31. januar 2011

"Vi vil ikkje bestemme det"

Seier FrP. Årsmøtet deira har sagt ein må kutte i talet på vidaregåande skular pga færre elevar framover.
Det er ein realitet at det vert færre elevar, og at det vil bety noko for skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Det trur eg alle politiske parti ser. Men FrP sitt framlegg til korleis strukturen skal avgjerast er rein ansvarsfråskriving. Dei meiner at elevsøknadane skal avgjere det. Er det søkjartalet eit bestemt år? Og så skal det f.eks avgjere for all framtid? For det går ikkje an å legge ned og opprette skular kvart år.
Skal ikkje ei nokolunde jamn geografisk fordeling av skulane gjelde? Eller ei styring av strukturen som gjer at færrast mogeleg blir hybelbuarar? Når dei hevdar å vere oppteen av kvalitet og å hindre fråfall av elevar, så bør dei sjå at hybelbuarar er overrepresenterte når det gjeld fråfall. Dessutan ser ein også eit stadig nærare, og ønska, samarbeid mellom lokalt næringsliv og skule. Dermed vil skulane vere sentrale lokalsamfunnsytviklarar. Skal ein ikkje vere med å ha ei politisk meining om ei så viktig strategisk utvikling i fylket? Vil FrP berre trekke på skuldrane og la 16-åringar bestemme det med eit tastetrykk på tastaturet?
Kva skal vi med eit parti som ikkje vil ta ansvaret det er å vere med å bestemme utviklinga? Det er jo for å ha ei viss politisk styring ein vel politikarar, elles kunne vi hatt nok med å berre hatt nokre byråkratar. I sjukehussaka rasar FrP over at byråkratiet skal styre, og at regjeringa abdiserer. Men det er akkurat det dei no vil gjere sjølve. Og eg er redd saka om skulestruktur syner meir av FrP sin styringsvilje enn det ein ser i sjukehussaka. Dei vil la marknaden styre og humla suse. Det lovar ikkje godt for distriktspolitikken.

23. januar 2011

Skuleskyss

Sandbakken (Sp) i kommunaldept seier regjeringa ikkje vil endre ansvaret for skuleskyss. I dag er det fylkeskommunen sitt ansvar å betale for skuleskyss-ruta, medan kommunane betaler buss/båtbillett pr elev. Fleire ønskjer ei endring fordi innsparing på skulestruktur blir sett på uavhengig av skyssutgifter slik ordninga er no. Nedlegging av skular treng altså ikkje vere samfunnsøkonomisk lønsamt totalt sett.
Skulerutene er ein stor og viktig del av all ruteproduksjon, i alle fall i Sogn og Fjordane. Svært mange bygder har ikkje anna tilbod enn skulerutene. Det er derfor viktig å sjå desse i samanheng med andre ruter, og få til mest mogeleg korrespondansar. Eg trur det ville verte svært vanskeleg å få til dersom det var kvar enkelt kommune som skulle ta hand om rute-anbod mm.
Det er ikkje gunstig for elevar å få svært lang reisetid. Men det er heller ikkje gunstig å vere elev på ein skule der du nesten er åleine i klassen. Denne typen avvegingar må takast i kommunestyret. Eg bur slik til sjølv at borna mine har hatt reisetid på 2 timar kvar dag, heilt frå dei var 6 år. Men eg foretrekke det, framfor ein liten skule med få elevar og svært få lærarar. Skulevegen vår er ikkje særleg rasutsett, vel å merke. Kan hende eg hadde sett anleis på det då.
Men kva viss det i ein kommune som Gulen kjem opp at vi samlar ungdomsskulane, og har bruk for ganske mange nye ruter? Fylkeskommunen må ta rekninga. Men tar dei berre for billegaste alternativ? For i Gulen kan båt framleis vere det alternativet som gjev kortast reiseveg, i staden for buss. Kven er det då som avgjer kor lang skuleveg ungdomane skal ha? Er det framleis kommunestyret, eller er det fylkestinget? Reisetid er for mange avgjerande argument for om dei vil endre skulestruktur. Derfor er det viktig å få avklart reell reisetid med buss eller båt, og om fylket betaler for båt. Båtskyss er dyrare enn buss.

15. januar 2011

Statens kontor

Eg har hatt møte med politimesteren i Hordaland. Eg og mine to ordførar-naboar i Solund og Masfjorden. Det var velkjente songar som vart songe: Staten gir så lite pengar. Vi må drive meir effektivt. Stillingane vi tilbyr blir ikkje interessanne nok. Det krevst meir kompetanse. Vi kjenner innhaldet, for som ordførarar så har vi det slik sjølve. Stortinget løyver for lite til at løns- og prisveksten vert dekka, og i tillegg skal ein gjere meir for pengane. Eller som i politiet sitt tilfelle; dei misser nokre oppgåver, som gjer at den skjøre bemanninga og vaktplanen som er att, ryk. For misser dei tenester, så misser dei sjølvsagt også den %-delen av tilskotet som dekka denne tenesta.

Likningskontoret er på samme måte. Dei klumpar seg saman på større stader. Må vere fleire tilsette på ein stad for å trivast på jobb og for å få rett kompetanse. Posten likeeins. Dei har forsøkt seg på lokalbutikken, men vedkomande er lei gratisjobbing for staten, så dei har sagt opp avtalen.

Kva har desse til felles: Alle er statlege. Alle skal yte tenester til folk. Alle vert betalt over skattesetelen. (Posten rett nok berre delvis) Alle sentraliserer, for liksom å gje betre tilbod.

Men alle kjem og bankar på døra til kommunen, etter at dei har bestemt seg for å flytte. Og då spør dei om ikkje kommunen kan ta over deler av tenesta ut mot innbyggarane. ”Det er no så lite. Dei på service-kontoret kan ta det i tillegg til det andre dei gjer. Og kommunen har vel eit lite kontor å avsjå?” Nabokommunen vart tilbydd 20 000,- kr året for å vere førstelinjeteneste for likningskontoret.

Eg syns staten burde skamme seg for slike tilbod. Meiner dei jobben dei tilsette gjer er så lite verd?

Det er utfordrande for ein liten kommune å misse statlege arbeidsplassar. Og når staten ikkje er samordna i det heile, men kuttar litt her og der, så vert det endå verre. Og til slutt så sit kommunen att med svarteper. For viss ikkje innbyggarane kan få statleg førstehjelp på kommunehuset, så er det liksom kommunen sin feil at innbyggarane må bruke ein heil dag for å reise fram og attende til næraste statlege kontor som utøver viktige tenester for folk. Og kommunen har sjølv fått mindre enn løns- og prisvekst kompensert i statsbudsjettet…



Eg vil ha eit statleg kontor i kvar kommune. Der kan staten samordne seg. Viss det er så enkelt å utføre førstelinjetenesta som dei meiner, så klarer samme personen å gjere det innanfor ei stilling. Dei kan få leige kontor på kommunehuset på samme vilkår som andre.



Og til slutt; Lønskontora for politiet skal visst samordnast for heile landet, fekk vi høyre. Vi tar gjerne i mot dette kontoret. Det er ingen grunn til at det skal lokaliserast i ein by. Kompetanse-kravet er ingen hindring for å legge det til Gulen eller ein annan distriktskommune. Vi kan heilt sikkert tilby både god og ikkje minst, stabil arbeidsstokk. Dessutan er husleiga mykje rimlegare, og eg har skjønt at det er staten oppteken av. Eg er spent på om distriktspolitikken er meir enn retorikk.

Tek du ballen, Liv Signe?

8. januar 2011

KrF sin uttale til nasjonal helseplan

Sidan KrF ikkje har medlem i fylkesutvalet, så vil vi nytte høvet til å gjere greie for kva som er viktig for oss å få med i fylkeskommunen sin uttale til nasjonal helse- og omsorgsplan. I tillegg til at vi støttar det meste som ligg i fylkesrådmannen si tilråding.

a)  Prioritere vidare opptrapping innanfor rus, psykiatri og geriatri. Vi meiner det MÅ settast igang drift på den nybygde rusposten på Eid.
b)  Ha ei ambulanseteneste i kvar kommune med god kvalitet. Vi trur rask respons frå denne delen av spesialisthelsetenesta er det som betyr mest for tryggleik og nærleik for innbyggarane.
c)  At handlingsrommet til å ha lange avtalar med private / ideelle tenesteytarar (nonprofit) vert nytta fullt ut. For vårt fylke sin del vil dette ma gjelde både Hauglandsenteret i Fjaler og Senter for Livsmeistring på Skei.
d)  Vi meiner sentralsjukehus-tenestene må styrkast, både med utstyr og fagmiljø, slik at viktig behandling kan utførast i fylket og at ein ikkje må reise til Haukeland for det som ikkje er regionsjukehus-oppgåver.
e)  Rekruttering av fagfolk til både spesialisttenesta, og ikkje minst til kommunehelsetenesta, vil vere avgjerande viktig for å møte nye utfordringar og samhandlingsreforma. Dette kan vi best legge til rette for ved godt samarbeid mellom sjukepleiehøgskulen, sentralsjukehuset og lokalsjukehusa.
f)  KrfFmeiner regeringa har eit ansvar for å kome med ein sjukehusplan som avklarer kva som er minstekravet for innhald på kva som kan kallast eit lokalsjukehus.
g)  Dessutan tek KrF til orde for at ein brukar dette høvet til å inkludere tannhelsa i helseomgrepet. Det må gje seg utslag i at det vert innført / samordna eingenandelar for naudsynt tannhelsehjelp.

Ut over dette vil vi støtte framlegget frå fylkesrådmannen. Også når det gjeld synet på at kostnadane med samhandlingsreforma må kartleggast betre, og fullfinansierast overfor kommunane. På samme måte må ein ikkje late som om at ei satsing på folkehelse ikkje vil koste noko for det offentlege.

3. januar 2011

Rektorar gjev foreldra skulda

for at elevane les dårleg. Eg skvatt litt då eg høyrde denne meldinga på NRK i dag. http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7446804 Og vart eigentleg kjempeprovosert. Ikkje mest på rektorane, men på systemet. Eit samfunn som vil at meir og meir av barneåra, oppveksten og sågar fritida skal vere organisert. Politikarar som vil utvide skuledagen endå meir, ha heildagsskule. Ei regjering som gjer alt dei kan for at borna våre skal vere i barnehage frå eittårsalderen og deretter inn i eit rettlinja sosialdemokratisk oppsedingssystem til dei "dett ut" av vidaregåande. Eg blir kjempesint over velmeinande pedagogar og andre som tar frå foreldre trua på at dei er ekspertar på eigne barn. For deretter å peike på forldra som "syndaren" når borna ikkje gjer det så godt som dei burde. Når dei kjem i klammeri med lovens lange arm. Når dei kjem på glatta, får rusproblem eller kva det no måtte vere. Då er det plutseleg heimen som har svikta!
Men korleis i alle dagar skal heimen få den tida og det rommet som han treng for å fungere?? Karriere, økonomi, ALT, er jo forventa å gå før borna. Vi foreldre er ikkje supermenneske.

Men så, heilt nederst i saka, så uttalar Mimi Bjerkestrand; Det er viktig å ikkje gi foreldra meir dårleg samvit. Heller støtte dei i oppgåva si. JA. Slik vil eg ha det. Håp! Men har ikkje ho uttalt at ho vil ha heildagsskulen?? Korleis kan kommunen, som skuleeigar, vere med og hjelpe foreldra til å klare oppgåva si, og til at skule og heim får godt samarbeid?

For når eg hadde fått ut verste frustrasjonen, så trur eg at rektorane har eit poeng også. Det er mange foreldre som abdiserer i forhold til borna sine. Som ikkje tar arbeidet og belastninga det krev med å sette tydelege grenser. Men det treng vi kanskje litt hjelp til? Samlivskurs, nettverksgrupper, foreldrekurs, diskusjonskveldar på skulen med tema som td. grensesetting, alkohol, media/PC/mobil-bruk kan vere hjelp for mange.
Og så trur eg faktisk at forsåsegpåarar i td media eller andre stader, dei hippe og kule, må slutte å få oss som sett grenser til å oppleve oss sjølve som dinosaurar, moralistar eller, som ho sa; endå verre; som KrF-arar.

1. januar 2011

For første gong

i år. Desse orda kan vi bruke om mykje dei næraste dagane. Det er noko spesielt med eit heilt nytt år. Blanke ark og fargestiftar til, som Prøysen formulerte det.
Eg er veldig spent på året som kjem. Vil vi få vere friske?, få oppleve gode ting i lag?, vil det eg gjer og seier bli forstått i beste meining? Det er valår (så det vil det heilt sikkert ikkje..). Val til kommunestyre og fylkesting. Eg har sagt ja til å stille på begge vala. Vil eg ha styrke til å stå for det eg meiner er rett, utan å legge meg opp til det eg trur "klør i øyre"? Eg håpar det. Og eg håpar programarbeidet til KrF, som er i siste runde, blir slik at vi kan gje tydelege svar på vanskelege spørsmål.
Saker med stort engasjement, sjølv om det ikkje blir avgjort i fylket (sjukehussaka), vil kreve svar som ser utover heime-regionen. Og slik er det med mykje. Ideellt sett så ønskjer vi fullgode tenester heilt nært. Men kan vi klare å gjere dei tenestene fullgode med å sette strukturar framfor anna. Den offentlege lommeboka vert ikkje fullare enn ho er, ser det ut til. Endåtil kommunalminister Liv Signe seier det. Då må vi prioritere. Og det er vanskeleg, det veit eg i alle fall litt om etter 11 år som ordførar.
Eitt må i alle fall prioriterast, og det er utvikling. Både av offentlege tenester. Men ikkje minst det å legge til rette for dei som vil busette seg, etablere arbeidsplassar, for dei som har nye idear. Og for at bygdene våre blir opne, trivelege, innbydande og inkluderande.

Godt nytt år! Det er utruleg kva ein kan klare i fellesskap.