Derfor er eg utruleg skuffa over prosessen Kyrkjerådet har
hatt rundt «refleksjonsnotatetet» og arbeidet med framtidig kyrkjeordning. Eg
opplever arbeidet rundt dette som uredeleg, og
konklusjonane som vert trekte i saksutgreiinga, og lagt til grunn for
vedtaket, som ei manipulering av det som er kome fram i «høyringsrunden».
Kyrkjerådet bestemte seg for å trekke dei tre modellane i
«Bakkevig 3» om fellesrådsnivå, prostinivå eller bispedømenivå ut av
refleksjonsdokumentet. Likevel tel dei opp svara som om dei hadde spurd om det.
Fellesråda kjem svært godt ut i svara. Ja, faktisk 2/3 av svara seier at dei
vil ha mellomnivået mellom sokn og Kyrkjemøtet på fellesråds- eller prostinivå.
Refleksjonsnotatet let sokneråd og fellesråd tru at svara
dei ga skulle gå inn i ein prosess fram mot 2014, der ein skulle ha ei reell
høyring som oppfølging av svara på refleksjonsnotatet. Det er også heilt
naudsynt då dei ba sokneråda diskutere organisasjon utan å tenkje økonomi og
rammer. Vel vitande om at struktur og økonomi er svært avhengige av kvarandre.
Vidare sa refleksjonsnotatet at ein la til grunn tidlegare vedtak om felles
arbeidsgjevarlinje. Det var derfor lite opning til å meine noko om det for
respondentane.
Korleis kan
fleirtalet i Kyrkjerådet sjå vekk frå dei forutsetningane dei sjølve la for refleksjonsdokumentet,
tolke svara slik dei gjer, og råde
Kyrkjemøtet til å vedta ei ordning som vil gje kyrkja framleis to verksemder og
to arbeidsgjevarlinjer?
Dersom Kyrkjemøtet følgjer Kyrkjerådet si innstilling om å
overføre arbeidsgjevaransvaret for
prestane til Kyrkjemøtet/Bispedøma, så har ein sett utviklingsarbeidet i
kyrkja på vent. Ein har skusla vekk sjansen til å skape ein effektiv og
framtidsretta organisasjon for Folkekyrkja for lang tid framover. Og ein har
halde sokneråd og fellesråd, sine eigne folkevalde, for narr med å invitere inn
i ein prosess som best kan kallast eit skinndemokrati. Eg håpar Kyrkjemøtet er meir klarsynte, og at det brukar tida til å
finne fram til ein kyrkje-struktur som legg til rette for framtida. Kyrkja
treng ein struktur som støttar opp om lokale prioriteringar, effektiv
ressursbruk og samarbeid. Kort sagt ei organisering som fremmar visjonen om at
flest mogeleg skal bli kjende med Jesus og som bygger opp under heilskaplege
løysingar.