30. mars 2010

Rettferdige båtruter?

Fylkestinget skal behandle ei sak om båtruter rett over påske. Det er mange øyer og veglause bygder i Sogn og Fjordane. Over tid har det vakse fram eit rutenett som gjev tilbod til dei fleste. Men det er eit ganske ulikt tilbod. Nokon har mange avgangar, andre få, og nokon faktisk ingen. Nokon har tilbod som gjer at ein kan ta med seg bilen. For somme fører båtreisa dei til ein by, for andre er reisa nett begynt når dei kjem til land i eit lite kommunesenter. Og som om ikkje alle desse skilnadane er nok; nokre kommunar betaler ein stor del av tilbodet sjølve, medan andre kommunar får alt gratis. Dette er resultatet av framforhandla avtalar der ein ikkje har sett heilskapleg på tenestene, eller prøvt å ha ein viss grad av likebehandling folk og kommunar i mellom.
Alle høyringsinnstansar er einige om at det bør ein ha. Men der stoggar semja. Ingen vil sjølvsagt få eit dyrare eller dårlegare tilbod enn dagens. Og kvifor skal kysten, dei båtavhengige, betale eigendelar for ei fylkeskommunal ruteteneste? Eg har enno tilgode å sjå at det er tilfelle for bussane som går i fylket..

Går det an å få til eit system som kan opplevast rimeleg og rettferdig?
Fylket prøver med ein tabell som gjev eit bestemt tilbod etter kor mange folk som er på ruta. Det blir rett eit stykke på veg. Men kva med kommunar der veldig stor del av folket bur på øyer? Bør dei kanskje på eit tillegg i botn? Skal avstand til eit større senter bety noko?
Eg meiner det. Vi bør bygge på turar pr person, med botntillegg, slik at små kystkommunar som allereie har store utfordringar, har sjanse til å ha eit ruteopplegg som gjer at folk vert buande.

Dette er ei stor og viktig sak for dei det gjeld. Kanskje skulle ikkje omfordelinga stogga mellom kommunar med båtskyss. Kanskje skulle all samferdsle vore med på denne utjamninga?? I staden gjer vi eigentleg omvendt. Fylket er med og sponsar billegare bussbillettar der det bur masse folk. Det er gode miljøgrunnar for det, men det hjelper ikkje Anna i ØYdemarka.

17. mars 2010

Logiske brest hos FrP avdekkar det samme hos SV

FrP hevdar at SV er skuld i jødehat / mobbing ved at dei er sterkt kristiske til Israel, og td ved fleire høve har teke til orde for boikott av Israel. Dei meiner SV slik er med å lage rom og aksept for dei som vil fordømme. (Spørjetimen i Stortinget 17.03.10)

Lysbakken frå SV svarer at han tek sterk avstand frå at det å meine noko om Israel og deira politikk er med å legaliserer denne typen haldningar. Han krev aksept for at det er to forskjellige saker og at dei på ingen måte må blandast saman.

Lysbakken har rett. Det må vere lov å meine noko politisk om ei sak utan at det automatisk gjev deg ansvar for at andre brukar det som påskot for mobbing og trakassering.

Men kvifor har Lysbakken og SV den same logiske bresten som FrP overfor KrF? Eg har opplevd mange debattar der SV gjev meg som KrF-ar nærast skulda for all trakassering og mobbing av homofile, fordi eg meiner at ekteskapslova skal vere for mann og kvinne, og ikkje for folk av samme kjønn. Det er også to ulike saker. Det må vere lov å ha eit prinsippielt standpunkt rundt ekteskapet som samfunnsordning og barnet sine rettar til far og mor, utan å dermed oppmuntre til homohat og mobbing.

Er du ikkje enig, Lysbakken?

15. mars 2010

Slu måte for staten å spare på?

Det er etterkvart blitt ganske innfløkt å levere reiserekning for lege- eller sjukehusbesøk. Før var det trygdekontoret, så NAV, så eit sentralt kontor, visst nok i Skien. Og no er det helseforetaka. Alt dette er bestemt av den mektige og kunnskapsrike staten. Som visst nok berre vil oss vel...(?)
Det som skjer, slik eg høyrer frå mange, er at det opplevest så krevande å fylle ut skjemaet og kunne dokumentere alt ned til minste detalj, at dei let vere å kreve dekka reiseutgiftene dei har krav på.
Dette vert underbygd av høyringsgrunnlaget til Helse Førde, 4.5.3, der det står at "det er langt færre pasientar som krev reiserefusjon enn det er pasientar som vert behandla. Dette kan vere eit uttrykk for at relativt mange pasientar ikkje bryr seg med å krevje refundert sine reiseutlegg". Kva gjer staten med det? Ikkje noko. Tvert om er dei glade til for at folk ønskjer å betale ein "ekstraskatt" for å bu i distrikta.
Og Helse Førde? Jau, dei ønskjer at pårørande skal ta fri frå jobb og køyre sine pårørande. Det har eg opplevd sjølv å få som svar, då eg måtte forklare at det ikkje gjekk offentleg transport frå Førde til Brosvik når eit eldre menneske skulle heim.
Eg syns det må leggast betre tilrette for folk så dei får refundert det dei skal. Legg tenesta utatt til NAV slik at folk treff eit menneske å snakke med om dei treng hjelp med skjemaet.

12. mars 2010

Sild i olje på Mørekysten

Regjeringa utlyser blokker for oljeleiting på Mørekysten. Det viktigaste oppvekstområdet for sild. Og i mot alle faglege råd.
I valkampen besøkte listetoppane frå Sogn og Fjordane Fiskarlaget, reiarlag og anna fiskerinæring i Måløy. Eit samla krav derifrå var at Mørekysten måtte forbli for fisken. Dei fortalde historiar frå Nordsjøen om at det ikkje eingong var groe på nøtene. All småfisken var vekk. Dei ba om pengar til meir forsking på kva oljeleitings-aktiviteten gjer med fiskeyngel. Sp og SV var klare på støtte til fiskarane. Kva gjer dei i denne regjeringa, som spelar hasard med fornybare ressursar for å pumpe opp dei forgjengelege?

http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/-oljeleting-paa-moerekysten-sprenger-regjeringen-3158392.html

9. mars 2010

Sjukehus

Helse Førde har lagt fram høyringsframlegg om sjukhustenesta i Sogn og Fjordane. Tilrådd løysing er eit sentralsjukehus, som har all akuttbehandling, og to lokalmedisinske senter. Desse sentra er etter kva eg skjønar dag-sjukehus, der dei sengene som er knytt til skal drivast av kommunane. Det siste er eit dristig grep før ein veit korleis stortinget vil finansiere samhandlingsreformen. Viss finansieringa er tilfredsstillande, så er det for pasienten for så vidt det same om det sjukehuset eller kommunen sine senger. Då er det i realiteten eit lokalsjukehus, men utan akuttberedskap (og dermed utan fødetilbod).
Styret i Helse Førde må foreslå løysingar innan dei rammene dei har. I så måte har dei gjort jobben sin. Men det har ikkje Sp, Ap og SV i fleirtalsregjeringa. Dei har dobbelkommunisert til veljarane at ingen lokalsjukehus skulle leggast ned, utan å ville betale det det kostar.

Mi prioritering innan sjukehusvesenet er
1) Kvalitet
2) tilgjengeleg
3) Nærleik / avstand
4) kompetansearbeidsplassar

Samt at ein kan ha dei funksjonane som ein også treng, men som få går i tog for; rusbehandling, psykiatri, geriatri mm.

Fylkesstyret i KrF planlegg å behandle denne høyringssaka på fylkesstyremøte 22.03.2010.

2. mars 2010

Forbod mot synleg trusekant

Det var visst ein av statane i USA som innførte (eller ville innføre) forbod mot at trusekanten synte, og mot synleg bar mage. Vi lo av det. Særleg toneangivande media og "rettruande" politikarar. Kva hadde vel staten med å blande seg opp i korleis folk gjekk kledde? spurde liberalistane.
No er saka aktuell igjen. Nokon vil forby ein spesiell klesdrakt. Men denne gongen er det hijab og burka, som då dekker for for mykje og som er kvinneundertrykkande. Kva som er mest kvinneundertrykkande av ein moteindustri som krev bar mage og trange bukser eller muslimske heildekkande plagg kan diskuterast. Kanskje har det med kva som ligg bak? Vi har lettare for å sjå livssyn som undertrykkande enn eit kapitalistisk system. Då tek vi feil, etter mi meining. Men eg ser at SV, som seier dei ikkje er kapitalistane sin venn, meiner noko anna..
Det er likevel ei spennande sak, dette rundt forbod av spesielle klede. FrP hoppar galant frå det dei måtte ha av ideologi, og krev forbod. Kva vil FrP gjere i høve andre religiøse uttrykk i det offentlege rom? Er det berre muslimane som skal tuktast, eller har dei ei meining ut over dette?
Og i SV rasar debatten. Leiaren vil prøve med dialog. Kva viss den ikkje fører fram? Ligg forbodslinja klar då? For vi veit jo at SV ikkje kvir seg for å bruke lova for å styre trussamfunna.

KrF er klar på at forbod mot religiøse uttrykk ikkje fører til betre integrering. Og det er vel det som er målet? Alle menneske har åndelege og kulturelle behov i tillegg til dei materielle. Det er ikkje staten si oppgåve å styre alt.