30. juli 2010

Baby-drap

Ein tragedie er blitt avslørt. Ei mor har tatt livet av åtte nyfødte babyar. Som årsak oppgjev ho at ho ikkje ville ha fleire barn, og at ho ikkje ville bruke prevensjon.
Dette er som henta frå ein skrekkfilm. Og ingen skjønar at det går an, langt mindre har forståing for udåden.

Men då kjem det snikande ein kjettersk tanke til meg. Kor tid startar livet? Kva med alle mødre som tek abort? Kanskje dei også fordi dei ikkje brukte prevensjon? Dei får klapp på skuldra, forståing, og vern av lova. Men er det eigentleg ein skilnad på det grusomme?
Skilnaden ligg i at samfunnet har bestemt at dei første vekene av livet ikkje er liv. I alle fall ikkje eit sjølvstendig liv, og at mor derfor har lov til å bestemme over liv og død.
Eg er ikkje ute etter den enkelte kvinna, men samfunnet som lagar denne typen lover, og som overlet til eit enkelt menneske å ta ei så vanskeleg avgjerd åleine.

Oppslaget frå tragedien i Frankrike traff meg som ein knyttneve. Og tydeleggjorde det umennesklege med abortlova, og med politisk korrekte reaksjonar på liv og død.

22. juli 2010

UDI; 6 år er lang tid

UDI sine saksbehandlingstider er lange. Svært lange. For familien Shwan på Byrknesøy i Gulen er dei like lange som heile livet til Mohammed på 6 år.
Far Hozin Aziz Shwan har budd og arbeidd i Gulen i 11 år, og vart norsk statsborgar i 2005. Mor Susan, Mohammed (6) og Homer (3) har endå ikkje fått svar frå UDI på sin søknad.
Familien er godt integrert i lokalsamfunnet. Vi ønskjer at dei skal få saka si fort og positivt avgjort. Det er ikkje godt for ein familie å gå usikre i mange år for kva framtida vil bringe. Og viss det skulle kome eit negativt svar etter så lang tid, så ville det vore urimeleg i dei fleste sine auge, trur eg.
I mellomtida går familien glipp at rettar som dei ville hatt. Td. barnetrygd og kontantstøtte. Sidan dei kjem frå Irak, og ikkje eit EØS-land, så har dei ikkje krav på det. Mor og far har begge arbeid, og har aldri klaga på det økonomiske, så vidt eg veit. Verre er det at Mohammed har Celebral Parese, og treng hjelpemiddel i fht til sjukdomen. Her fell han mellom alle stolar, sidan han ikkje er norsk statsborgar.

KrF og V hadde eit forslag til formulering som opna for å bruke meir skjønn i saker der born var innblada, og der det openbert ville vere på tvers av det folk syns var rimeleg, å sende ut att folk. Det sa alle dei andre partia nei til. I samband med det sterke folkelege engasjementet rundt saka til Laila Navrud, har Ap måtta gitt etter og har laga ei ny forskrift for akkurat den typen saker. Kvifor ikkje gjere det litt meir grundig og for fleire, og i samsvar med folk si rettskjensle? No kan det fort bli slik at berre dei som klarer å skape mykje media og engasjement rundt saka si, får opphald. Og "slik kan vi ikkje ha det", som mange politikarar likar å seie.

Eg har skrive brev til UDI, der eg ber om raskare sakshandsaming, og eit positivt svar, for familien Shwan på Byrknes. Ei opplagt sak som burde vore avgjort for lenge sidan, spør du meg.

20. juli 2010

Felles Gulen-identitet

I to lesarinnlegg siste veka har det vore etterlyst felles kommuneidentitet og politikarar som maktar å sjå kommunen som eit heile. Det interessanne er at begge to, med utgangspunkt i si geografiske plassering, meiner at det er den andre som ikkje ser heilskapen. Og slik vil det alltid vere. Ståstaden vår, både geografisk, politisk og verdimessig vil alltid vere utgangspunktet vårt for å tolke verda. Eller som ordføraren i Førde så treffande sa på ein vegkonferanse; "Den viktigaste vegen er den som begynner på tunet heime, og som sluttar på same staden."
Korleis skal ein kommune som Gulen, med 4 skuleregionar, mange små bygder og av dei mest spreiddbygde kommunane i landet, klare å dra saman til beste for alle? Vi må kanskje sjå oss litt utanfrå. Analysere kva som er sterke og svake sider og kva vi alle tener på å utvikle vidare.
Eg trur det er øydeleggande at vi heile tida skal ha ein underliggande kamp om at kommunesenteret, eller viktige kommunale tenester, bør flyttast. Eivindvik er ein godt kjent stad utanfrå, med sterk og nasjonal historie. Det bør vi "utnytte" og bygge opp om. På same måten som at Sløvåg er det sjølvsagte utviklingsområdet for industri. Eller at indre deler av kommunen er svært sentralt plassert ved E39.
Eg vil tru at for dei fleste innbyggarar så er det viktig å ha "daglege" tilbod i nærleiken, så som barnhage, skule og helse- og omsorgstenester. I Gulen har vi valt å ha fire av "alt" for å nå dette mest mogeleg. Men så er det enkelte tilbod som er så ressurskrevande, at vi berre kan ha det på ein plass. Sjukeheimen er eit slikt eksempel. For å klare å gje tilbod med god kvalitet til dei som treng det mest, så må vi samle flest mogeleg av denne gruppa der kompetansen er størst. Det skaper uro, når folk må flytte frå heimen sin eller bygda si, fordi dei er blitt for pleietrengande til det tilbodet som kommunen kan tilby. Reknestykket med dette blir det også stilt spørjeteikn med. Og viss sjukeheimen må oppbemanne for å klare det ein elles kunne klart ute i sonene, og forutsetningen er at tilbodet i sonene var av same/god nok kvalitet, så har dei kanskje rett. Men viss sjukeheimen kan ta fleire brukarar utan større bemanning, så har dei feil. Det vil alltid vere slike skjæringspunkt. Og systemet må vere så fleksibelt at helsetenesta vår kan ta omsyn til både den enkelte og heilskapen innan for dei rammene som kommunestyret har sett og som lova gjev.
Vi finn det samme reknestykket for felles ungdomsskule. Viss ei samling av elevane vil gje klassedeling eller kreve påbygg, så vil den økonoiske gevinsten (i alle fall på kort sikt) ikkje vere så stor. Og så er der ulike oppfatningar både blandt fagfolk og oss andre synsarar, på kva som vil gje best kvalitet. Eg trur det mest positive ville vere eit større ungdomsmiljø og nedbygging av "grensene" mellom bygdene. Og alle må vel innrømme at dei ikkje ønskjer at sonen eller dottra skal vere nærast åleine på sitt alderstrinn i ungdomsskulen? Dette er ikkje skremselspropaganda, men framskrivne tal ut frå kjende fødselstal.

Kommunestyret vedtok i 2009 ein handlingsplan for befolkningsauke i Gulen kommune. Eit viktig grep der er å bygge ned barrierer for vekst og utvikling, ma. ved å etablere "vi-følelse". Det er og blir ei stor oppgåve for folket og politikarane i Gulen.
Neste år er det val på nytt kommunestyre. Du som har meiningar om dette, bør engasjere deg. Still deg til rådvelde for eit av dei politiske partia, ver med å legg premissane for ei flott utvikling av kommunen. Ikkje berre for di vesle bygd, men for heile kommunen.

16. juli 2010

KrF - utgått på dato?

Politikkens sommarferie vart avbroten av NRK sin runde om borgarleg samarbeid og ny regjering om 3 (!) år. Høgre-Erna slår fast at ny borgarleg regjering må innehalde FrP, for dei er så store. Høybråten seier det er for tidleg å bestemme noko, men meiner analysen om at manglande truverdig alternativ på ikkje-sosialistisk side, var grunnen til at det ikkje vart regjeringsskifte etter siste val.
Eigentleg har svært lite endra seg. Bortsett frå at H pga gode meiningsmålinar har fått eit lite overtak på FrP, og struttar av sjølvtillit. (Og at regjeringsslitasjen til dei raudgrøne blir tydlegare for kvar dag)

Ei deling av det politiske landskapet i Norge mellom sosialistisk og borgarleg (eller ikkjesosialistisk) er, etter mi meining, forelda og forenkla. Både dei politiske løysingane til Ap og til H legg seg tett inn til sentrum sine løysingar. Så tett, at det til tider kan vere vanskeleg å markere eigen politikk. Td. såg ein det i handteringa av finanskrisa. Det var stor semje om løysingane. Usemja gjekk i starten berre på at ein burde sett inn tiltak tidlegare. Ein ser det også når det gjeld forsvarleg bruk av oljefondet. Der går skiljet mellom FrP og resten, kan det virke som.

For eit parti som KrF, som klart står for sentrum-løysingar i økonomisk politikk, så går dei mest interessanne skiljelinene langs verdispørsmål og ideologi. Det er derfor det blir så utfordrande for oss å få til eit samarbeid med FrP, som så tydeleg flaggar andre verdiar innan menneskesyn (td aktiv dødshjelp), utviklingshjelp, framande kulturar, trusfridom, miljø- og klimasaker. På same måte som det ville vore utfordrande å samarbeide med eit SV som ønskjer ein gjennom-sekularisert stat og sterk statleg styring.

KrF er for velferdssamfunnet, der både fellesskapet sitt sikkerhetsnett skal vere sterkt og der valet til enkeltmennesket skal vege tungt. Eg trur dette er i samsvar med det mange menneske ønskjer deg. Og eg trur derfor slett ikkje at KrF er gått ut på dato. Heller ikkje sentrum i norsk politikk.

Eg meiner KrF heller må våge å vere eit konstruktivt opposisjonsparti, enn å gå inn i ei regjering der tyngdekrafta vil gjere at løysingane ligg mykje lenger til høgre enn det vi kan stå for. KrF må vere tru mot eige idegrunnlag og prinsippielle i viktige verdisaker. Det er politikken som er viktig, og som må avgjere val av samrbeidspart.

13. juli 2010

Demensomsorg i Gulen

Som ei oppfølging av Stortingsmelding nr.25 (2005-06) har vi fått Demensplan 2015. Det er særleg tre område som vert framheva som viktige å ta tak i; Dagaktivitetstilbod, betre tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse.
Det er i dag omlag 70 000 demente i Norge, og det er venta ein sterk auke. Truleg ei fordobling i løpet av 35 år, der største veksten er venta om 10-15 år. Dette gjev utfordringar til kommunane som tenesteleverandør. Så det er all grunn til å snu seg rundt og planlegge for morgondagen.

Gulen kommune er godt i gang med det. Vi har oppretta eit demensteam. To dyktige og engasjerte fagfolk, som innanfor ei lita stilling på 10%, er i gang med både demensplan, kartlegging og å vurdere individuelle behov. Utan at dei hadde hatt så god lokalkunnskap og lang fartstid i omsorgstenesta i kommunen, så hadde dette vore ei umogeleg oppgåve. Og eg ser at tida ikkje strekk til. Kanskje må 10% aukast i budsjettarbeidet til hausten?

Vi har ei demens-avdeling på sjukeheimen. Det er 8 plassar der. Og i tilknytning til avdelinga er det i gang eit godt arbeid med å få til eit skjerma uteområde. Ein hage der det både er slipestein, båt og potetåker.. Mykje av dette arbeidet vert bore fram på dugnad. Det er imponerande!
Eine plassen på avdelinga er sett av til avlastningsplass. For dei pårørande er det ofte avgjerande for å klare kvardagen, at dei kan vite at det er 14 dagar fri lenger framme. Dette fungerer, etter kva eg får opplyst, etter hensikten. Ved å ha tilgjengelege avlastningsplassar vil den demente kunne bu lenger i heimemiljøet, fordi dei pårørande ikkje vert heilt utslitne.
På samme måte er det med dagtilbod. For dei fleste demente er det viktig og godt å ha eit dagtilbod. Noko som gir oppleving av å bli rekna med, av å fungere. Og for dei pårørande er det ekstremt viktig, enten det er for å kunne skjøtte eige arbeid, eller det er for å hente seg innatt til å klare resten av døgnet. Yngre pårørande kan kanskje kombinere jobb og omsorgsløn i eit tilpassa opplegg. Men svært mange pårørande er også eldre menneske. Dei treng tid til eiga helse og eigne utfordringar.

Det vi ikkje har i Gulen (endå) er pårørande-skule eller pårørande-grupper. Eg trur mange ville opplevd det godt å få kome saman med andre i tilsvarande situasjon og få oppleve forståing. Kanskje er Gulen for lite og gjennomsiktig til at det vil fungere? Men eg trur eigentleg ikkje det. For det handlar om å behandle demens som ein annan sjukdom. Å ta vekk trongen for å skjule eller vere flau over sjukdommen. Det er ein viktig skanse. Eg har lese boka til Laila Lanes om Henry T. Olsen i sommar. Deira møte med omverda, om sjukdomen, har vore viktig. Og eg håpar det gjev andre, i tilsvarande situasjon, mot til å vere open om sjukdomen.

For Gulen sin del er det mykje som fungerer godt. Men det er trong for meir kompetanse, fleire avlastningsplassar og kanskje også faste plassar. Som ordførar ser eg fram til at framlegg til demensplan vert lagt fram til politisk behandling. Og trur nok den vil innehalde både konkrete og gjennomførbare forslag på forbetringar. Og eg trur (og håpar) på politisk vilje til å lage ei tilpassa teneste både for den demente og for dei pårørande.

10. juli 2010

Barnehagen til for borna?

Det er det vi likar å seie, i alle fall. Eit pedagogisk tilbod. Læring og leik i skjønn forening. Og slik er det for dei fleste. Men barnehagen er også til for foreldra, sjølvsagt. For at dei skal kunne jobbe fulle dagar, heile veka, utan å bekymre seg for tilfeldige, meir eller mindre gode, ordningar.
Men så kom kravet om at alle born burde ha rett på ferie. Eg har faktisk vanskeleg for å tru at foreldre ikkje let borna få ferie! I vår kommune betaler foreldre berre for 11 mnd barnehage, og den tolvte månaden må borna ut av barnehagen. Det har ikkje kome reaksjonar på det. Eg er samd med Håbrekke (KrF) i at viss det er pga omsorgssvikt i heimen at det må vere barnehage heile året, så er det ei sak som må løysast for seg. Omsorgssvikten vil då vere der etter at barnet kjem heim på ettermiddagen også.
Og så er spørsmålet kor lange dagar vi vil at borna skal ha i barnehagen. Byrådet i Bergen (KrF) vil innføre makstid på 9 timar. Vi vaksne arbeider 7,5. Og SV som ivrar for 6 timars dag for vaksne kvir seg ikkje for å ville ha lange dagar for barnehageborn. Ikkje logisk, syns eg. Men så lenge barnehage er politisk korrekt, så skal ein ikkje kritisere...
Då eg var i Beijing hadde eg ein guide. Ei ung jente, mor til eit barn. Ho budde utenfor byen, og arbeidde lange dagar. Barnet såg ho sjelden. Som regel berre i helgene. Og barnet var altså på barnehage/heim heile veka fordi mor sin jobb krevde det.
I Norge så kan dei fleste av oss velje å sette ned tempoet, utsette karrieren, bu litt rimlegare, skifte møblar sjeldnare. Og på den måten skaffe oss eit handlingsrom som gjer oss i stande til å fungere som ein familie, også på borna sine premissar. Barndommen er kort! Men viktig. Nokon vel også mindre jobb, ja endåtil kontantstøtte... Men då skal du vere tøff. For samfunnet ser litt skeivt til deg. Det er ikkje politisk korrekt å ville bruke all tid saman med borna dei to første viktige åra.

6. juli 2010

Næraste skule, uansett fylkegrense

For ein del elevar i vidaregåande skule er næraste skule i nabofylket. Men det kostar pengar for heimfylket å kjøpe skuleplass.
På TV2-nyhetene i går (05.07.10) fekk eleven eit ansikt. Ei jente frå Nordland med 7 mil til Harstad i Troms i staden for 40 mil til næraste skule i eige fylke med tilsvarande linje. Og kunnskapsminister Kristin Halvorsen, SV, vart spurd om kva ho meinte. Ho gjekk veldig langt i å be Nordland om å tenkje seg om på nytt. Slik er det når media tek tak i ei sak, og vi ser enkeltmennesket.
I Sogn og Fjordane har vi noko som heiter Hordalandsavtalen. Den gjev elevar frå Gulen, Solund og Aurland høve til å gå på skule i hhv Austrheim og Voss. For Gulen og Solund er det i tillegg eit krav at elevane skal bu heime og pendle. Dei raudgrøne på fylkestinget har endåtil brukt Kontrollutvalet til å finne ut at så skjer. (Trur nok dei hadde forventa eit anna resultat..)
SV og Ap har vore motstandarar av Hordalandsavtalen heilt frå starten. Ikkje ut frå tanken på enkeltmennesket, men frykta for at mindre skular i eige fylke misser elevar. Og den kampen hardnar nok til framover, ettersom pengane blir færre og elevtalet minkar. Fylkesrådmannen varslar i Firda (06.07) at ein skal sjå på strukturane, herunder Hordalandsavtalen.

Kva om SV og Ap lytta til ministeren sin? Eller var det berre i eit anfall av populisme at ho sa at her måtte ein sjå på eleven sitt behov?

Ei mor tok kontakt med meg om sonen. Hadde han kunne gått i Knarvik, så kunne han budd heime. Viss han skulle halde fast på linjevalet sitt, og ikkje få gå i Knarvik, så var det Årdal som var alternativet hans. Det er langt frå Gulen til Årdal!
Eg syns vi må klare å finne fleksible løysingar på tvers av fylkesgrensene for ungdomane våre.