31. januar 2010

De rykker nå frem i køen...

Ulike statlege etatar og kontor, som vitterleg er der for oss som brukarar, effektiviserer med å sentralisere telefontenestene. Det er for så vidt greit. Men det er ikkje greit at dei har så låg bemanning at folk må sitte i kø i lange tider. Eller at dei må taste 1,2  eller 3 eller # for å kome vidare. Eg veit om fleire (eldre) som då gir opp.
Korkje posten eller likningskontoret vil gje opp lokale telefonnr, slik at folk får hjelp hos dei dei "kjenner". Det som då skjer, er at folk ringer kommunen sitt sørviskontor og ber dei om hjelp. Om ikkje anna, så om å få det "hemmelege" direktenummeret.
Nokre stader legg dei statlege kontora ned tenestene og sentraliserer dei. Gjerne så langt at det tek ein heil dag i reisetid om du treng å besøke kontoret. Etter på kjem dei til kommunen og spør om dei vil gjere "førstelinjetenesta" for dei. Mot betaling. Men betalinga for eit år (i eit tilfelle) var på (hald deg fast) 20 000,- i året. Latterleg! Og elendig statleg politikk!!

Syt for nok bemanning på telefontensetene, slik at dei vert reelt tilgjengelege. Og dersom de vil ha andre til å gjere jobben, så betal anstendig for det!

28. januar 2010

Akademiske pingler

Akademikarane ropar på kommunesamanslåing, og det er dei slett ikkje åleine om. Dei får full støtte frå ma. nestleiaren i Høgre, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen er langt frå ny. Den er at det er vanskeleg å få nok fagfolk i små komuneadministrasjonar. Sanner utvidar det til også å gjelde skular, barnehagar og sjukeheimar. Og det er då galskapen i argumentasjonen bør gå opp for alle. For desse typen jobbar kan ikkje sentraliserast vekk ved kommunesamanslåing. Desse daglege velferdstenestene må nødvendigvis vere i nærleiken til der folk bur. Det er grenser for kor lang skuleveg ein 6-åring kan ha!

Er det noko i utdanningssystemet vårt som bygger opp under det at fagfolk må jobbe mange i lag? Er det lagt for lite opp til sjølvtillit og tru på eigne kunnskapar i utdanningssystemet, og for mykje på at løysingar må diskuterast seg fram til? Eg skjønar at det er viktig med fagleg utvikling og diskusjon. Men viss det interne på jobben blir det viktigaste og ikkje det ein skal løyse for brukaren, så blir resultatet fort både dyrt og dårleg. Eg utfordrar difor dei som måtte vere i posisjon til det å dette etter i saumane. Særleg i det offentlege, fordi dei har eit særleg krav om å drive effektivt til beste for oss alle. Pengar er ein knapp ressurs, men tal arbeidstakarar er på sikt endå knappare.

Eg trur også det blir heilt feil når Akademikarane tar utgangspunkt i berre innbyggartal når dei tenkjer kommunestorleik. Det er nemleg noko som heiter geografi. Og det må takast omsyn til, med mindre ein meiner at folk bør flytte til sentra for å ha rett på tenester.
Og til sist, eg er heilt samd med kommunalministeren når ho minner om at det faktisk er svært mykje god kompetanse i kommunane. Det kan til tider vere vanskeleg å få gode nok søkarar til spesielle jobbar, men det er nok ikkje eit særsyn for små kommunar.


Kommunenorge er mangfaldig. Det er ikkje EI løysing som er rett overalt. Samanslåing kan passe ein plass, samarbeid ein annan. Men skal vi kunne velje å bu der vi vil, så må offentlege tenester og dei som utfører dei, også kunne vere desentrale. Det er fullt mogleg å få til gode faglege nettverk utan å ha kontor i same bygg.

22. januar 2010

Kva er det med Anne Viken?

Kvar gong ho startar ein kritisk debatt om stoda i Sogn og Fjordane, så sporar diskusjonen av og blir til ein debatt for eller mot Anne Viken. Er det fordi at ho yppar mot gjengse haldningar til korleis det skal vere i Sogn og Fjordane? Neppe. Det er jo delte meiningar om det, bore fram av ulike folk. Er det kritikken av fylket vårt vi ikkje taklar? Eller er det det friske språket, unyansert skittkasting og språklege negative blomar utdelt i hytt og pine? Og dertil delt ut frå ei som påstår ho veit og kan mykje, og som ser fylket (som ho påstår ho er glad i og vil vel) frå Oslo?
Eg var ikkje på debatten, men eg har lese innlegga til både Viken og Arnestad i etterkant. Eg sluttar meg på ingen måte til dei negative kritikkane som sikkert er meint å vere morosame. Men det er berre sørgeleg når Firda gjer det til hovudsak i staden for det som er tema. Då sporar dei av ein viktig debatt. Og så blir vi andre som har meiningar om utviklinga av fylket og om kva som skal til for å få tilflytting tvinga inn i ein "for eller mot Viken"-leir. Eg lurer på om Firda sitt med eit ope sår etter forrige media-debatt?
Så kanskje spørsmålet bør vere; Kva er det med Firda?

Nei. spørsmålet er nok; Kva er det med Sogn og Fjordane? Viss vi akslar oss til å ta i mot nye innbyggarar, både utflytte, velutdanna, frekke jenter eller dei frå framande kulturar, så treng vi meir toleranse. Meir vilje til å sjå bak fasaden etter det som er motivet.
Det trur eg forresten vil vere med å gje auka tilflytting. Å våge å ta imot andre slik dei er, for det dei er.
Når toleransedebatten raser, så vert ofte KrF peika på med dirrande finger som det minst tolerante partiet, med klagemål om at ein er i mot homofile. (Det er feil, sjølvsagt.) Men det er så deilig å plassere intoleransen ein plass, for då er ein sjølv "fri". I siste vekas debatt er intoleransen plassert hos ma. Firda. Og hos dei som ønskjer å ta dama og ikkje ballen.

Men skjerp deg du og, Anne Viken. Du treng ikkje bruke karikastikkar som ufine personåtak for å få fram poenga dine!

17. januar 2010

Skaff meg jobb, så kjem eg

"Skaff meg jobb, så kjem eg". Det er slik eg les kortversjonen av kronikken til Anne Viken (BT 15.01). Ho meiner Heggø (Ap) snur alt på hovudet når ho seier at ungdom må kjenne arbeidsmarknaden og utdanne seg i tråd med det. Det har Viken rett i. Ungdom vel ut frå interesse kva dei trur er spanande utdanning og yrke. Først etter fleire år på universitetet begynner dei å lure på kor dei kan bruke utdanninga. Enten må det bli status, eller veldig godt betalt, å ta dei jobbane som "naturleg" er i fylket vårt, eller så må vi legge til rette for miljø som gjer det mogeleg å få dei attraktive jobbane hit.
Sogn og Fjordane NRK er ein slik arbeidsplass, og opplæringa av nynorsk-journalistar, er eit godt og viktig tiltak. Oppbygginga av eit stort bankmiljø i Førde er eit anna viktig og riktig steg for å gjere fylket attraktivt for ungdom. Vi har "rikeleg" med arbeidsplassar innan helse. Viktig å sette sentralsjukehuset i stand til å vere ein god utdanningsarena for sjukepleiarar og legar. I Leikanger og Sogndal er det mange offentlege, og spennande, arbeidsplassar. Og i Årdal har dei kanskje eit av dei fremste utviklingsmiljøa innan sitt fag i Norge.
Her er altså gjort mykje rett satsing. Så mykje at eg lurer på om vi driv litt vel mykje med sjølvpisking i denne saka? Det vi ikkje kan stille opp med (med unntak av i nokre få sentra?), er det urbane livet. Det må vi godta, og heller styrke det som er vårt eige særpreg.
Det er tydeleg at spørsmålet om nedbetaling av studielån vekker reaksjonar. Eg trur det kan vere eit av mange verkemiddel. Eg trur heller ikkje at det vil sette eit "stakkar-stempel" på oss. I så fall så må ein vel vere mot andre spesialsydde verkemidlar for distriktet? Det har eg så langt ikkje registrert. Men det er flott å få debatten. Å innføre ei ordning som verkar motsett av det som er tenkt, er dumt.

14. januar 2010

Brennande kyrkjer

DNS og Bjarte Hjelmeland har fått eit problem etter at dei tilsette Black metal-artisten Ghaal. Ikkje fordi han er den han er, men fordi han i eit intervju nærmast oppmodar til brenning av kyrkjer. Det er å oppmode om kriminalitet. Kan han då vere statsløna??
Kva ville DNS gjort viss han oppmoda om å brenne synagogar eller moskear? Eller at han oppmoda til kjønnslemlesting? Eller til ein terroraksjon?

Det er eigentleg ei delikat sak. Eg håpar DNS tek dette veldig alvorleg, og at det får følgjer for engasjementet dersom Ghaal ikkje beklagar uttalane sine. Kor skal ein elles sette grensa neste gong? Og grenser lyt ein faktisk ha.

Hjelmeland er redd for å virke besteborgerlig. Det kan eg skjøne. Men det er ikkje det dette handlar om. Det ville det ha vore viss protestane hadde kome berre fordi Ghaal vart engasjert. Men no er det altså meir enn det.

Men Ghaal har rett i ein ting. Kanskje vil det å brenne kyrkjer virke mot sin hensikt. På stader der dette har skjedd, så har bygdefolk samla seg endå sterkare om kyrkja si, og då kanskje ikkje berre kyrkja som eit hus.
Landet vårt treng den typen brennande kyrkjer.

12. januar 2010

sommarkristen

Medan Orheim snakka om kvardagskristen, så snakka KS-leiaren i Sogn og Fjordane om sommarkristen.
Han meiner i alle fall (via NRK) at kyrkja kan utsette gudstenestene til det er varmare i veret, slik at det ikkje blir så dyrt for kommunane å varme dei opp.
Dette er å snu ting på hovudet. Stortinget har gitt kommunane har det økonomiske ansvaret for kyrkjene. KS må derfor her som elles, gå på barrikadane for at staten løyver nok til kommunane slik at vi kan oppfylle dei lovpålagde oppgåvene våre. Det forventar eg av KS.
Eg reknar med dei ville gjort det viss det var snakk om å stenge skular. Ein ville ikkje sagt at ein heller fekk ha skule på sommaren.
Er det fordi det er kyrkja, og at ho ikkje "er så viktig"? Det er i så fall misforstått. Eg trur folk bryr seg veldig mykje om kyrkja si. Det er i all fall mi oppleving frå den tid eg var kyrkjeverje.
Og om vi ikkje alle går i kyrkja kvar søndag, så trur eg dei fleste av oss ville reagert dersom vi fekk beskjed om at td. gravferda til ein av våre nære ikkje kunne vere i kyrkja...pga kulde eller manglande vilje til oppvarming.

11. januar 2010

Lov å spørje om tru?

I dei aller fleste yrke, så bør det ikkje vere lov å spørje den som søkjer om td. tru, legning eller politisk oppfatning. Men til no har det vore eit unntak i arbeidsmiljølova for trussamfunn. Pga. deira eigenart, der arbeidet oftast går ut på å formidle, styrke og endå til drive misjon for ei bestemt tru, så verkar det sjølvsagt for dei fleste at ein då også skal kunne spørje om tru ved tilsetting.

Regjeringa vil stramme inn den retten. Dei brukar eksempel som at vaktmester og reingjerarar ikkje treng dette kravet, for dei er ikkje ein del av den ”spesielle” drifta til eit trussamfunn.

KrF vil halde på eit lovverk som sikrar trusbasert verksemd fridom i tilsettingsspørsmål. Læring og formidling i trusbaserte verksemder skjer ikkje berre i td. klasserom og undervisning, men også i kvardagslivet på internat og det øvrige miljøet. KrF vil derfor halde fast ved at dei verksemdene som dette gjeld skal kunne stille særskilte krav til tilsette.

Det er ganske ”rart” viss eit trussamfunn skal måtte tilsette folk som er usamd i, og som endåtil kan opptre i motsetnad, til det som er verdigrunnlaget og eksistensgrunnlaget for verksemda.

Saka er på høyring. Stortinget avgjer. Fleirtalet er som kjent raudgrønt, og som oftast diktert av regjeringa. Men kanskje vil dei høyre på folkeleg engasjement i ei sak som dette?

10. januar 2010

Velkomen!

Hei og velkomen til bloggen min! Her vil eg fremover skriva litt kva slags tankar eg har om politiske saker og mykje anna.