Om ei veke skal "alle" lokalsjukehusforkjemparane samlast til demonstrasjon framfor Stortinget. Eg skjønar at dei er frustrerte. Fordi dei ser for seg situasjonar der minutta tel. Dei veit kva dei har. Og dei kjempar for gode arbeidsplassar.
I kampen for lokalsjukehusa og beredskapen, så er det bilete av den gravide, eller den nyfødde som blir mest brukt. Fordi det rører oss mest. Og kanskje også fordi det har litt kvinnekamp i seg, og slik kan virke mobiliserande. Eg skjønar dette og.
Men korfor er det så lett å sjå mor og baby-biletet, og så vanskeleg å sjå mor og tenårings-biletet? Tenåringen som har fått rusproblem, og den fortvila mora som må konstatere at det ikkje er behandlingsplass?
Det skal ideelt ikkje vere motsetningar mellom dette. Men så lenge det ikkje er midlar til å prioitere begge deler, så er det det. Er fødeavdelinga viktigare enn rusposten? Rusposten på Eid står tom. Er det pengemangel eller anna som gjer det? Det er ikkje fordi det ikkje er trong for han, etter kva eg skjønar.
Eg er einig i at det er regjeringa som har ansvaret for sjukehusa våre, og at det er dei som no må avklare kva som må til for at eit lokalsjukehus skal kallast eit lokalsjukehus. Men viss vi må prioritere, så må vi ikkje gløyme den gruppa som ikkje så lett stiller i demonstrasjonstog. Det kan vere like tøft å vere mor til ein rusavhengig ungdom som mor i barsel.
28. november 2010
21. november 2010
Unge uføre skal redde landet
Regjeringa har visst planar om å kutte i uførepensjonen til unge uføre. 35 000,- kroner i året. Av ei inntekt på ca. 120 000,-. Og har vedkomande barn, så skal det kuttast i ekstrastønaden også med 23 000,-. Er det slik dei vil rydde ut fattigdomen?
Det kan vere ei utfordring for samfunnet viss trygdeytingane er så gode at folk ikkje har økonomiske gulrøtter for å kome ut i arbeidslivet. Men eg vil tru det er svært få som er på uføretrygd som ikkje kunne tenkt seg eit tilrettelagd arbeid. Men kva skjer då? Den samme regjeringa har kutta i støtte til tilrettelegging av denne typen arbeidsplassar.
No er dette ein lekkasje av eit notat som NRK har fått tak i. Regjeringa bør fortast mogeleg tenkje seg om. Dei kan ikkje ta innsparingane hos dei som treng samfunnet sitt sikkerhetsnett mest. Det er uverdig.

16. november 2010
Nye nasjonale kulturbygg
Det skal byggast eit nytt, stort, flott og dyrt nasjonalt kulturbygg i Oslo! Det blir sikkert veldig bra.
I Gulen og Sogn og Fjordane skal vi også bygge eit flott nasjonalt kulturbygg! Det skal vise fram stolt historie om utviklinga av rettssamfunnet og demokratiet vårt. Det skal gje Gulatinget sin fortente plass på den nasjonale og internasjonale scene!
Eg har lurt på om alle pengane til eit nytt nasjonalmuseum i Oslo vil gjere det vansklegare å få staten med på å bygge på Gulatinget.
Men eg har kome fram til at det er tvert om. For korleis kan regjeringa forsvare eit nytt stort bygg i Oslo, viss dei ikkje samstundes har råd til eit bygg i Gulen som skal romme noko så viktig som demokratiet sin framvekst og framtid?

14. november 2010
E 39
VG har ei sak i dag om at E 39 gjennom Sogn og Fjordane er kåra til den verste vegen i landet. Saka er attgjeven på NRK. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7381215
Dette forundrar ikkje oss som køyrer denne stamvegen ofte. 2,5 mrd ligg inne til utbetring i inneværande transportplan, men det er berre halvparten av det som trengs.
Det er eit krav at E 39 gjennom Sogn og Fjordane får samme standard som vegen har i andre fylker. Både for oss som bur langs vegen og også for dei som nyttar han som den livsåra han er frå sør til nord på Vestlandet. Ein region med svært mykje verdiskaping, og varer som skal til og frå verksemder og marknad.
I lys av denne "kåringa" så vert samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa si klare avvising av å delta i ei samfunnspakke på Kystvegen sett i eit lite flatterande lys. Ho meiner at skal det kome statlege ekstramidlar til 45-minuttsregionen, så skal fylket sjølv seie at dei skal takast frå td. E 39. Dette går ikkje, Kleppa. Og det veit du!
Men eg hadde forventa at regjeringa, som seier dei har syn både for industriarbeidsplassar og distrikt, hadde vore villige til å sjå på ei statleg regionpakke som kopla desse to områda, og som saman med lokal innsats både med bompengar og fylkesløyvingar, kunne gje ei samferdsleløysing som ga framtidstru.
eller er det slik at den raudgrøne regjeringa ikkje har verktøy i verktøykassa? I så fall er det på tide å sleppe til andre.

10. november 2010
Er det forskjell på Liv Signe og Erna?
Til no har eg meint at det har vore stor skilnad på måten Erna Solberg (H) og Liv Signe Navarsete (Sp) har opptrådd på som kommunalministrar.
Særleg har retorikken vore ulik. Liv Signe forfektar lokalt sjølvstyre, snakkar om betre kommuneøkonomi og har mange "festtalar". Erna krevde effektivitet, samarbeid eller samanslåing.
Eg har vore ordførar under begge regima. Det er like vanskeleg å få pengane til å strekke til under dei raudgrøne som under Sentrum-Høgre. 2006 var eit "unntaks-år". Noverande regjering har kunne brukt økonomi som smurning i ei finanskrise. Sentrum-H måtte knipe att pengepungen for ikkje å sette næringslivet på spel i økonomiske tider med høg rente og krone. No ser vi at dei raudgrøne brukar same argumenta. Økonomien sine lover er ikkje forandra. Det berre ser anleis ut om ein er i posisjon eller opposisjon.
Og no har for syne meg Liv signe begynt med same retorikken om at dersom kommunane må kutte, så kan dei takke seg sjølve. For då har dei levd over evne. Den er for dryg!
Dei ulike statsrådane i regjeringa seier freidig at deira satsingar er lagt inn i ramma. Det er berre å ta dei lokale politikarane viss det ikkje blir utført. Endå til statsministeren seier det om pengar til den vedtekne avtalen om Verdighet i eldreomsorga. Endå ein soleklar del av avtalen mellom regjeringa og KrF/V var at det skulle følgje ekstra pengar med til kommunane.
Eg forventar at regjeringa er ærleg på kva dei har utstyrt kommunane med av pengar til å oppfylle alle lovnadane dei har gjort.

27. oktober 2010
SFO, Gud og FrP
Overskrifta tyder på ei "salig" røre. Og det er det.
Bente Thorsen, FrP, seier til Vårt Land at ho meiner det går på trusfridomen laust dersom kyrkja ikkje skal få drive trusopplæring i skulefritidsordninga (SFO). Det er lett å vere einig. Det er berre det at FrP stemte i si tid MOT heile trusopplæringsreforma, og fremma følgjande framlegg: "Dåpsopplæring skal ikke gjennomføres i skolens eller skolefritidsordningens åpningstid".
I tilleg fremma FrP foramlegg om å ta vekk adgangen til å ha konfirmasjonsundervisning i skulen sine lokaler, slik ein kan etter kyrkjelova §36.
I motsetning til FrP så ønskjer KrF trusopplæring av frivillige organisasjonar / kyrkja velkommen i SFO, på samme måte som vi ønskjer at andre frivillige lag og organisasjonar kan tilby aktivitetar i SFO. Dette er heller ikkje eit brot med gjeldande stortingsvedtak, sjølv om enkelte vil framstille det slik.
Men som vanleg; FrP seier noko, men har beviseleg stemt for noko anna. Kva meiner dei eigentleg?

22. oktober 2010
Verdig eldreomsorg
KrF og V forhandla fram eit forlik med regjeringspartia Ap, SV og Sp om ein "Verdighetsgaranti for eldreomsorga". Det var ein klar premiss i avtalen at kommunane skulle tilførast meir pengar til denne viktige oppgåva.
No har regjeringa svara: Verdighetsgarantien er innført, men det er ikkje med meir ekstrapengar enn den veksten som allereie er lagt inn i budsjettet. For Gulen kommune sitt vedkommande er dette ein vekst på 1,8%, noko som er langt mindre enn løns- og prisvekst, og som derfor betyr kutt.
Dette er LOVNADSBROT frå regjeringa. Noko som også vert sagt frå tidlegare helseminister Bjarne Håkon Hansen som var med og forhandla fram avtalen.
Det er ulike meiningar om kva som er ei verdig eldreomsorg. Her i Gulen er det mange som meiner det er uverdig å flytte folk frå heimane sine, eller bu- og omsorgssentra, når det treng så mykje tilsyn at det også krev nattevakt.
Det er ei sterk oppfatning av at bu- og omsorgssentra er eit heildøgns omsorgstilbod, som ein gammaldags aldersheim, eller ei lettare form for sjukeheim. Slik er det ikkje. Ei leilighet på bu- og omsorgssenter er å sjå på som eigen bustad. Og dei hjelpetenestene ein får der skal det vere vedtak på, nett som om ein bur i "heimehuset". Kva er då vitsen med å flytte på omsorgssenteret, spør nokre. Det kan vere at ein får naboar, og at ein lettare kan delta på sosiale tilstelningar. Men kanskje aller mest at ein får ei tilrettlagt leilighet, med alt på eit golv. For kommunen er det også ein gevinst i at folk som treng relativt mykje besøk frå heimesjukepleia bur litt samla og sentralt. Slik sett er bu- og omsorgssentra til glede både for tenesteytar og mottakar.
Men det betyr ikkje at den som vel å bu i heimen sin skal få mindre tenester av kommunen. Dei har sine rettar etter lova, nett som andre. Eg er derfor litt undrande over organisasjonar og enkeltmenneske sitt sterke engasjement for nattevakt på omsorgssentra og likesæla deira til andre brukarar sine behov. Det er nemleg ikkje alltid slik at dei som til ei kvar tid bur på omsorgssentra er mest omsorgstrengande.
Eg meiner derfor at kommunen må prøve å finne ei form for "nattpatrulje" som kan reise innom til dei som etter fagleg vurdering treng tilsyn på natt, og som ikkje får plass på sjukeheimen. Det vil vere ei ordning som gjev likebehandling, og som vil skape tryggleik for fleire. Og eg trur også det må imøtekome kravet til verdig eldreomsorg også frå dei som hevdar kommunen ikkje har det pr i dag. Det er i alle fall ikkje "verdig" å tilby ulike tenester til innbyggarane, alt etter om dei har fått leige omsorgsbustad eller ikkje.
Også nattpatrulje, eller ambulerande nattevakt, vil koste pengar. KrF har bede om (og fått kommunestyret med på) å få det utgreidd til budsjetthandsaminga. Eg håpar vi finn plass til det i budsjettet. Men eg er på ingen måte sikker. Det hadde i alle fall vore enklare viss Sp, SV og Ap-regjeringa holdt heile avtalen og kom med pengane som skulle til.

Abonner på:
Innlegg (Atom)