26. september 2010

Omsorgssenter for alle

Tidlegare heitte bu- og omsorgssentra i Gulen "eldresenter". Og det var stort sett med tanke på eldre brukarar dei vart bygde. Omsorgssentra våre er ei samling av enkelt-leiligheter. Samstundes er der felles-stove og kjøkken. Namna vart endra fordi det kom fleire brukarar, også yngre, med behov for omsorgsleilighet. Gulen kommune har relativt høg dekning med denne typen leiligheter, og valde derfor å bruke av dei vi hadde framfor å bygge nye.

På Dalsøyra har det vekt harme i bygda at vi vil bruke nokre av leilighetene til brukarar med særskilde behov. Det er også planar om å bygge to nye leiligheter knytt til senteret.
Kommunestyret har gjort vedtak om saka og bruken av leilighetane. Det kom inn fleire brev frå bygda (ma. bygdekvinnelaget og saniteten). Det førte til at formannskapet før sommaren diskuterte saka på nytt, fekk ein ny gjennomgang frå administrasjonen om behovet for leiligheter for brukarar med særskilde behov, og bestemte at ein ikkje skulle ta opp att saka.
Dette var Høgre også med på. Derfor er eg ganske overraska over at dette partiet, ved leiaren i Hovedutval for omsorg, no går ut i media og vil ha saka tatt opp att. Dei hevdar det er komne nye opplysningar i saka. Det er det ikkje. I alle fall ikkje det eg som ordførar kjenner til.

Det NYE i saka er at etter at formannskapet valde å halde fast på tidlegare vedtak (samrøystes inkl. Høgre), så har to brukarar flytta inn. Det er uansvarleg å endre vedtaket no. Vi kan ikkje gjere desse brukarane til kasteballar i eit populistisk oppspel til valkampen, slik det ser ut til at Høgre vil.

Gulen kommune må ha husvære å tilby denne brukargruppa. Vi har vedteke at det tilbodet skal vi gje på Dalsøyra. Ein brukar har fått medhald i at vedkomande skal få bu i eigen bustad og få heildøgns-tenestene sine der. Det må sjølvsagt gjelde det samme for andre. Men for dei som ønskjer å leige leilighet i eit bufellesskap, så må vi ha eit tilbod. Å knyte dette til eit bu- og omsorgssenter vil gje ei fleksibel løysing. For vi kan ikkje forvente at foreldre til små born allereie no kan vite kva tilbod dei ønskjer for borna sine når dei blir større. Også desse brukarane er frie til å flytte mellom kommunar og å gjere eigne val.

Og kva er eigentleg så ille med at Dalsøyra bu- og omsorgssenter vert brukt til fleire enn eldre?
Ein stor gevinst for bebuarane vert i alle fall at det vert nattevakt på bygget. Det vert også frigjort 3 leiligheter i eit hus i nærleiken av bu- og omsorgssenteret. Desse kan også nyttast av mennesker med trong for omsorgsleilighet.

Det er viktig å hugse at bu- og omsorgssentra i utgangspunktet er ei samling av enkle leiligheter. Ikkje ein sjukeheim. Dei som bur her skal, tilliks med dei som bur i heimehuset sitt, ha krav på kommunale tenester i samsvar med enkeltvedtak.

20. september 2010

Minister på Fedje

Kva i alle dagar skulle kyst- og fiskeriministeren på Fedje i dag, når ho ikkje kunne vere meir konkret på hevinga av U-båten???

Er dette ein ledd i Ap sin strategi for å bygge seg opp på Vestlandet?
Eg hadde venta at Lisbeth Iversen og den raudgrøne regjeringa hadde gode nyhende då dei bestemte seg for å besøke Fedje. Men nei. Berre for å seie at "vi jobber med saken" og at dette er vanskeleg.

Som ordførar i nabokommunen er eg skuffa. Vi vil ha handling og vi vil ha Ubåten heva og kvikksølvet trygt vekk frå "matfatet" vårt.

17. september 2010

Legevakt-forviklingar

Gulen kommune har for to år sidan spurd Nordhordland om å få vere med i felles legevakt. Dette er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunane, der Lindås er vertskommune.
Rådmannen i Lindås har tilrådd at Gulen kommune ikkje får vere med i samarbeidet. Fordi det er for store avstandar, og for stor arbeidsbelastning i legevakta allereie.

Gulen kommune har også søkt om å få bli ein del av Helse Bergen, og å ta del i arbeidet rundt samhandlingsreformen sørover. (11-10 rett nok, men eit fleirtal er eit fleirtal!)

Regionrådet i Nordhordland hadde saka opp i dag. Der vart det bestemt å avvente svaret frå Helse Vest først. Men der var også ei politisk vilje til å finne løysing. Men, det er altså Lindås kommune som har nøkkelen, og nøkkelen kan utløyse dyrare legevakt for alle kommunane..

Eg formidla at det har gått lang tid sidan vi søkte, og at det ikkje har kome avklaringar, trass tilbakevendande spørsmål. Det er vesentleg for Gulen å få på plass ei legevaktordning i nær framtid!
Eg hadde håpa at Regionrådet hadde skore i gjennom i dag.

9. september 2010

Kor mange takstar skal huset ha?

I desse dagar får alle husstandar brev om å måle opp bustadane sine, slik at likningstaksten skal reknast ut på nytt. Etter kva eg skjønar er dette ein "sjablong-takst", og det er marknadsverdi som skal leggast til grunn.
Alle kommunar med eigedomsskatt har også målt opp og fått sett ein takst på husa.

Mitt enkle spørsmål er: Burde ikkje stat og kommune samordna seg slik at det vart ein takst å forholde seg til? Det trong ikkje gå ut over kommunane sin fridom til å setje fast eigedomsskatten, slik eg ser det.
Det ville spart byråkrati og offentlege utgifter. Og det ville truleg også vore enklare for den enkelte innbyggar å forholde seg til ein takst.

Kva meiner finanskomiteen eller finansministeren om det? Eller Kommunenes Sentralforbund?