10. juli 2010

Barnehagen til for borna?

Det er det vi likar å seie, i alle fall. Eit pedagogisk tilbod. Læring og leik i skjønn forening. Og slik er det for dei fleste. Men barnehagen er også til for foreldra, sjølvsagt. For at dei skal kunne jobbe fulle dagar, heile veka, utan å bekymre seg for tilfeldige, meir eller mindre gode, ordningar.
Men så kom kravet om at alle born burde ha rett på ferie. Eg har faktisk vanskeleg for å tru at foreldre ikkje let borna få ferie! I vår kommune betaler foreldre berre for 11 mnd barnehage, og den tolvte månaden må borna ut av barnehagen. Det har ikkje kome reaksjonar på det. Eg er samd med Håbrekke (KrF) i at viss det er pga omsorgssvikt i heimen at det må vere barnehage heile året, så er det ei sak som må løysast for seg. Omsorgssvikten vil då vere der etter at barnet kjem heim på ettermiddagen også.
Og så er spørsmålet kor lange dagar vi vil at borna skal ha i barnehagen. Byrådet i Bergen (KrF) vil innføre makstid på 9 timar. Vi vaksne arbeider 7,5. Og SV som ivrar for 6 timars dag for vaksne kvir seg ikkje for å ville ha lange dagar for barnehageborn. Ikkje logisk, syns eg. Men så lenge barnehage er politisk korrekt, så skal ein ikkje kritisere...
Då eg var i Beijing hadde eg ein guide. Ei ung jente, mor til eit barn. Ho budde utenfor byen, og arbeidde lange dagar. Barnet såg ho sjelden. Som regel berre i helgene. Og barnet var altså på barnehage/heim heile veka fordi mor sin jobb krevde det.
I Norge så kan dei fleste av oss velje å sette ned tempoet, utsette karrieren, bu litt rimlegare, skifte møblar sjeldnare. Og på den måten skaffe oss eit handlingsrom som gjer oss i stande til å fungere som ein familie, også på borna sine premissar. Barndommen er kort! Men viktig. Nokon vel også mindre jobb, ja endåtil kontantstøtte... Men då skal du vere tøff. For samfunnet ser litt skeivt til deg. Det er ikkje politisk korrekt å ville bruke all tid saman med borna dei to første viktige åra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar