20. juli 2010

Felles Gulen-identitet

I to lesarinnlegg siste veka har det vore etterlyst felles kommuneidentitet og politikarar som maktar å sjå kommunen som eit heile. Det interessanne er at begge to, med utgangspunkt i si geografiske plassering, meiner at det er den andre som ikkje ser heilskapen. Og slik vil det alltid vere. Ståstaden vår, både geografisk, politisk og verdimessig vil alltid vere utgangspunktet vårt for å tolke verda. Eller som ordføraren i Førde så treffande sa på ein vegkonferanse; "Den viktigaste vegen er den som begynner på tunet heime, og som sluttar på same staden."
Korleis skal ein kommune som Gulen, med 4 skuleregionar, mange små bygder og av dei mest spreiddbygde kommunane i landet, klare å dra saman til beste for alle? Vi må kanskje sjå oss litt utanfrå. Analysere kva som er sterke og svake sider og kva vi alle tener på å utvikle vidare.
Eg trur det er øydeleggande at vi heile tida skal ha ein underliggande kamp om at kommunesenteret, eller viktige kommunale tenester, bør flyttast. Eivindvik er ein godt kjent stad utanfrå, med sterk og nasjonal historie. Det bør vi "utnytte" og bygge opp om. På same måten som at Sløvåg er det sjølvsagte utviklingsområdet for industri. Eller at indre deler av kommunen er svært sentralt plassert ved E39.
Eg vil tru at for dei fleste innbyggarar så er det viktig å ha "daglege" tilbod i nærleiken, så som barnhage, skule og helse- og omsorgstenester. I Gulen har vi valt å ha fire av "alt" for å nå dette mest mogeleg. Men så er det enkelte tilbod som er så ressurskrevande, at vi berre kan ha det på ein plass. Sjukeheimen er eit slikt eksempel. For å klare å gje tilbod med god kvalitet til dei som treng det mest, så må vi samle flest mogeleg av denne gruppa der kompetansen er størst. Det skaper uro, når folk må flytte frå heimen sin eller bygda si, fordi dei er blitt for pleietrengande til det tilbodet som kommunen kan tilby. Reknestykket med dette blir det også stilt spørjeteikn med. Og viss sjukeheimen må oppbemanne for å klare det ein elles kunne klart ute i sonene, og forutsetningen er at tilbodet i sonene var av same/god nok kvalitet, så har dei kanskje rett. Men viss sjukeheimen kan ta fleire brukarar utan større bemanning, så har dei feil. Det vil alltid vere slike skjæringspunkt. Og systemet må vere så fleksibelt at helsetenesta vår kan ta omsyn til både den enkelte og heilskapen innan for dei rammene som kommunestyret har sett og som lova gjev.
Vi finn det samme reknestykket for felles ungdomsskule. Viss ei samling av elevane vil gje klassedeling eller kreve påbygg, så vil den økonoiske gevinsten (i alle fall på kort sikt) ikkje vere så stor. Og så er der ulike oppfatningar både blandt fagfolk og oss andre synsarar, på kva som vil gje best kvalitet. Eg trur det mest positive ville vere eit større ungdomsmiljø og nedbygging av "grensene" mellom bygdene. Og alle må vel innrømme at dei ikkje ønskjer at sonen eller dottra skal vere nærast åleine på sitt alderstrinn i ungdomsskulen? Dette er ikkje skremselspropaganda, men framskrivne tal ut frå kjende fødselstal.

Kommunestyret vedtok i 2009 ein handlingsplan for befolkningsauke i Gulen kommune. Eit viktig grep der er å bygge ned barrierer for vekst og utvikling, ma. ved å etablere "vi-følelse". Det er og blir ei stor oppgåve for folket og politikarane i Gulen.
Neste år er det val på nytt kommunestyre. Du som har meiningar om dette, bør engasjere deg. Still deg til rådvelde for eit av dei politiske partia, ver med å legg premissane for ei flott utvikling av kommunen. Ikkje berre for di vesle bygd, men for heile kommunen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar