10. november 2010

Er det forskjell på Liv Signe og Erna?

Til no har eg meint at det har vore stor skilnad på måten Erna Solberg (H) og Liv Signe Navarsete (Sp) har opptrådd på som kommunalministrar.
Særleg har retorikken vore ulik. Liv Signe forfektar lokalt sjølvstyre, snakkar om betre kommuneøkonomi og har mange "festtalar". Erna krevde effektivitet, samarbeid eller samanslåing.
Eg har vore ordførar under begge regima. Det er like vanskeleg å få pengane til å strekke til under dei raudgrøne som under Sentrum-Høgre. 2006 var eit "unntaks-år". Noverande regjering har kunne brukt økonomi som smurning i ei finanskrise. Sentrum-H måtte knipe att pengepungen for ikkje å sette næringslivet på spel i økonomiske tider med høg rente og krone. No ser vi at dei raudgrøne brukar same argumenta. Økonomien sine lover er ikkje forandra. Det berre ser anleis ut om ein er i posisjon eller opposisjon.

Og no har for syne meg Liv signe begynt med same retorikken om at dersom kommunane må kutte, så kan dei takke seg sjølve. For då har dei levd over evne. Den er for dryg!
Dei ulike statsrådane i regjeringa seier freidig at deira satsingar er lagt inn i ramma. Det er berre å ta dei lokale politikarane viss det ikkje blir utført. Endå til statsministeren seier det om pengar til den vedtekne avtalen om Verdighet i eldreomsorga. Endå ein soleklar del av avtalen mellom regjeringa og KrF/V var at det skulle følgje ekstra pengar med til kommunane.

Eg forventar at regjeringa er ærleg på kva dei har utstyrt kommunane med av pengar til å oppfylle alle lovnadane dei har gjort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar