny demensavdeling (vi har ei frå før) i langtidsbudsjettet til kommunen.
Å vere pårørande til demente er utruleg krevjande. Ofte er den næraste pårørande også eit eldre menneske, og har nok med å klare seg sjølv. Saman kan pårørande og det offentlege sy eit opplegg rundt den demente som gjer at alle "held" lengre, og at livskvaliteten aukar. I det arbeidet er retten til dagtilbod svært viktig.
Så takk; Nasjonalforeningen for folkehelse for postkortet og for engasjementet. Ja, KrF og eg vil vere med på arbeidet i lag med dykk.

15. juli 2013
Traumer, dei og oss
Delrapport nummer to i ei tre-trinnsundersøking
av den psykiske helsa til Utøya-overlevande og foreldra deira, viser at
mange slit og treng vidare behandling og oppfølging. Det er ikkje overraskande.
Og samfunnet må stille sine beste folk til rådvelde for dei som opplevde den
grufulle terroren på nært hald og for dei pårørande som fekk kjenne på den
verste frykta vi kan tenkje oss.
Det som undrar meg er at eit samfunn som ser dette, og sett
alle krefter inn for å hjelpe offera, ikkje opptrer rausare mot born og
familiar frå andre land som søker nødhamn hos oss. Mange av desse har tilsvarande
opplevingar i bagasjen. Terror, krig og vald samt redsel for at det same skjer
viss dei må reise tilbake til landet dei flykta frå.
Eg skjønar at Norge ikkje kan ha heilt andre reglar enn
andre land, og at vi då vil verte eit mottakar-land for fleire enn dei som treng
beskyttelse. Men eg skjønar ikkje kvifor det skal så mykje til å tru på opplevingar,
trongen for hjelp, opphald og trygg framtid.
Det verste er når born som har budd hos oss i mange år vert
sendt «heim». Born som trur Norge er heime, og som ikkje kjenner anna enn norsk
kvardag.
Desse tankane fekk eg når eg høyrde om traumebehandlinga. Om
kor viktig det er. Då tenkte eg på born, unge og vaksne som er på flukt og som
søker asyl. Ser vi dei som søsken, med same behov? Eller er det dei og oss?
8. juli 2013
Vekst eller rett vekst?
Avisa Firda hadde ei fæl førsteside som viste at fylket vårt er særs dårleg til å utvikle nye arbeidsplassar. Sjølv om ein legg til alle årsverk som vert utført av underleverandørar, så er vi på jumbo-plass i landet. Og berre nokre få kommunar dreg lasset. (Stortsett SNU-kommunane, men også Gulen og Sogndal)
På NRK SFj var det ein debatt mellom leiaren i NHO, Jan Atle Stang, og Ap-politikar og leiar i Plan- og næringsutvalet i fylket; Hilmar Høl. Ingen har svaret på kva som må gjerast, sjølvsagt. Men begge meiner rammene for private aktørar må leggast betre tilrette. For det er der, og ikkje hos det offentlege, veksten må kome. Eg sat diverre att med ei sterk kjensle at når dei snakka om "private", så var det selskap som Hydro og Statoil og slike, dei meinte. Ikkje noko gale om dei. Men det er fordi vi ikkje veks i service-næringane vi heng etter.
Den raudgrøne makta i Sogn og Fjordane har ved fleire høve aktivt takka nei til denne typen arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Eg skal nemne tre eksempel:
Då fylket la ned Langvin jordbruksskule, var ein organisasjon klar til å kjøpe for å vidareutvikle og halde fram med skulen. Fylket sa nei. Truleg fordi dei var ideologisk imot privatskular, og/eller redd for kva konkurransen ville gjere med Mo jordbruksskule. No er det ikkje noko drift der lenger.
Det samme fleirtalet stemte i mot fylket sin uttale om at privatskulen i Balestrand skulle få utvide tilbodet med idrettslinje. Heldigvis høyrde ikkje kunnskapsdepartementet på fylket. Og linja fungerer godt, og er ingen trussel mot Sogndal. Tvert om, ho styrker ein kjempeviktig arbeidsplass i Balestrand.
Då arbeidet pågjekk med å få nytt liv i HV-10 bygget på Skei i Jølster, og Haraldsplass kjøpte huset for å etablere eit "Livsmeistringssenter" på linje med Modum, så var det ikkje nokon jubel i Sogn og Fjordane. Tvert om, det var så vidt vi fekk til ei fråsegn frå Fylkestinget som kunne tolkast som positiv. Eg trur at i denne saka også så var det ideologiske grunnar som gjorde at særleg Ap / SV stritta imot. På denne måten har vi oss sjølve å takka for at det ikkje er eit viktig helsetilbod for heile Vestlandet etablert på Skei. Viktig tilbod for den aukande gruppa som treng psykisk hjelp, og ein ganske stor arbeidsplass for godt utdanna folk.
Dette er tre døme som kan vere til ettertanke, når vi beklager at Sogn og Fjordane ikkje får del i veksten i service-næringane.

3. juli 2013
Landbrukssamvirket
Eg har besøk av Sigrid, niesa mi. Ho har busett seg i Sverige, gift med ein svensk ung mann. No er ho tilbake der barndommens somrar vart levd ut. Med seg har ho kjekke svigerforeldre.
Svigerfar fortel at der dei bur, nær Vaxsjø, må bønder med dobbelt så mange kyr som vi har, legge ned fordi melkebilen ikkje lenger vil kome for å hente mjølka.
Vi har 17 kyr...
Dette seier mykje om kor viktig det er at vi har eit sterkt landbrukssamvirke i norsk landbruk! Det er rett og slett påkrevd om ein vil ha aktiv landbruksdrift i heile landet.
Derfor er landbrukssamvirket svært viktig for KrF.
Ja, landbrukspolitikk er i det heile svært viktig for KrF. Eg meiner han må avklarast i regjeringsforhandlingane dersom det skal vere aktuelt for KrF å gåi regjering etter valet.

Abonner på:
Innlegg (Atom)