Har du lese denne flotte og grusomme boka til Gert Nygårdshaug? Eg kom til å tenkje på den, då eg las om at oljefondet vårt er med og finansierer oljeleiting gjennom eigarandelar (2,27%) hos Soco olje- og gasselskap i Kongo. Leitinga skjer i eit verdsarvområde, og Kongo sine lover forbyr oljeutvinning i verna område. Virunga nasjonalpark er Afrikas eldste nasjonalpark og har vore på Unesco si liste over trua verdsarvområde sidan 1994. Mellom anna er dette leveområdet til ein utryddingstruga fjellgorilla.
Det må vere eit krav at Norge nyttar eigarskapen sin til å stoppe Soco. Viss ikje det let seg gjere, så må det vere eit krav at Norge trekker oljefondet ut av selskapet. Vi kan ikkje lukke augo for korleis pengane i pensjonsfondet vårt vert brukt. Einar Steensnæs (tidlegare olje- og energiminister for KrF) og tidl Unesco-styremedlem, er tindrande klar på uttrekking. (VL 23/5)
Idealistane i Mengele Zoo opptrådde som terroristar. Likevel var det vanskeleg å lese boka utan å få forståing for dei.
27. mai 2012
14. april 2012
Benjamin Bjørklund
Benjamin Bjørklund var ikkje politikar. Heller ikkje ein kjend bygdeprofil. Han var ein vanleg arbeidar som arbeidde med å sette opp pålar og henge opp straumleidningar. I tillegg budde han i ei veglaus lita bygd. Men han lærde meg ei svært god lekse og var med å forme meg politisk.
Som heilt fersk kommunepolitikar, så vart eg sett på prøve i ei sak der spørsmålet var om kommunen skulle selje kraftverket vårt. Med langt linjenett i ein stor og spreiddbygd kommune (tiande mest spreiddbygd i landet), vart det alvorleg då staten ikkje lenger ville ha ein eigen post på statsbudsjettet med tilskot til utbetring av straumlinjer. Eg meinte då, som no, at det var rett å finne ein stor og sterk samarbeidspart.
På «fusjonsfesten» møtte eg Benjamin. Ein høgreist og sindig eldre mann. Ikkje eit vondt ord sa han om at tidlegare arbeidsplass vart selt, eller til det valet kommunestyret hadde gjort. Men i talen sin sa han noko som har følgd meg, og som eg stadig tenkjer på, snart 30 år etter.
Han fortalde om då straumen kom til Gulen og at dei bygde ut linjenettet. Han fortalde om at han var med å bygge linjer på Dalsøyra om dagen. Om kvelden for han heimatt til veglause Vikane på andre sida av fjorden. Han såg lysa på Dalsøyra, og tenkte at elektrisitet nok aldri ville bli bygt ut til hans vesle bygd. Men jau, allereie året etter hadde dei straum også i Vikane. Det var stort. Og han stilte det retoriske spørsmålet; Ville det skjedd i dag? I eit langt rikare land. Er viljen til å gje alle like tilbod på det ein må kunne kalle basistenester, like stor? Eller er vi meir opptekne av eiga lommebok, mindre skatt og at pengane skal brukast der «dei fleste» bur?
Benjamin Bjørklund hadde rett. I dag vert det sett på som galskap å ordne vegen til Otterdalen i Horningdal på ein måte som gjer han rassikker. Vegen rasa ut då Dagmar-uveret vitja oss i jula. Sameleis vil rasikring til den mest rasutsette bygda (etter objektive kriteriar) prioriterast ned til fordel for meir folkerike.
FrP sin fylkesleiar var tidleg ute og ville tilby folk pengar for å kunne flytte frå heimane sine. Slik ville dei løyse problemet. Dei som ikkje ville flytte hadde sjølv valt å bu ein plass der samfunnet ikkje skulle stille opp. Ikkje så ulikt tidlegare FrP-forslag om at kjeltringar skal sendast til Svalbard og at asylmottaka skal etablerast i Afrika.
Fylkesrådmannen vår, som elles er ein svært dyktig mann, uttaler at dersom vi brukar rassikringsmidlar på ei så lita bygd, så øydelegg vi omdømet vårt og risikerer å få mindre pengar til rassikring. «– Det vil vere lita eller inga forståing i storsamfunnet for å bruke store summar på rassikring i område med lite busetjing»
Det kan hende fylkesrådmannen si vurdering er riktig. Kan hende treff FrP tidsånda betre enn meg. Men det betyr ikkje at dei har rett. Eg lærte noko av Benjamin Bjørklund. Eg meiner Norge har råd til å føre fram straum, breidband og (trygg) veg til alle. Og eg kjenner på eit ansvar for å finne dei gode løysingane for at folk skal få halde fram å bu i bygda si. Og at ein skattebetalar i Vikane skal ha same rett til lys som han på andre sida av fjorden.
26. mars 2012
Salmesong og bibelkunnskap
Tru er utfordrande. I ei tid der vi kan snakke ope om det meste, servere intime sex-detaljar i TV-ruta, vere opne og verdsvande på dei fleste område, så er altså trua vår det som provoserer.
Mange gjev uttrykk for at tru og religion er OK, men at det er privat og at det derfor ikkje skal vere i det offentlege rom. Eg hadde ein twitter-diskusjon med ei som ville ha forbod mot at kristne elevar fekk ha samlingar på skulen – i friminutta. Det kunne vere å tvinge på hennar born noko dei ikkje ville høyre om. Ho er ikkje åleine. Vi har tidlegare høyrt om både skuleeigarar og rektorar som har prøvt å hindre frivillige skuleandaktar.
For ei tid tilbake heldt ein etat i Oslo på å vedta forbod mot religiøse samlingar / forkynnande verksemd i det offentlege rom i hovudstaden vår. Vakne politikarar hanka inn att saka.
I England går det for tida ei rettssak mot to tilsette som er oppsagde fordi dei brukar kross-smykke attåt uniforma til arbeidsgjevar. I Frankrike har dei vedteke forbod mot religiøse plagg / uttrykk i skulane.
Og i Norge vart det sak i eit kommunestyre at ein ikkje skal synge nasjonalsalmen av omsyn for dei som ikkje trur. Løysinga vart visst, demokratisk avgjort, at ein skal synge salmen før møtet vert sett, slik at dei som ikkje vil vere med på det kan stå på gangen til dei andre har sunge frå seg.
Mykje av argumentasjonen som vert ført i marka av dei som vil fjerne alt «som luktar kristenmanns blod», vert kopla til at vi må vise solidaritet og respekt for våre nye landsmenn. Dette er å misbruke mange av innflyttarane våre. For det første så er mange av dei kristne, og syns vi oppfører oss rart i forhold til korleis vi lever ut trua vår. Mange av dei som er muslimar har stor forståing for at vi som enkeltmenneske og kollektiv dyrkar ein religion. Faktisk så sa ein søndagsskuleleiar til meg på eit lyttemøte KrF hadde med kristne organisasjonar, at dei opplevde at mange muslimske familiar sendte borna sine til søndagsskulen, fordi dei formidla verdiar som også muslimane sto for.
Forkynning eller tru skal ikkje tvingast på folk. Vi skal ha respekt for andre sine val. Men eg ventar faktisk den same respekten og toleransen tilbake. Det må ikkje bli slik at det skal vere ulovleg for td Frelsesarmeen å stå på gata og synge, eller at unge i storefri på skulen, samlast for å dele eit Gudsord. For kristne er det ein viktig del av trua å dele ho med andre.
Det er lenge sidan skulen hadde ansvaret for å drive trusopplæring. Det er det kyrkja som har. Ei av dei største sakene til kyrkje- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland var å få vedteke reforma om trusopplæring og å begynne å legge pengar inn i ordninga. Det er lagt inn pengar etterpå også. Rett nok med det kunstgrepet å ta det frå andre løyvingar til kyrkja. Så kyrkja totalt sett er status quo, økonomisk sett.
Men det trengst mykje meir dersom målet Stortinget har sett for trusopplæring til alle døypte mellom 0 og 18 år skal nåast.
Eg trur svært mange foreldre eigentleg saknar at borna får lære meir bibelsoge. Trygge på eiga tru og kulturbakgrunn, blir vi tryggare i møte med andre kulturar. Dei foreldre som har døypt borna sine har lova å gje dei denne opplæringa. Kyrkja må bli sett i stand til å utføre oppdraget. Og staten må ikkje legge hindringar i vegen for at folk får vere heile menneske. Det inneber også å gje rom for tru og trusutfalding.

4. mars 2012
Kva med kvinna sin rett til ein god samtale først?
Regjeringa legg eit stort engasjement i å kreve at fastlegane skal tilvise til abort, sjølv om det er mot legen sitt samvit. Og faktisk i mot den hippokratiske lege-eiden også. Bry deg ikkje om samvit eller etikk, gjer som staten vil eller skift jobb, seier helseminister Anne Grete Strøm Eriksen (Ap).
Eg skulle ønskje at regjeringa la like stort trøkk på kreavet om at alle gravide har krav på ein god samtale med helsepersonell før ein abort. Etter kva eg får hlyre, så er det mykje som manglar på det. "Samtalen" går stort sett ut på å fylle ut papir. Og kva er legen fri til å seie, utan at det blir stilt spørsmål ved om dei overprøver kvinna sine rettar??
Det er i alle fall sikkert at fleire som veit at dei ventar barn med alvorleg sjukdom, får direkte råd om å ta abort. Det er lite støtte å få frå helsevesenet for eit anna val. Ei mor fortalde nett om sine opplevingar på verdidebatt i Vårt Land. Ho vart ved kvart høve fortalt at abort var det beste valet.
Er det blitt slik at å velje abort er det normale? At foreldre som ønskjer velkomen eit barn med sjukdom nesten blir uglesett av dei som skal vere der for å hjelpe?
Det må bli nokon krav til den gode samtalen før ein eventuell abort. Eg meiner at støtta til Amathea, som er god på dette, bør aukast. I tillegg til legane gjer jobben sin, og gjev kvinna dei rettane ho har!

1. november 2011
Lokale drosjer
I Høyanger er det som fleire av oss har frykta skulle skje, skjedd. Helse Førde har gjeve ein drosjeeigar anbudet på pasientkøyringa. Vedkomande er for gammal til å få vanleg persondrosjeløyve. Den som fekk det ordinære drosjeløyvet, har takka nei. Fordi det å drive drosje utan å ha pasientkøyring, ikkje gjev nok inntekter.
Viss ikkje Helse Førde og fylkeskommunen klarer å sjå drosjekøyringa som ein heilskap, som er der for å gje eit tilbod til folk i distrikta, så vert distrikta utan drosjar og særleg eldre mennesker (med tilrettelagt transport og serviceskyss) skadelidande.
Helse Førde seier at pasientskyss i Sogn og Fjordane er svært dyr (BT i okt.). Dei har pasientreiser ute på anbud. Korleis anbudsregimet kan fungere i eit så spreiddbygd og vidstrekt samfunn som SFj er, er ein annan og uforståeleg historie.
Men det er altså svært viktig for kommunane å behalde eit lokalt drosjetilbod. Det må ulike offentlege instansar ta eit ansvar for, enten dei er drivne som føretak eller direkte folkevald.

21. oktober 2011
Første møte i Helse Førde-styret
I dag har eg vore på første møtet mitt i styret til Helse Førde. Eg kjende meg både velkomen og inkludert. Det var med "frykt og beven" at eg sa ja til å gå inn i dette styret. For sjukehussaka i Sogn og Fjordane verkar for å få fram det verste i ein del folk. Kampen mellom lokalsjukehusa på Lærdal og Eid, mot sentralsjukehuset i Førde, er lang og vond. Styret i helseforetaket har gjort vanskelege kutt for å få økonomi til svært påkrevde tenester for folk i Sogn og Fjordane. Kvalitet har også vore eit stikkord. Nokre pasientgrupper, der Stortinget endå til har vedteke opptrapping, har hatt vanskeleg vekst i vårt fylke. Eg tenkjer særleg på barne- og ungdomspsykiatri og rusbehandling. Det er veldig lett å forstå og å få folkeleg engasjement rundt mor, fødsel og behovet for tryggleik rundt denne viktige hendinga i livet. Det er verre å få engasjement rundt barnet når det er blitt ungdom med rusproblem. Men den mora som som opplever det, har også krav på at samfunnet stiller opp for barnet hennes. Og det er langt fleire unge som døyr av rus og psykiatri enn fordi fødeavdelinga er litt lenger unna.
Men altså, det første møtet: Vi fekk omvisning og informasjon om patalogi-avdelinga. Det er ei avdeling som analyserer vevsprøvar. Det er ei livsviktig avdeling dersom eit sjukehus skal behandle kreft. Dei sjekkar endåtil prøvar medan pasienten ligg på operasjonsbordet. Dvs. at dersom prøvane viser sjukdom, så kan sjukt vev fjernast i same operasjonen. Viss folk i Sogn og Fjordane skal ha same tilbod som folk i andre fylke, og ha deler av kreftbehandlinga i nærleiken, så må ein altså ha ei oppegåande patalogiavdeling. Vi kunne kjøpt prøvesvar, men då ville tidsfaktoren blitt ein annan. Prisen ville blitt 6 mill i staden for 10 mill. (altså berre ei innsparing på 4 mill) Og Haukeland har ikkje kapasitet til prøvene våre. Det sa dei då avdelinga opna i 2006. Likevel opplever ein at både leiande politikarar og aksjonistar seier ein heller bør kutte patalogiavdelinga enn noko på lokalsjukehusa. Helse Førde-styret må sjå på heilskapen, kvaliteten og kva tilbod folk i Sogn og Fjordane skal ha innanfor spesialisthelsetenester. Det forventar eg faktisk at andre også skal gjere. Og spesielt dei som er valde til å vere ombod for folk, enten det er som ordførarar eller stortingsfolk.
Harry Mowatt sa til meg på sin tørre måte: Møtegodtgjerdsla for å stte i dette styret, Trude, er litt for jobben du gjer og det meste erstatning for tapt omdømme.
Vel... Eg skal prøve å gjere ein god og samvitsfull jobb for folk i heile fylket. Gode sjukehustenester er viktig for folk.

16. oktober 2011
Regjeringa vil framleis ha moms på frivillig arbeid
I valkampen 2009 var moms på frivillig arbeid ei stor sak. For KrF var og er det eit viktig prinsipp at staten ikkje skal tene på at folk engasjerer seg i frivillig arbeid. Frivillig arbeid er svært viktig for eit samfunn, og noko samfunnet bør oppfordre til. Derfor var og er KrF for momsfritak for frivillige organisasjonar, og vi har innført og ønskjer å vidareføre/auke ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar.
Regjeringa, Ap, SV og Sp, sa dei var for momsfritak for organisasjonar, men innførte det gjennom ei byråkratisk kompensasjonaordning som skulle byggast opp gjennom 5 år. Det skulle gje ca 1 mrd tilbake til frivillig arbeid frå 2014.
Men, og her kjem løftebrotet; i budsjettforslaget for 2012 så er det berre sett av 18,5 millionar til kompensasjonsordninga. Då blir det lenge til ein når målet om ein milliard!
Mitt råd er: Kutt kompensasjonsordninga. La frivillige organisasjonar få føreseielege rammer, og gjev dei reelt momsfritak. Dei er viktige for at samfunnet skal fungere. Dei bør ikkje skattleggast for å bruke fritid og pengar på fellesskapet vårt.
Vi har alle forståing for stramme budsjett i krisetider, men nettopp då er det viktig å ruste opp det frivillige arbeidet!

Abonner på:
Innlegg (Atom)