26. mars 2012

Salmesong og bibelkunnskap

Tru er utfordrande. I ei tid der vi kan snakke ope om det meste, servere intime sex-detaljar i TV-ruta, vere opne og verdsvande på dei fleste område, så er altså trua vår det som provoserer.
Mange gjev uttrykk for at tru og religion er OK, men at det er privat og at det derfor ikkje skal vere i det offentlege rom. Eg hadde ein twitter-diskusjon med ei som ville ha forbod mot at kristne elevar fekk ha samlingar på skulen – i friminutta. Det kunne vere å tvinge på hennar born noko dei ikkje ville høyre om. Ho er ikkje åleine. Vi har tidlegare høyrt om både skuleeigarar og rektorar som har prøvt å hindre frivillige skuleandaktar.
For ei tid tilbake heldt ein etat i Oslo på å vedta forbod mot religiøse samlingar / forkynnande verksemd i det offentlege rom i hovudstaden vår. Vakne politikarar hanka inn att saka.
I England går det for tida ei rettssak mot to tilsette som er oppsagde fordi dei brukar kross-smykke attåt uniforma til arbeidsgjevar. I Frankrike har dei vedteke forbod mot religiøse plagg / uttrykk i skulane.
Og i Norge vart det sak i eit kommunestyre at ein ikkje skal synge nasjonalsalmen av omsyn for dei som ikkje trur. Løysinga vart visst, demokratisk avgjort, at ein skal synge salmen før møtet vert sett, slik at dei som ikkje vil vere med på det kan stå på gangen til dei andre har sunge frå seg.
Mykje av argumentasjonen som vert ført i marka av dei som vil fjerne alt «som luktar kristenmanns blod», vert kopla til at vi må vise solidaritet og respekt for våre nye landsmenn. Dette er å misbruke mange av innflyttarane våre. For det første så er mange av dei kristne, og syns vi oppfører oss rart i forhold til korleis vi lever ut trua vår. Mange av dei som er muslimar har stor forståing for at vi som enkeltmenneske og kollektiv dyrkar ein religion. Faktisk så sa ein søndagsskuleleiar til meg på eit lyttemøte KrF hadde med kristne organisasjonar, at dei opplevde at mange muslimske familiar sendte borna sine til søndagsskulen, fordi dei formidla verdiar som også muslimane sto for.
Forkynning eller tru skal ikkje tvingast på folk. Vi skal ha respekt for andre sine val. Men eg ventar faktisk den same respekten og toleransen tilbake. Det må ikkje bli slik at det skal vere ulovleg for td Frelsesarmeen å stå på gata og synge, eller at unge i storefri på skulen,  samlast for å dele eit Gudsord. For kristne er det ein viktig del av trua å dele ho med andre.
Det er lenge sidan skulen hadde ansvaret for å drive trusopplæring. Det er det kyrkja som har. Ei av dei største sakene til kyrkje- og kulturminister Valgerd Svarstad Haugland var å få vedteke reforma om trusopplæring og å begynne å legge pengar inn i ordninga. Det er lagt inn pengar etterpå også. Rett nok med det kunstgrepet å ta det frå andre løyvingar til kyrkja. Så kyrkja totalt sett er status quo, økonomisk sett.
Men det trengst mykje meir dersom målet Stortinget har sett for trusopplæring til alle døypte mellom 0 og 18 år skal nåast.
Eg trur svært mange foreldre eigentleg saknar at borna får lære meir bibelsoge. Trygge på eiga tru og kulturbakgrunn, blir vi tryggare i møte med andre kulturar. Dei foreldre som har døypt borna sine har lova å gje dei denne opplæringa. Kyrkja må bli sett i stand til å utføre oppdraget. Og staten må ikkje legge hindringar i vegen for at folk får vere heile menneske. Det inneber også å gje rom for tru og trusutfalding.






4. mars 2012

Kva med kvinna sin rett til ein god samtale først?

Regjeringa legg eit stort engasjement i å kreve at fastlegane skal tilvise til abort, sjølv om det er mot legen sitt samvit. Og faktisk i mot den hippokratiske lege-eiden også. Bry deg ikkje om samvit eller etikk, gjer som staten vil eller skift jobb, seier helseminister Anne Grete Strøm Eriksen (Ap).
Eg skulle ønskje at regjeringa la like stort trøkk på kreavet om at alle gravide har krav på ein god samtale med helsepersonell før ein abort. Etter kva eg får hlyre, så er det mykje som manglar på det. "Samtalen" går stort sett ut på å fylle ut papir. Og kva er legen fri til å seie, utan at det blir stilt spørsmål ved om dei overprøver kvinna sine rettar??
Det er i alle fall sikkert at fleire som veit at dei ventar barn med alvorleg sjukdom, får direkte råd om å ta abort. Det er lite støtte å få frå helsevesenet for eit anna val. Ei mor fortalde nett om sine opplevingar på verdidebatt i Vårt Land. Ho vart ved kvart høve fortalt at abort var det beste valet.
Er det blitt slik at å velje abort er det normale? At foreldre som ønskjer velkomen eit barn med sjukdom nesten blir uglesett av dei som skal vere der for å hjelpe?
Det må bli nokon krav til den gode samtalen før ein eventuell abort. Eg meiner at støtta til Amathea, som er god på dette, bør aukast. I tillegg til legane gjer jobben sin, og gjev kvinna dei rettane ho har!