27. oktober 2010

SFO, Gud og FrP

Overskrifta tyder på ei "salig" røre. Og det er det.
Bente Thorsen, FrP, seier til Vårt Land at ho meiner det går på trusfridomen laust dersom kyrkja ikkje skal få drive trusopplæring i skulefritidsordninga (SFO). Det er lett å vere einig. Det er berre det at FrP stemte i si tid MOT heile trusopplæringsreforma, og fremma følgjande framlegg: "Dåpsopplæring skal ikke gjennomføres i skolens eller skolefritidsordningens åpningstid".
I tilleg fremma FrP foramlegg om å ta vekk adgangen til å ha konfirmasjonsundervisning i skulen sine lokaler, slik ein kan etter kyrkjelova §36.
I motsetning til FrP så ønskjer KrF trusopplæring av frivillige organisasjonar / kyrkja velkommen i SFO, på samme måte som vi ønskjer at andre frivillige lag og organisasjonar kan tilby aktivitetar i SFO. Dette er heller ikkje eit brot med gjeldande stortingsvedtak, sjølv om enkelte vil framstille det slik.

Men som vanleg; FrP seier noko, men har beviseleg stemt for noko anna. Kva meiner dei eigentleg?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar