28. mai 2013

Besøkstal på musea

Dette brevet er sendt til Kulturutvalet på fylket. Det var oppe som meldingssak i dag, og utvalet vil ha ei sak på det:

Årsmelding for musea syner stor nedgang i besøkstala. Noko av dette kan skuldast endring på rapportering. Men det er også klart at det er reell nedgang.

Under handsaminga av sak om publikumsstrategien i Fylkestinget, vart det påpeika at manglande skyssmidlar til skuleklassar er ein viktig grunn til mindre bruk av musea frå skulane. Styreleiaren for musea, Harry Mowatt, viser til det same i fleire kommentarar i media.

 For KrF er det svært viktig at vi som fylke kan vere med å finne løysingar slik at born og unge i fylket får kjennskap til musea våre, både kulturarven og utviklingsarbeidet. Tidlegare kunne deler av Den kulturelle skulesekken sitt tilskot nyttast til skyss. At denne sjansen er vekke, må vere eit problem for mange distriktskommunar. Og i realiteten gjere tilbodet til ekskursjonar / kunst- og kulturopplevingar lite tilgjengeleg for mange. Det strir mot staten sine mål om lik rett til utdanning uavhengig av kvar ein bur, og det utfordrar gratisprinsippet i norsk grunnskule.

KrF meiner vi skal prøve å få til eit pilotprosjekt om skyssordning /tilskot til skuleklassar. Vi meiner dette bør vere eit samarbeidsprosjekt mellom kommune, fylkeskommune og stat.

Vi ber om at saka vert tatt opp som sak i kulturutvalet.

 

KrF-gruppa på Fylkestinget i Sogn og Fjordane

v/ Trude Brosvik

15. mai 2013

Løftebrot mot småkraft

Alle som bygde småkraftverk etter 1. januar 2004 skulle kome med i ordninga med grøne sertifikat. Det var ein del av saka når Bondevik 2-regjeringa utarbeidde sak om grøne sertifikat. Dei rakk ikkje å innføre systemet før dei måtte gå av hausten 2005. Men det behøvde ikkje å bety så mykje, for dei raud-grøne hadde lova det samme. Men tida gjekk, og då dei endeleg fekk på plass sertifikat-ordninga i 2009, så sprang dei frå lovnaden. Då skulle det plutseleg gjelde berre småkraftverk bygd etter 7.september 2009.
Det gjer at mange småkraftverk bygde frå 2004 til 2009, i tiltru til det dei var blitt lova, no slit med store økonomiske problem.
Eg lurar på kvifor den raudgrøne regjeringa gjekk vekk frå lovnaden. Eg lurer også på om det let seg endre, og bli tatt innatt i avtalen med Sverige om grøne sertifikat.
KrF, saman med H,V og FrP, tar saka opp i Stortinget gjennom eit representantspørsmål 21.mai. Eg er spent på svaret. Temmeleg sikker på at fleritalsregjeringa ikkje vil gjere noko med det. Men det er skammeleg, og synd for dei som trudde på dei.




10. mai 2013

Rikare enn aldri før


Regjeringa melder gledeleg om store pengesummar til kommunane, og at Kommune-Norge aldri har fått meir i overføringar. Slik såg det ut på twittermeldinga til Senterpartiet:
Senterpartiet@Senterpartiet7 May
Reelle inntekter for kommunane har auka 67,5 mrd. under den raudgrøne regjeringa. Gir betre tenester til innbyggjarar i !
 
Eg sprude, også det på twitter, kommunalminister Liv Signe Navarsete, om %-veksten til kommunane hadde vore større dei siste 8 åra enn før. Sett i lys av at pengebingen har auka frå 1000 milliardar til 4000 milliardar på dei samme åra, er det interessant p vite. Eg har ikkje fått svar.
 
Så kor del av felleskaka fekk kommunane i 2003 kontra 2013? Det er vel relativt lett å sjekke ut?
 
Det er i alle fall ikkje alle kommunar som kjenner seg godt sett i stand til alle dei nye oppgåvene dei har fått, eller alle forventningane som er blitt skapte.
Min heimkommune har i alle fall fått mindre enn løns- og prisvekst dei siste åra. Det betyr i klartekst at ein må effektivisere eller ta vekk tilbod. Og det er nok det mange kommunar gjer når talet på skular minkar meir enn nokon gong. http://www.nrk.no/hordaland/historisk-mange-skular-lagt-ned-1.11021307 
 
Vi skal nok få sjå mange skrytetal frå regjeringa framover. Og dei har rett i at det var smalhans då Erna Solberg var kommunalminister. Økonomien var ei heilt anna på den tid, med eit næringsliv som streva med høg kronekurs og rente. Men også no er det mange kommunar som slit. Men kanskje er dei raudgrøne ordførarane meir parti-lojale enn det eg og andre var tidleg på 2000-talet? Eg slost den gongen for lokalsamfunnet. Det kjem eg til å gjere igjen, viss eg får bli stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane frå hausten :)
            
 

9. mai 2013

Å snakke ned

Betyr "å snakke ned" det å omtale noko slik at det blir mindre verd?
Eg trur det var det statsministeren meinte då han i talen til Ap-landsmøtet hersa med Høgre og skulda dei for å snakke ned alt det gode som vi har i Norge. Samtidig gjorde han sitt beste for å snakke ned politikken til Høgre. Ein politikk som ca ein tredel av folket i meiningsmålinagar ønskjer.

Ja det er valkamp!
Og i valkampen så kan vi velje to strategiar. Vi kan snakke om eigen politikk. "Snakke opp" dei gode løysingane vårt eige parti har. Eller "snakke ned" andre parti sine løysingar. Vi vil nok sjå mykje til begge deler. Og det er av og til naudsynt å peike på andre for å få fram eigne løysingar og forskjellane mellom partia.
Likevel; det må vere lov å håpe på at halvsanne og skitne teknikkar blir lagt bort. Det er faktisk ganske uverdig.
Alle veit at vi har det kjempegodt i landet vårt. Alle veit at for enkelt-personar og for nokre grupper så burde det vore betre.
Dei største skilnadane i politikken går ikkje på om ein skal ha 28% eller 27% selskapsskatt. Dei går på spørsmål som grunnlovsfesta rett til liv. Dei går på kva menneskeverd er. Dei går på korleis vi tar del i verda og samhandlar med fattige. Det går på korleis vi forvalta jorda og miljøet. Dei går på retten til å utøve tru i samfunnet. Det går på om vi meiner staten skal ta seg av alt, eller om vi skal ha ansvar som enkeltpersonar.
Ja til valkamp der dei store sakene får merksemd!