14. april 2012

Benjamin Bjørklund

Benjamin Bjørklund var ikkje politikar. Heller ikkje ein kjend bygdeprofil. Han var ein vanleg arbeidar som arbeidde med å sette opp pålar og henge opp straumleidningar. I tillegg budde han i ei veglaus lita bygd. Men han lærde meg ei svært god lekse og var med å forme meg politisk.

Som heilt fersk kommunepolitikar, så vart eg sett på prøve i ei sak der spørsmålet var om kommunen skulle selje kraftverket vårt. Med langt linjenett i ein stor og spreiddbygd kommune (tiande mest spreiddbygd i landet), vart det alvorleg då staten ikkje lenger ville ha ein eigen post på statsbudsjettet med tilskot til utbetring av straumlinjer. Eg meinte då, som no, at det var rett å finne ein stor og sterk samarbeidspart.

På «fusjonsfesten» møtte eg Benjamin. Ein høgreist og sindig eldre mann. Ikkje eit vondt ord sa han om at tidlegare arbeidsplass vart selt, eller til det valet kommunestyret hadde gjort. Men i talen sin sa han noko som har følgd meg, og som eg stadig tenkjer på, snart 30 år etter.

Han fortalde om då straumen kom til Gulen og at dei bygde ut linjenettet. Han fortalde om at han var med å bygge linjer på Dalsøyra om dagen. Om kvelden for han heimatt til veglause Vikane på andre sida av fjorden. Han såg lysa på Dalsøyra, og tenkte at elektrisitet nok aldri ville bli bygt ut til hans vesle bygd. Men jau, allereie året etter hadde dei straum også i Vikane. Det var stort. Og han stilte det retoriske spørsmålet; Ville det skjedd i dag? I eit langt rikare land. Er viljen til å gje alle like tilbod på det ein må kunne kalle basistenester, like stor? Eller er vi meir opptekne av eiga lommebok, mindre skatt og at pengane skal brukast der «dei fleste» bur?

Benjamin Bjørklund hadde rett. I dag vert det sett på som galskap å ordne vegen til Otterdalen i Horningdal på ein måte som gjer han rassikker. Vegen rasa ut då Dagmar-uveret vitja oss i jula. Sameleis vil rasikring til den mest rasutsette bygda (etter objektive kriteriar) prioriterast ned til fordel for meir folkerike.

FrP sin fylkesleiar var tidleg ute og ville tilby folk pengar for å kunne flytte frå heimane sine. Slik ville dei løyse problemet. Dei som ikkje ville flytte hadde sjølv valt å bu ein plass der samfunnet ikkje skulle stille opp. Ikkje så ulikt tidlegare FrP-forslag om at kjeltringar skal sendast til Svalbard og at asylmottaka skal etablerast i Afrika.

Fylkesrådmannen vår, som elles er ein svært dyktig mann, uttaler at dersom vi brukar rassikringsmidlar på ei så lita bygd, så øydelegg vi omdømet vårt og risikerer å få mindre pengar til rassikring. «– Det vil vere lita eller inga forståing i storsamfunnet for å bruke store summar på rassikring i område med lite busetjing»

Det kan hende fylkesrådmannen si vurdering er riktig. Kan hende treff FrP tidsånda betre enn meg. Men det betyr ikkje at dei har rett. Eg lærte noko av Benjamin Bjørklund. Eg meiner Norge har råd til å føre fram straum, breidband og (trygg) veg til alle. Og eg kjenner på eit ansvar for å finne dei gode løysingane for at folk skal få halde fram å bu i bygda si. Og at ein skattebetalar i Vikane skal ha same rett til lys som han på andre sida av fjorden.