21. februar 2010

Bibel til besvær

Florø SV engasjerer seg for at det ikkje skal delast ut Biblar til skuleborna. Eg kan ærleg talt ikkje sjå problemet. Viss borna eller foreldra ikkje vil ha Bibelen, så er det berre å legge han vekk eller kaste han. Det følgjer vel neppe med ei leseplikt?
Men det er faktisk viktig for dei som veks opp å kunne litt biblesoge. Det er allmennkunnskap, og viktig nøkkel til å forstå kulturen vår. Mykje litteratur blir utilgjengeleg utan eit minimum av kunnskap om den kristne kulturarven. Eg meiner vi gjer både borna og samfunnet urett med å fjerne bibelkunnskap. Sameleis vil vi, tvert imot det enkelte trur, gjere oss dårlegare i stand til god integrering og inkludering av annleis truande. Viss ein ikkje er noko lunde trygg i kunnskapen om eigen kultur og tradisjon, så vil ein heller ikkje opne seg for forståing og dialog med mennesker med andre religionar.

No er det visst ei typisk SV-sak å kjempe mot alt som luktar kristendom. Det er trist. Eg skulle ønskje SV brukte kreftene til å kjempe mot saker som er farlegare for demokratiet, urettferd, øydelegging av skaparverket, vald og naud. Men vi har sett det same i fylketinget. Det var viktig å opponere mot at ein song Fedrelandssalmen. Og i regjering har SV vore oppteken av at verdinøytralitet skal vinne fram, i barnehage, skule og elles i samfunnet.
Men kan dei svare på kva verdinøytralitet er? Nei. For den finst ikkje!

2 kommentarer:

  1. Kvifor skal ein bestemt religion, i dette tilfellet kristendommen, ha forrang i skulen?

    Kvifor skal kristendommen få lov til å dele ut sine religiøse skrifter til alle norske barn? Det blir vel ei slags misjonering?

    Dersom ein først går for å dele ut religiøse skrifter i skulen må ein då sjølvsagt og dele ut koranen..osb.

    Eg tenkjer det er best at skuleverket står for lærebøkene i skulen.

    SvarSlett
  2. Trude meiner at det ikkje er så nøye om ungane får biblar i skulen. Men kva med dei som har tatt eit anna val? Kva med religionsfrihet som KRF er så oppteken av? Eg har aldri fått så mange tilbakemeldingar som lokalpolitikar enn denne saka, anten det er foreldre eller lærarar. Dei føler at kyrkja ikkje har respekt for alle dei som har ei anna tru/ikkje trur. Om foreldre ønskjer bibel til sine born, kan dei møte opp i kyrkja ved bibelutdeling eller ta seg ein tur innom kyrkjekontoret. Det har eg gjort..
    Kyrkja skal ikkje bruke skulen til utdeling av biblar for dei ungane som ikkje møter opp i kyrkja.

    Mvh Bente Nilsen Halvorsen

    SvarSlett