11. oktober 2010

Sentrumspartiet KrF

Strategiutvalet seier at for eit sentrumsparti så er det like naturleg å samarbeide med Ap som med Høgre. Det er kvar vi får mest att av vår politikk og våre saker som må avgjere. Det er vel logisk?

Avisene tolkar dette som "opnar for Ap". Og forsåvidt kan eg forstå den overskrifta, fordi vi ikkje har hatt eit formalisert samarbeid i regjering med Ap nokon gong. Medan vi har hatt det med Høgre.
Reaksjonane frå nokre er svært positive, frå andre svært negative. Men det er viktig å merke seg den viktige presiseringa; "der vi får mest att av eigen politikk."

Eg kan skjønne at enkelte reagerer på eit samarbeid med Ap utfrå at dei er svært sentralstyrte, og at dei gjennom regjeringsposisjon har leda an mot verdikonservative skaer og for ei sekularisering av samfunnet. Eg trur at Ap, tilliks med KrF, spriker mykje i desse sakene. Og saman med SV, så kjem venstresida i Ap sterkare til sin rett. Eg vil også vere tydeleg på at dette er saker der KrF må ha gjennomslag, dersom ein skal ha eit tettare samarbeid med Ap.

Men vi må også hugse at sjølv om Høgre er verdikonservativt på mange måtar, så har dei ikje vore einige med oss i viktige saker som td. abortlova og ekteskapslova.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar