1. november 2011

Lokale drosjer

I Høyanger er det som fleire av oss har frykta skulle skje, skjedd. Helse Førde har gjeve ein drosjeeigar anbudet på pasientkøyringa. Vedkomande er for gammal til å få vanleg persondrosjeløyve. Den som fekk det ordinære drosjeløyvet, har takka nei. Fordi det å drive drosje utan å ha pasientkøyring, ikkje gjev nok inntekter.
Viss ikkje Helse Førde og fylkeskommunen klarer å sjå drosjekøyringa som ein heilskap, som er der for å gje eit tilbod til folk i distrikta, så vert distrikta utan drosjar og særleg eldre mennesker (med tilrettelagt transport og serviceskyss)  skadelidande.
Helse Førde seier at pasientskyss i Sogn og Fjordane er svært dyr (BT i okt.). Dei har pasientreiser ute på anbud. Korleis anbudsregimet kan fungere i eit så spreiddbygd og vidstrekt samfunn som SFj er, er ein annan og uforståeleg historie.
Men det er altså svært viktig for kommunane å behalde eit lokalt drosjetilbod. Det må ulike offentlege instansar ta eit ansvar for, enten dei er drivne som føretak eller direkte folkevald.

21. oktober 2011

Første møte i Helse Førde-styret

I dag har eg vore på første møtet mitt i styret til Helse Førde. Eg kjende meg både velkomen og inkludert. Det var med "frykt og beven" at eg sa ja til å gå inn i dette styret. For sjukehussaka i Sogn og Fjordane verkar for å få fram det verste i ein del folk. Kampen mellom lokalsjukehusa på Lærdal og Eid, mot sentralsjukehuset i Førde, er lang og vond. Styret i helseforetaket har gjort vanskelege kutt for å få økonomi til svært påkrevde tenester for folk i Sogn og Fjordane. Kvalitet har også vore eit stikkord. Nokre pasientgrupper, der Stortinget endå til har vedteke opptrapping, har hatt vanskeleg vekst i vårt fylke. Eg tenkjer særleg på barne- og ungdomspsykiatri og rusbehandling. Det er veldig lett å forstå og å få folkeleg engasjement rundt mor, fødsel og behovet for tryggleik rundt denne viktige hendinga i livet. Det er verre å få engasjement rundt barnet når det er blitt ungdom med rusproblem. Men den mora som som opplever det, har også krav på at samfunnet stiller opp for barnet hennes. Og det er langt fleire unge som døyr av rus og psykiatri enn fordi fødeavdelinga er litt lenger unna.
Men altså, det første møtet: Vi fekk omvisning og informasjon om patalogi-avdelinga. Det er ei avdeling som analyserer vevsprøvar. Det er ei livsviktig avdeling dersom eit sjukehus skal behandle kreft. Dei sjekkar endåtil prøvar medan pasienten ligg på operasjonsbordet. Dvs. at dersom prøvane viser sjukdom, så kan sjukt vev fjernast i same operasjonen. Viss folk i Sogn og Fjordane skal ha same tilbod som folk i andre fylke, og ha deler av kreftbehandlinga i nærleiken, så må ein altså ha ei oppegåande patalogiavdeling. Vi kunne kjøpt prøvesvar, men då ville tidsfaktoren blitt ein annan. Prisen ville blitt 6 mill i staden for 10 mill. (altså berre ei innsparing på 4 mill)  Og Haukeland har ikkje kapasitet til prøvene våre. Det sa dei då avdelinga opna i 2006.  Likevel opplever ein at både leiande politikarar og aksjonistar seier ein heller bør kutte patalogiavdelinga enn noko på lokalsjukehusa. Helse Førde-styret må sjå på heilskapen, kvaliteten og kva tilbod folk i Sogn og Fjordane skal ha innanfor spesialisthelsetenester. Det forventar eg faktisk at andre også skal gjere. Og spesielt dei som er valde til å vere ombod for folk, enten det er som ordførarar eller stortingsfolk.
Harry Mowatt sa til meg på sin tørre måte: Møtegodtgjerdsla for å stte i dette styret, Trude, er litt for jobben du gjer og det meste erstatning for tapt omdømme.
Vel... Eg skal prøve å gjere ein god og samvitsfull jobb for folk i heile fylket. Gode sjukehustenester er viktig for folk.

16. oktober 2011

Regjeringa vil framleis ha moms på frivillig arbeid

I valkampen  2009 var moms på frivillig arbeid ei stor sak. For KrF var og er det eit viktig prinsipp at staten ikkje skal tene på at folk engasjerer seg i frivillig arbeid. Frivillig arbeid er svært viktig for eit samfunn, og noko samfunnet bør oppfordre til. Derfor var og er KrF for momsfritak for frivillige organisasjonar, og vi har innført og ønskjer å vidareføre/auke ordninga med skattefritak for gåver til frivillige organisasjonar.
Regjeringa, Ap, SV og Sp, sa dei var for momsfritak for organisasjonar, men innførte det gjennom ei byråkratisk kompensasjonaordning som skulle byggast opp gjennom 5 år. Det skulle gje ca 1 mrd tilbake til frivillig arbeid frå 2014.
Men, og her kjem løftebrotet; i budsjettforslaget for 2012 så er det berre sett av 18,5 millionar til kompensasjonsordninga. Då blir det lenge til ein når målet om ein milliard!
Mitt råd er: Kutt kompensasjonsordninga. La frivillige organisasjonar få føreseielege rammer, og gjev dei reelt momsfritak. Dei er viktige for at samfunnet skal fungere. Dei bør ikkje skattleggast for å bruke fritid og pengar på fellesskapet vårt.
Vi har alle forståing for stramme budsjett i krisetider, men nettopp då er det viktig å ruste opp det frivillige arbeidet!

2. oktober 2011

Når familien trør til

Alle samfunn burde juble over familiar som vil trø til og ta større del av omsorgsoppgåvene. Desse viktige og nødvendige oppgåvene som MÅ gjerast, som ikkje kan utsetjast og som treng varme hjerter, kloke hovud og flinke hender.

 Likevel er det ingen saker som til dei grader får opp adrenalinet i diverse debattar som desse. Og særleg når ein snakkar om kontantstøtta. Ein ideologisk snublestein av dimensjonar. I utgangspunktet fremja for å ujamne skilnader. Kvifor skal samfunnet betale masse pengar når barnet blir passa i ein barnehage, medan det ikkje er verd noko viss far, mor eller andre gjer jobben?

Kontantstøtta vart foreslått av KrF. Er det mistrua til KrF sine mål om meir familiekontakt og mindre tidsklemme som var problemet? Mange brukte biletet av kvinna tilbake til kjøkkenbenken som forklaring på kor gale dette var. Nokre gjer det enno. Og slik vart det forsøksvis gjort til ei anti-kvinnesak å vere for kontantstøtta. Når ordninga likevel vart gjennomført, til dels med suksess, så har angrepsvinkelen endra seg. Ordninga held kvinner utanfor arbeidslivet. Ordninga overfører pengar til private, utan at dei «jobbar» for dei. Og til sist, kronargumentet: Ordninga bidrar til dårleg integrering av innvandrarkvinner og dårleg språkutvikling for innvandrarborn. Og det blir vist til utgreiingar som, slik eg ser det, bygger meir på kjensler enn fakta.

Det viktigaste tiltaket for å redusere kontantstøtte-bruken har vore tilbod om barnehageplass til alle. Og det er eit tiltak sjølv den mest ihuga kontantstøtte-tilhengaren helsar velkomen. For heile vitsen med ordninga er å sikre valfridom. Og den er der ikkje om du ikkje får barnehageplass når det er det du ønskjer. Nokre kommunar undergrev medvite kontantstøtte-ordninga med berre å tilby foreldre full barnehageplass. Om du då ønskjer å bruke tida di på halv jobb og halv eigenomsorg, så har du dermed ikkje rett på kontantstøtte. Desse kommunane bør snarast ordne opp, til beste for dei familiane som vil velje kontantstøtte.

Eg merka meg også at Barneombodet, av alle, var på Twitter og jubla over at kontantstøtta for 2-åringane vart tatt bort. Eg syns det er umusikalsk. Eg trudde Barneombodet heller burde jubla over foreldre som ville bruke meir tid saman med eigne born.

Men no er det ei anna ordning som alle parti i valkampen ville nytte meir pengar på. Nemleg omsorgsløn. Samfunnet treng at vi tek oss meir av gamle mor og far. Men kva er eigentleg den ideologiske skilnaden på ordningane? Kvifor er det rettare å ta nokon ut av arbeidslivet for at dei skal gje omsorg til ein eldre person? Er det samfunnet si innrømming av at vi ikkje klarer å bygge nok sjukeheimsplassar? Eller er det samfunnet sitt ekte engasjement for eldre? I så fall; er det viktigare å la familie ta seg av eldre enn av småborn? Då kjenner eg mistanken mot gammal sosialisme kjem snikande. Borna må tidleg sosialiserast inn i samfunnet, og det kan ikkje overlatast til far og mor. Her må det profesjonelle, og helst verdinøytrale, fagpersonar til.



Eg er for både kontantstøtte og omsorgsløn. Og ber dei som ser ideologiske skilnader på ordningane seie i frå. Begge deler kan heite kontantstøtte eller omsorgsløn. Begge deler handlar om familie-omsorg og tid. Begge deler er (litt) økonomisk godtgjort frivillig arbeid.

17. september 2011

Eg forventar ærlighet og demokratisk sinnelag

Den nye varaordføraren i Gulen, Arve Mjømen, seier i dag i avisa Nordhordland at eg og nokre få andre har trenert saka med badeland/fleirbrukshall i Steinsvågen. Eg utfordrar han til å forklare kva han meiner med det.
Eg har arbeidd i samsvar med kommunestyret sine fleirtalsvedtak i denne saka. Både når det gjeld prosjektet i Steinsvågen, og når kommunestyret sa nei til å rekne ut kva som skulle til for å ruste oppatt bassenget i Eivindvik.
Skulle eg arbeidd på tvers av vedtaka til kommunestyret? Eg meiner det hadde vore urett og udemokratisk, og langt unna dei etiske prinsippa eg ønskjer å arbeide etter som politikar.

I tillegg ser eg at kostnadane til det Mjømen og Sp (?) skal få til skal dekkast av Gulatinget. Etter mange år i kommunestyret har altså ikkje Mjømen fått med seg at kommunen er inne med ca 200 000,-  kr i årlege driftsutgifter til Gulatinget. Ikkje mykje som kan finansierast med det....

11. september 2011

Kven bestemmer?

I morgon er det kammune- og fylkestingsval. Eg er veldig spent. Både på eigne og andre sine vegne. Som sittande ordførar så er det litt av ein eksamensfølelse å gå opp til prøve med ca 2000  sensorar.

KrF sin politikk er god, og spissa mot born, eldre og frivillig arbeid.
For Gulen viser det att i årlege budsjett at vi har hatt desse prioriteringane. I alle fall dei to første! Og så vil eg låne diktaren sine ord: "Eg synest alltid det høver best, å hjelpe den som det trenger mest".

Uansett; bruk røysteretten din på mandag!
Og eg håpar sjølvsagt at du brukar KrF-røystesetelen både i kommunen og på fylket.

Godt val!!

2. september 2011

Livssynsnøytralt samfunn?

Eg sett spørjeteikn bak ordet, fordi eg tvilar på om det er mogeleg. Og endå meir tvilar eg på om det er ønskjeleg. Likevel kan det synest som at det er eit mål for enkelte, både privatpersonar, organisasjonar og politiske parti.

Eg trur «folk flest» vil ha eit minimum av opplæring i den kristne kulturarven vi har i landet, og at kristendommen si særstilling framleis skal vise att i samfunnet. Vi hugsar vel alle det folkelege aksjonen «Nok er nok» som vart starta av Linda Austvik som ein spontan protest på at det ikkje skulle vere lov å synge kristent bordvers på skulen lenger. Reaksjonen var så sterk at SV-Djupedal  og regjeringa måtte gå tilbake på det. I vårt heimlege fylkesting hadde vi tilsvarande oppvisning frå SV som gjorde framlegg om at Fylkestinget ikkje lenger skulle sygde fedrelandssalmen ved opning og slutt av tingseta. Ap-ar Tor Bremer, som då var varaordførar og no sitt i stortingets utdanningskomite, var ikkje stort betre;  for han nytta høvet til å boikotte tradisjonen ein gong han leia møtet. Småting, seier du kanskje. Ja. Men det er sterke symbol-verkemiddel.

I etterkant av dei tragiske terrorhandlingane i sommar, har både kristne og humanistiske verdiar vore svært viktige i arbeidet med å bearbeide sjokket og sorga. Verdiane har ført oss saman som folk. Dei var i ryggmargen, og gav oss eit register å spele på i møte med kvarandre. Tenk så viktig det er for landet vårt å ha det slik. Nokon skulda kyrkja for å ville ta styringa på markeringane etterpå. Men det viser seg at dei var svært forsiktige med å gjere det.  Og på første valdebatten i fjernsynet i haust, så var det SV-representanten som aller mest tok fram det fantastiske der både presten og imamen hadde vore saman i kyrkja i ei gravferd.

Likevel, brevet undervisningsminister Kristin Halvorsen har sendt til alle kommunar om korleis skulane skulle markere 22/8 ved oppstart av skuleåret, viser at dette ikkje har nådd inn. Brevet opnar med å sitere frå skulen sin formålsparagraf som seier ein bygger på kristne og humanistiske verdiar. Deretter at ein må legge til rette på ein måte som er naturleg lokalt, også avhengig av om nokon var nært berørt av tragedien.  Men så kjem det med tydeleg pålegg: Minnestunden må uansett være for alle og dermed livssynsnøytral. For det første avslører dette utruleg lite tiltru til den enkelte rektor, men dinest at ein ikkje har skjønt kva som rørte seg hos det norske folk. Det er neppe tilfeldig at rosehavet vart lagt utanfor Domkyrkja, og ikkje på Yungstorget.

Etter å ha lese Vårt Land sitt intervju med den nye leiaren i Oslo AUF, Vegard Grøslie Wennesland, vart dette endå meir alvorleg for meg. Han fortel korleis han låg i skjul under ei seng på Utøya og prøvde å hugse Fader Vår. Og kor glad han var då han klarte heile bøna. Har vi som samfunn lov å ta vekk dette frå borna våre? Og om vi har lov, er det klokt? Eg meiner sjølvsagt nei. Livssynsnøytralitet er ein bløff. Kunnskap er av det gode, og at eit samfunn bygd på kristne verdiar også formidlar desse, bør vere sjølvsagt!


16. august 2011

Bompengar

KrF meiner det må kunne nyttast bompengar og andre former for spleiselag, for å få bygging av nye vegsamband fram i tid.
Vi registrerer at særleg eit parti har god råd til å få bygd det meste uten. Men vi ser også at næringslivet er meir realistiske i tilnærminga si, og seier at viss det er bompengar som må til for å få fortgang i vegbygginga, så vil dei heller det enn å vente i mange år.
E39 er utan sidestykke den viktigaste vegen å få ordna gjennom fylket. Det er mange mil med ein standard som gjer at to store bilar ikkje kan køyre forbi kvarandre på ein god måte. Både trafikktryggleiken og omsynet til næringslivet sin trong for å kome fram, tilseier rask utbetring.
Korleis løysinga rundt Førde skal vere, den såkalla Førdepakken, må avklarast så snart som råd. Og arbeidet må framskundast. Først og fremst med pengar på statsbudsjettet, men også med bompengar for å kome raskt i gang.
For KrF er det også viktig at Førdepakka tek høgde for gode løysingar for mjuke trafikantar, born, syklande og gåande.

14. august 2011

Menneskeverd i sentrum




 Sjeldan har vel eit politisk slagord passa betre inn i ein valkamp enn KrF sitt ”Menneskeverd i sentrum” gjer i år. Eit ufatteleg åtak på oss som folk, på styresettet vårt og på eit politisk parti særleg, er bakteppet for den valkampen vi no går inn i. Mange har sagt mykje klokt, og særleg dei involverte ungdomane sjølve. Ma. at dette vonde berre må møtast med meir demokrati, ved open debatt om politiske saker og ved å nytte røysteretten.

KrF støttar dette. Vi vil, med eit klart utgangspunkt i at vi meiner kristne verdiar er det beste grunnlaget vi kan bygge eit samfunn på, arbeide for både trusfridom, ytringsfridom og toleranse. Vi ser ingen motsetning i dette.

KrF vil bruke menneskeverdet som ein lakmus-test på dei politiske standpunkta vi skal vere med på og ta. Og då ligg det eit særleg ansvar overfor dei gruppene som treng meir hjelp enn andre. Det kan vere elevar på vidaregåande som slit med skulen eller livet, det kan vere dei store utfordringane som ligg i samhandlingsreformen og folkehelsearbeidet, det gjeld innan for kultur og innanfor samferdsel. KrF vil vere med å utvikle Sogn og Fjordane vidare til eit viktig og triveleg fylke både for næringslivet og for oss som bur her eller gjestar oss.

Viss du vil at KrF skal vere med og påverke i fylket, og meiner at KrF sine verdiar er viktige, så ber vi om støtte i fylkestingsvalet. Målet vårt er å auke frå tre til fire representantar, og dermed få plass i fylkesutvalet.




26. juli 2011

Ein klem

KrF Sogn og Fjordane vil med dette vise sterk medkjensle med alle dei som er råka av denne ufattelege misgjerninga og åtaket i Oslo og på Utøya. Alle er råka, men nokon mykje meir enn andre. Våre varmaste tankar går til Stryn og dei pårørande til sakna AUF-leiar, Hanne Kristin.

Måten statsministeren og dei rundt han, og ikkje minst AUF-leiaren Eskild Pedersen har opptredd på i etterkant av hendinga, har vore imponerande. Stor takk til dei, for det dei er og gjer.
Sameleis hjelpemannskap på alle nivå.

Det politiske ungdomsmiljøet i Norge er lite, og det er nære nettverk og vennskap på tvers av partigrensene. Det har kome tydeleg til syne no, der alle seier: "I dag er vi alle AUF-arar".
KrF håpar dette er haldningar som vil halde seg, og som gjer at sjølv om ein er usamde om politiske vegval, så er vi saman om det viktigaste, demokratiet og ytrningsfridomen.

Takk til alle som har tatt del i store og små fakkel/blometog eller andre markeringar. Det er ein sterk manifestasjon av avstand frå hendinga, omtanke og kjærleik til kvarandre og ein felles lovnad om å finne ein god veg vidare.

19. juli 2011

Frivillig?

Heldigvis var visst den meldinga om skattlegging av frivillige medarbeidarar på diverse tilstellingar, berre ein feil. Men mange gjekk fem på. Og det er grunn til å dvele ved. Er det fordi vi med dagens regjering er svært vande med at frivillig arbeid ikkje har hatt dei beste vilkåra?

Det var eit folkekrav at frivillige organisasjonar skulle sleppe moms. Regjeringa ga etter, men på sin måte. Dei innførte ei ordning som er byråkratisk og uføreseieleg.

KrF vil gje frivillig arbeid og ideell sektor gode rammer, og stortingsgruppa vår la fram eit framlegg for det våren 2011.
Desse tiltaka innebær
  • gode statlege rammevilkår og støtteordningar til frivillige organisasjonar og ideelle aktørar
  • sosial kapital som mål for samfunnsutviklinga på linje med verdiskaping og bærekraft
  • frivillighet på timeplanen i skulen
  • familie- og frivillighetsvenleg arbeisliv
  • tiltak med "seniorvenner" og "reservebesteforeldre"
  • betre rammevilkår for ideelle helse- og omsorgsinstitusjonar
  • styrking av frivillig-sentralane

8. juli 2011

Leigebustadar for utvikling

KrF har arbeidd for at kommunen skal medverke til at det vert bygd fleire utleigebustadar i Gulen. Å auke folketalet er svært viktig, og sjølv om det dei siste åra har vore bygd fleire einebustadar enn før, så trengs det meir satsing. Vi kan ikkje vente at alle folk (ungdomar) er klare til å bygge eigen bustad med ein gong dei kjem til bygda. Det er derfor viktig å ha ein fungerande leigemarknad, slik at dei kan ”prøve-bu” før dei tar ei så stor investering.

Det er for få hus til leige. Og sjølv om det ikkje er eit primært offentleg ansvar å bygge hus, så syns KrF det kan vere ein god ide for å skape meir tilflytting.

Vi var derfor med på å få pengar til utleigebustadar inn i budsjettet frå 2011 og utover. Tiltaket vart vedteke med knappast mogeleg margin, då H og Sp stemte mot.

KrF ønskjer at vi skal kome i gang allereie i haust, og vi meiner Brekke skal vere først ut. Grunnen til det ligg både i at dette området nært E39 er eit satsingsområde for oss, og at det for mange år sidan vart sagt at inntektene frå salet av ein kommunal bustad der skulle gå til ny utleigebustad.

4. juli 2011

Hordalandsavtalen i fare - igjen.

Ikkje overaskande, så går leiaren i Hovedutvalet for utdanning på fylket ut og peikar på Hordalandsavtalen når det skal sparast pengar. Hovland er innvalt for Ap, og Ap har heile tida vore mot Hordalandsavtalen.
Eg meiner vi må ha ei anna tilnærming når vi skal ta innsparingar innanfor skule. Vi må ta utgangspunkt i brukarane sitt beste og muligheten for flest mogeleg å kunne bu heime medan dei går på vidaregåande skule.
Med det som utangspunkt er vel ikkje prisen for Gulen og Solund-elevane så høg. Eg merkar meg at innsparinga blir sagt å vere mellom 6 og 10 mill. Rutekostnadane er lagt fast i eit båtanbud, og er eit "finmaska" system saman med andre båtruter i området. Det kan derfor ikkje påreknast så stor innsparing der.
Det blir også heilt "håplaust" når det blir framstilt som om det enten blir Dale vgs eller Hordalandsavtalen som skal kuttast. Kva med dei andre regionane, der skulane ligg så tett at ein kan bu heime og velje mellom fleire skular? HAFS regionen har ei svært tidkrevande og kronglete samferdsle. Det gjer at ingen elevar frå Gulen og Solund kan bu heime og gå på skule i eige fylke. Gulen har td i fleire år bede om å få oppretta ei rute over Lavikdalen på mandagsmorgon, slik at elevane frå Brekke slapp å reise i 17-18 tida søndag for å nå skulen i Dale mandag. Men nei, ikkje det ein gong har vore mogeleg. Kanskje er det litt av grunnen til at svært mange elevar frå Brekke no veljer Sogndal og Førde i staden for Dale. Og det vil nok også vere tilfelle dersom Hordalandsavtalen blir tatt bort.
Når ein står sør i Gulen og ser over fjorden til Austrheim, så verkar det veldig lite framtidsretta at fylkesgrensa skal vere eit så sterkt hinder mot fornuftige løysingar.
Å ha ungdomar i alderen 15-18 buande heime er viktig for utviklinga av lokalsamfunnet, for busetnad og ikkje minst for dei familiane det gjeld.
Eg håpar fornuften sigrar i denne saka, og at dei partia som sto saman om å få til Hordalandsavtalen, framleis vil gjere det.

26. juni 2011

Sykkelstativ på bussen

KrF vil gjere det enklare for folk å sykle. Folkehelse og miljø er gode grunnar kvar for seg og i lag.
Gang- og sykkelvegar og breie "skuldrer" på nye vegar er viktige grep for å gjere sykling enklare, tryggare og meir attraktivt. Folkehelse og miljø er gode grunnar kvar for seg.
Men også sykkelstativ på bussane er viktig! Både fordi vi har mange tunnelar der det ikkje er lov å sykle. Men også fordi det kanskje er for langt å sykle både til og frå jobb. Men supert den eine vegen. Og også fordi vi ønskjer å legge til rette for meir sykkelturisme.
NRK hadde eit innslag om at dei hadde fått dette godt til i Oppland. Dette må vi klare også i Sogn og Fjordane. Så fylkeskommune, Firda billag, Fjord1 og Nettbuss; oppfordringa er gitt. KrF følgjer opp saka.
Og PS; desse flotte sykkelstativa bak på bussen er faktisk laga i Stryn!!

20. juni 2011

Integrering i praksis

Det kan sjå ut som at berre ein får vekk kontantstøtta, så er integreringa berga... Det er å bruke vikarierande argument.
Men her kjem ei sak som handlar om integrering i praksis:

Når innvandrarar kjem til landet, så er det eit mål at dei skal lære norsk. Dei får derfor gratis opplæring i norsk og samfunnsfag. Fleire kommunar går gjerne saman om opplæring, noko som fører til reiseveg for innvandrarane. Offentleg transport er ikkje veldig godt utbygd i fylket vårt, og der det går td buss, så har det ein ganske høg pris. Vi har kompensert det med rabattkort for enkelte grupper. Td. studentane. Dei får enten eit månadskort med 40% rabatt eller dei får 25% rabatt på enkelt-reiser mot å vise "studentbevis".

Det er bustadkommunen som får integreringstilskot for den enkelte innvandrar. Det skal dekke norskopplæring. Eg meiner dette tilskotet også må riggast slik at det tar høgde for skyssutgifter, der det er naudsynt.

For viss vi skal ha integrering som mål, og er samde om at det å lære norsk og samfunnskunnskap er viktig, så må vi syte for at reisekostnader ikkje vert eit hinder for å nå målet. Vi veit også at dette ikkje er ei kjøpesterk gruppe. Tvert om ligg dei høgt på statestikken når ein måler fattigdom.

Eg vil ta denne saka opp med KrF, med tanke på å få gjennomslag for at reise til norskopplæringa vert kostnadsrekna inn i det kommunale integreringstilskotet.

I samferdsleutvalet i fylket skal vi handsame ei sak der instillinga til å gje rabattar på bussar for desse "studentane" er negativ. Eg skjønar det ut frå at det ikkje er fylket sitt ansvar. Men ein må no kunne gje studentbevis, slik at kommunane, der dei faktisk er inne og dekkar desse utgiftene, får denne rabatten.
Det prinsippielle spørsmålet er kanskje; er dei studentar eller ikkje? Eg vil meine dei er, og at dei derfor må likebehandlast med norske studentar for den tida studiet gjeld. Lærestadane må derfor utferde "studentbevis" til dei det gjeld, slik at dei får del i 25% -rabatten dei har rett på.

12. juni 2011

Verdi-dilemma heile vegen

Like sidan Adam og Eva var på epleslang og åt av kunnskapens tre, har vi vore utfordra på etiske dilemma. Vi søker kunnskap, noko som i seg sjølv er bra. Samtidig vil kunnskapen alltid ha ei utfordrande bakside ved å reise spørsmål om kva som er rett og gale.
Kva er grunnleggande verdiar i eit samfunn? Kvar går grensa for kor tid ein trår over desse?

For meg er dette viktige polititske spørsmål. Og det var slike spørsmål om ”liv og død” som gjorde at eg valde å bli politisk aktiv i Kristeleg Folkeparti. Ikkje fordi partiet har ”kristeleg” i namnet, men fordi det med rot i nokre verdiar som for meg er viktig, prøver å stake ut ei rettesnor for kva samfunnet kan godta i grunnleggande spørsmål om menneskeverdet.

Mitt engasjement vart vekt av den vanskelege abortsaka, og kvinnerørsla som gjekk på barrikadane med å kalle eit påbegynt liv for ein celleklump som ikkje skulle ha nokon rettar på eigne vegne. Eg såg på meg sjølv som feminist, men fekk ikkje lov til å vere det. Fordi synet mitt på menneskeverd var knytt til at livet vert til ved unnfangelse, og at det derfor ikkje kan vere opp til berre eit anna menneske å bestemme om det skal få leve. Eg såg tvert om på det å sette kvinna til ansvar for slike avgjerder åleine var eit nytt overgrep frå menn og samfunn for å vri seg unna vanskelege val. Men vi har abortlova, og knapt nokon andre enn KrF tar til orde mot ho, eller prøver å finne avbøtande tiltak. Eg meiner barnet i mors liv er eit menneske, og derfor burde hatt eit grunnlovsfesta rettsvern.

Men utviklinga er vel heller andre vegen. Samfunnet vil legge til rette for at ein kan bruke kunnskapen for å forske på ufødt liv. Det kan vere gode grunnar i utgangspunktet, og det vert alltid vist til at ein kan spare liv; ved tidleg screening av foster, ved blodprøvar for å avsløre framtidige sjukdomar. Men resultatet kan vi lese frå land som er komne lengre enn oss; det fører til hyppigare abortar av foster med påvisbare sjukdomar. Til no er det vel FrP og Ap som vil tilby tidleg ultralyd og forlenge 12 vekers fristen for abort.

Eit anna verdi-spørsmål er surrogati. Det reiser etiske spørsmål på fleire plan. Både i fht barns rett til å kjenne biologisk far og mor. Og i fht å kunne leige ei eit menneske med ei livmor. Marknaden, som ofte er etisk blind, vil føre til at rike folk utnyttar fattige. Og så prøver vi sjølvsagt å bortforklare det med frivillighet, betaling med meir. Det blir korkje penare eller betre av den grunn.

Også i andre enden av livet er det store etiske dilemma. Til no har berre FrP programfesta at dei vil gjere det lovleg med aktiv dødshjelp. Og etter å ikkje ha fått venta applaus hos veljarane, har dei no sagt at det var eit ”arbeidsuhell”. Men det blir eit spørsmål vi må ta stilling til. Og etterkvart som det vert fleire sjuke eldre og færre til å pleie dei, så vil det ikkje forundre meg om argumentasjonen for dødshjelp vert pussa støv av. Sosialismens ånd som sett grupper og ”fellesskap” framfor enkeltmennesket finn saman med liberalismens og individualismens ånd; Det er ein rett å få bestemme over eige liv. Argumentasjonen er den samme som på aborttilhengarane sine banner på 70-talet. Kva er anleis?



Spørsmålet er ”Kva er då eit menneske?” Og det er her eg etterlyser politikarane sine verdigrunnlag, og prinsippielle tankar ut av det. Og korleis dette materialiserer seg i praktisk politikk som gjeld kvardagen vår.

23. mai 2011

Leksehjelp i ungdomsskulen

KrF vil at det skal innførast ei frivillig leksehjelp for ungdomsskuleelevar. Vi trur det er større bruk for det på ungdomstrinnet enn den som no er innført for dei yngste elevane. Og vi opplever at dette blir etterspurd av mange foreldre, som enten ikkje fagleg strekk til med leksehjelp eller som ikkje får tida til å strekke til.



KrF har lenge vore ein pådrivar for at det måtte gjerast noko med ungdomsskulen, slik at han vert meir ein mestringsarena både for dei som ”snakkar med munnen og dei som snakkar med hendene”. Det inneber ma meir praktiske fag.

Etter 6 års etterlysning har endeleg regjeringa lagt fram ei melding om ungdomsskulen, og der er det etter vårt syn, mykje bra. Regjeringa følgjer opp KrF sitt framlegg om å innføre valfag og ein meir praktisk retta skuledag.

Men det må med fleire konkrete framlegg når Stortinget skal stake ut ein god ungdomsskule.

Læraren er den viktigaste enkeltgrunnen for ein god skule. Derfor er det viktig med god kompetanse og mulighet for etter- og vidareutdanning. Staten bør ta hovedansvaret for kostnaden med dette. Nye lærarar skal få tilbod om ei mentorordning som hjelper dei i gang både med undervisning og klasseleiing.

Kommunane må gje auka tilgang til helsesøster, slik at både fysiske og psykiske lidingar vert fort fanga opp og sett inn tiltak for.

Skulane er fleire stader allereie noe in god arena for samarbeid med næringslivet og opplæring i entrepenørskap. Dette ønskjer vi vidareutvikla, og ikkje berre avhengig av at det er eldsjeler blant lærarane som gjer at ein får det til. Særleg her i Sogn og Fjordane vil det vere nyttig med god opplæring og tilrettelegging for dei som kan tenkje seg å lage sin eigen arbeidsplass.

Skulen er kommunane sitt ansvar. Og det er ei av dei største oppgåvene til det lokale kommunestyret. Derfor er skule viktig når ein skal velje til hausten. Kva vil dei ulike partia for den lokale skulen? God skule handlar om meir enn skulestruktur.

10. mai 2011

Språk er kultur

Då KrF i 1933 vart skipa var det også med målsaka som ei viktig sak. Nynorsken sine vekstvilkår i samfunnet har vore magre i mange år, og var då som no, ei sak for "motkulturen".
Norge har to jamstilte målføre, bokmål og nynorsk. Tilsette i offentleg sektor er faktisk pålagde å kunne svare folk på begge målføre, og det er derfor obligatorisk undervisning i sidemål i skulen.
Det at Høgre, som påropar seg å vere eit parti for kultur, gjer landsmøtevedtak på å avvikle sidemålet, eller rettare sagt gjere det valfritt, er derfor både trist og uforståeleg. Det er slike grep ein ventar i frå det mindre kulturmedvitne partiet FrP. Endå tristare er det når dei marknadsfører det som å bli kvitt nynorsken som sidemål..
For meg er ikkje denne saka ein bagatell, fordi det seier noko om haldningar og om kva verdiar ein vil bygge på. Eg syns avstanden til Høgre auka med dette vedtaket.

5. mai 2011

Russetid er risikotid

Det er kjekt å vere russ, og eg ønskjer alle ei flott og triveleg russetid.
For enkelte blir russetida alt anna enn kjekk. Nokon opplever grov vald, trafikkulukker og at eigne grenser vert pusha.
Samfunnet vårt er veldig sex-fokusert. Og det viser att i ein del av dei russeknutereglane som finst. I alle fall dersom eg fekk dei rett gjengitt frå ein journalist i dag. Det gjekk på å sex med 10, sex med ein førstis, sex med russepresidenten, sex på skulen...Lista var ganske lang. For dei fleste er vel dette mest fleip. Men det gir likevel eit betydeleg sexpress. Og kombinert med alkohol, som dessverre er ein "viktig" del av russefeiringa for mange, så blir det nok tatt nokon val som ein seinare angrar på.
Og så skjer det som må vere nesten det verste ein kan oppleve, nokon vert voldtatt. Då vert peikefingeren heilt rett retta mot den som har gjort det. Og det er grunn til straff. (Dog syns eg FrP går langt over streken då dei ønskjer kjemisk kastrering..)
Men eg reagerer likevel på nokre av dei som peikar. NRK har hatt ein serie om ungdom og sex, Trekant, som har fått mykje klager. Først og fremst fordi dei lausriv sex frå verdi- og moralspørsmål. Sex er nyting og naturleg, seier NRK i serien, og "ler" av dei som meiner det er noko meir. Ser ikkje allmennkringkastaren at også denne serien er med å auke sexpresset på unge? Og at dei som ønskjer ei anna ramme rundt sexlivet sitt føler seg endå meir "sære"?
Andre som "peikar" er dei som har ein alkoholpolitikk som tar meir omsyn til den som skal tene på å selje enn den som drikk. Eg veit det er ei "lovleg vare", men ho er likevel spesiell. Og risikoen for russen er svært knytta til alkohol-bruk. Enkelte unge er uvant med å drikke, og tåler lite alkohol.

Eg meiner det er ein samanheng mellom dei verdiane vi gir borna våre, og måten dei oppfører seg på. Og dei fleste ungdomane klarer seg flott og er forstandige. La oss gje desse stort frimod til å ta sikre val. Det er eit samfunnsansvar.

Eg håpar russen får ei flott tid, at dei brukar lite rus og at dei tar vare på kvarandre. Og så håpar eg på kloke vaksne som både følgjer med, hentar heim og er til stades for ungdomen. Russetida er ei risikotid. Det er nesten så eg er glad for at døtrene mine gjekk vidaregåande i Afrika. Det opplevdest faktisk tryggare.

20. april 2011

klimafond for veg

KrF har landsmøte neste helg. Eg meiner noko av det viktigaste når lansmøtet møtest er at det vert ein politisk verkstad og at ein formar ny politikk. KrF har omdømmemål som seier at vi skal vere verdiforankra, åpne og relevante.
Sogn og Fjordane KrF har fremja eit resolusjonsframlegg som vi meiner er svært relevant:
Det handlar om veg, og slik sett vedkjem det kvar enkelt, fordi samfunnet i stadig større grad legg opp til at vi må flytte på oss for å nå fram til tenestene. ( sentralisering / globalisering) Det handlar også om klima. Vi opplever at naturen i aukande grad viser krefter, og ved td ras og flaum ryddar vekk viktige samferdselsårer på eit blunk.
Berre i fjor utgjorde ektsrautgifter på Sogn og Fjordane sine fylkesvegar mellom 50 og 60 millionar kroner i ekstrautgifter pga naturkreftene. Dette er mykje for eit fylke å ha liggande som buffer. Og ein veg som er vekke, kan ikkje utsettast å setje i stand. Det må berre gjerast.
Fylka er ulikt utsette for at vegane vert øydelagde av (u)-ver. Slik sett vert det svært ulik belastning på vegmidlane. Og dei fylka som er mest utsett, er gjerne også dei fylka der det er dyrast å bygge veg. Eg tenkjer på forsering av flaumstore elver og vegar langs bratte, rasutsette liderog fjell.

KrF Sogn og Fjordane fremmar difor forslag om at det vert oppretta eit statleg bufferfond som skal dekke reperasjonar på vegar som vert øydelagde av natur- og klimaherjingar.
Om ein kallar det klimafond eller naturskadefond for samferdsle er underordna. Det viktige er at staten tek eit større ansvar for å rydde opp etter ekstremver, og at det er fellesskapen og ikkje det enkelte fylke åleine som sitt med ansvaret for ekstrarekninga.

10. april 2011

Prinsipplaust frå Ap

Nei til pels og nei til post.
Det er for så vidt bra at Ap-landsmøtet sa nei til postdirektivet. Det er faktisk veldig viktig at det skal bere likeverdig posttilbod i heile landet. Her eg bur, kjem avisa også med landpostbodet. Ikkje kjekt å vere utan avis på laurdagen. Men det er litt spesielt at dei vel å teste ut EØS-avtalen på denne saka og ikkje på ei prinsippsak som datalagringsdirektivet. Postdirektivet rører jo ved grunnlaget til EU, frie tenester.
Men truleg kom dette vedtaket som følgje av ein oppsamla irritasjon over at DLD vart pressa gjennom i Stortinget ei veke før landsmøtet. Det kunne neppe skjedd etterpå, når vi ser avstemminga om postdirektivet. Viss ikkje det er slik at det egt er LO som bestemmer i Ap? Men prinsipp skal ein leite lenge etter for å forstå dette. DLD, matsminke, patent..det hadde vore mange gode prinsipp å prøvd på før.

Så til det prinisippielle i pels-vedtaket. Er det stygge fjernsynsbilde som har fått Ap til å vedta nedlegging av ei næring? Er det slik frå no av at viss nokon i ei næring bryt lova, så kuttar vi heile næringa? Eller er det eit prinsipp om at alt dyrehald skal vere "fritt" frå no av? Kva skjer med burhøns? Dei hakkar også stygt på kvarandre. Eller andre dyr som får skader? Kva med kjæledyr? Dei er i allfall ikkje nødvendige å halde inne eller å frårøve fridomen. Polly må nok ut av buret, etter dette.
Pelsdyrnæringa har strenge krav, og har gjort mykje for å etterkome desse. Ap-vedtaket gjer ei heil næring til syndebukk, og skaper uro for framtida innan resten av husdyr-næringa.

6. april 2011

KrF fekk gjennomslag i saka om skuleskyss for Vik

KrF fekk gjennomslag for viktige prinsipp når fylkestinget behandla saka om skuleskyss til Vik. Vi hadde laga eit eige framlegg. Dei viktigaste delene av  det vart tatt inn i eit fellesframlegg frå Sp, Ap, H, KrF, SV og FrP.
Det vi fekk inn var; 1. utgreie alternative ruteopplegg, ikkje berre båt til Hermansverk og buss derifrå. 2. At båtruta ikkje krev ei tilnærma 50% finansiering frå Vik kommune, men berre ei medfinansiering. 3. At fylkestinget skal arbeide politisk for at bortebuarstipend alternativt kan brukast til å finansiere skuleskyss.

Det siste er eit viktig prinsipp, syns vi i KrF. Staten sine pengar er no så sektoroppbundne at det hindrar fornuftig bruk av offentlege midlar, til beste for dei bygdene og distrikta det gjeld.
Proessor Jørgen Amdam har ein teori om dette, som blir kalla "Distriktenes likkiste". Det betyr at sektoriseringa i det offentlege tek livet av distrikta med å legge hinder for gode og fornuftige løysingar.

Fylkesårsmøtet til KrF vedtok å arbeide for skuleskyss for Vik der bortebuarstipendet var ein mulig innsats til medfinansiering. No har vi levert, eit stykke på veg!!!

29. mars 2011

KrF-ja til utleigebustadar. H/Sp sa nei.

No har det vore næringskonferanse på Byrknesøy og næringsdag i Brekke. Begge stader vart det hevda at attraktive byggefelt og utleigebustadar var noko av det viktigaste å få på plass for at fleire skulle busetje seg i Gulen.
I budsjettet for 2011 er det lagt inn 1.250.000,- kr til utleigebustadar allereie i 2011. Det var eit forslag som vart fremja av KrF, og som fekk støtte frå Ap og V.  H og Sp stemte imot. Dei seier dei er for utleigebustadar, men vil altså ikkje at kommunen skal bruke pengar på det. (Dei har sett av kr. 250 000,- til det) At Høgre har klokketru på at marknaden skal ordne opp er ikkje ukjent, men at Sp heller ikkje ville bruke pengar på utleigebustadar var eg meir overraska over.
Når det gjeld bustadfelt så ville Høgre heller ikkje sette av pengar til det. Etter framlegg frå V vart nytt byggefelt i Eiindvik framskunda i eit år, slik at både Dalsøyra og Eivindvik står med startløyving i 2011. I tillegg har eit samrøystes formannskap (rett nok med protokolltilførsle frå Høgre at dei eigentleg er i mot) støtta kommunal utbygging av byggefelt på Eidsbotn. Dette skal opp i kommunestyret i april.

KrF meiner attraktive byggefelt og utleigebustadar er viktig. Og etter å ha høyrt innbyggarar og næringsliv sine synspunkt er vi endå meir sikker på at det er rett å bruke kommunale midlar på det.
Det er likevel eit poeng at kommunen ikkje skal øydelegge det som måtte vere ein privat marknad, og vi har difor foreslått (og fått vedteke) at administrasjonen skal utgreie retningslinjer for bustadpolitikken kva gjeld prisar, subsidiering mm.
Sp og Høgre får sjølve forklare kvifor dei ikkje vil bruke pengar på utleigebustadar.

25. mars 2011

Arealavgift for oppdrett

Ein del kystkommunar er saman i ei interesseforening med tanke på sjøareal. Gulen kommune er ikkje medlem, men bør etter mitt syn bli det.
Denne foreininga har fått utarbeidd ein analyse frå Kontali analyse AS, med nokre framlegg til korleis ein kan møte oppdrettsnæringa framover. Det er nemleg ikkje til å stikke under ein stol at kampen om areala er hardare enn før. Og når oppdrettsselskapa ikkje lenger har lokal tilknyting, og knapt lokale tilsette, så er det lite interessant for ein kommune å regulere inn areal til næringa. I alle fall når ein ser at skepsisen hos innbyggarane og anna næringsliv, som td reiselivsnæringa, aukar på. Kvifor skal ein kommune ta kampen mot eigne innbyggarar for at ein næringsaktør skal få gode areal, viss det ikkje ligg att noko for det til grunneigar eller til fellesskapet?

I Gulen er vi godt vant med ein stor lokal aktør innan oppdrett. Ola Braanaas kan ikkje skuldast for å vere ein som ikkje legg att noko lokalt! Gulen har stor glede av å vere vertskap for den bedrifta. Men kva med andre som har hovudkontoret, slakteriet og langt på veg dei tilsette andre stader?

Eg vil tru det er derfor både Marine Harvest og Sjøtroll i møter med kommunen gir uttrykk for at ein langt på veg ønskjer velkomen ei arealavgift.

Høgre v/ Arve Mjømen, tar dei høge tonar mot meg i eit lesarinnlegg pga dette standpunktet. I tillegg til at han blandar inn eigedomsskatt både på hus og næring og selskapsskatt. Betyr det at Høgre meiner at næringslivet skal få fritt fram med areal der dei ønskjer det? Korleis vil dei vege mellom ulike interesser som td reiseliv og oppdrett? Areal til oppdrett kan bety noko økonomisk for begge deler. Trur dei at eit nei til arealavgift vil styrke ei oppdrettsnæring som ikkje er lokal?

Areal i sjø er fellesskapet sitt. Då er det også rimeleg at bruk av dette arealet kjem fellesskapet til gode. Og kanskje litt meir til det næraste fellesskapet, som også må ta eventuelle ulemper av oppdrettsnæringa.

22. mars 2011

Livmor til leige

Surrogati er nok eit vanskeleg og følelsesmessig utfordrande etisk spørsmål. For det første; det er ikkje ein menneskerett å få barn. Det er vel heller ikkje ein sjukdom å vere barnlaus. Men dt er lett å skjønne ønsket om å få vere foreldre til eit barn.
Men surrogati reiser mange spørsmål. Er det rike folk si utnytting av fattige? Ein reproduksjonsindustri der agentane sitt att med like mykje som kvinna? Kva med å stille testspørsmålet; Ville du at dottra di skulle vere surrogatmor? For eit barn er eit barn fødd inn i ein familie. Som surrogatmor er du på ein måte "redusert" til ein rugekasse. Det vert understreka av at dei som får kjøper er nøye på å understreke at dei kjøper ei teneste, ikkje eit barn.
I heimleg abortdebatt var det brukt som argument at kvinna skulle bestemme, for det var hennes kropp. Og fosteret er ikkje eit sjølvstendig vesen med rett til liv før etter 12. veke (og knapt nok då). I surrogat-debatten er det befrukta egget eit liv som blir kjøpt eller adoptert, om du vil. Mora (som ber barnet) har nok ingen rett til abort, for det er avtalebrot.
Det er kjempeviktig at vi løyser desse vanskelege spørsmåla prinsippielt og etisk.
Volden med sine statslause tvillingar i India må få ei løysing på si sak. Her er borna fødde og for deira skuld må ein kanskje fråvike prinsipp. Men eg syns det er viktig at surrogati blir behandla prinsippielt. Og eg meiner Norge si haldning er rett. Kva meiner du?

19. mars 2011

Overskot på kunnskap – underskot på handling

No skal eg skrive om noko som utfordrar både meg sjølv og andre. Eg skal skrive om alkohol. Kva er det som gjer at eit stoff som påfører så mykje smerte og samfunnskostnader, er så vanskeleg å ta opp. Eg veit med meg sjølv at litt av grunnen er at eg ikkje har lyst å bli sett på som snerpete, moralistisk eller det som ”verre” er. Folk flest vernar om vinglaset sitt. Alkohol er kultur.

Det er mykje kunnskap om alkoholbruk og verknadane av det. Vi veit at foster blir skada viss mor drikk. Vi veit at mange born opplever vald og utrygg oppvekst pga vaksne sin alkoholbruk. Vi veit at det blir meir familevald av alkohol. Vi veit at det er meir vald på byen når alkohol er lett tilgjengeleg, og stengetidene lange. Vi veit at alkohol er skuld i mange trafikkulukker.

Politiet er kjempetydelege i tilbakemeldingane sine på at lett tilgjengeleg alkohol, gjev dei meir å gjere.

I juni 2006 la EU-kommisjonen fram den mest omfattande rapporten som er laga om alkoholforbruk og alkoholskadar i Europa. Det som verkar er, i følgje rapporten, ein ansvarleg alkoholpolitikk som regulerer pris og tilgjenge. Rapporten slår fast at dersom alkoholprisane vart ti prosent dyrare, kunne 9000 liv vore spart. Likevel er det, stadig i følgje forskarane, altfor sjelden at forskingsbasert kunnskap ligg til grunn for å avgrense alkoholrelaterte problem. I mange tilfelle vert det sett i verk strategiar og tiltak som forskinga har vist ikkje har effekt eller som ikkje er evaluert.

Men det er altså mogeleg å gjere noko med skadene og samfunnsutfordringane som alkoholen skaper. Regjeringa foreslo å redusere opningstida frå 03.00 til 02.00 for alkoholservering. Men dei feiga ut. Dei var meir redde negative veljar-reaksjonar enn å villle sjå dei 100 000 borna som lir av omsorgspersonar sitt alkoholinntak.

Høgresida har alltid stått for ein liberal alkoholpolitikk. FrP har endåtil hatt lågare pris og auka tilgjenge, altså det forskarane seier gir auka forbruk, som valkampsak i alle år.

Sp vil utfordre EØS-retten til å halde fram med vinmonopol for å sikre gardsutsal av alkohol.

Mykje av alkoholpolitikken blir avgjort av kommunestyret. Men eg har til gode å oppleve at næringslivet sine interesser vert underordna dei sosiale. Det meste skal liksom kunne løysast av ”handlingsskapande arbeid”.

Til hausten har du sjansen til å sette dette viktige (men akk så upopulære) temaet på dagsorden. Du kan utfordre dei lokale partia og kandidatane deira til å seie kva dei vil gjere lokalt. Og du må utfordre stortingspolitikarane på avgiftsnivå og det som elles blir fastlagt av Stortinget.

Skal vi redusere skadeverknadane av alkohol i samfunnet må vi våge å ta initiativ for å forandre. Vi må finne balansen som ivaretar dei vaksne sin fridom og dei sårbare gruppene sin trong for tryggleik. Vi må basere oss på fakta og lytte til både forskarar og dei erfaringane politiet legg fram.

Eg høyrer at helsedirektoratat tar til orde for at det skal bli ulovleg å røyke i nærleiken av born. Og det er bra. Men kva med å seie at det er ulovleg å drikke seg full i nærleiken av born? Kvifor blir alkohol så lett akseptert på stadig fleire arenaer, når ein veit så mykje om skadeverknadane?

Kvifor er det berre når det gjeld alkohol at det ikkje er så viktig å legge kunnskap til grunn for politikk?

15. mars 2011

Stolt av KrF Sogn og Fjordane

Vi hadde årsmøte sist laurdag. Mange aktive og dyktige lokalpolitikarar for KrF var samla på Skei. Folk som brukar fritida si for at det skal bli triveleg å bu og leve i kommunane våre. Folk som tør å ta nokre standpunkt for eller mot. Som tåler å vere usamde, men som evnar å skilje sak og person.
Det var gode politiske diskusjonar. Både om dei lange linjer, om verda utanfor eigne grenser og om det nære, kvardagen vår.
KrF skal vere Verdiorientert, Åpen og Relevant. (VÅR) Vi har Menneskeverd i sentrum som slagord. Hovedorverskrifter fram mot lokalvalet i haust og stortingsvalet i 2013 er Barn og Eldre, frivillighet, kristen kulturarv og trusfridom. KrF har noko viktig å tilføre samfunnet på desse områda.
Eg syns mykje av dagens politikk handlar om kjappe løysingar, profitt, populisme og at det manglar etisk forankring og prinsippiell tenkjing. Her har vi alle eit ansvar, enten vi er i posisjon eller opposisjon.
KrF vedtok mange gode uttalar. Dei finn du her: http://www.krf.no/ikbViewer/page/krf/organisasjon/fylkes-og-lokallag/forside?org=15046

27. februar 2011

Menneskeverd i sentrum

Det er nokre dagar sidan ei ung dame med downs skapte oppstyr i vandrehallen på Stortinget. Ho hadde ei T-skjorte på, der det sto "Utryddingstrua" på. Ho var der i samband med at statsministeren den dagen skulle svare på eit sprøsmål om tidleg ultralyd (12. veke) for alle gravide. Dei som trur at ei slik tidleg scanning av alle foster (og som fagfolk seier ikkje vil avsløre andre sjukdomar enn Downs,) ikkje vil føre til at fleire vel å abortere bort born med denne sjukdomen må vere utruleg naive. Vi ser det frå andre land. Td, Danmark har svært få som vel å bere fram eit barn med Downs. Og korleis vil samfunnet på sikt reagere mot dei foreldra som likevel vil ha barnet? Vil dei seie; de visste kva det vart, de valde det sjølv. Hjelp deke sjølv.?
Dette er ei sak som verkeleg handlar om KrF sitt valmotto: Menneskeverd i sentrum. Det handlar om ikkje å diskriminere på grunn av ulikskapar. Det handlar om å ønskje velkomne til samfunnet alle, uavhengig av funksjonsevne. Det handlar om å motarbeide eit sorteringssamfunn. Jammen bra KrF er vakne i denne typen saker! Alle verdiorienterte mennesker bør stå opp i denne typen prinsippielle saker.

Eg syns det er trist at enkelte i Ap er meir opptekne av å framstille saka som at det handlar om ro og orden i Stortinget. Og eg håpar Ap klarer å lande saka til fordel for menneskeverdet på landsmøtet sitt. Det vil gjere det enklare for KrF og Ap å samarbeide på sikt. Saka handlar ikkje om økonomisk likestilling. Ei heller om sjølvbestemt abort. Det handlar om å flytte prinippielle grenser og opne for å sortere ut mennesker med ein spesiell sjukdom.

13. februar 2011

Foreldre veit best kva som er bra for borna

KrF har i lange tider brukt dette som deler av argumentrekka i familiepolitikken sin. Vi meiner foreldre skal ha reell valfridom mellom barnehage og kontantstøtte til barnet fyller 3 år. Og at foreldra er dei beste til å ta dette valet for familien og barnet. Det handlar om å lage eit system som er fleksibelt, og som gjev familien mulighet til å løyse "tidsklemma". Det samme er argumentet for at skulefritidsordninga (SFO) ikkje skal vere obligatorisk, eller at ein ikkje skal innføre heildagsskulen. Det er foreldre som ønskjer å prioritere å bruke meir tid saman med borna sine enn andre, og då må ikkje sjansen for det takast i frå dei av staten. For foreldra veit vel best? Og ære være dei som vil følgje opp og vere meir saman med borna sine. Samfunnsutfordringa er for mange som ikkje følgjer opp. Og når det gjeld skule; KrF vil ha ein sterk offentleg skule, men meiner også her at foreldra skal ha rett til å velje. Viss dei ønskjer ein anna skule ut frå livssyn eller anna pedagogikk, så skal dei få det. At borna lærer er foreldra sitt ansvar. Då må foreldreretten respekterast ved val av skule.

Det artige med denne argumentasjonen er at denne veka vart han brukt heilt motsett, av Ap sin leiar i familie- og kulturkomiteen, Gunn Karin Gjul. Det skjedde etter at KrF fremja framlegg om at maks tid i barnehagen pr dag skulle vere 9,5 timar. Då rykka Ap ut og sa at KrF ikkje hadde tillit til foreldra, og at foreldra var dei som visste best kva som var best for borna deira! Kva er då grunnen, Ap, til at dei ikkje gjer det i desse andre sakene ovanfor?

Det viktige med framlegget om maxtid i barnehage, er ikkje å kontrollere foreldra. Men å gje eit tydeleg signal til arbeidslivet om at det er dei som må rette seg etter familielivet, og ikkje omvendt. Det var her 70-tals feminismen feila. Viss kvinner skal bli likestilte, så må borna og familielivet vere ein del av kabalen. Det er faktisk mange foreldre som veit kva som er best for borna, men som utfrå økonomi, karriere eller samfunnet sine forventningar, tek nokon val som dei ikkje trivst heilt med. Og obs! obs! -valet kan vere forskjellig frå familie til familie. Og det er greit! Vi er ikkje like. Men ha tillit til at dei fleste foreldre veit best kva som er godt for eigne born.

5. februar 2011

Menneskeverd målt i pengar

Når vi i Sogn og Fjordane drøfta regjeringa sitt høyringsutkast til Nasjonal helse- og omsorgsplan, så er (diverre) nesten all merksemd retta mot fødeavdelingar og akuttkirurgi. Dermed så står vi som politikarar i fare for å oversjå andre store spørsmål. Og det er nett det vi har gjort.
Høyringsutkastet tek for seg samhandlingsreformen, og ma korleis det økonomiske oppgjeret mellom kommune og stat kan bli. På eit av desse punkte er framlegget eigentleg rystande lesning. Og det er om og i tilfelle korleis, kommunane skal betale for pasientar som er innlagt i sjukehus. Regjeringa foreslår to modellar. Den eine er at kommunane skal betale 20% av det det kostar å ha ein person over 80 år på sjukehus. Alternativet er å betale 20% av kostnaden med å ha ein pasient med indremedisinsk diagnose på sjukehus. Begge deler er hårreisande, syns eg.
For det første; det går ikkje an å segregere helsehjelp etter antal år. Ja, eg veit det er legane som skriv inn på sjukehus, og at det er dei som avgjer og ikkje kommuneøkonomien. Men grunnen til at grensa på 80 år er sett, er vel for å gje ein motivasjon til at dette skal kommunane i større grad ordne utan spesialisthelseteneste?
Å dele inn etter diagnose, kan høyrest betre ut, men er i realiteten det samme. Fordi det er mest eldre menneske som blir lagt inn med denne typen diagnosar. (Eg er ikkje fagperson, men vart fortalt dette av fylkeslegen)

Eg syns framlegget frå regjeringa må avvisast. Det er ikkje verdig det synet / verdiane vi ønskjer å bygge samfunnet på. Nemleg at vi alle er like mykje verd som menneske, uavhengig av aldre, kjønn, sjukdom eller kva det måtte vere.

KrF har nett vald "Menneskeverd i sentrum" som slagord. Denne saka viser at det er god grunn til å stå vakt om menneskeverdet!

31. januar 2011

"Vi vil ikkje bestemme det"

Seier FrP. Årsmøtet deira har sagt ein må kutte i talet på vidaregåande skular pga færre elevar framover.
Det er ein realitet at det vert færre elevar, og at det vil bety noko for skulestrukturen i Sogn og Fjordane. Det trur eg alle politiske parti ser. Men FrP sitt framlegg til korleis strukturen skal avgjerast er rein ansvarsfråskriving. Dei meiner at elevsøknadane skal avgjere det. Er det søkjartalet eit bestemt år? Og så skal det f.eks avgjere for all framtid? For det går ikkje an å legge ned og opprette skular kvart år.
Skal ikkje ei nokolunde jamn geografisk fordeling av skulane gjelde? Eller ei styring av strukturen som gjer at færrast mogeleg blir hybelbuarar? Når dei hevdar å vere oppteen av kvalitet og å hindre fråfall av elevar, så bør dei sjå at hybelbuarar er overrepresenterte når det gjeld fråfall. Dessutan ser ein også eit stadig nærare, og ønska, samarbeid mellom lokalt næringsliv og skule. Dermed vil skulane vere sentrale lokalsamfunnsytviklarar. Skal ein ikkje vere med å ha ei politisk meining om ei så viktig strategisk utvikling i fylket? Vil FrP berre trekke på skuldrane og la 16-åringar bestemme det med eit tastetrykk på tastaturet?
Kva skal vi med eit parti som ikkje vil ta ansvaret det er å vere med å bestemme utviklinga? Det er jo for å ha ei viss politisk styring ein vel politikarar, elles kunne vi hatt nok med å berre hatt nokre byråkratar. I sjukehussaka rasar FrP over at byråkratiet skal styre, og at regjeringa abdiserer. Men det er akkurat det dei no vil gjere sjølve. Og eg er redd saka om skulestruktur syner meir av FrP sin styringsvilje enn det ein ser i sjukehussaka. Dei vil la marknaden styre og humla suse. Det lovar ikkje godt for distriktspolitikken.

23. januar 2011

Skuleskyss

Sandbakken (Sp) i kommunaldept seier regjeringa ikkje vil endre ansvaret for skuleskyss. I dag er det fylkeskommunen sitt ansvar å betale for skuleskyss-ruta, medan kommunane betaler buss/båtbillett pr elev. Fleire ønskjer ei endring fordi innsparing på skulestruktur blir sett på uavhengig av skyssutgifter slik ordninga er no. Nedlegging av skular treng altså ikkje vere samfunnsøkonomisk lønsamt totalt sett.
Skulerutene er ein stor og viktig del av all ruteproduksjon, i alle fall i Sogn og Fjordane. Svært mange bygder har ikkje anna tilbod enn skulerutene. Det er derfor viktig å sjå desse i samanheng med andre ruter, og få til mest mogeleg korrespondansar. Eg trur det ville verte svært vanskeleg å få til dersom det var kvar enkelt kommune som skulle ta hand om rute-anbod mm.
Det er ikkje gunstig for elevar å få svært lang reisetid. Men det er heller ikkje gunstig å vere elev på ein skule der du nesten er åleine i klassen. Denne typen avvegingar må takast i kommunestyret. Eg bur slik til sjølv at borna mine har hatt reisetid på 2 timar kvar dag, heilt frå dei var 6 år. Men eg foretrekke det, framfor ein liten skule med få elevar og svært få lærarar. Skulevegen vår er ikkje særleg rasutsett, vel å merke. Kan hende eg hadde sett anleis på det då.
Men kva viss det i ein kommune som Gulen kjem opp at vi samlar ungdomsskulane, og har bruk for ganske mange nye ruter? Fylkeskommunen må ta rekninga. Men tar dei berre for billegaste alternativ? For i Gulen kan båt framleis vere det alternativet som gjev kortast reiseveg, i staden for buss. Kven er det då som avgjer kor lang skuleveg ungdomane skal ha? Er det framleis kommunestyret, eller er det fylkestinget? Reisetid er for mange avgjerande argument for om dei vil endre skulestruktur. Derfor er det viktig å få avklart reell reisetid med buss eller båt, og om fylket betaler for båt. Båtskyss er dyrare enn buss.

15. januar 2011

Statens kontor

Eg har hatt møte med politimesteren i Hordaland. Eg og mine to ordførar-naboar i Solund og Masfjorden. Det var velkjente songar som vart songe: Staten gir så lite pengar. Vi må drive meir effektivt. Stillingane vi tilbyr blir ikkje interessanne nok. Det krevst meir kompetanse. Vi kjenner innhaldet, for som ordførarar så har vi det slik sjølve. Stortinget løyver for lite til at løns- og prisveksten vert dekka, og i tillegg skal ein gjere meir for pengane. Eller som i politiet sitt tilfelle; dei misser nokre oppgåver, som gjer at den skjøre bemanninga og vaktplanen som er att, ryk. For misser dei tenester, så misser dei sjølvsagt også den %-delen av tilskotet som dekka denne tenesta.

Likningskontoret er på samme måte. Dei klumpar seg saman på større stader. Må vere fleire tilsette på ein stad for å trivast på jobb og for å få rett kompetanse. Posten likeeins. Dei har forsøkt seg på lokalbutikken, men vedkomande er lei gratisjobbing for staten, så dei har sagt opp avtalen.

Kva har desse til felles: Alle er statlege. Alle skal yte tenester til folk. Alle vert betalt over skattesetelen. (Posten rett nok berre delvis) Alle sentraliserer, for liksom å gje betre tilbod.

Men alle kjem og bankar på døra til kommunen, etter at dei har bestemt seg for å flytte. Og då spør dei om ikkje kommunen kan ta over deler av tenesta ut mot innbyggarane. ”Det er no så lite. Dei på service-kontoret kan ta det i tillegg til det andre dei gjer. Og kommunen har vel eit lite kontor å avsjå?” Nabokommunen vart tilbydd 20 000,- kr året for å vere førstelinjeteneste for likningskontoret.

Eg syns staten burde skamme seg for slike tilbod. Meiner dei jobben dei tilsette gjer er så lite verd?

Det er utfordrande for ein liten kommune å misse statlege arbeidsplassar. Og når staten ikkje er samordna i det heile, men kuttar litt her og der, så vert det endå verre. Og til slutt så sit kommunen att med svarteper. For viss ikkje innbyggarane kan få statleg førstehjelp på kommunehuset, så er det liksom kommunen sin feil at innbyggarane må bruke ein heil dag for å reise fram og attende til næraste statlege kontor som utøver viktige tenester for folk. Og kommunen har sjølv fått mindre enn løns- og prisvekst kompensert i statsbudsjettet…



Eg vil ha eit statleg kontor i kvar kommune. Der kan staten samordne seg. Viss det er så enkelt å utføre førstelinjetenesta som dei meiner, så klarer samme personen å gjere det innanfor ei stilling. Dei kan få leige kontor på kommunehuset på samme vilkår som andre.



Og til slutt; Lønskontora for politiet skal visst samordnast for heile landet, fekk vi høyre. Vi tar gjerne i mot dette kontoret. Det er ingen grunn til at det skal lokaliserast i ein by. Kompetanse-kravet er ingen hindring for å legge det til Gulen eller ein annan distriktskommune. Vi kan heilt sikkert tilby både god og ikkje minst, stabil arbeidsstokk. Dessutan er husleiga mykje rimlegare, og eg har skjønt at det er staten oppteken av. Eg er spent på om distriktspolitikken er meir enn retorikk.

Tek du ballen, Liv Signe?

8. januar 2011

KrF sin uttale til nasjonal helseplan

Sidan KrF ikkje har medlem i fylkesutvalet, så vil vi nytte høvet til å gjere greie for kva som er viktig for oss å få med i fylkeskommunen sin uttale til nasjonal helse- og omsorgsplan. I tillegg til at vi støttar det meste som ligg i fylkesrådmannen si tilråding.

a)  Prioritere vidare opptrapping innanfor rus, psykiatri og geriatri. Vi meiner det MÅ settast igang drift på den nybygde rusposten på Eid.
b)  Ha ei ambulanseteneste i kvar kommune med god kvalitet. Vi trur rask respons frå denne delen av spesialisthelsetenesta er det som betyr mest for tryggleik og nærleik for innbyggarane.
c)  At handlingsrommet til å ha lange avtalar med private / ideelle tenesteytarar (nonprofit) vert nytta fullt ut. For vårt fylke sin del vil dette ma gjelde både Hauglandsenteret i Fjaler og Senter for Livsmeistring på Skei.
d)  Vi meiner sentralsjukehus-tenestene må styrkast, både med utstyr og fagmiljø, slik at viktig behandling kan utførast i fylket og at ein ikkje må reise til Haukeland for det som ikkje er regionsjukehus-oppgåver.
e)  Rekruttering av fagfolk til både spesialisttenesta, og ikkje minst til kommunehelsetenesta, vil vere avgjerande viktig for å møte nye utfordringar og samhandlingsreforma. Dette kan vi best legge til rette for ved godt samarbeid mellom sjukepleiehøgskulen, sentralsjukehuset og lokalsjukehusa.
f)  KrfFmeiner regeringa har eit ansvar for å kome med ein sjukehusplan som avklarer kva som er minstekravet for innhald på kva som kan kallast eit lokalsjukehus.
g)  Dessutan tek KrF til orde for at ein brukar dette høvet til å inkludere tannhelsa i helseomgrepet. Det må gje seg utslag i at det vert innført / samordna eingenandelar for naudsynt tannhelsehjelp.

Ut over dette vil vi støtte framlegget frå fylkesrådmannen. Også når det gjeld synet på at kostnadane med samhandlingsreforma må kartleggast betre, og fullfinansierast overfor kommunane. På samme måte må ein ikkje late som om at ei satsing på folkehelse ikkje vil koste noko for det offentlege.

3. januar 2011

Rektorar gjev foreldra skulda

for at elevane les dårleg. Eg skvatt litt då eg høyrde denne meldinga på NRK i dag. http://www.nrk.no/nyheter/norge/1.7446804 Og vart eigentleg kjempeprovosert. Ikkje mest på rektorane, men på systemet. Eit samfunn som vil at meir og meir av barneåra, oppveksten og sågar fritida skal vere organisert. Politikarar som vil utvide skuledagen endå meir, ha heildagsskule. Ei regjering som gjer alt dei kan for at borna våre skal vere i barnehage frå eittårsalderen og deretter inn i eit rettlinja sosialdemokratisk oppsedingssystem til dei "dett ut" av vidaregåande. Eg blir kjempesint over velmeinande pedagogar og andre som tar frå foreldre trua på at dei er ekspertar på eigne barn. For deretter å peike på forldra som "syndaren" når borna ikkje gjer det så godt som dei burde. Når dei kjem i klammeri med lovens lange arm. Når dei kjem på glatta, får rusproblem eller kva det no måtte vere. Då er det plutseleg heimen som har svikta!
Men korleis i alle dagar skal heimen få den tida og det rommet som han treng for å fungere?? Karriere, økonomi, ALT, er jo forventa å gå før borna. Vi foreldre er ikkje supermenneske.

Men så, heilt nederst i saka, så uttalar Mimi Bjerkestrand; Det er viktig å ikkje gi foreldra meir dårleg samvit. Heller støtte dei i oppgåva si. JA. Slik vil eg ha det. Håp! Men har ikkje ho uttalt at ho vil ha heildagsskulen?? Korleis kan kommunen, som skuleeigar, vere med og hjelpe foreldra til å klare oppgåva si, og til at skule og heim får godt samarbeid?

For når eg hadde fått ut verste frustrasjonen, så trur eg at rektorane har eit poeng også. Det er mange foreldre som abdiserer i forhold til borna sine. Som ikkje tar arbeidet og belastninga det krev med å sette tydelege grenser. Men det treng vi kanskje litt hjelp til? Samlivskurs, nettverksgrupper, foreldrekurs, diskusjonskveldar på skulen med tema som td. grensesetting, alkohol, media/PC/mobil-bruk kan vere hjelp for mange.
Og så trur eg faktisk at forsåsegpåarar i td media eller andre stader, dei hippe og kule, må slutte å få oss som sett grenser til å oppleve oss sjølve som dinosaurar, moralistar eller, som ho sa; endå verre; som KrF-arar.

1. januar 2011

For første gong

i år. Desse orda kan vi bruke om mykje dei næraste dagane. Det er noko spesielt med eit heilt nytt år. Blanke ark og fargestiftar til, som Prøysen formulerte det.
Eg er veldig spent på året som kjem. Vil vi få vere friske?, få oppleve gode ting i lag?, vil det eg gjer og seier bli forstått i beste meining? Det er valår (så det vil det heilt sikkert ikkje..). Val til kommunestyre og fylkesting. Eg har sagt ja til å stille på begge vala. Vil eg ha styrke til å stå for det eg meiner er rett, utan å legge meg opp til det eg trur "klør i øyre"? Eg håpar det. Og eg håpar programarbeidet til KrF, som er i siste runde, blir slik at vi kan gje tydelege svar på vanskelege spørsmål.
Saker med stort engasjement, sjølv om det ikkje blir avgjort i fylket (sjukehussaka), vil kreve svar som ser utover heime-regionen. Og slik er det med mykje. Ideellt sett så ønskjer vi fullgode tenester heilt nært. Men kan vi klare å gjere dei tenestene fullgode med å sette strukturar framfor anna. Den offentlege lommeboka vert ikkje fullare enn ho er, ser det ut til. Endåtil kommunalminister Liv Signe seier det. Då må vi prioritere. Og det er vanskeleg, det veit eg i alle fall litt om etter 11 år som ordførar.
Eitt må i alle fall prioriterast, og det er utvikling. Både av offentlege tenester. Men ikkje minst det å legge til rette for dei som vil busette seg, etablere arbeidsplassar, for dei som har nye idear. Og for at bygdene våre blir opne, trivelege, innbydande og inkluderande.

Godt nytt år! Det er utruleg kva ein kan klare i fellesskap.