10. mars 2013

Regjeringsspørsmålet

Det er stortingsval. Og som ofte før er det regjeringsspørsmålet som fangar merksemda, først i media og hos politiske nerdar, så hos folk flest. Men er regjeringsspørsmålet det viktigaste? Blir det ikkje heller litt fordummande, når dei to største partia eigentleg er samde om mykje. Dei dyrkar, særleg i valår, ein kamp mellom ulike ideologiar. Men ingen av dei vedkjenner seg ideologiane sine anna enn i festtalar. Likevel er det dette som får blitslyset på seg, som vert debattert og analysert.

Eg meiner det er grunn til å stille andre spørsmål. Kreve svar på spørsmål om liv og død. Spørje kva verdiar samfunnet vil legge til grunn.  Stortinget har diskutert surrogati og kva lover det skal rammast  inn av. Legg merke til at H og Ap er samde.  Eg er einig i at når barnet er født, så er det barnets beste som skal leggast til grunn. Men lovene må ta utgangspunkt i kva som er ønska situasjon og utvikling. Og det kan knapt kallast «barnets beste» å skape ein marknad for kjøp og sal av kropp og barn? Å lage born med fleire foreldre, der ein medvite skal hindre barnet å finne sine eigne røter?

Det er ironisk at den dagen Stortinget diskuterer korleis ein skal sikre surrogati-borna, må Nathan (7 år) forklare seg i Høgsterett om kor norsk han er. Nathan er fødd i Norge og har budd her heile livet. Foreldra søkte asyl, men fekk det ikkje. Dei kunne ikkje returnere pga tilstanden i Etiopia. Stortinget kunne ha tatt fram «barnets beste» i Nathan, og dei 4-500 andre «norske» asylborna, si sak. SV har rett nok fått krangla seg til ein gjennomgang, men det syner seg at utan endring av forskrift så vert det inga endring for desse borna. Bryr Stortinget seg om desse borna? Trist å sjå at Ap og H står saman og «høge og mørke» snakkar om presedensen dette kan gje i form av fleire innvandrarar.  Tenk om dei våga å sette «barnets beste» framfor andre og meir vikarierande argument. Eg trur diverre at omsynet til valet og FrP sin styrke på meiningsmålingane blir tillagt vekt for kvar både Ap og H legg lista i innvandringspolitikken.

For å vise den store usemja, prøver både H og Ap å piske opp debatten kring skattar og økonomisk politikk. Men også her er skilnadane små. H har lagt lista mykje lågare enn sist. Ja, dei er nesten begynt å likne eit sentrumsparti. Ap har gjort det same frå si side. Det samla skattetrykket som Bondevik II hadde, er blitt eit heilagt tal for dei raudgrøne. Utruleg godt gjort av Bondevik å finne det ultimate skattetrykket! Ikkje ein gong rundt formueskatten svingar det, for skilnaden er svært liten. Dei raudgrøne sin kakseskatt kan godt stå ved lag, så lenge botnfrådraget er høgt og ein finn ei løysing på skattlegging av såkalla arbeidande kapital. KrF sitt framlegg er veleigna som eit kompromiss.

Ei anna stor sak er samferdsle. Her er eit av dei områda eg ser at det er mogeleg å bli samd med FrP. For det er klokt å satse meir av oljepengane våre på infrastruktur. Det må sjåast på som investering for komande tider. Men Ap og H står nær kvarandre. Dei vil følgje handlingsregelen, og kjem nok til å følgje kvarandre ganske likt til døra med kronesum til vegsatsing. Eg skjønar ikkje kvifor det er betre å ha OPS-finansiering enn å langtidsbudsjettere med lån/pengar frå oljefondet, evt kombinert med innkrevjing av brukarbetaling.

Så; er det mogeleg å håpe på ein valkamp som handlar om verdiar? Om menneskeverd? Om tid til kvarandre? Det skal god rygg til å tåle rikdom. Ryggen må ha ein ryggmargrefleks. Refleks kjem når noko treff deg og gir ein umiddelbar reaksjon. Refleksen må haldast ved like. Det skjer ved å diskutere verdiar og skape haldningar bygt på nestekjærleik, forvaltaransvar og positivt menneskesyn.