8. oktober 2012

Du skal ikkje lyge

Det er ikkje så rart at folk nedsettande snakkar om valflesk, eller om at politikarane ikkje går an å tru på.
Ikkje når ein blir så finurleg at ein skal snakke bort det som tidlegare er presentert som ei sanning.
Regjeringa (og Ap) si satsing på eldre før valet er eit godt døme på det. Stoltenberg sjølv lova 12000 nye sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar.
I dag har han lagt fram siste statsbudsjettet i perioden. Og både han og helseminister Støre kappast i å bortforklare det som var sagt. Nei, det trong ikkje vere nye plassar. Oppussing var nok. Og det var ikkje nye plassar, men tilsagn om nye plassar. Dette er for dumt! Og folk (med unntak av dei som er lojale veljarar og tillitsvalde, og som slit på sosiale media med å agere som infominister Komiske Ali) oppfattar det som uærleg spel.
Les bloggen til statsminister Stoltenberg http://www.jensstoltenberg.no/-/bulletin/show/416637_full-sykehjemsdekning , og døm sjølv om kva det var han sa før valet. Ikkje lett å misforstå. Så eg trur KrF har grunn til å kjenne seg ført bak lyset. Ap kopierte nemleg "Verdihetsgarantien" som sak frå KrF. Det vart inngått eit forlik om han i Stortinget, og KrF sørga seinare for at Ap fulgte opp med pengar. Det er tydeleg at Ap har måtta bli dratt med steg for steg heile vegen. Og no prøver dei igjen. Men det må dei ikkje klare. Det trengs fleire sjukeheimsplassar og folk til å arbeid i omsorgsyrker. Ikkje minst dersom samhandlingsreforma skal bli ein suksess.

5 kommentarer:

  1. Politikarar i opposisjon har også eit ansvar til å forholde seg til kva som faktisk blir sagt.

    Les proposisjonen på omsorgsforliket som Krf var med på står det svart på kvitt:
    "Tilskuddet skal både gi økt kapasitet og bidra til utskifting av gamle og uegnede bygninger."

    Tilsagna skal gis før 2015 for å møte veksten i eldste eldre som kjem først frå 2020. Fram til 2020 vil det først og fremst vere vekst i gruppa 67-80 år, og der er det i hovudsak behovet for heimetenester som er avgjerande.

    Og at det er stort behov for å bygge nytt er det liten tvil om. Vi har ny kunnskap om korleis ein kan bygge betre for å t.d. ivareta menneske med demenssjukdom sine behov. Ein ny generasjon eldre stiller andre krav enn det ein tidlegare gjorde. Fleir ynskjer seg ein omsorgsbustad, kanskje nær sentrum, framfor dei meir institusjonsprega ein hadde tidlegare. Eldre blir også friskare, ein 80 åring i dag er sprekare enn ein for berre tiår tilbake. VI skal bygge meir, men vi skal også rehabilitere og bygge nytt. Det har aldri vore underslege, tvert i mot fremført med stoltheit. Om du meiner dette er løgner og skapar politkarforakt er det i så fall noko du no sjølv er med på å bidra til

    SvarSlett
  2. Men bloggen var det han gjekk til val på. Så veit både du og eg kor langt inne det forliket, og ikkje minst oppfølginga av det, sat.
    Men det med ulike bustader er eg heilt samd i. Og ikkje minst legge til rette slik at fleire kan halde fram å bu heime. Eg er spesielt oppteken av at vi legg godt tilrette for trygge buformer for personar som får demens. Kjempeviktig, også for dei pårørande.
    Men synd med desse bortforklaringane. blir for utydeleg og spissfindig.

    SvarSlett
  3. Det han skriv der er frå Arbeiderpartiet sin eldreplan 2015. Løftet vi gir der er ikkje 12 000 plassar men full sjukeheimsdekning innan 2015. Det vert ein håplaus diskusjon om polemikk, men alt som er skreve er riktig - eksempelvis "Vi vil bruke minst 24 milliarder kroner mellom 2008 og 2015 neste årene for å sørge for 12 000 nye sykehjemsplasser og omsorgsboliger eller mer, dersom behovet er større." - Pengane må (i hovudsak) settast av i denne perioden, ingen kommunar vil velje å bygge med utgangspunkt i "kan hende vi finn pengar for plassane de startar å bygge" - difor gir ein tilsagn og set pengane av i husbanken. Men det krev sjølvsagt også at kommunane vel å søke og bygge. Oslo kommune, der KrF har eldrebyråden, har t.d. potensiale for å få fart på utbygginga.. kanskje særleg renoveringa. Her er det mange eldre sjukeheimar som kunne hatt godt av litt ny og kreativ utforming

    SvarSlett
  4. OK. Men kommunane har ei tilleggsutfordring; nemleg at desse nye sjukeheimsplassane / omsorgsbustadane også krev auke i stillingar. No er kommuneopplegget ikkje så verst sånn overfladisk sett og i makro. Men kjem ein ned på kommunenivå blir det verre. I alle fall for dei kommunane som har dårleg folketalsutvikling. Desse kommunane fell også saman med kommunar med mange eldre. I heimfylket ditt er det berre 4 av 26 kommunar som får ein auke som dekkar løns- og prisvekst. Korleis skal ein då våge å bygge nye sjukeheimsplassar?

    SvarSlett
  5. Omsorgsplan 2015 har ein eigen plan for utvikling av kompetanse i helse og omsorgstenestene: Kompetanseløftet 2015. Der er det ulike tiltak for å styrke rekruttering og sikre vidare og ettertutdanning til dei som er i sektoren. Vi har sagt 12 000 nye stillingar til 2015 - og vi ligg føre skjema for å nå målet.

    Eg ser at det er ei utfordring å sikre god og tilstrekkeleg kompetanse, kanskje særleg i småkommunar. Samhandlingsreformen legg også opp til at kommunane må ha fleire med fagkompetanse for å kunne behandle meir lokalt. Her trur eg fleire småkommunar må samarbeide, eks om å sikre spesialsjukepleiarar innanfor t.d. kreftomsorg. Utan å nevne nokon spesielt meiner eg det er stort potensiale for å drive sjukeheimar betre mange stader. Når eg har reist rundt har eg sett store skilnader i korleis dei blir dreve, og kva ein får ut av tenestene for dei same midlane. Regjeringa har sett igang eit prosjekt der ein nettopp skal sjå på dette, og der ein skal prøve å spreie kunnskap om gode driftsmodellar.

    Men du har sjølvsagt heilt rett i at ei utbygging av sjukeheimsplassar krev at ein har kompetanse på plass.

    SvarSlett