25. april 2010

KrF- eit politisk parti

Det burde ikkje vore nødvendig å presisere det i overskrifta. Men det er kanskje lett for motstandarane vore å blande saman KrF som eit politisk parti og som ei spesiell kristen "rørsle". Og partiet legg opp til det sjølve.

Først: Eg vil at KrF skal halde fast på formålet og eigenarten om å vere eit parti som baserer seg på dei kristne verdiane, slik vi finn dei i Bibelen. Det er viktig at vi framleis har eit parti i Norge som har dette som eit utgangspunkt. Særleg fordi vi heile tida står framfor vanskelege etiske spørsmål, og at det då er viktig å ha eit slikt utgangspunkt for politisk tenkning.

Men eg kan ikkje skjøne at det står i motsetning mot å endre det som vert kalla "vedkjenningsparagrafen". Det er spesielt at tillitsvalde i eit parti må vedkjenne ei tru. Det høyrer etter mitt syn meir saman med verv i eit kyrkje- og trussamfunn. Eg vil at KrF erstattar denne paragrafen med ein som seier at ein må arbeide for og vere lojal mot, grunnlaget til partiet og det vedtekne programmet.

Dette betyr ikkje eit skilje mellom tru og politikk, men ryddar i ei ugrei samanblanding. KrF kan ikkje, som eit demokratisk parti, ha lover som i realiteten gir A- og B-medlemskap. Det må vere slik at alle medlemer kan veljast til verv, viss dei får tillit frå dei andre i laget.
Eg håpar det vert eit av resultata frå den prosessen partiet no er inne i. Ei prinsippiell rydding.

20. april 2010

Dødshjelp som prinsipp

Det burde ikkje overraske. Men etter at FrP-leiaren så grundig understreka at dei ikkje ville innføre aktiv dødshjelp likevel, og Åge Starheim (SFj sin FrP stortingsrepr) sa det ikkje var ein programpost dei var nødt til å følgje, så hadde eg kanskje trudd at FrP ville brukt første høve til å rette opp feila i programmet sitt. Men nei! FrP har landsmøte til helga og nestleiar Sandberg slår fast at programmet står fast! Og det er ikkje kome noko forslag om å endre det! (DagenMagazinet, 20.04.10)
Han gjer eit nummer av at dette med aktiv dødshjelp står i prinsipprogrammet og ikkje i handlingsprogrammet. Men gjer ikkje det saka berre endå verre? Å ha som eit mål (eller prinsipp) at ein skal innføre aktiv dødshjelp?
Hos andre parti så er det i alle fall slik at prinsipprogrammet vert brukt til å dra opp dei ideologiske måla og verdiane som ein bygger politikken på. Sett i den samanhengen så må vi fastslå at FrP står fast på målet om aktiv dødshjelp. Og at den tåkelegginga dei dreiv med i valkampen er heilt på høgde med dagens oskesky frå Island. Men når skya lettar, eller valkampen er over, så kjem sanninga fram. Og sanninga er at FrP arbeider for å få aktiv dødshjelp lovleg i Norge.

Eg konstaterer at det er "himmel og hav" i avstand mellom KrF og FrP sitt syn på menneseverd og verdisyn.

18. april 2010

Felles ungdomsskule i Gulen?

Gulen har sin eigen "sjukehus-debatt". Den handlar om ungdomsskulane våre. Vi har 4 kombinerte barne- og ungdomsskular. (Brekke, Eivindvik, Dalsøyra og Byrknesøy) I kommuneplanen vår seier vi at denne diskusjonen skal takast dersom det er monaleg økonomisk innsparing, eller at det er vesentlege faglege grunnar eller at eit fleirtal av foreldra ønskjer det. Kommunestyret har vedteke at ein skal greie ut saka. Og i økonomiplanen ligg det inne ei innsparing i 2012-2013.
Oversyn over framtidig elevtal syner at mot no ca 110 elevar, vil det frå 2012 vere ca 85. På Byrknes vil det td. i 2012-2013 ikkje vere ein einaste 8. klassing.

Elevane i Gulen gjer det godt på nasjonale prøver. Det viser at vi fagleg sett truleg har ein god skule. Sjølv om elevane i ungdomsskulen går i "aldersblanda" klassar. Dei faglege argumenta er kanskje ikkje dei sterkaste, sjølv om lærarutdanninga blir lagt om, og krava til lærarar i ungdomsskulen blir skjerpa.
Reisetida er vel det som kan vektleggast sterkast. Det er klart at i ein kommune som Gulen så blir det lange reiseavstandar viss ein skal samle alle på ein stad. Det vil berre vere Eivindvik og Dalsøyra som er aktuelle for ei slik samling. Dalsøyra vil vere mest naturleg, dersom ein ikkje får til båtskyss. Men det er klart at det er eit tap for ein kommune å ikkje ha ungdomsskule i det som er kommunesenteret, og den staden som er mest kjent utanfor kommunen. Den bygda som får ein felles ungdomsskule vil også få den fordelen at det vil gå ruter til/frå ho kvar dag. Sidan td andre fellesfunksjonar, som td. sjukeheim og administrasjon / legekontor /tannlege ol. er i Eivindvik, vil det med skyss vere viktig for vanlege folk.

Eg har lenge vore for ein felles ungdomsskule. (I alle fall for tre av skulane. Eg er enno litt usikker på om avstanden frå Brekke/Oppedal ikkje blir i lengste laget). Det er fordi eg trur ungdomen ville like å vere meir saman. At vi på den måten kunne skapt eit større ungdomsmiljø i kommunen, som igjen gjorde at fleire ville ønskje seg tilbake. Og at vi kunne bygd ned grensene og fått ein felles "Gulen-identitet". Eg trur også at det ville vore betre å få reine klassar i ungdomsskulen.

Det blir ein debatt framover om denne saka. Mange ønskjer at det skal vere den store valkamp-saka. Det syns eg er dumt, for då vert det skyttergraver og bygdestrid, meir enn ein balansert debatt. Eg håpar på ein ryddig og god debatt, der ein ikkje er så oppteken av å rope ut sitt eige syn at ein gløymer å høyre på andre sine argument. Og så har vi heldigvis eit demokratisk system som skal avgjere det til slutt.
Der er allereie på plass to facebook-grupper. Ei for og ei imot. Det er bra. Bli med på ein viktig debatt for framtida!

PS: Gulen KrF sitt program gir opning for å slå saman, men det er begge syn i kommunestyregruppa vår.

12. april 2010

SFj bør bli eige oppdrettsområde

Hordaland og Sogn og Fjordane er eit oppdrettsområde. Møre og Romsdal er åleine. Betyr dette noko då?

Hordaland har hatt store sjukdomsproblem, og har ei stor oppdrettsnæring med mykje laks på lokalitetane. No får dei ikkje vekse eller bruke dei lokalitetane som er lenger. Kva skjer då? Jau, dei ser nordover og søkjer på dei konsesjonane som ligg i Sogn og Fjordane. Her er det mindre helseproblem. Men kvifor er det det? Kanskje fordi vi har mindre laks på kvar lokalitet. Eller fordi vi har større avstand mellom dei ulike brukarane.
I Gulen er kommunen vennskapleg delt mellom Marine Harvest i aust og Firda Seafood i vest. Og i arealplanen har kommunen lagt ut areal med tanke på utviding av den lokalt etablerte næringa. Men når selskap sørfrå har søkt lokalitetar, så har vi visst ikkje lov å ha slike politiske føringar. Første mann til mølla er det som gjeld. Kva var då vitsen med å kjempe for at fylket skal få overført ansvar frå staten til å tildele lokalitetar når ein likevel ikkje kan legge inn lokalpolitiske vurderingar?
Eg ønskjer at Sogn og Fjordane skal bli eit eige oppdrettsområde, og såleis at vi kan ta større omsyn til dei næringsutøvarane som har arbeidsplassar og engasjement i lokalsamfunnet. Dei som slaktar fisken sin her, som stiller opp som lokale kultursponsorar og som gjev skatteinntekter. Og som driv bærekraftig og langsiktig med tanke på å hindre sjukdom.

11. april 2010

"Nytale"

"Nytale" er eit omgrep som ein nyttar om det å legge nytt innhald i eit ord. Orwell nytta det td. til å få krig til å framstå som fred i boka si.
No driv regjeringa med nytale. SoriaMoria 2 seier veldig klart at det ikkje skal leggast ned lokalsjukehus. Det var endå til Sp sin siger i forhandlingane. Ap prøver å legge ein ny definisjon inn i dette. Å lage eit lokalmedisinsk senter utan sengeplassar eller akuttberedskap er også eit lokalsjukehus, seier dei. Altså inga nedlegging og ikkje eit brot med SoriaMoria 2. Sp-leiar Navarsete gjekk høgt på bana og varsla ultimatum mot ei slik tolking. Men ho har etter nokre dagar spakna til å seie at Sp og Ap er heilt samde. Samde om kva? Om at eit lokalmedisinsk senter er eit lokalsjukehus?
Eg syns det var litt ubehageleg på fylkestinget å ikkje vere realistisk i forhold til dei rammer stortinget har gjeve (og det med ei fleirtalsregjering!). Men det vert umogeleg for eit opposisjonsparti å ta det ansvaret når ikkje regjeringspartia sjølve gjer det. For i valkampen lova KrF å halde på lokalsjukehusa, men med tilpassa funksjonar.
Tida framover vil syne om Sp også berre driv med "nytale", for slik eg skjønar det skal regjeringa behandle spørsmålet om endring av funksjonar.
Kanskje Radio Røysa traff hovudet på spikaren då dei sa at Navarsete la vekt på nærleiken. Og at Lærdal låg i nærleiken til Førde..

Men "nytale" er ikkje ein god politisk øvelse. Det fører nemleg veljaren bak lyset. Og viss denne regjeringa legg ned lokalsjukehusa i Lærdal og på Eid, så er det nett det Ingrid Heggø, Tor Bremer, Liv Signe Navarsete og Erling Sande har gjort.