7. februar 2010

Uetisk å nekte legehjelp

FrP vil nekte legehjelp til innvandrarar som er i landet ulovleg. Det meiner eg er totalt uansvarleg og uetisk! Førebiletet vårt er samaritanen som hjelpte, endå det ikkje var forventa av han. Dei "gode" innfødte gjekk forbi mannen som låg skamslått i grøfta.

Denne veka høyrde eg ein fengselslege fortelje at utenlandske innsette i norske fengsel, som hadde dom under 12 månader ikkje hadde rett på anna enn akutt legehjelp. Det vart fortalt om to kvinner. Den eine søkte om abort. Sjukehuset sa nei, sidan ho ikkje hadde rett på legehjelp. Fengselslegen gjekk til sjukehusdirektøren med saka, og kvinna fekk kome til for å ta abort. Den andre kvinna hadde ein svulst på hjernen. Sjukehuslegen ville ha ho innlagt til utgreiing for å finne ut om det var ein godarta svulst eller om det var kreft. Det vart nekta. Kvinna sitt endå i fengsel, med svulst på hjernen, i uvissa om den er dødeleg. SLIKT GÅR BERRE IKKJE AN!

Eg blir provosert og fortvila over at Norge kan behandle folk på denne måten. Og tenk, dei politikarane som uttala seg om saka, syns det var rett at det måtte vere slik. Dei hadde større forståing for at den første kvinna fekk utført abort, enn at den andre ikkje fekk utgreidd svulsten. (!) For meg er dette heilt uforståeleg.

Og no ser eg at FrP, det partiet som i desse dagar gjer seg fin for verdibevisste, konservative kristne medlemer i KrF, meiner at menneske som er i landet utan lov ikkje skal ha rett på legehjelp. Eg kan ikkje for det, men det styrkjer meg i trua på at eit samarbeid mellom KrF og FrP er lite ønskjeleg og utenkjeleg. Til det er vi for ulike i synet på menneske og mennsekeverd.

3 kommentarer:

  1. Tek du her til orde for å endre dei reglane me har på dette området i dag? Må vi ikkje ha visse grenser for rettar til legehjelp?

    SvarSlett
  2. Det må kanskje vere nokre reglar, men ikkje så umenneskelege som den i eksempelet om kvinna i fengsel. Eg syns alle skal ha rett på legehjelp når dei er sjuke, uansett. Og eg er i alle fall i mot det angiveriet som FrP tek til orde for.

    SvarSlett