9. desember 2012

Gulen-budsjettet

Framlegget til budsjett for Gulen kommune legg opp til ein vekst som ein ikkje anar korleis ein skal finansiere.
Administrasjonen har sjølvsagt sett det, og i sitt budsjett foreslått auke av eigedomsskatten. Men det har partia sagt at dei ikkje skal gjere. Nokre av partia gjek til val på å gjeninnføre nattevakter i Brekke og på Byrknes. Det skal dei halde, om enn berre for halve året i 2013. Det er eit velkjent triks for å sleppe å vise korleis heilårsverknaden skal finansierast. Og når dei skal vise det for 2014 og utover, så seier dei at det skal gjerast med "innsparingar innan omsorg".
For brukarane av omsorgstenestene og dei pårørande, er dette dårleg nytt. I alle fall for dei sjukaste. Og særleg for demente og deira pårørande, for her er framlegget ei ut setting av investering av heilt naudsynte plassar, i samsvar med samrøystes vedteken plan for demente.
Det uforståelege og alvorlege i dette er at fleirtalet i formannskapet (Sp og H) vel å sjå heilt vekk frå det administrasjonen skriv om at pri 1 for å levere eit forsvarleg tilbod er å auke opp med nattevakt i sone Eivindvik, dvs. sjukeheimen. Dei peikar endåtil på fleire avvik.
Det er eit stort ansvar fleirtalet tek på seg når dei til dei grader overprøver faglege råd. Og sett i lys av samhandlingsreformen og tidlegare utskriving frå sjukehus, så er det uforståeleg at ein skal prioritere ned dei sjukaste til fordel for dei som treng mindre hjelp.
Den einaste grunnen eg kan sjå er at partia er opptekne av å stå for det dei lova i valkampen. Men er det rett når dei har fått ny kunnskap? Er verkeleg partiet viktigare enn folket, og dei sjukaste, i Gulen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar