11. november 2012

Hybel-problematikk

På sist møte i Fylkesutvalet vart eg ganske fasinert, eller kanskje irritert er eit rettare ord, over kor godt alle visste at det å bu på hybel ikkje er eit problem. Felles for alle dei som sa det, var at dei alle bur slik til at dei har skular i nærleiken av heimen. Det er derfor grunn til å tru at dei ikkje har opplevd hybellivet, korkje som 15-16 åring eller som foreldre til ein. Ein annan ting som var felles var at dei tilhøyrde dei raudgrøne partia.

Grunnen til at hybelliv vart tema var skulebruksplanen og KrF sitt framlegg om at dersom fagvalet til ein elev gjorde at han måtte bu meir enn to timar unna heimen, og tilsvarande fag fanst nærare, men på skule i eit anna fylke, så skulle eleven ha rett til å gå der.

Eg trur ikkje dette ville gjelde så mange, men nettopp derfor hadde det vore greit å fått det greia ut. For dersom kostnaden med det er overkomeleg, så er det i alle fall ingen grunn til at ein ikkje skulle gå for eit slikt forslag. ALLE var jo einige om at skulen var til for eleven og ikkje omvendt.
Kan hende misforsto dei forslaget, og trudde at med ny Kvivsveg, så ville heile Nordfjord gå i Volda. Men kva linje er det som ikkje finst i Nordfjord som dei har i Volda? Og sett at den linja berre var i Dale eller Årdal. Ville ein då vore like avvisande.
Eg håpar foreldra merkar seg dette. Det er nokon heilt anna å ha ungdomen på hybel 2 timar unna mot 4 timar unna. Med opp til 2 timar er det mogeleg for ungdomen å kome heim midt i veka dersom han framleis vil vere med på fotballaget eller i korpset. Og med 2 timar reiseveg er det også overkomeleg for foreldra å reise på besøk, enten det er sjukdom eller anna som kjem på. Å få vere med på foreldremøter eller elev-framsyningar td.

KrF vil ta opp att dette forslaget. Minuset er at det då ikkje vil vere utgreidd. Men for dei det gjeld er det eit viktig forslag, og vi skal tale deira sak.
Og for ordens skuld; forslaget vårt fekk støtte av H, FrP og V :)