13. juli 2010

Demensomsorg i Gulen

Som ei oppfølging av Stortingsmelding nr.25 (2005-06) har vi fått Demensplan 2015. Det er særleg tre område som vert framheva som viktige å ta tak i; Dagaktivitetstilbod, betre tilpassa butilbod og auka kunnskap og kompetanse.
Det er i dag omlag 70 000 demente i Norge, og det er venta ein sterk auke. Truleg ei fordobling i løpet av 35 år, der største veksten er venta om 10-15 år. Dette gjev utfordringar til kommunane som tenesteleverandør. Så det er all grunn til å snu seg rundt og planlegge for morgondagen.

Gulen kommune er godt i gang med det. Vi har oppretta eit demensteam. To dyktige og engasjerte fagfolk, som innanfor ei lita stilling på 10%, er i gang med både demensplan, kartlegging og å vurdere individuelle behov. Utan at dei hadde hatt så god lokalkunnskap og lang fartstid i omsorgstenesta i kommunen, så hadde dette vore ei umogeleg oppgåve. Og eg ser at tida ikkje strekk til. Kanskje må 10% aukast i budsjettarbeidet til hausten?

Vi har ei demens-avdeling på sjukeheimen. Det er 8 plassar der. Og i tilknytning til avdelinga er det i gang eit godt arbeid med å få til eit skjerma uteområde. Ein hage der det både er slipestein, båt og potetåker.. Mykje av dette arbeidet vert bore fram på dugnad. Det er imponerande!
Eine plassen på avdelinga er sett av til avlastningsplass. For dei pårørande er det ofte avgjerande for å klare kvardagen, at dei kan vite at det er 14 dagar fri lenger framme. Dette fungerer, etter kva eg får opplyst, etter hensikten. Ved å ha tilgjengelege avlastningsplassar vil den demente kunne bu lenger i heimemiljøet, fordi dei pårørande ikkje vert heilt utslitne.
På samme måte er det med dagtilbod. For dei fleste demente er det viktig og godt å ha eit dagtilbod. Noko som gir oppleving av å bli rekna med, av å fungere. Og for dei pårørande er det ekstremt viktig, enten det er for å kunne skjøtte eige arbeid, eller det er for å hente seg innatt til å klare resten av døgnet. Yngre pårørande kan kanskje kombinere jobb og omsorgsløn i eit tilpassa opplegg. Men svært mange pårørande er også eldre menneske. Dei treng tid til eiga helse og eigne utfordringar.

Det vi ikkje har i Gulen (endå) er pårørande-skule eller pårørande-grupper. Eg trur mange ville opplevd det godt å få kome saman med andre i tilsvarande situasjon og få oppleve forståing. Kanskje er Gulen for lite og gjennomsiktig til at det vil fungere? Men eg trur eigentleg ikkje det. For det handlar om å behandle demens som ein annan sjukdom. Å ta vekk trongen for å skjule eller vere flau over sjukdommen. Det er ein viktig skanse. Eg har lese boka til Laila Lanes om Henry T. Olsen i sommar. Deira møte med omverda, om sjukdomen, har vore viktig. Og eg håpar det gjev andre, i tilsvarande situasjon, mot til å vere open om sjukdomen.

For Gulen sin del er det mykje som fungerer godt. Men det er trong for meir kompetanse, fleire avlastningsplassar og kanskje også faste plassar. Som ordførar ser eg fram til at framlegg til demensplan vert lagt fram til politisk behandling. Og trur nok den vil innehalde både konkrete og gjennomførbare forslag på forbetringar. Og eg trur (og håpar) på politisk vilje til å lage ei tilpassa teneste både for den demente og for dei pårørande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar