Leiaren i ei lokalavis.......
Overskrifta er god; KrF viser sine verdival. Og ein av våre
verdiar er å legge til rette for at folk kan følgje samvitet sitt, og at
samfunnet skal legge til rette for det.
Men eg kan trygt seie at eg vart skuffa over resten av
leiaren i Firda måndag 3.februar. Redaktøren viser at han ikkje har klart å
skjøne poenget i saka om reservasjonsrett. Han berre mel om att på propaganda
frå politiske motstandarar motstandarar framført i sosiale media og frå dei som
meiner reservasjonsretten er eit åtak på abortlova.
Å vektlegge samvit, og å innrømme folk reservasjonsmulighet
i viktige spørsmål som handlar om liv og død, burde vere eit viktig
prinsippielt spørsmål i eit demokrati. Det er eit kjenneteikn på eit liberalt
demokrati at ein opnar for å legge til rette for at den enkelte kan følgje
samvitet sitt. Å krevje at tilsette skal utføre jobb som går på tvers av eigne
etiske grenser høyrer mest heime i totalitære samfunn.
Eg trur det er ein «støytestein» at nokon meiner abort er å
ta eit liv. Men i vårt opplyste samfunn er vel alle samde om det. Det vi kan
vere usamde om er kven som bestemmer liv og død for eit foster. Etter norsk lov
er det mor. Og slik vil det nok fortsette å vere. Men det går nesten ikkje ei
veke utan at det kjem nye etiske utfordringar innan spørsmålet om liv og død.
Denne veka er det selektering av foster når det er fleirlingar. Eg ønskjer meg
politikarar med varme hjerter og kloke hovud som maktar å vere prinsippielle,
maktar å ta vare på menneskeverdet for alle involverte. Er det for mykje å be
om?