31. januar 2014

Ferje-galskap

Ferjesambandet over Fensfjorden mellom Leirvåg-Sløvåg er så ustabilt at det er vanskeleg å stole på at ein kjem over når ein skal. Eg har sjølv val det vekk til fordel for ein litt lenger tur over Romarheim når det er viktige møter eller anna som eg må nå. Det er ille når ein ikkje kan stole på at viktige kollektiv-ordningar og samband ikkje går som dei skal.
Det er Hordaland fylkeskommune som er ansvarleg for ferjestrekninga. Dei har ordna samferdsla si gjennom ein konstruksjon kalla "Skyss". Ferjestrekninga var ute på anbod, og Norled vann anbodet. Allereie då engasjerte politikarar i Gulen seg, fordi anbodet ikkje sette krav til nyare ferjemateriell, ma heller ikkje krav til universell utforming, slik kravet vart sett same året (men utan tilbakeverkande kraft til anbod som nett var lagt ut..) Vi kjende jo godt til ferja Melderskin og andre gamle ferjer Norled har bruka i sambandet.
I haust tok eg opp saka i fylkesutvalet i Sogn og Fjordane, for det hadde vore mange dagar med stogg i ferjedrifta. Svaret var at tal stopp var innanfor det som ein måtte tåle innanfor anbodet. (Svaret var frå Hordaland fylkeskommune)
I går skreiv avisa Nordhordland om sambande på nytt. Det viser seg at ferja i snitt er innstilt kortare og lengre tid KVAR TREDJE DAG. http://www.nordhordland.no/nyhende/article7132752.ece
Alle må skjøne kor øydeleggande dette er for næringsliv og andre som er avhengig av ferja!

No må det bli slutt på ansvarsfråskrivinga i Hordaland fylkeskommune, Skyss og Norled. Ja. Eg tek med Norled også, for dei vann anbodet med gammalt utstyr, medan dei snakka om å sette inn nyare. Om dei ikkje har eit formelt ansvar, så har dei i alle fall eit moralsk. Men først og fremst; det er Hordaland fylkeskommune som har ansvar, og som sitt med nøkkelen for å ordne opp i saka!

25. januar 2014

Klappjakt på anleis-tenkjande

Det er aldri pent å sjå på når majoriteten taktfast og med harde ord og uttrykk dømer dei få "nord og ned". Samfunnet vårt som liksom har toleranse som ein dyd, meiner ingen ting med det ordet. Toleranse gjeld deg berre når du er einig med fleirtalet.
Dette er aktualisert av "reservasjons-legane". Desse som ut frå overbevisning, og for enkelte tru, ikkje vil tilvise til abort. "Det er greit at dei meiner det, men dei får slutte å jobbe som fastlege", er kravet. Og regjeringa sender på høyring eit regelverk som skal gjere spørsmålet om jobb eller ikkje til ei lokalpolitisk valkampsak. Korleis er retten gjennom diverse arbeidmiljølover for desse arbeidstakarane? Spente 4. kvart år på om den faste tilsettinga gjeld??
Er det gammalt og oppsamla hat mot tidlegare tiders moral og dei som sto i spissen for den, som gjev så sterk styrke? Mange ser på saka om reservasjon som ein omkamp om abort-lova. Ikkje ein gong dei ivrigaste abort-motstandarane meiner det.
Men det er klart at det er ugreit at nokon meiner abort er å ta liv. Og vi vil ikkje ha den typen sprøsmål. At nokon skal ha samvit som ikkje er stemt etter stortingsfleirtalet sine lover, er plagsomt.

Vi som meiner samfunnet må strekke seg langt for å gje menneske høve til å opptre i samsvar med samvitet, er sjølvsagt redde for at det veldige engasjementet i denne saka også skal bli gjeldande på andre område. Kva med reservasjonsretten sjukepleiarar og legar har når det gjeld sjølve abortinngrepet? Prinsippielle skilnader er det knapt. Eller kva viss samfunnet ein gong vedtek dødshjelp?

Eg er redd samfunnet er taparen dersom vi ikkje finn løysingar som tek alle grupper ivare, også dei som av ulike grunnar reserverer seg.

22. januar 2014

Alt er dyrt for den som er utan pengar

Følgjande er saksa frå NRK sogn og Fjordane si nettesida, frå besøket til Landbruksminister Sylvi Listhaug (FrP) sitt besøk i Sogn og Fjordane:

"Ferske tal viser at den norske maten ikkje er kostbar i høve inntektsnivået i Norge. I berre to europeiske land er maten billegare i høve gjennomsnittsinntekta.
Listhaug meiner likevel at dei norske matvareprisane må ned.
– For dei som ikkje har så god råd er maten dyr. Det er difor viktig å ha fokus på kostnadsnivået på matvarene.
– Men statistikk viser at den norske maten ikkje er dyr?
– Lønningane i Norge er forskjellige og dei som har låge inntekter opplever at maten er dyr, held ministeren fast."

At maten er dyr for dei som ikkje har pengar er sjølvsagt sant. Alt er dyrt for den som har lite pengar. Men betyr det at regjeringa skal planstyre kostnaden på alle varer og tenester?
Og blir maten, som det her er snakk om, billegare til forbrukar om statlege subsidiar fell bort, om landbrukssamvirket forsvinn og om mindre bruk vert lagde ned?

Det siste kan kanskje tale for det, forutsett at vi ikkje skal ha aktivt landbruk i heile landet. At maten ikkje først og fremst skal vere produsert på lokale råvarer, men med importert for. Men korleis skal matberedskap og matvaretryggleik haldast oppe i eit slikt perspektiv?

Det er greitt at FrP (og Høgre) har si ideologiske tilnærming på landbruket. Men eg forventar at dei legg like mykje vekt på kunnskap om næringa og om samanhengar. Matproduksjon er biologi, ikkje ei kva som helst slags produksjon eller næring.
I tillegg så må dei hugse at åleine så har dei ikkje fleirtal i Stortinget!

15. januar 2014

Fylkesordførar-flause

Sveinung Rotevatn har rett. Det er ikkje greit at fylkesordførar Åshild Kjelsnes, når ho presenterer fylket sitt syn på kvar E39 skal gå, spekulerer på at det kunne blitt eit anna resultat om ein hadde venta til etter nokre parti-årsmøte.

Eg forventar, uansett kva eins eige parti meiner, at når saka er klubba så skal fylkesordføraren lojalt fremje og arbeide for fleirtalet sitt syn. Det er faktisk jobben, og slik det fungerer i eit demokrati.

Eg tar forbehold om at eg ikkje fekk med meg heile føredraget, og bygger dette innlegget på det eg har lese / høyrt i media.

8. januar 2014

Kor dum har ein lov å vere i demokratiets namn? (E16-trasse)

Denne jakta på Liv Signe Navarsete er ute av proporsjonar. Kor tid vart det gale av ein politikar å kjempe for ei politisk løysing? Og er det meir gale å gjere det når saka gjeld heimfylket eller kommunen ein kjem frå? Nei, sjølvsagt ikkje.
Ein annan ting er når ein er ugild etter forvaltningslova. Men det er ho jo ikkje. Alternativet der E16-trasseen skulle gå over eigedomen til mannen var jo ute. Det sto mellom kort og lang tunnell, og ingen av desse var på Navarsete / ektemannen sin eigedom.
Media hausar opp saka, endå dei bør vite betre om dei kan å lese "innanboks". Stortingspolitikarar følgjer opp. Trist å sjå populismen bløme så ukritisk.
Og på sosiale medier er kommentarane og "likes"a føreseielege, alt etter politisk farge og sympati.
Nokre, endåtil politikarar, uttalar seg som om det er gale å meine noko anna enn det fagfolka har meint. Då må ein verkeleg lure: Kva er då behovet for å ha politikarar??

Det einaste ukloke Liv Signe Navarsete gjer i denne saka, er å la ryggmargsrefleksen reagere med å spørje kven som har referert frå interne regjerings-samtalar..

5. januar 2014

inkonsekvens

Buddistiske munkar skjer ut små figurer av elfenbein. Råvara elfenbein kjem frå tjuvjakt på elefantar. Ei jakt som trugar dyrearta. Buddistane skal ha respekt for alt liv.

Melk er "dyrt". Og sjølv om mat er viktig , og norsk mat er sunn, så blir det "dyrt" å produsere i høgkost-land. Men dersom bonden lagar mikrobryggeri eller vil sekje sider, så er det "svære" greier! Sjølv om denne drykken ikkje har like god helse-effekt.

I Norge utvinn vi olje. Masse olje. Og vi leitar etter fleire felt med olje, for å ta opp og forbrenne. Endå vi veit at dette medfører klimatiske forhold som drep. Som legg øygrupper under vatn, skaper svolt og flyktningar. Vi seier vi ikkje har råd til å la oljen bli liggande.

Dette er noko av det eg tenkjer på inn i det nye året.