29. april 2013

Fleksiperm: 9 veker til 10 år

Berre lær deg ordet. KrF vil ha eit 9 vekers tillegg til eksisterande fødselspermisjon.
Desse vekene skal kunne brukast fleksibelt, fram til barnet er 10 år. Tenk deg alle dei vanskelege planleggingsdagane til barnehagane og skulane; her er løysinga. Far eller mor kan ta ut permisjon frå 9-vekers banken, og vere heime med borna den dagen. Eg kjenner mange foreldre som ønskjer dette velkomen. Eller kanskje familien sin krøkkete sommarferie kan bli betre, slik at faktisk heile familien kan få litt ferie i lag. Ofte må mor og far ta ferie ulikt, fordi 7-åringen har så lang sommarferie, mens mor og far berre har tre veker. Det er no kjekt å i alle fall få ei veke i lag :)
Forslaget har allereie hausta storm frå sosialistane. Men denne gongen kan dei ikkje klage på at det vil halde mor heime, sjølv om Trettebergstuen prøvde på det på P2. Dette tiltaket er klart kjønnsnøytralt. Og eg trur faktisk foreldre vil bruke det på den måten.
Så då er argumentet mot at det blir for dyrt. Det kostar 3 milliardar. Mykje pengar, men av eit statsbudsjett på 400 mrd...?
Kanskje er dette tvert om ei viktig investering, i born, i ekteskap, i familie..Ja kort sagt; i framtida!
Investering i ein god barndom er viktig, for barndommen varer heile livet!

16. april 2013

Skreddarsaum

Det er Fylkesting. Dagen starta med gode innspel og diskusjonar om verdiskaping i fylket. Gerd Slinning frå Kommunal- og Regionaldepartementet opna med å utfordre oss på handlingsrommet vårt. Og til å sjå lokale løysingar.

Og det har vi gjort i dag. Vi har nett gått inn eit samarbeid og spleiselag mellom private, kommune og fylke for å få bygd 4 km veg fram til 7 fastbuande på Tangenes i Solund. 3 av desse innbyggarane er skuleelevar og har krav på skuleskyss. Og skuleskyssen er det fylkeskommunen som er ansvarleg for. Vi tar kostnaden med skuleskyss (kr 180 000,- / år) og legg i potten i 10 år framover. Foreldra inngår avtale om å køyre borna sjølve. Verdi ca 1 mill. Kommunen bygger veg, og tar den økonomiske risikoen dersom det kjem andre som krev skuleskyss og må få det.

Dette er eit skuleeksempel på skreddarsaum, og på å prøve å få til noko. Nokre parti måtte gå ein ekstra-runde før dei vart einige med dette. Men det var eit samrøystes Fylkesting som gjorde vedaket!!

KrF har tidlegare, gjennom og med tilslutning frå fylkestinget, prøvt å få staten med på ei nesten tilsvarande ordning med å kunne konvertere bortebuarstipend til ungdom i vidaregåande skule over i skyss-rute. Noko som kunne gjort at elevar kunne sleppe å flytte på hybel. Men nei. Staten klarer ikkje å tenkje eller utføre skreddarsaum. KrF følgjer opp saka, og har ho i programmet sitt til neste stortingsperiode.

Dette viser styrken med lokale vedtak og eit handlingsrom til å finne tenlege løysingar. Eit godt argument for subsidiaritets-prinsippet. (For eit ord!!)

7. april 2013

Regjeringa styrkar dei store

Trass i mot det regjeringa seier i festtalar, så vil dei innanfor oppdrettsnæringa gjenomføre tiltak som styrkar dei store oppdrettarane på bekostning av dei mindre.
Vi såg det når dei behandla soneinndelinga. Og no når dei "grøne konsesjonane" skal delast ut, så skjer det samme igjen. (Forskrift for tildeling er på høyring) Rett nok med litt skilnad for Troms og Finnmark. Dei er på ein måte alibiet for distriktsperspektivet.
Litt rart i denne samanhengen, fordi det står om dei grøne konsesjonane at dei skal bidra til eit utviklingsarbeid som reduserer miljøskadene/belastningane. Då burde det logiske vere at desse konsesjonane vart gitt der det var størst poensiale for å redusere miljøbelastninga, og det er ikkje i Troms og Finnmark.

Boda på konsesjonane er venta å verte langt høgre enn utgangsprisen på 10 mill. Det vil gjere det svært krevande for små og mellomstore aktørar utanfor Troms og Finnmark (som har eigen "kvote") til å kjøpe seg opp. I Sogn og Fjordane er 55% av oppdrettsnæringa eigd av små og mellomstore aktørar. Regjeringa si løysing på tildeling vil motarbeide oppdrettsnæringa sin vekst i Sogn og Fjordane. Ordninga vil gjere det vnsklegare for dei drivarane som er lokalt eigde og som pløyer mest tilbake til lokalsamfunnet. Det vil igjen gjere at kystkommunane blir mindre entusiastiske til å sette av areal til oppdrettsnæringa.

10. mars 2013

Regjeringsspørsmålet

Det er stortingsval. Og som ofte før er det regjeringsspørsmålet som fangar merksemda, først i media og hos politiske nerdar, så hos folk flest. Men er regjeringsspørsmålet det viktigaste? Blir det ikkje heller litt fordummande, når dei to største partia eigentleg er samde om mykje. Dei dyrkar, særleg i valår, ein kamp mellom ulike ideologiar. Men ingen av dei vedkjenner seg ideologiane sine anna enn i festtalar. Likevel er det dette som får blitslyset på seg, som vert debattert og analysert.

Eg meiner det er grunn til å stille andre spørsmål. Kreve svar på spørsmål om liv og død. Spørje kva verdiar samfunnet vil legge til grunn.  Stortinget har diskutert surrogati og kva lover det skal rammast  inn av. Legg merke til at H og Ap er samde.  Eg er einig i at når barnet er født, så er det barnets beste som skal leggast til grunn. Men lovene må ta utgangspunkt i kva som er ønska situasjon og utvikling. Og det kan knapt kallast «barnets beste» å skape ein marknad for kjøp og sal av kropp og barn? Å lage born med fleire foreldre, der ein medvite skal hindre barnet å finne sine eigne røter?

Det er ironisk at den dagen Stortinget diskuterer korleis ein skal sikre surrogati-borna, må Nathan (7 år) forklare seg i Høgsterett om kor norsk han er. Nathan er fødd i Norge og har budd her heile livet. Foreldra søkte asyl, men fekk det ikkje. Dei kunne ikkje returnere pga tilstanden i Etiopia. Stortinget kunne ha tatt fram «barnets beste» i Nathan, og dei 4-500 andre «norske» asylborna, si sak. SV har rett nok fått krangla seg til ein gjennomgang, men det syner seg at utan endring av forskrift så vert det inga endring for desse borna. Bryr Stortinget seg om desse borna? Trist å sjå at Ap og H står saman og «høge og mørke» snakkar om presedensen dette kan gje i form av fleire innvandrarar.  Tenk om dei våga å sette «barnets beste» framfor andre og meir vikarierande argument. Eg trur diverre at omsynet til valet og FrP sin styrke på meiningsmålingane blir tillagt vekt for kvar både Ap og H legg lista i innvandringspolitikken.

For å vise den store usemja, prøver både H og Ap å piske opp debatten kring skattar og økonomisk politikk. Men også her er skilnadane små. H har lagt lista mykje lågare enn sist. Ja, dei er nesten begynt å likne eit sentrumsparti. Ap har gjort det same frå si side. Det samla skattetrykket som Bondevik II hadde, er blitt eit heilagt tal for dei raudgrøne. Utruleg godt gjort av Bondevik å finne det ultimate skattetrykket! Ikkje ein gong rundt formueskatten svingar det, for skilnaden er svært liten. Dei raudgrøne sin kakseskatt kan godt stå ved lag, så lenge botnfrådraget er høgt og ein finn ei løysing på skattlegging av såkalla arbeidande kapital. KrF sitt framlegg er veleigna som eit kompromiss.

Ei anna stor sak er samferdsle. Her er eit av dei områda eg ser at det er mogeleg å bli samd med FrP. For det er klokt å satse meir av oljepengane våre på infrastruktur. Det må sjåast på som investering for komande tider. Men Ap og H står nær kvarandre. Dei vil følgje handlingsregelen, og kjem nok til å følgje kvarandre ganske likt til døra med kronesum til vegsatsing. Eg skjønar ikkje kvifor det er betre å ha OPS-finansiering enn å langtidsbudsjettere med lån/pengar frå oljefondet, evt kombinert med innkrevjing av brukarbetaling.

Så; er det mogeleg å håpe på ein valkamp som handlar om verdiar? Om menneskeverd? Om tid til kvarandre? Det skal god rygg til å tåle rikdom. Ryggen må ha ein ryggmargrefleks. Refleks kjem når noko treff deg og gir ein umiddelbar reaksjon. Refleksen må haldast ved like. Det skjer ved å diskutere verdiar og skape haldningar bygt på nestekjærleik, forvaltaransvar og positivt menneskesyn.

24. februar 2013

Ope brev til utsendingane til Kyrkjemøtet

Eg er tilsett i kyrkja. Etter 12 år som ordførar valte eg vekk spanande jobbtilbod for å gå attende til arbeidet som kyrkjeverje. Fordi kyrkja er ein triveleg, krevjande og viktig arbeidsplass som kombinerer fleire av dei verdiane eg synest er viktig å ta vare på i samfunnet.

Derfor er eg utruleg skuffa over prosessen Kyrkjerådet har hatt rundt «refleksjonsnotatetet» og arbeidet med framtidig kyrkjeordning. Eg opplever arbeidet rundt dette som uredeleg, og  konklusjonane som vert trekte i saksutgreiinga, og lagt til grunn for vedtaket, som ei manipulering av det som er kome fram i «høyringsrunden».

Kyrkjerådet bestemte seg for å trekke dei tre modellane i «Bakkevig 3» om fellesrådsnivå, prostinivå eller bispedømenivå ut av refleksjonsdokumentet. Likevel tel dei opp svara som om dei hadde spurd om det. Fellesråda kjem svært godt ut i svara. Ja, faktisk 2/3 av svara seier at dei vil ha mellomnivået mellom sokn og Kyrkjemøtet på fellesråds- eller prostinivå.

Refleksjonsnotatet let sokneråd og fellesråd tru at svara dei ga skulle gå inn i ein prosess fram mot 2014, der ein skulle ha ei reell høyring som oppfølging av svara på refleksjonsnotatet. Det er også heilt naudsynt då dei ba sokneråda diskutere organisasjon utan å tenkje økonomi og rammer. Vel vitande om at struktur og økonomi er svært avhengige av kvarandre. Vidare sa refleksjonsnotatet at ein la til grunn tidlegare vedtak om felles arbeidsgjevarlinje. Det var derfor lite opning til å meine noko om det for respondentane.

 Korleis kan fleirtalet i Kyrkjerådet sjå vekk frå dei forutsetningane dei sjølve la for refleksjonsdokumentet, tolke svara slik dei gjer,  og råde Kyrkjemøtet til å vedta ei ordning som vil gje kyrkja framleis to verksemder og to arbeidsgjevarlinjer?

Dersom Kyrkjemøtet følgjer Kyrkjerådet si innstilling om å overføre arbeidsgjevaransvaret for  prestane til Kyrkjemøtet/Bispedøma, så har ein sett utviklingsarbeidet i kyrkja på vent. Ein har skusla vekk sjansen til å skape ein effektiv og framtidsretta organisasjon for Folkekyrkja for lang tid framover. Og ein har halde sokneråd og fellesråd, sine eigne folkevalde, for narr med å invitere inn i ein prosess som best kan kallast eit skinndemokrati. Eg håpar Kyrkjemøtet er meir klarsynte, og at det brukar tida til å finne fram til ein kyrkje-struktur som legg til rette for framtida. Kyrkja treng ein struktur som støttar opp om lokale prioriteringar, effektiv ressursbruk og samarbeid. Kort sagt ei organisering som fremmar visjonen om at flest mogeleg skal bli kjende med Jesus og som bygger opp under heilskaplege løysingar.

 

 

21. februar 2013

Færrast mogleg 16-åringar på hybel


Årsmøtet til Gulen KrF meiner det er svært viktig å legge opp til ein skulestruktur for vidaregåande skular som gjer at færrast mogeleg 16-åringa MÅ flytte på hybel.Gulen KrF krev at Hordalandsavtalen blir halden oppe og heller utvida enn nedbygt. Vi støttar også ei vidare utvikling av Dale vgs med IB-linje i samarbeid med UWC

Nærleik til vgs betyr mykje for ungdomane, heimane og for lokalsamfunnet. For lokalsamfunnet betyr det mykje inn i mot frivillig arbeid og kulturliv, men også for busetting. Det er mange som ikkje vil velje å busette seg i ein kommune / bygd der borna må flytte vekk for å gå på vidaregåande.

Innsparingar knytt til Hordalandsavtalen er i stor grad knytt til båtskyss. Dersom ruta mellom Solund og Gulen blir borte, vil det i tillegg råke eit næringsliv i sterk utvikling og felles bu- og arbeidsområde hardt.

Det er viktig å legge til rette for pendlarruter til vidaregåande skular. Og for dei som må flytte på hybel, må det opprettast ruter som gjer at elevane kan reise heimanfrå måndag morgon i staden for tidleg søndag ettermiddag. Td. vil dette gjelde frå Oppedal eller Rutledal og til Dale.

 

31. januar 2013

Ny i Norge-ei utfordring

Dette er ei kvardagshistorie. Eg jobbar i kyrkja, og vi har tilsett ny organist. Han er frå Ungarn. Eit EØS-land, og då skal jo alt vere enkelt.
Tirsdag henta eg organisten på Flesland. Veldig kjekt. Eg hadde tidlegare trudd at vi kunne svippe innom SkattVest i Bergen samme dag for registrering, slik at han kunne få personnummer. Det treng han for å få løn, for å opprette bankkonto. Ja, stort sett alt i det norske samfunnet treng du personnummer for.
Men nei, så enkelt er det ikkje. Først må han på det lokale politikontoret for ei registrering. Så vi reiser heim til Gulen. Heldigvis er det enno politikontor (tre dagar i veka) i Gulen. Og ho vi møter der hjelper oss på ein svært god måte. Ho har god kompetanse. Men staten har funne ut at det er for dårleg kompetanse på folkeregisterkontora deira, så dei har sentralisert personnummer-tildeling til nokre få kontor. For organisten vår betyr det ein tur til Førde eller Bergen. Det bli Bergen, for han har ikkje bil endå, og for kollektivreisandet høver båten til Bergen best. Men med å gjere dette har staten pålagt vår "nye landsmann" ei utgift på kr.640,- i transport og ein heil arbeidsdag. Det kunne han spart viss han kunne tatt dette besøket før politiet, eller politiet hadde samlokalisert litt kompetanse på dei skattekontora der dei skal tilby personnummer-tenester.
Eg som arbeidsgjevar, må bruke mykje tid på å hjelpe gjennom systemet. Og eg blir kjempefrustrert over ei "enkel" nettside som skal fortelje meg det eg treng å vite. Eg er ikkje spesielt dum, men syns det er vanskeleg å finne ut av dette. Endå meir frustrert blir eg av å vite at kompetansen sitt på nabokontoret. Men bak låst dør. For SkattVest har i sin visdom bestemt at ho ikkje får hjelpe folk, ikkje ein gong svare på spørsmål!!! Eg ringer. Dama som svarer sitt i Kristiansand, og lurer på om Gulen ligg i Trøndelag. Greit nok. Når eg får fortalt at det er Bergen eller Førde som gjeld, så rettleier ho på ein fin måte om kva organisten treng å ta med av papir for å møte kontoret.
Punkt 1. Norge har bruk for både arbeidskraft og innbyggarar. Staten bør ta dette ansvaret. No sentraliserer og effektiviserer dei, og puttar ansvar og kostnader over på privatpersonar, næringsliv og kommunar.
Punkt 2. Alle kommunar har service-kontor. Staten bør opprette ei heil stilling i alle kommunar der dei har "effektivisert" seg vekk, som kan vere ein service-hjelpar inn i systemet. Det hadde vore godt for mange, ikkje berre nye innvandrarar.

Vel. I morgon reiser organisten til Bergen. Det går ikkje å bestille time på SkattVest, så eg håpar saka hans blir behandla så han når båten heimatt. Og så håpar eg at det går fort å få personnummer, slik at han kan få lønna si og kome i gang på ein grei måte som ein velkomen arbeidstakar i Norge.