28. januar 2010

Akademiske pingler

Akademikarane ropar på kommunesamanslåing, og det er dei slett ikkje åleine om. Dei får full støtte frå ma. nestleiaren i Høgre, Jan Tore Sanner. Argumentasjonen er langt frå ny. Den er at det er vanskeleg å få nok fagfolk i små komuneadministrasjonar. Sanner utvidar det til også å gjelde skular, barnehagar og sjukeheimar. Og det er då galskapen i argumentasjonen bør gå opp for alle. For desse typen jobbar kan ikkje sentraliserast vekk ved kommunesamanslåing. Desse daglege velferdstenestene må nødvendigvis vere i nærleiken til der folk bur. Det er grenser for kor lang skuleveg ein 6-åring kan ha!

Er det noko i utdanningssystemet vårt som bygger opp under det at fagfolk må jobbe mange i lag? Er det lagt for lite opp til sjølvtillit og tru på eigne kunnskapar i utdanningssystemet, og for mykje på at løysingar må diskuterast seg fram til? Eg skjønar at det er viktig med fagleg utvikling og diskusjon. Men viss det interne på jobben blir det viktigaste og ikkje det ein skal løyse for brukaren, så blir resultatet fort både dyrt og dårleg. Eg utfordrar difor dei som måtte vere i posisjon til det å dette etter i saumane. Særleg i det offentlege, fordi dei har eit særleg krav om å drive effektivt til beste for oss alle. Pengar er ein knapp ressurs, men tal arbeidstakarar er på sikt endå knappare.

Eg trur også det blir heilt feil når Akademikarane tar utgangspunkt i berre innbyggartal når dei tenkjer kommunestorleik. Det er nemleg noko som heiter geografi. Og det må takast omsyn til, med mindre ein meiner at folk bør flytte til sentra for å ha rett på tenester.
Og til sist, eg er heilt samd med kommunalministeren når ho minner om at det faktisk er svært mykje god kompetanse i kommunane. Det kan til tider vere vanskeleg å få gode nok søkarar til spesielle jobbar, men det er nok ikkje eit særsyn for små kommunar.


Kommunenorge er mangfaldig. Det er ikkje EI løysing som er rett overalt. Samanslåing kan passe ein plass, samarbeid ein annan. Men skal vi kunne velje å bu der vi vil, så må offentlege tenester og dei som utfører dei, også kunne vere desentrale. Det er fullt mogleg å få til gode faglege nettverk utan å ha kontor i same bygg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar