I morgon er det kammune- og fylkestingsval. Eg er veldig spent. Både på eigne og andre sine vegne. Som sittande ordførar så er det litt av ein eksamensfølelse å gå opp til prøve med ca 2000 sensorar.
KrF sin politikk er god, og spissa mot born, eldre og frivillig arbeid.
For Gulen viser det att i årlege budsjett at vi har hatt desse prioriteringane. I alle fall dei to første! Og så vil eg låne diktaren sine ord: "Eg synest alltid det høver best, å hjelpe den som det trenger mest".
Uansett; bruk røysteretten din på mandag!
Og eg håpar sjølvsagt at du brukar KrF-røystesetelen både i kommunen og på fylket.
Godt val!!
11. september 2011
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar