9. oktober 2012

Regjeringa sviktar folkekyrkja

Statsbudsjettet er ein real nedtur for kyrkja. Etter stortingsbehandling av forholdet mellom stat-kyrkje, der regjeringa var svært oppteken av å sikre ei "folkekyrkje", så ser vi at det blir med orda.

Alle veit at RLE-faget på skulen ikkje skal innehalde opplæring i tru. Det skal gje kunnskap om ulike religionar, og særleg kristendom. Men det skal ikkje formidle tru, bøn og aktivitetar som bygger opp under trua sitt mysterium. Denne opplæringa har kyrkja fått ansvar for. Men nokon må stå for det arbeidet. Det er starta opp ein trusopplæringsreform, og det er vedteken ein opptrappingsplan. Men den er altså stoppa opp av dei raudgrøne. I 2012 var det "pause", i år er det lagt inn 31,2 mill i vekst. Målet for 2013 var 250 mill, eller 300 mill som det ville utgjort dersom ein tok omsyn til løns- og prisvekst. Vi er langt unna det. Alle sokneråd har laga lokale planar for koleid ein skal få det til. No stoppar arbeidet opp, og ein forventar kanskje at frivillige skal ta heile ansvaret.

Mitt inntrykk er at foreldre flest er bekymra for at borna lærer så lite om kristendom. Den er faktisk ganske viktig for kulturen vår, og dei fleste foreldre som døyper borna sine har ei meining med å gjere det.

IKT-løyvingane til kyrkja er også borte. Når det skal sendast ut invitasjonar f.eks til 4-åringane som får ei bok i kyrkja, så brukar vi eit medlemsregister som ikkje er til å stole på. Vi opplever at langt frå alle døypte står der, og at dei derfor ikkje får invitasjon. Det er ikkje kjekt! Kyrkja treng meir IKT-løyvingar for å få orden på dette.

Til sist, men slett ikkje mindre viktig: Det er bruk for fleire stillingar som prestar, diakonar mm. Arbeidsbelastninga på prestane er stor. Det er ikkje rom for å tilsette fleire og stillingar blir ståande vakante slik vi ser i Vik. I nokre kommunar er arbeidsbyrda stor fordi det er store avstandar i tillegg, andre stader er det mange folk på mindre areal. Utfordringane er ulike, men også innanfor kyrkja er det nokre terskelverdiar som gjer at ikkje alt kan løyvast etter folketalet.
Når det er vakante stillingar, sjukmeldingar eller feriar / avvikling av fri, skal prestane avløyse for kvarandre. Det vil i praksis seie fleire tenester kvar søndag f. eks. Arbeidsbelatninga vert stor, og sjukefråværsspiralen kan lett auke.
Dersom folkekyrkja skal vere lokal og landsdekkande, slik kyrkjeforliket seier, så må det løyvast nok stillingar til at folk kan ta på seg denne typen jobbar.

Kyrkja er viktig for folk. Som plass for tru, som fellesskap, som hjelp, somstad for rituale. Og endå har eg ikkje nemnd kyrkjebygga. Der har regjeringa fjerna dei rentefrie låna som har vore viktig for å kunne ta naudsynte utbetringar på dei mange gamle bygningane som kyrkjene er.

8. oktober 2012

Du skal ikkje lyge

Det er ikkje så rart at folk nedsettande snakkar om valflesk, eller om at politikarane ikkje går an å tru på.
Ikkje når ein blir så finurleg at ein skal snakke bort det som tidlegare er presentert som ei sanning.
Regjeringa (og Ap) si satsing på eldre før valet er eit godt døme på det. Stoltenberg sjølv lova 12000 nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar.
I dag har han lagt fram siste statsbudsjettet i perioden. Og både han og helseminister Støre kappast i å bortforklare det som var sagt. Nei, det trong ikkje vere nye plassar. Oppussing var nok. Og det var ikkje nye plassar, men tilsagn om nye plassar. Dette er for dumt! Og folk (med unntak av dei som er lojale veljarar og tillitsvalde, og som slit på sosiale media med å agere som infominister Komiske Ali) oppfattar det som uærleg spel.
Les bloggen til statsminister Stoltenberg http://www.jensstoltenberg.no/-/bulletin/show/416637_full-sykehjemsdekning , og døm sjølv om kva det var han sa før valet. Ikkje lett å misforstå. Så eg trur KrF har grunn til å kjenne seg ført bak lyset. Ap kopierte nemleg "Verdihetsgarantien" som sak frå KrF. Det vart inngått eit forlik om han i Stortinget, og KrF sørga seinare for at Ap fulgte opp med pengar. Det er tydeleg at Ap har måtta bli dratt med steg for steg heile vegen. Og no prøver dei igjen. Men det må dei ikkje klare. Det trengs fleire sjukeheimsplassar og folk til å arbeid i omsorgsyrker. Ikkje minst dersom samhandlingsreforma skal bli ein suksess.

6. oktober 2012

Sognebåten

Fylkespolitikarane ser på drifta av Sognebåten. Han kostar ein del og i desse kutt-tider, så leitar ein etter innsparingar på drifta.
Rett nok har ruta nett vore på anbud, og skulle såleis vore "sikra" for ti år. Men slik er det ikkje.
Nokre dreg fram miljø-argumentet for å forsvare å ta han vekk, men for dei fleste er det vel pengane som er avgjerande.
KrF har, i lag med resten av fylkesutvalet, sagt ja til å vere med på ei utgreiing, men meiner det er svært viktig å behalde Sognebåten. Så får ein heller sjå på ruta, stoppestader ol.
Båten er i alle fall beste måten å reise på for brukarar som treng tilrettelegging, enten det er fysiske grunnar, trong for rullestol ell. likn, eller det er ein småbarnsfamilie med trong for plass, rørsle og barnevogn. Dette er for KrF viktige omsyn å ta.
For oss som bur på kysten er båten god å ha som kommunikasjon mellom heimen og studiestaden Sogndal.
For kommunane Vik og Balestrand vil eg tru båten er endå meir viktig. Ja, eigentleg for heile Sogn og den turistsatsinga ein ønskjer å få til. Og denne satsinga må også kome utanom sommarmånadane dersom det skal gje levelege vilkår for dei som skal leve av turisme.

Kva meiner du om Sognebåten?