30. desember 2010

Fridom til å tru og å leve ut trua

Ei av dei store utfordringane i samfunnet framover vert trusfridom. Vi har hatt mange debattar om ytringsfridom. Og då er alle på vakt, både eliten og mannen i gata. Ytringsfridomen er ”heilag”. Eg er glad det er ein ryggmargsrefleks hos dei fleste. Fordi eit demokratisk samfunn er avhengig av opne debattar og kritiske spørsmål.



Men eg er veldig undrande til at trusfridomen ikkje er like respektert. Og her er ikkje akkurat deler av det politiske systemet (eller media) plaga av ryggmargs-refleks. Den sittande regjeringa har vel meir ein refleks på å ville kontrollere dei ulike trussamfunna. Vi såg det i saka om tilskot til frivillige organisasjonar. Dei som ikkje flagga ”rett” syn (ref. homofili/Frelsesarmeen) skulle heller ikkje få av staten sine pengar. Det var omgjort, heldigvis. Sameleis ser ein at regjeringa (-r) gong på gong har ”overstyrt” kyrkja i val av øvste leiar, biskopen. Endåtil kvar preses skulle vere lokalisert, vart ei sak for regjeringa. Og det er ein stor iver frå mange politiske parti og enkeltpolitikarar for å legge premissar for kva kyrkja skal forkynne.



Også i KrF er det medlemer som etterlyser større politisk vilje til å skulle ”sette kyrkja på plass”. Sjølv om Noreg har ei såkalla statskyrkje, så er det viktig å vere medviten på at kyrkja er eit trussamfunn. Og eit trussamfunn skal styrast av seg sjølv og ikkje av folk som er valde til andre oppgåver. ”Ja, men det er så få som stemmer ved soknerådsval, så det er ikkje demokratisk nok” sa den raudgrøne regjeringa og bestemte noko anna enn dei folkevalde i kyrkja hadde gjort. Var det meir demokratisk?

Sp meiner å vere ein sterk forsvarar av folkekyrkja, men er tydelegvis livredd for at viss ho slepp fri frå staten, så vert ho ikkje den kyrkja dei ønskjer ho skal vere. Det er nok å vise til kommentarar som kom frå sentrale partifolk rundt Gelius-saka, samt døma ovanfor.



FrP prøver å skape eit inntrykk av at dei er for trusfridom, medan dei i reell politikk ikkje meiner det for skal gjelde for alle. Td. skal alle kristne ha ein rett til å starte friskule (for så vidt alle, uavhengig av om det er ”non-profit”), men ikkje muslimane. Der meiner dei spørsmålet om integrering er viktigare enn både trusfridom og foreldrerett og alle andre prinsipp om likeverd og likebehandling. Liberalisme kan det vel knapt kallast?

Det må vere litt småekkelt for SV og Ap at det er FrP dei finn saman med i slike saker. (Oslo)

Dei vil sjølvsagt hevde at arumentasjonen deira er anleis. Dei er prinsipielt imot friskular. Tja. Er dei det? Dei har jo skrive under eit forlik om skulepolitikk med KrF, som gjev rett til friskular ut frå religion eller alternativ pedagogikk.



Somme vil også forby misjonering, eller gateevangelisering. Eg hugsar ei sak frå Oslo, der vakne lokale politikarar oppdaga eit reglement som la ned forbod mot slikt i det offentlege rom. Då kan ein ikkje lenger pårope seg at ein er for trusfridom. For trusfridom er ikkje berre retten til å tru på sitt ”lønnkammer”. Det er retten til å praktisere trua si. Og i det så ligg det også å kunne fortelje andre om ho, bere symbol for ho, ha Gudshus og samlingar.



Så hender det av og til at trua vert unnskyldning for ekstreme handlingar. Det må sjølvsagt avgrensast. Men det er ikkje det denne kommentaren handlar om.

19. desember 2010

Etter Gulen-budsjettet 2011

Det vart eit godt budsjett for Gulen. Komunestyret er einige om mykje. Men nokre saker er vi uamde om. Det er både rett og rimeleg, når 5 ulike politiske parti er representert. Eg vil kommentere nokre av sakene:

Senterpartiet meiner andre driv uverdig eldrepolitikk når vi vil ta vekk faste nattevakter på bu- og omsorgssentra. Fleirtalet vil opprette ambulerande nattevakt, som gjev tilbod til dei som har vedtak om tilsyn på natt, og som ikkje bur på sjukeheimen. Sp bil ha nattevakt på Byrknes og sovande nattevakt i Brekke. Ein kan lure på kva som er minst eller mest verdig når ein ser at Sp vil finansiere nattevaktene sine med å ta vekk 3 stillingar og 4 plassar frå sjukeheimen. Mindre til dei sjukaste til fordel for dei "relativt" friske eldre.

Høgre seier i avisene at dei er redd høg rente, og at dei derfor ikkje vil investere så mykje som andre. Det dei ikkje vil er å bygge 3 nye omsorgsleiligheter på Dalsøyra, bruke pengar på kommunale byggefelt / gjennomgangsbustader og på Gulatinget. Det dei vil, og har fremma framlegg om, er badeanlegg i Sløvåg, rehabiliteringssenter knytt til dette og bustader for brukarar med særlege behov, også det knytt til badeanlegget. Dei to siste er berre tekstlege føringar, ikkje avsett pengar til i økonomiplanen. Reknar dei med at private skal bygge? Eller...viss ikkje så vil dei nok minst investere like mykje som andre.