19. oktober 2010

Økomat krev kunnskap

I Aurland ligg det ein eineståande jordbruksskule. Der lærer dei om økologisk landbruk. Dei har bra med elevar, frå heile landet. Og linja er ei såkalla "landslinje". Dvs. at fylket får tilskot frå staten til linja, men mindre enn det ho kostar, og berre for eit år i slengen.
No mådet, slik det må på ein gard, investerast i nye bygningar. Dei gamle er svært nedslitne. Men i ein situasjon der Sogn og Fjordane må kutte 10 mill innan vidaregåande skule, og det er fleste elevar frå andre fylker som nyttar skulen, så kan ikkje fylket prioritere dette med dei usikre og lite langsiktige rammene som er.
På fylkestinget i dag var det skarp kritikk, også frå det raudgrøne fleirtalet, mot den raudgrøne regjeringa for at dei ikkje gjer noko i denne saka. KrF støttar denne kritikken. Regjeringa har som uttalt mål at økologisk landbruk skal stå for 15% av landbruksproduksjonen. Då må dei klare å sikre økonomien til den einaste skulen med utdanning innan økologisk landbruk.

Spent på om dei meiner noko med fine ord og øko-satsing. SV har ministeren. Tor Bremer frå Sogn sitt i "rette" komiteen...

1 kommentar:

  1. Skulle tru det var svært viktig å ta vare på denne linja i Aurland. Regjeringa er langt frå å greie målsetjinga si når det gjeld økologisk mat. Dersom dette tilbodet forsvinn blir det sjølvsagt endå vanskelegare å nå målet.

    Viktig sak!

    SvarSlett