27. februar 2010

Vestlandet utan landbruk?

Ser du for deg korleis det kan bli? Reise langs fjorden utan å sjå anna enn krattskog og overgrodde enger. Utan nye og drastiske grep for landbruket, så vil dette fort kunne bli realiteten. Nokre søker saman i samdrifter, og held dermed oppe produksjonen og naturpleia lenger. Men svært mange av dei relativt små og brattlende bruka på Vestlandet eignar seg ikkje inn i rasjonelle, effektiviserte einingar. Det er måte på kor mange små jordlappar ein klarer å fare over.
Regjeringa skal ha samrådsmøte om ny landbruksmelding. Men det skal ikkje endre regjeringa sin politikk. Og den er meir effektivt landbruk og billegare mat. Og det har det vore for alle regjeringar i seinare tid. Alt snakk om å ta heile landet i bruk, auke bonden si inntekt og meir norsk-produsert mat er "festtale" som må vike for det ein trur er forbrukarane sitt krav.
Interessant å lese intervju med med tidlegare jordbrukssjef Eli Bjørkelid, i Nationen i dag. Ho har slutta som byråkrat og studerer filosofi med utgangspunkt i forrige landbruksmelding.

Kva treng vestlandsbonden for å fortsette? 1) betre økonomi, 2) meir fritid / velferdsordningar
Er godene av eit Vestlandslandbruk viktige? JA
Betyr der så mykje at vi må bruke pengar på å halde det oppe? JA
Men det hastar. Trur ikkje mange fortsett med dugnadsarbeid for å gje reiseliv og andre flott landskap.

21. februar 2010

Bibel til besvær

Florø SV engasjerer seg for at det ikkje skal delast ut Biblar til skuleborna. Eg kan ærleg talt ikkje sjå problemet. Viss borna eller foreldra ikkje vil ha Bibelen, så er det berre å legge han vekk eller kaste han. Det følgjer vel neppe med ei leseplikt?
Men det er faktisk viktig for dei som veks opp å kunne litt biblesoge. Det er allmennkunnskap, og viktig nøkkel til å forstå kulturen vår. Mykje litteratur blir utilgjengeleg utan eit minimum av kunnskap om den kristne kulturarven. Eg meiner vi gjer både borna og samfunnet urett med å fjerne bibelkunnskap. Sameleis vil vi, tvert imot det enkelte trur, gjere oss dårlegare i stand til god integrering og inkludering av annleis truande. Viss ein ikkje er noko lunde trygg i kunnskapen om eigen kultur og tradisjon, så vil ein heller ikkje opne seg for forståing og dialog med mennesker med andre religionar.

No er det visst ei typisk SV-sak å kjempe mot alt som luktar kristendom. Det er trist. Eg skulle ønskje SV brukte kreftene til å kjempe mot saker som er farlegare for demokratiet, urettferd, øydelegging av skaparverket, vald og naud. Men vi har sett det same i fylketinget. Det var viktig å opponere mot at ein song Fedrelandssalmen. Og i regjering har SV vore oppteken av at verdinøytralitet skal vinne fram, i barnehage, skule og elles i samfunnet.
Men kan dei svare på kva verdinøytralitet er? Nei. For den finst ikkje!

14. februar 2010

Muligheter i Gulen

Fredag kveld var det Ungdommens Kulturmønstring. Imponerande nivå på deltakarane. MAKT (som ikkje spelar "bestemormusikk") blir berre betre og betre. Linnea Oppedal fekk talentstipend for pianospel. Og to flotte og flinke jenter (Neverdal og Lihaug) med gitar og nydeleg songstemme gjekk også vidare til fylkesfinalen. Etterpå var det diskotek for ungdom samla frå heile kommunen. Transportmidlar for ungdom gjorde det mogeleg!
Lørdag var eg på Byrknesøy og opna Byrknes Servicesenter. Eit flott næringsbygg med kontor for Byrknes Auto AS. Dei har 33 bilar sjølve og leiger 90 i tillegg. 100 personar i arbeid. Stein Inge Larsen, som er eigar, har pågangsmot og patriotisme som få!! Og det er godt for kommunen. Bygget inneheld også tre leilighetar. To er klare til folk som vil prøvebu øya. På Byrknes er det no ny barnehage og mange billige byggeklare tomter. Og i september kjem siste brua som knyter dei til fastlandet. Dette kan bli den nye, flotte plassen å bu!!
Stein Inge har noko andre burde lære av; vilje til å tilpasse arbeidplassen til den som treng tilrettelegging. Han viste stolt fram ny bil, spesialinnreia for svogeren som er lam. Imponerande!! Bilen er den første i Europa i sitt slag. Det går an!!
På torsdag skal Gulen og Masfjorden Utvikling ha konferanse om mulighetane i området vårt. Det blir spennande. Mykje verdiskaping skjer i Sløvåg, men jammen er det liv andre stader også. Eg gler meg til torsdag, i bygdahuset på Risnes. Mange påmelde og spennande innleiarar. Kom og bli med! Det er mange muligheter i Gulen og Masfjorden.

12. februar 2010

FrP viser kort

Medan KrF knakar i samanføyingane, sitt FrP på kaikanten og fiskar. Men dei er nøye på kva agn dei henger på. Dei seier at hos dei står politikken om Israel og ekteskapslova fast. Tja,.. kva betyr det at den står fast?? I programmet står det svært lite om Israel, anna enn at dei har rett til å eksistere. Og om ekteskapslova står det at ho skal evaluerast. Det som står fast, er derimot at i denne typen saker, så står FrP sine stortingsrepresentantar fritt til å stemme kva dei sjølve vil! Det var jo det som vart redninga etter at landsmøtet til FrP vedtok aktiv dødshjelp, utan at ein einaste av representantane tok atterhald.
Dette partiet er det altså at ein del kristne meiner kan erstatte KrF. Endåtil redaktøren i "Norge i dag", Finn Jarle Sæle, får seg til å skrive at det er godt ein har FrP som alternativ.

Viss ein framleis meiner verdisakene er det som veg tyngst for FrP, så sjå på kva ultimate krav dei kjem med mot Høgre for eit framtidig samarbeid; ingen bompengar, ikkje auke i eigenandelar på helsetenester og meir pengar (i alle fall ikkje kutt) til helsetenester. (Saker som ekteskapslov eller Israel er altså ikkje nevnt eingong)

Eg trur at viss den sida som ønskjer KrF i samarbeid med FrP vinn fram, så ville KrF måtte stå for verdisakene, og så godta FrP sin økonomiske politikk. Kva då med "hjertesaker" som distrikt, landbruk, uhjelp og meir human innvandringspolitikk??
Slik sett er kampen i KrF ikkje berre politisk kamp om konservativ eller liberal haldning i kristne verdisaker, men også ein kamp om økonomisk politikk på den mykje brukte høgre-venstre aksen.

7. februar 2010

Uetisk å nekte legehjelp

FrP vil nekte legehjelp til innvandrarar som er i landet ulovleg. Det meiner eg er totalt uansvarleg og uetisk! Førebiletet vårt er samaritanen som hjelpte, endå det ikkje var forventa av han. Dei "gode" innfødte gjekk forbi mannen som låg skamslått i grøfta.

Denne veka høyrde eg ein fengselslege fortelje at utenlandske innsette i norske fengsel, som hadde dom under 12 månader ikkje hadde rett på anna enn akutt legehjelp. Det vart fortalt om to kvinner. Den eine søkte om abort. Sjukehuset sa nei, sidan ho ikkje hadde rett på legehjelp. Fengselslegen gjekk til sjukehusdirektøren med saka, og kvinna fekk kome til for å ta abort. Den andre kvinna hadde ein svulst på hjernen. Sjukehuslegen ville ha ho innlagt til utgreiing for å finne ut om det var ein godarta svulst eller om det var kreft. Det vart nekta. Kvinna sitt endå i fengsel, med svulst på hjernen, i uvissa om den er dødeleg. SLIKT GÅR BERRE IKKJE AN!

Eg blir provosert og fortvila over at Norge kan behandle folk på denne måten. Og tenk, dei politikarane som uttala seg om saka, syns det var rett at det måtte vere slik. Dei hadde større forståing for at den første kvinna fekk utført abort, enn at den andre ikkje fekk utgreidd svulsten. (!) For meg er dette heilt uforståeleg.

Og no ser eg at FrP, det partiet som i desse dagar gjer seg fin for verdibevisste, konservative kristne medlemer i KrF, meiner at menneske som er i landet utan lov ikkje skal ha rett på legehjelp. Eg kan ikkje for det, men det styrkjer meg i trua på at eit samarbeid mellom KrF og FrP er lite ønskjeleg og utenkjeleg. Til det er vi for ulike i synet på menneske og mennsekeverd.

4. februar 2010

trusfridom like viktig som ytringsfridom

Trusfridom og ytringsfridom er nært knytt til kvarandre. Begge deler kjennemerke på eit levande demokrati. Og begge deler har sprengkraft og sett prinsippa våre på prøve.
Ytringsfridomen opplever eg mindre omdiskutert enn trusfridomen. I leiande media så er ytringsfridomen framheva som det viktigaste av alt. Det var mykje diskusjon rundt Muhammed-karikaturane. Det prinsippielle svaret er sjølvsagt at det må vere lov å trykke dei.( Men ein treng ikkje gjere alt som er lov..) Svært mange sluttar seg til utsagnet om at "eg er usamd med deg, men eg vil kjempe for retten din til å meine / hevde det du gjer".

Kva så med trusfridom? Her opplever eg at det er meir lyst frå ulike parti til å styre. Dei som påropar seg toleranse, er ofte dei mest intolerante overfor trua til folk. I alle fall opplever eg det slik.
FrP, som er tydeleg på foreldrerett og trusfridom, gjekk mot at det skulle bli oppretta ein muslimsk barneskule i Oslo. Det er svært lite prinsippielt. Ap og SV gjorde det same, trass i forlik om privatskular. Men dei har som kjent ikkje det samme synet på foreldreretten.
No gjeld det retten til trussamfunna til å tilsette i samsvar med det dei forkynner. Den raudgrøne regjeringa vil inn og styre. Det er ein uting. Viss eit trussamfunn meiner det er synd med homofile ekteskap, så lyt dei få lov til å ha ein tilsettingpolitikk i samsvar med det. Sjølv om eg eller regjeringa eller kven det skulle vere, meiner det er feil. Viss ein muslimsk skule ikkje vil tilsette ein kristen lærar, så lyt vi respektere det og. Det handlar om respekt for det indre liv i eit trussamfunn. Det handlar om trusfridom. Vil verkeleg Sp vere med Ap og SV i det sosialistiske løpet for å overkøyre sentrale fridomar?