8. juli 2013

Vekst eller rett vekst?

Avisa Firda hadde ei fæl førsteside som viste at fylket vårt er særs dårleg til å utvikle nye arbeidsplassar. Sjølv om ein legg til alle årsverk som vert utført av underleverandørar, så er vi på jumbo-plass i landet. Og berre nokre få kommunar dreg lasset. (Stortsett SNU-kommunane, men også Gulen og Sogndal)
På NRK SFj var det ein debatt mellom leiaren i NHO, Jan Atle Stang, og Ap-politikar og leiar i Plan- og næringsutvalet i fylket; Hilmar Høl. Ingen har svaret på kva som må gjerast, sjølvsagt. Men begge meiner rammene for private aktørar må leggast betre tilrette. For det er der, og ikkje hos det offentlege, veksten må kome. Eg sat diverre att med ei sterk kjensle at når dei snakka om "private", så var det selskap som Hydro og Statoil og slike, dei meinte. Ikkje noko gale om dei. Men det er fordi vi ikkje veks i service-næringane vi heng etter.

Den raudgrøne makta i Sogn og Fjordane har ved fleire høve aktivt takka nei til denne typen arbeidsplassar i Sogn og Fjordane. Eg skal nemne tre eksempel:
Då fylket la ned Langvin jordbruksskule, var ein organisasjon klar til å kjøpe for å vidareutvikle og halde fram med skulen. Fylket sa nei. Truleg fordi dei var ideologisk imot privatskular, og/eller redd for kva konkurransen ville gjere med Mo jordbruksskule. No er det ikkje noko drift der lenger.
Det samme fleirtalet stemte i mot fylket sin uttale om at privatskulen i Balestrand skulle få utvide tilbodet med idrettslinje. Heldigvis høyrde ikkje kunnskapsdepartementet på fylket. Og linja fungerer godt, og er ingen trussel mot Sogndal. Tvert om, ho styrker ein kjempeviktig arbeidsplass i Balestrand.
Då arbeidet pågjekk med å få nytt liv i HV-10 bygget på Skei i Jølster, og Haraldsplass kjøpte huset for å etablere eit "Livsmeistringssenter" på linje med Modum, så var det ikkje nokon jubel i Sogn og Fjordane. Tvert om, det var så vidt vi fekk til ei fråsegn frå Fylkestinget som kunne tolkast som positiv. Eg trur at i denne saka også så var det ideologiske grunnar som gjorde at særleg Ap / SV stritta imot. På denne måten har vi oss sjølve å takka for at det ikkje er eit viktig helsetilbod for heile Vestlandet etablert på Skei. Viktig tilbod for den aukande gruppa som treng psykisk hjelp, og ein ganske stor arbeidsplass for godt utdanna folk.
Dette er tre døme som kan vere til ettertanke, når vi beklager at Sogn og Fjordane ikkje får del i veksten i service-næringane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar