31. juli 2013

Postkort om demens

I sommar har eg, som listetopp KrF, fått mange brev frå ulike organisasjonar. Dei brenn for sine saker og vil ha svar på kva eg som evt stortingsrepresentant vil gjere for dei. Ofte følgjer kravet om svar med ein setning om at svaret vil bli offentleggjort i media.

I dag fekk eg eit postkort underteikna Førde Helselag. Det er ei forsiktig oppmoding om å hjelpe dei i arbeidet for personar med demens, og for pårørande. Med å lovfeste rett til dagaktivitetstilbod.
Eg vart glad for kortet. Dette er ei gruppe eg verkeleg ønskjer å hjelpe fram. Både ved tidleg hjelp med diagnostisering, forskning, tilrettelagde sjukeheimsplassar, avlastningsordningar, dagtilbod og kulturtilbod.
Då eg var ordførar, var det viktig for meg å prioritere denne gruppa opp. Det politiske fleirtalet har i ettertid valt å bruke pengane litt anleis, men framleis står ny demensavdeling (vi har ei frå før) i langtidsbudsjettet til kommunen.

Å vere pårørande til demente er utruleg krevjande. Ofte er den næraste pårørande også eit eldre menneske, og har nok med å klare seg sjølv. Saman kan pårørande og det offentlege sy eit opplegg rundt den demente som gjer at alle "held" lengre, og at livskvaliteten aukar. I det arbeidet er retten til dagtilbod svært viktig.

Så takk; Nasjonalforeningen for folkehelse for postkortet og for engasjementet. Ja, KrF og eg vil vere med på arbeidet i lag med dykk.

15. juli 2013

Traumer, dei og oss

Delrapport nummer to i ei tre-trinnsundersøking av den psykiske helsa til Utøya-overlevande og foreldra deira, viser at mange slit og treng vidare behandling og oppfølging. Det er ikkje overraskande. Og samfunnet stille sine beste folk til rådvelde for dei som opplevde den grufulle terroren på nært hald og for dei pårørande som fekk kjenne på den verste frykta vi kan tenkje oss.

Det som undrar meg er at eit samfunn som ser dette, og sett alle krefter inn for å hjelpe offera, ikkje opptrer rausare mot born og familiar frå andre land som søker nødhamn hos oss. Mange av desse har tilsvarande opplevingar i bagasjen. Terror, krig og vald samt redsel for at det same skjer viss dei må reise tilbake til landet dei flykta frå.

Eg skjønar at Norge ikkje kan ha heilt andre reglar enn andre land, og at vi då vil verte eit mottakar-land for fleire enn dei som treng beskyttelse. Men eg skjønar ikkje kvifor det skal så mykje til å tru på opplevingar, trongen for hjelp, opphald og trygg framtid.

Det verste er når born som har budd hos oss i mange år vert sendt «heim». Born som trur Norge er heime, og som ikkje kjenner anna enn norsk kvardag.

Desse tankane fekk eg når eg høyrde om traumebehandlinga. Om kor viktig det er. Då tenkte eg på born, unge og vaksne som er på flukt og som søker asyl. Ser vi dei som søsken, med same behov? Eller er det dei og oss?

8. juli 2013

Vekst eller rett vekst?

Avisa Firda hadde ei fæl førsteside som viste at fylket vårt er særs dårleg til å utvikle nye arbeidsplassar. Sjølv om ein legg til alle årsverk som vert utført av underleverandørar, så er vi på jumbo-plass i landet. Og berre nokre få kommunar dreg lasset. (Stortsett SNU-kommunane, men også Gulen og Sogndal)
På NRK SFj var det ein debatt mellom leiaren i NHO, Jan Atle Stang, og Ap-politikar og leiar i Plan- og næringsutvalet i fylket; Hilmar Høl. Ingen har svaret på kva som må gjerast, sjølvsagt. Men begge meiner rammene for private aktørar må leggast betre tilrette. For det er der, og ikkje hos det offentlege, veksten må kome. Eg sat diverre att med ei sterk kjensle at når dei snakka om "private", så var det selskap som Hydro og Statoil og slike, dei meinte. Ikkje noko gale om dei. Men det er fordi vi ikkje veks i service-næringane vi heng etter.

Den raudgrøne makta i Sogn og Fjordane har ved fleire høve aktivt takka nei til denne typen arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Eg skal nemne tre eksempel:
Då fylket la ned Langvin jordbruksskule, var ein organisasjon klar til å kjøpe for å vidareutvikle og halde fram med skulen. Fylket sa nei. Truleg fordi dei var ideologisk imot privatskular, og/eller redd for kva konkurransen ville gjere med Mo jordbruksskule. No er det ikkje noko drift der lenger.
Det samme fleirtalet stemte i mot fylket sin uttale om at privatskulen i Balestrand skulle få utvide tilbodet med idrettslinje. Heldigvis høyrde ikkje kunnskapsdepartementet på fylket. Og linja fungerer godt, og er ingen trussel mot Sogndal. Tvert om, ho styrker ein kjempeviktig arbeidsplass i Balestrand.
Då arbeidet pågjekk med å få nytt liv i HV-10 bygget på Skei i Jølster, og Haraldsplass kjøpte huset for å etablere eit "Livsmeistringssenter" på linje med Modum, så var det ikkje nokon jubel i Sogn og Fjordane. Tvert om, det var så vidt vi fekk til ei fråsegn frå Fylkestinget som kunne tolkast som positiv. Eg trur at i denne saka også så var det ideologiske grunnar som gjorde at særleg Ap / SV stritta imot. På denne måten har vi oss sjølve å takka for at det ikkje er eit viktig helsetilbod for heile Vestlandet etablert på Skei. Viktig tilbod for den aukande gruppa som treng psykisk hjelp, og ein ganske stor arbeidsplass for godt utdanna folk.
Dette er tre døme som kan vere til ettertanke, når vi beklager at Sogn og Fjordane ikkje får del i veksten i service-næringane.

3. juli 2013

Landbrukssamvirket

Eg har besøk av Sigrid, niesa mi. Ho har busett seg i Sverige, gift med ein svensk ung mann. No er ho tilbake der barndommens somrar vart levd ut. Med seg har ho kjekke svigerforeldre.
Svigerfar fortel at der dei bur, nær Vaxsjø, må bønder med dobbelt så mange kyr som vi har, legge ned fordi melkebilen ikkje lenger vil kome for å hente mjølka.
Vi har 17 kyr...
Dette seier mykje om kor viktig det er at vi har eit sterkt landbrukssamvirke i norsk landbruk! Det er rett og slett påkrevd om ein vil ha aktiv landbruksdrift i heile landet.
Derfor er landbrukssamvirket svært viktig for KrF.

Ja, landbrukspolitikk er i det heile svært viktig for KrF. Eg meiner han må avklarast i regjeringsforhandlingane dersom det skal vere aktuelt for KrF å gåi regjering etter valet.