28. november 2010

Må vi velje?

Om ei veke skal "alle" lokalsjukehusforkjemparane samlast til demonstrasjon framfor Stortinget. Eg skjønar at dei er frustrerte. Fordi dei ser for seg situasjonar der minutta tel. Dei veit kva dei har. Og dei kjempar for gode arbeidsplassar.
I kampen for lokalsjukehusa og beredskapen, så er det bilete av den gravide, eller den nyfødde som blir mest brukt. Fordi det rører oss mest. Og kanskje også fordi det har litt kvinnekamp i seg, og slik kan virke mobiliserande. Eg skjønar dette og.

Men korfor er det så lett å sjå mor og baby-biletet, og så vanskeleg å sjå mor og tenårings-biletet? Tenåringen som har fått rusproblem, og den fortvila mora som må konstatere at det ikkje er behandlingsplass?
Det skal ideelt ikkje vere motsetningar mellom dette. Men så lenge det ikkje er midlar til å prioitere begge deler, så er det det. Er fødeavdelinga viktigare enn rusposten? Rusposten på Eid står tom. Er det pengemangel eller anna som gjer det? Det er ikkje fordi det ikkje er trong for han, etter kva eg skjønar.

Eg er einig i at det er regjeringa som har ansvaret for sjukehusa våre, og at det er dei som no må avklare kva som må til for at eit lokalsjukehus skal kallast eit lokalsjukehus. Men viss vi må prioritere, så må vi ikkje gløyme den gruppa som ikkje så lett stiller i demonstrasjonstog. Det kan vere like tøft å vere mor til ein rusavhengig ungdom som mor i barsel.

21. november 2010

Unge uføre skal redde landet

Regjeringa har visst planar om å kutte i uførepensjonen til unge uføre. 35 000,- kroner i året. Av ei inntekt på ca. 120 000,-. Og har vedkomande barn, så skal det kuttast i ekstrastønaden også med 23 000,-. Er det slik dei vil rydde ut fattigdomen?
Det kan vere ei utfordring for samfunnet viss trygdeytingane er så gode at folk ikkje har økonomiske gulrøtter for å kome ut i arbeidslivet. Men eg vil tru det er svært få som er på uføretrygd som ikkje kunne tenkt seg eit tilrettelagd arbeid. Men kva skjer då? Den samme regjeringa har kutta i støtte til tilrettelegging av denne typen arbeidsplassar.

No er dette ein lekkasje av eit notat som NRK har fått tak i. Regjeringa bør fortast mogeleg tenkje seg om. Dei kan ikkje ta innsparingane hos dei som treng samfunnet sitt sikkerhetsnett mest. Det er uverdig.

16. november 2010

Nye nasjonale kulturbygg

Det skal byggast eit nytt, stort, flott og dyrt nasjonalt kulturbygg i Oslo! Det blir sikkert veldig bra.
I Gulen og Sogn og Fjordane skal vi også bygge eit flott nasjonalt kulturbygg! Det skal vise fram stolt historie om utviklinga av rettssamfunnet og demokratiet vårt. Det skal gje Gulatinget sin fortente plass på den nasjonale og internasjonale scene!
Eg har lurt på om alle pengane til eit nytt nasjonalmuseum i Oslo vil gjere det vansklegare å få staten med på å bygge på Gulatinget.
Men eg har kome fram til at det er tvert om. For korleis kan regjeringa forsvare eit nytt stort bygg i Oslo, viss dei ikkje samstundes har råd til eit bygg i Gulen som skal romme noko så viktig som demokratiet sin framvekst og framtid?

14. november 2010

E 39

VG har ei sak i dag om at E 39 gjennom Sogn og Fjordane er kåra til den verste vegen i landet. Saka er attgjeven på NRK. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.7381215

Dette forundrar ikkje oss som køyrer denne stamvegen ofte. 2,5 mrd ligg inne til utbetring i inneværande transportplan, men det er berre halvparten av det som trengs.
Det er eit krav at E 39 gjennom Sogn og Fjordane får samme standard som vegen har i andre fylker. Både for oss som bur langs vegen og også for dei som nyttar han som den livsåra han er frå sør til nord på Vestlandet. Ein region med svært mykje verdiskaping, og varer som skal til og frå verksemder og marknad.

I lys av denne "kåringa" så vert samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa si klare avvising av å delta i ei samfunnspakke på Kystvegen sett i eit lite flatterande lys. Ho meiner at skal det kome statlege ekstramidlar til 45-minuttsregionen, så skal fylket sjølv seie at dei skal takast frå td. E 39. Dette går ikkje, Kleppa. Og det veit du!
Men eg hadde forventa at regjeringa, som seier dei har syn både for industriarbeidsplassar og distrikt, hadde vore villige til å sjå på ei statleg regionpakke som kopla desse to områda, og som saman med lokal innsats både med bompengar og fylkesløyvingar, kunne gje ei samferdsleløysing som ga framtidstru.
eller er det slik at den raudgrøne regjeringa ikkje har verktøy i verktøykassa? I så fall er det på tide å sleppe til andre.

10. november 2010

Er det forskjell på Liv Signe og Erna?

Til no har eg meint at det har vore stor skilnad på måten Erna Solberg (H) og Liv Signe Navarsete (Sp) har opptrådd på som kommunalministrar.
Særleg har retorikken vore ulik. Liv Signe forfektar lokalt sjølvstyre, snakkar om betre kommuneøkonomi og har mange "festtalar". Erna krevde effektivitet, samarbeid eller samanslåing.
Eg har vore ordførar under begge regima. Det er like vanskeleg å få pengane til å strekke til under dei raudgrøne som under Sentrum-Høgre. 2006 var eit "unntaks-år". Noverande regjering har kunne brukt økonomi som smurning i ei finanskrise. Sentrum-H måtte knipe att pengepungen for ikkje å sette næringslivet på spel i økonomiske tider med høg rente og krone. No ser vi at dei raudgrøne brukar same argumenta. Økonomien sine lover er ikkje forandra. Det berre ser anleis ut om ein er i posisjon eller opposisjon.

Og no har for syne meg Liv signe begynt med same retorikken om at dersom kommunane må kutte, så kan dei takke seg sjølve. For då har dei levd over evne. Den er for dryg!
Dei ulike statsrådane i regjeringa seier freidig at deira satsingar er lagt inn i ramma. Det er berre å ta dei lokale politikarane viss det ikkje blir utført. Endå til statsministeren seier det om pengar til den vedtekne avtalen om Verdighet i eldreomsorga. Endå ein soleklar del av avtalen mellom regjeringa og KrF/V var at det skulle følgje ekstra pengar med til kommunane.

Eg forventar at regjeringa er ærleg på kva dei har utstyrt kommunane med av pengar til å oppfylle alle lovnadane dei har gjort.