18. august 2013

Sp vil ha fleire byar og færre gardar

Det er i alle fall overskrifta frå valkampopninga til Sp, slik Firda-journalisten har forstått det.
Først vart eg veldig overraska. For dette vil råke vestlandsjordbruket og bygdene våre hardt. For det er mange stader der små teigar og lange avstandar gjer det svært vanskeleg å få til store og effektive einingar.
Men det poassar bra saman med den politikken regjeringa har ført. Der auka produksjon av mat er det viktigaste. Det vil i praksis seie at større bruk er bra. Då vil vi sjå ei samling av produksjonen på Jæren, i Trøndelag og på Austlandet. Det er sterke krefter i Bondelaget også som er nøgd med det.
Men er veljarane i Sogn og Fjordane nøgde med det?

KrF meiner det er viktig å halde på dei mindre bruka også. Fordi dei er viktige for matproduksjon og beredskap, busetnad og at Norge ikkje gror igjen.

Eg er spent på framhaldet. Særleg må Sp forklare kva som no er skilnaden på deira landbrukspolitikk og Høgre sin. For dei kan vel ikkje halde fast på jordvern og konsesjonvilkår som bu- og driveplikt, når dei seier at ein gard på 100 mål og 15 kyr er for liten til å drifte?

14. august 2013

Hybel og stipend

For nokre dagar sidan sa Lånekassen at det vart juksa så mykje med bortebuarstipendet at ein burde vurdere å ta det vekk. Folk budde heime, ga opp at dei budde på hybel, og jukset kosta fellesskapen 70 mill.
For det første: Å jukse er ulovleg. Men vi kan ikkje straffe alle som må bu på hybel fordi nokon juksar. Eg vil tru det er dei som bur nærast ein skule som kan jukse med bortebuarstipendet. Stipendet har du rett på dersom skulen er meir enn 40 km borte og du må bu på hybel. Sjølv om vi vedtok å halde fram med ein svært desentralisert skulestruktur i fylket, så er det nokre som ikkje kan bu heime og gå på vidaregåande skule. Nokon fordi det ikkje går buss- eller båtruter som gjer det mogeleg å pendle.
Vik er ein kommune der alle 16-åringar må flytte på hybel. Ei båtrute kunne gjort det mogeleg å pendle. I Aurland brukar kommunen pengar på ei båtrute som gjer at fleire kan bu heime medan dei går på vgs. KrF fekk fylkestinget med på å sjekke ut om det gjekk an å "veksle inn" bortebuarstipendet til skyss-pengar. Samfunnsøkonomisk ville det vore glimrande! Men Lånekassen sa sjølvsagt nei til det. Dei har sine retningslinjer. Så dette må bli ei politisk sak, skal det skje noko. KrF i Sogn og Fjordane fekk saka inn i KrF sitt program, og kjem vi i regjeringsposisjon, så lovar eg at vi skal gå vidare med å vurdere ei slik ordning.
Eg var i Vik denne veka, og snakka mellom andre med leiaren av NAV-kontoret. Ho ønskjer ei slik ordning svært velkomen. For bortebuing for alle elevar gjev relativt stor utslag av fråfall, var hennar klare tilbakemelding.
KrF vil stå på for desentralisert skule, bortebuarstipend, prøveordning med skyss for stipend, fleire studentbustadar og at studiestøtta skal aukast til 11 mnd i året. Det siste har "alle" lova, men sjølv etter 8 år med fleirtalsregjering så har det ikkje skjedd noko.

6. august 2013

Ikkje tull med "Posten"

Posten seier dei må gjere endringar i takt med nye kundebehov. Bruken av Posten har gått mykje ned, og dei leitar etter endringar som vil gje innsparingar. Eit av forslaga til Posten er å kutte postombering på laurdagane.

KrF er sterkt i mot det. Svært mange stader er det posten som har ombering av aviser. Særleg dei mindre avisene, lokalavisene og nr. 2 aviser (som Vårt Land eller Nationen). Viss Posten sluttar å levere på laurdagar er det svært mange som blir taparar. Endåtil demokratiet vårt. Og dei som treng Posten for å få avisa, har som regel så lang reise for å kjøpe aviser på næraste butikk at det ikkje blir gjort. Eg bur sjølv slik til, så dette har eg førstehands kunnskap om.

Avisa Nationen har funne ut at det er flest Sp- og KrF-veljarar som er i mot å kutte lørdags-post. Det er kanskje fordi mange av våre veljarar bur i distriktet? Men i denne saka kan ikkje kjøttvekta bestemme. Her må storsamfunnet ta vare på like rettar for alle.

KrF har slik programformulering om dette: "KrF vil at postombering skal vere ei teneste i heile landet på alle arbeidsdagar, og at tenestetilbod ikkje skal bli tatt vekk før jamgode alternativ er etablert. Posten skal levere tenester til lik pris i heile landet."