5. januar 2013

Kutlur

Siste veka har kultur vore det store debattemnet. Eller skal eg seie norsk kultur.. Kulturjournalist Hustad i Dag og Tid starta ballet med krav om at kulturminister Hadia Tadjik skulle definer kva kultur er. FrP sin Tybring-Gjedde heiv seg straks på, fordi han såg ein sjanse til å få opp noko negativt om innvandrarar i kjølvatnet. Tadjik har gode svar. Langt betre enn statsrådskollega Inga Marte Torkildsen i Klassekampen.

Min første refleksjon, utan å gå djupt inn i debatten, er at busettinga i dette landet er ein viktig del av norsk kultur. Og busettinga er sterkt påverka og avhengig av at vi framleis har ein landbrukspolitikk som gjer at vi har levande bygder i alle deler av landet. Litt rart at FrP ikkje ser, eller bryr seg om, denne openberre koplinga når dei ivrar for norsk kultur. "All kultur er dyrken, først og fremst av jord.." heiter det i songen. I staden er det vel ingen som ivrar så mykje for å bli kvitt tollvern, og å legge til rette for at matvarer dyrka under andre geografiske forhold eller (manglande) politiske reguleringar, skal få øydelegge inntekta i norsk landbruk.

Det andre er ein heftig debatt eg hadde på Twitter med blandt andre Anne Viken. Det galdt konfirmasjonsundervisning i skuletida. Ho, og fleire med henne, er opprørt over at kommunane nyttar skjønnet som ligg i kyrkjelova (§36) til å bestemme lokalt om konfirmantundervisninga skal vere i skuletida.
For det første; eg syns sjølv at det er store fordeler med at kyrkja ikkje legg konfirmasjonsundervsninga til skuletida. Og det er i alle fall viktig at dei elevane som ikkje har denne typen undervisning får eit godt tilbod om anna undervisning. Men viss foreldra ønskjer det, det lokale soknerådet ønskjer det, og kommunestyret syns dette er ei god ordning, så kan eg ikkje skjøne kvifor dei ikkje skal kunne gjere det.
Det er ingen tvil om at Den norske kyrkja har ei særstilling i Norge. Det er heller ingen tvil om at kulturelt sett så har kyrkja betydd utruleg mykje, og at ho framleis gjer det. Utan kyrkja og ma konfirmasjonsundervisninga, hadde det gått endå lenger tid før analfabetismen vart borte i Norge.
Kristendomen er ein viktig del av norsk kultur. Vi finn han i nesten alle typar kulturelle uttrykk, og utan ein viss kunnskap blir vi fattige på verktøy for å skjøne.
Sjølv om den ovannemnde debatten for meg handla om lokaldemokrati, og at dette er saker vi kan avgjere lokalt, så ser eg at argumenta til dei andre ikkje var på det stillet. Tvert om, endåtil svorne lokaldemokrati-folk ropar på staten når lokale vedtak om konfundervisning går "feil veg".

Eg skulle derimot gjerne sett at ein innanfor RLE-faget hadde endå meir undervisning om kristendom, nettopp fordi det er ein viktig nøkkel for å forstå kulturen vår.

3 kommentarer:

  1. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  2. Det er så inderleg mykje rotekte norsk som har kome over havet og landegrensene.
    Det er så inderleg mykje rotekte norsk som har fare over havet og landegrensene.

    Ikkje uventa frå meg - kanskje:
    Det er nettopp gjennom ei god og brei undervisning at barn og unge (- og foreldre og føresette som fyl opp borna si undervisninga) at vi kan oppnå gjensidig respekt for kvarandre sin religion.

    Mvh @booooops

    SvarSlett
  3. Einig i at det er viktig å vite om kvarande og å lære respekt for kvarandre, og tru / livssyn. Derfor var eg glad då KRL-faget kom. Samtidig meiner eg det er viktig atvi lærer mest om kristendom i eit land der den står så sterkt.

    SvarSlett