9. desember 2012

Gulen-budsjettet

Framlegget til budsjett for Gulen kommune legg opp til ein vekst som ein ikkje anar korleis ein skal finansiere.
Administrasjonen har sjølvsagt sett det, og i sitt budsjett foreslått auke av eigedomsskatten. Men det har partia sagt at dei ikkje skal gjere. Nokre av partia gjek til val på å gjeninnføre nattevakter i Brekke og på Byrknes. Det skal dei halde, om enn berre for halve året i 2013. Det er eit velkjent triks for å sleppe å vise korleis heilårsverknaden skal finansierast. Og når dei skal vise det for 2014 og utover, så seier dei at det skal gjerast med "innsparingar innan omsorg".
For brukarane av omsorgstenestene og dei pårørande, er dette dårleg nytt. I alle fall for dei sjukaste. Og særleg for demente og deira pårørande, for her er framlegget ei ut setting av investering av heilt naudsynte plassar, i samsvar med samrøystes vedteken plan for demente.
Det uforståelege og alvorlege i dette er at fleirtalet i formannskapet (Sp og H) vel å sjå heilt vekk frå det administrasjonen skriv om at pri 1 for å levere eit forsvarleg tilbod er å auke opp med nattevakt i sone Eivindvik, dvs. sjukeheimen. Dei peikar endåtil på fleire avvik.
Det er eit stort ansvar fleirtalet tek på seg når dei til dei grader overprøver faglege råd. Og sett i lys av samhandlingsreformen og tidlegare utskriving frå sjukehus, så er det uforståeleg at ein skal prioritere ned dei sjukaste til fordel for dei som treng mindre hjelp.
Den einaste grunnen eg kan sjå er at partia er opptekne av å stå for det dei lova i valkampen. Men er det rett når dei har fått ny kunnskap? Er verkeleg partiet viktigare enn folket, og dei sjukaste, i Gulen?

3. desember 2012

"Barnas behov"

Kronprinsesse Mette Marit haustar både ris og ros etter at ho reiste til India for å passe på borna til eit homfilt vennepar, då dei sjølve ikkje hadde fått visum.
Flott! Det er godt med venner som hjelper og gjer det dei kan. Særleg for å hjelpe når det er born med i biletet. Medmenneskleg!

Men så var det det vanskelege med at handlinga blir politisert og gjort om til eit innlegg i ein vanskeleg politisk debatt. For desse borna var resultatet av eit kjøpt svangerskap, eller surrogati. Noko som er ulovleg i Norge, og svært omdiskutert. Særleg fordi det fort kan settast inn i ein samanheng der vi i den rike delen av verda utnyttar dei fattige. Ikkje berre som billeg arbeidskraft. Nei vi leiger også kroppen deira. Utan etiske refleksjonar rundt slike spørsmål, så er vi fort på ville vegar. Og utforbakken blir brattare samtidig som farten aukar.

Ein av dei som på TV2 nyhenda hylla Kronprinsesse Mette Marit, var skodespelar Geir Kvarme. Han er sjølv surrogat-pappa.
Han seier Mette Marit klarer "å flytte fokus til barnas behov". Ja. Vi skal ha fokus på fødte barn sine behov. Men vi har også ei plikt og eit ansvar til å tenkje på barnas behov før det blir eit barn.

Det provoserande spørsmålet er om dei som får/kjøper surrogat-born har sett eigne eller barnas behov i fokus frå starten av?